Gå til innhold

To skal bli tre


RoadQueen

Anbefalte innlegg

Puuuh - no er det ikkje lenge att før eg kan finna roen og komma meg heimover. I morgon er siste dagen her ute på over eit år. No driv eg og nøstar saman alle lause endar, slek at alt er i orden etter meg - og ryddar i skap og skuffar.

Eg må ha meg ein runde og sei på gjensyn til kollegaene mine og - dei er jo so koselege alle sammen. Smiler og gler seg med meg, tykkjer det er koseleg at eg skal bli mor og vera heima den næraste tida. Etter kvart som dei reiser heim kjem dei innom og ønskar meg god jul og lykke til! Det varmar. Me har eit godt arbeidsmiljø her. Og so fortel dei alle saman små artige forteljingar frå sine eigne opplevingar då dei fekk born.

Gledar meg masse, til å komma heim til mannen, til å førebu Jul. Der har ikkje mannen gjort noko enda så det tek me til helgi. Betre seint enn alder. So vert det julehandel og kakebaking med mor, og ein julehandeltur med mannen og. Men eg har jo ikkje klart å komma på korkje eigne ønske eller glupe gåver til famile og venner...

På fredag skal eg til jordmor igjen. Ho er so triveleg. So får me sjå om vekti har stagnert litt, ved forrige kontroll hadde eg gått opp ein kilo pr veke sidan kontrollen før der att... Lyt hugsa å nemna til ho at eg har byrja å slita med hofta mi og, fått litt verk som blir litt illare for kvar dag. Eg hadde betennelse i same hofta for eit år sidan og håpar no inderleg at eg ikkje får det igjen - men det kjennest ikkje heilt likt ut som då.

Åh hurra hei og hopp; eg er so glad i dag - for eg skal reisea heimatt i morgo!!! :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

I dag bærer det hjemover for siste gang på en stund! Håper du får en god tur hjem...det blir sikkert kjempegodt!! Kollegene dine hørtes veldig snille ut..så koselig av dem å komme inn for å ta farvel! :)

Stoor :klem: fra Madden

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for helsingar Sirka og Madden!

Det var løge å reisa frå arbeid og veta at eg ikkje skal ut att der på omlag 14 månader... Vemodigt men samstundes deileg. Litt sentimental - men eg gret ikkje! Fekk klemmar og lykkeønskingar av nær sagt alle kollegaene, måtte lova å holda dei oppdaterte og senda bilete når so langt lei. Dei er so koseege og gode alla saman! Løge eg vart litt sentimental da?

Det er godt å vera heima hjå mannen att, stakkaren so ikkje får middag nåe eg er vekke. Det er ikkje synd på han, han kan laga seg midag vis han vil. Ho Mor inviterar han på middag iblant da, lutefisk står ofte på menyen da for det lagar ikkje eg...

Eg skulle til jordmor i dag men der var ingen heime - ho hadde måtta bytta om på turnusen sin og sendt brev til meg om ny time - berre at brevet er ikkje framkomme enda. Snakka med ho på telefonen da og eg har ny time på mandag.

Me har parkert mannens sommarbil i dag, den har stått begravd i snø sidan eg dro men no i dag var det endeleg bare vegar. Har berre sommardekk på den. Dermed vart adventpyntinga utsett til i morgo....

No skal me kosa oss med fredagsNRK og god kvelds.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No endeleg er adventsljøsi komne opp, både stjerna og staken. Kjøkengardinene tykte mannen me kunne venta litt med, men uti veka tenker eg at eg har fått dei opp. Juledukar ville han ikkje høyra snakk om ei gong. Men berre vent til han er komen på arbeid uti veka og eg får stelle heime aleina - då vert det jul da :sjarmor:

I morgon skal eg baka smoltringar med ho Mor. Seinare i veka bakar me antakeleg nøttekuler og bordstablar og so lyt me ta ein dag og baka lefsekling. Nam :sikle: Ikkje akkurat helsekost nokon av desse - men det er då berre jul ei gong i året.

I kveld har me invitert niesene til mannen på Pizza. Dei gledar seg vilt til å få søskenborn - insisterar på å kalla seg tante og har allereie klar arbeidsfordeling for kommande barnevaktøkter. :hoho:

Såg i TV-programmet at Heartbeat - eller med hjartet på rette staden byrjar att i kveld. Ikkje at serien er sååå god - men litt sjarmerande er den jo. Grunnen til at eg ser på han er at me har vore der på ferie - midt under innspeling av ein episode og ventar no berre på å sjå att scenene me bevitna på fjernsyn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var den episoden!!!! I Heartbeat altso - den episoden med Lulu stod me og såg på innspelinga då Mike kom på motorsykkelen sin bort til Lulu utanfor Scripps garasje. Kjende att Gina også - i oransje mønstrete drakt. MORO!!! :P

Har fått handla to julepresangar til - det sniglar seg framover. :-? Og so kjøpte eg presang til meg sjølv og - nye Trivial Pursuit 20års jubileumsutgåve. Den vart testa med niesene i går. Endeleg eit spel der eg har opplevd kva det vert spørt etter - ikkje vage minner frå dølle historietimar med ein gal lærar...

