Gå til innhold

To skal bli tre


RoadQueen

Anbefalte innlegg

:-x Skjønner godt at det er irriterende når det bare er fordi du er litt for gammel!! Hadde det enda vært at du hadde en komplikasjon de ikke ville ta ansvar for.

Får håpe du får lov til å føde der du vil, og at knøttet kan se å pelle seg ut innen en uke!

Kos deg så mye du kan nå de siste dagene, det er helt sikkert ikke lenge igjen nå.

Lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Takk for helsinga Siam - satsar på at dei tek til vet på fødestova og vert enige om at eg får vera der, og at knøttet kjem ut snart. Eg er sooo klar!

I dag har eg vore litt husleg - vaska kjøkkenskap og teke golvvask. Til og med bakt eplekaka. Mannen og eg har spasert lengre tur, det er so deileg å få lea seg litt utandørs. Ser helst at mannen er med viss eg skal rusla lenger enn rundt i nabolaget - hovudet er nemleg ikkje festa enno.

Svigerinna har hatt falske kynnarar i det siste - dei ventar ein månad etter oss, og om dei får unge før meg no so trur eg verden rasar saman att igjen. Snakk om å vera nærtakande og ha stoooor sans for urettvisa for tiden. Nesten komisk.

Leggetid. Måtte det berre setja i gang snarast....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Laurdag - og går det an å bli meir lei og utålmodig no??? Det gjer det sikkert - men det klarar eg ikkje å forestilla meg.

Var på kontroll på fødeavdelinga i dag att. Som nemnt - det er laurdag og ingen på vakt ved ultralydsmaskina so det fekk me ikkje. Ingen av dei gjenværande jordmødrene hadde høyrt noko om at overjordmor skulle diskutera meg med overlegen og utfallet av det - eg synst dei rotar det bra til der inne no...

Men alt var bra på kontrollen ellers - måtte ligga eit kvarter med ctg slek at dei fekk følga med på aktiviteten til knøttet og den var dei vel nøgde med. Eg fekk og time ved større klinikk på mandag for kontroll og vurdering av igangsetjing - so viss ikkje noko skjer veldig fort i løpet av helga vert eg uansett henvist dit. Enda kor skuffa eg var over meldinga om at eg ikkje fekk vera der eg helst ville har eg nesten skifta meining - kanskje lika bra å reisa til klinikken enda kor langt unna det er sidan dei rotar so fæle på fødestova? Og eg ser no enden på historia no - trur eg - seinast onsdag.

Alle kjerringråd er prøvd - unnateke lakserolje - det tykkjer eg verkar dramatisk. Men sengekos og energisk husvask, vinduspuss og ilter turgåing er gjennomgått - utan resultat. Eg kjem i alle fall heim til eit skinande hus viss ikkje mannen søler til noko kaldigt... :ler:

Nei - stad og baka ei kaka me kan kosa oss med i kveld mannen og eg.

God helg alle!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Roleg dag i dag - ingen tegn til at det skjer noko. Det blir spennande å høyra kva som skjer når me skal til kontroll på klinikken i morgon. Uff - må stå tidleg opp - er ikkje vant til det no - men det snur vel fort når knøtet endeleg kjem :-)

Stadig telefonar og tekstmeldingr - eg let mannen ta telefonen no - lei av maset...

Fekk pakke i dag og, ei venninne av Mor har strikka kjempefin jakke og sokkar. Nydeleg - med små bamseknappar på!

Har gått tur i dag og, tyngre og tyngere i motbakkane. Og so har eg kjedespelt dataspel. Snart leggetid, spent på kva morgondagen bringar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hm, har det ikke skjedd noe enda. Skjønner godt du er utålmodig, det hadde nok jeg vært også.

Jeg synes du er kjempeflink som baker og vasker og står i!

Krysser fingrene for at du føder snart, og at alt går som du vil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest Madden

Jeg tipper at det har skjedd noe nå....det er 3 dager siden Roadqueen oppdaterte sist!! :hoppe:

Håper at du er mamma nå, og at alt har gått kjempefint!! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Madden

Vi skulle jo meldt oss som sladrevenner da Siam....så hadde vi sluppet å lure slik! :)

Håper du er i ammetåke nå Roadqueen...og at du bare i forvirrelsen har glemt oss litt! :)

Venter i spenning på å høre fra deg! :) :klem2:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei Siam og Madden

Koselig at de titter innom

No er det over - eg har blitt mamma og mannen verdens beste pappa til den godaste jenta i heile verda.