Har vore hjå jordmor att og, og alt er framleis heilt flott. Ho hadde inga god forklaring på kvifor synet mitt forandra seg so plutseleg, og eg fekk streng beskjed om å ringa viss det skulle henda att.

Fyttekatta som det har regna her siste døgeret! Håpar det gjev seg til torsdag, då skal eg ha med mor og bilen hennar på 15 mils køyretur for å få service på doningen. Føler meg ikkje heilt trygg i vetle sardinboksen hennar på rasfarlege norske haustvegar...

Småfuglane har fått mat hjå meg i år, har hengt opp ein kubbe med talg og frø ti dei, strategisk plassert utanfor pus sitt inspeksjonvindauge. Voldsomme sveip med halen - sjogen går i heile huset :hoho:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Rart med de synsforstyrrelsene, gitt.

Bra det har gitt seg da. Du hadde ikke sniffet for mye brillerens, da... :wink:

Ha en fin dag, Road Queen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du hadde ikke sniffet for mye brillerens, da... :wink:

:hoho:

Jo det skal du sjå - at det var ikkje berre gledesrus eg gjekk rundt i der ute men brillerensrus med biverknader! :ler:

I dag er det kjøkkenrundvask - og julepynting. Kjøpte meg nye julegardiner til kjøkkenet i går og no skal dei opp, i lag med ein og annan diskret juleduk. Går'kje an å venta lenger no, so mannen får berre protestera alt han vil.. :sjarmor:

Og nye utelys til einerbuskene mine - nei ko fine dei skal bli! :P

Eg fekk handla nokon fleire julepresangar i går og medan bilen hennar Mor var på verkstad, so no manglar eg berre ca 3 1/2 presang og noko dill.

Eg gledar meg slek til jule og nyttårsfeiringa at det er heilt vilt - trur at sidan eg ofte ar jobba jul og nyttår, komme heim rett før eller reist rett etter so har det lagt ein dempar på feiregleden - men ikkje i år. NEsten so eg gledar meg til neste jul allereie :hoho:

Uff nei - kjøkkenvasken gjer seg ikkje sjølv...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så du er fan av Heartbeat du også!? kjekt...jeg føler meg litt ensom med den lidenskapen gitt...! Har dere vært i England og overvært innspilling også?? Spennende!!!

Det høres ut som du riktig storkoser deg med juleforberedelser!! Sånn skal det være!

Jeg har også kjøpt fugle-snacks..men tror ikke fuglene har skjønt hintet...jeg har enda ikke sett noen har spist av den fuglemateren!! :roll: Jaja...de kommer vel!

Ha en fin adventshelg da!!

:klem: fra Madden

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har Cd-plata med Heartbeat musikken og eg... :sjarmor:

No er kjøkkenet vaska og julegardinene er komen på plass med juledukar, so fint atte! :P

Har skreve amerikabrev og fått av gårde i posten, pakka inn nokre julegåver og no er det dei norske julekorti so står for tur. Må få sendt julegåvene innanlands i morgon skal dei rekka fram til jul. Manglar ei gåve der da men det er søndagsopne butikkar i morgon og då ordnar me den biffen tenker eg.

So var det berre resten av julevasken... Mannen har pynta ute, dekorert søyleeinertredn med nyinnkjøpte julelys. Dei vart verkeleg fine! Dei gamle lysa vert overført til nokre mindre grøne busker på andre sida av huset ein dag han finn tid til det.

I dag har me skeia ut med Creme Brule-is - den er sooo deileg - slafs :wow: og jule Coca Cola i glasflaske. Det er ikkje vanskeleg å merka at knøttet reagerer på sukker, då vert det liv inni her. Det er det ellers og - av og til går det temmaleg vilt for seg - skulle tru det var Houdini so kjempa for å komma seg ut... :ler:

Årets første julekort kom i posten i dag og - so moro! Og gave frå arbeidsgjevar - det enklaste egentleg - gåvekort. Kjøpa meg noko fint noko, berre til meg for det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har me vore på tur - og henta enda ein gammal engelsk bil... Som om me ikkje hadde mange nok køyrety frå før :oops: Men den har fire dører og baksete i motsetnad til dei to tosetarane. Håpar berre me får selt den eine av dei snart, eller i alle fall til våren når det er litt meir sesong for bilar utan tak...