Det tok si tid, og enda i hastekeisarsnitt men alt er bra med oss alle. Me kom heim på mandag - det var deileg etter å ha vore vekke ei heil veke.

Eg skal fortelja meir seinare - må gå oss til litt og kosa oss med vetla.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer så mye!!!!! :hoppe: :blomst_opp: :danse::klappe:

Kos dere masse nå som dere endelig er hjemme.

Kjedelig at det ikke gikk akkurat som du hadde tenkt, håper du er i rimelig bra form.

Ha en fin torsdagskveld!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Takk for helsingar og gratulasjonar Siam, csrka og Madden!

Alt er vel med oss alle tre, jenta gjer som ho skal, søv og et og bæsjar og tissar. Og innimellom er ho kjempevaken og kjempeblid! Ho et godt og søv drygt fire timar om natti so detta går kjempefint! Me er ute og går trilleturar i finveret - og kosar oss noko voldsomt rett og slett. Pusekatten sleit litt i byrjinga – der babyen var og lagde lyd ville ikkje pusen vera – heldigvis. Men no har pusen vant seg til nurket, flytta inn att på sin faste plass i stova og lettar knapt på hovudet om jenta hyler litt. Me har allereie vore på besøk hjå alle tanter og besteforeldre, mange har vore på besøk her og me har fått so mykje klede og blomar! I morgon kjem helsesøster på heimebesøk – det vert spennande. Pappaen har vore heilt fantastisk både på sjukehuset og heime, hjelpsam og avlastande.

Fødselen gjekk greit ei heil stund. Me var på overtidskontroll, grundig undersøking med ultralyd for å finna fostervannsmengden. Me fekk ikkje reisa derifrå – eg vart strippa og innlagd og fødselen skulle setjast i gong neste dag. Om kvelden fekk eg rier som pågjekk heile natti med jamne mellomrom. Neste morgon vart eg undersøkt igjen, påsett ctg og fekk akupunktur so skulle betre riene. Det virka! Tidleg på ettermiddagen tok dei vatnet og sette på ein elektrode på hovudet til bornet for å overvaka tilstanden. Seint på ettermiddagen vart riene masete – eg fekk ikkje til å puste og slappe av imellom dei lenger og fekk då epidural og riestimulerande drypp. Det var jo som å komma til himmelen. Slek låg eg då i eit par timar, byrja å få pressetrong og, og hadde ein opning på 8 cm. Då vart presset på babyen sitt hovud stort fordi der var so lite fostervatn. Jenta byrja å stresse og etter ei lita stund vart det beslutta å gjennomføra keisarsnitt.

Frå då av gjekk alt veldig fort. Eg rakk berre å kjena at detta vil eg egentleg ikkje idet eg keik opp i den store lampa over operasjonsbordet, men det er det beste for bornet og meg. Eg fekk spinalbedøving, men sidan eg hadde fått epidural tidlegare tok bedøvinga veldig høgt, noko so medførte at eg fekk kjensla av at eg ikkje klarde å pusta. Eg tykte eg berre gispa etter luft og fekk ei lita stund panikk. Anestesilegen roa meg fint ned – og plutseleg hadde eg ei lita jente på bringa, ei kvikk og frisk lita jente som saug som berre det! Pappaen og småttet fekk bli godt kjende dei tre timane eg låg på overvakinga, og om natti vart me gjenforente alle tre. Det var og pappaen som fekk ta det første stellet og badet sidan eg ikkje var heilt stø til beins dei to første dagane.

Som sagt, alt er vel med oss alle tre, me trivst og kosar oss – men det er ingen tvil om kven som er den nye sjefen og klokka i huset!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg får helt tårer i øynene!

Det er hyggelig å lese at dere har det så bra, selv om dere fikk en vel dramatisk begynnelse. Bra det gikk bra til slutt!

Kos dere masse videre, gleder meg til å følge med på dere i barseltiden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...