Det vart ein lang tur - to døgn, men me kom unna uværet som kom over vestlandet mandag. Egentleg skulle ein kompis av mannen vera med, men plutseleg fekk han ikkje fri frå arbeid. For at mannen då skulle sleppa å reisa so langt og lenge vart eg med. Merkar at ein vert sliten sjølv om ein berre sit på.

I dag har eg handla resten av julepresangane - eg er offisielt ferdig med gåvehandling - juhuuu! :hoppe: Juletre har eg hogge og i dag. Ikkje eg, men svigerinna - eg fekk berre lov til å stå og peika kva tre eg ville ha og aller nådigst bera saga.

I morgon står julebakst med Mor på programmet og sidan er det berre å cruisa inn mot julafta med litt husvask og den store julepyntinga om ei veka! Gledar meg meir enn nokon gong.

Mannen stakkar har dårleg samvit for at han brukte fridagane til å henta bil og no skal jobba heilt fram til jul - det vert då so lite tid til å hjelpa til med julevasken. Flott med initiativ - men eg er då ikkje handlingslamma fordi om eg er gravid seier eg til han.

No skal eg bruka resten av kvelden på å laga til DVD-plater til venner frå årets bilturar, og å pakka inn dei siste julegåvene. Kosearbeid! :nisseblunk:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres ut som en koselig dag. :) Og så fint med initiativ fra mannen når det gjelder husarbeid. At han ikke alltid får hjulpet til med husarbeid er ikke så farlig bare han viser litt interesse, synes nå jeg!!!!!!!

Håper du får en flott førjulshelg! :nissevink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare innom for å si riktig god helg til deg!! :klem:

Ser at du koser deg fælt med førjulsaktiviteter..og det er jo akkurat det du skal gjøre nå!! :Nikke: Det er ikke mange dagene til jul..så slapp av og nyt stemningen istedet for å stresse!! :tommelsmil:

Stooor :klem: fra Maddie

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Takk for helsingar Sirka, Madden og Trulselinemor!

No er kakene bakt, og mannen den kakemonsen er godt fornøgd og drikk kaffe i tide og utide berre for å få ein ekstra smak på julebaksten.

Det har vore ei roleg helg utan julestress. Me har fått vaska det siste engelske vidunderet, tørka den innvendig med kupevarmar i vel eit døger og no er den parkert på ein låve inntil vidare. Det vert ikkje gjort noko for å få skilt på bilen før om eit år ca. Me har vel nok å henga fingrane i til våren og utover sommaren :P

Og så har det snødd litt i dag! Endeleg vart verda kvit og juletrea med lys på i hagen vart sooo fine! I morgon skal eg byrja på resten av julevasken tenkte eg, ta det pent og roleg og få mannen til å hjelpa meg litt når han vaknar att etter nattskift.

Eg har hatt min første rare draum. Har drøymt mykje ellers men berre kjedelege kvardagslege ting - slek at eg faktisk har vore i tvil om detta har hendt eller har eg drøymt. No er det ikkje tvil - detta må eg ha drøymt: Eg vakna på rommet på fødestova, ferdig "født" men hugsa ikkje noko frå fødselen. Mannen låg attmed meg - magen var vekk. Kvar er ungen da lurte eg på, jo han låg i ei slek babysjukehusseng i andre enden av rommet. Bort og kika! Der låg det eit barn med infamt blikk, gnomaktig vil eg sei, 2 og 1/2 år gamal og kunne snakka! Eg var dødsskuffa; me hadde fått ein brukt unge! :hoho:

Det er no mangt ein kan røra i hop i søvne...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hoho: En brukt unge.... Må le når jeg ser for meg scenarioet! :ler:

Så flittig du er da..baker og vasker og står på! Send over litt arbeidslyst da RoadQueen!! :)

Ha en flott mandag! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Takk for helsingar, alle saman!

Og ei riktig God -Jul til alle som er på besøk her! :nisse:

Julefreden senkar seg, det meste er klappa og klart no. Juletreet er komen på fot og står ferdig pynta i stova. Det er det mannen som har ordna. I år kom han på at me skulle ha "tema-juletre" - og dermed vart all pynten i rødt og gull - so vakkert atte! Gåvene er komne under treet og, til stor glede for pusekatten som fråtsar i pakkeband som kan fangast. Lurar på om treet framleis står i morgon tidleg eller om me vaknar av eit brak når katten har fanga pakkeband so grundig at treet kjem i aovelta... :-) :gave:

Det vart kvit jul og! Etter ein dag med mildvær og all snøen omgjort til vatn so snøa det att i dag, mange centimeter! Juhuuu!

No er det kveldsmat; blingsar med Mors heimelaga julesylte og reinsdyrpate og kanskje ein liten snei med hjortetunga.

Og igjen - ei god og fredfull julefeiring til dykk alle!!! :gullengel:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...