Gå til innhold

To skal bli tre


RoadQueen

Anbefalte innlegg

Det vart ein lang dag i går. Først forhandla me om bilkjøp for niesa. Eg tykte ho fekk dårleg tilbud, og har brukt dagen i dag til å ringa rundt til fleire forhandlarar av same merket. Eg skjønar ikkje detta med nettopris - for det er ikkje to forhandlarar so har lik pris på ein snau standard bil... Det er og store forskjellar i kva tilbod ein får på ekstrautstyr. Og innstillinga til seljaren.

Eg tykkjer og seljarane av barneutstyr er passive og arrogante her i nærdistriktet. Det forundrar meg at dei får selt noko med slek kundebehandling - eller er kundane heilt ukritiske til pris, kundebehandling og tilbod?

Me fekk handla noko i går, blant anna madrass, overmadrass, handdukar, klutar, stelleveske og litt anna småtteri. Det me manglar no kjem eg til å bestilla på nettet - noko frå danmark med radikalt lågare prisar sjølv om ein lyt legga til moms og frakt.

I dag har eg ete linfrø og sviskeyoughurt til pre-frukost. Ikkje nett godt - sviskeyoughurt har eg aldri likt. Eg følte meg heilt som robinsondeltakar som et diverse insekt og larvar. Har lenge hatt treg mage men forrige dagen vart det nærast bom stopp i returløpet - ei skikkeleg ubehageleg oppleving kan eg lova... Ein sit der på detta vetle rommet med godt lesestoff og alt, trangen er der - men det vil ikkje ut noko og i alle fall ikkje alt. Kva gjer ein då? Ikkje lett å kløppa en halvferdig kabel som ikkje seier plop i skåla men kaklang... Tidlegare har det vore nok å gafla i seg aprikoser og kiwi - men det trikset var oppbrukt no. Null effekt. So får me sjå kva me får ut....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Takk for helsing Sirka!

Ingen effekt av youghurt og linfrø nett enda - må da vel byra å skje noko snart. Tålmodig, eg....?? Nei.

Fint vær i dag so eg har nytta høvet til å spasera meg ein tur. Deileg å få lea seg litt. Men eg blir fort sliten i oppoverbakkane.

Niesa var godt nøgd med telefonrunden eg hadde til ulike forhandlarar i går, ho sparar 7 000,- på å reisa 20 mil og handla bil framfor å nytta den lokale leverandøren. Eg antek at mandag morgon må eg ringa og bekrefta bestilling på bilen for ho.

I dag har eg sett i album bilete heilt tilbake frå 2001... Me tek ikkje so mykje bilete i kvardagen - helst når me er på tur, og so vert dei liggande i ei skuff til dagens skippartak. Det som er dumt med det er at eg gløymer detaljar om enklete bilete. Ikkje alltid, for eg har som regel ei reisedagbok med meg når me er på lengre turar der eg skriv litt om kvar dags opplevingar.

Kva kjenner eg no - må eg på toalettet...? Sta og prøva.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gode nyhende på toalettfronten; linfrø, kveitekli og youghurt har byrja å ta effekt. Juhuuu! Må le litt av meg sjølv, det skal på lag so vera gamle folk so skal vera so opptekne av avføring - bestemor mi til dømes hadde detta som eit ynda tema...

No har eg bestilt diverse frå Danmark, blant anna bilstol. Me gjekk til slutt for Graco autobaby primært fordi dette setet kan brukast med både to og tre-punktsele. Det gjev oss litt meir fleksibilitet sidan pickupen min berre har topunktsele i midtsetet.

Frå Clas Ohlon har eg bestilt mellom anna møbelhjul med brems på som eg vil montera på stellekommoden. Då kan me flytta den rundt på badet etter behov. Lur som eg er har eg kjøpt ei lita gåve til mannens årsdag til våren og - i fall eg kkje kjem meg so mykje på butikkane første tiden etter at knøttet kjem til.

I dag har eg vore litt plaga med ryggen; det er vondt å vri seg eller bøyga seg - eg måtte setta meg for å få på meg sokkane og buksa for det var umuleg å stå på ein fot i dag. Dermed har aktivitetsnivået vorte labert. Har vaska litt klede, reparert ein lysbrytar for mor mi og sjølvsagt laga middag til mannen. Burde sikkert gått meg ein tur - men det lyt bli i morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bra at magen har fått litt fart på seg igjen. Jeg spiser frokostblanding med ekstra linfrø og yoghurt til frokost hver dag, men det er litt tregt innimellom allikevel.

Kanskje jeg får spe på litt med kiwi?

Høres lurt ut å montere på hjul på stellebordet.

Jeg synes du høres veldig flink og aktiv ut, jeg!

Du fikk gjort mye selv om du hadde vondt. Pass på deg selv nå da!! *streng smily*

Håper resten av uka blir fin.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja du er virkelig aktiv Roadqueen! Det er sikkert godt med alt som er unnagjort da..

Ikke stresse unødig mye nå :riste: !!

Håper du får ei fin helg da!

Stoor :klem: fra Madden

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Takk for helsinga Siam og MAdden - alltid koseleg med besøk!

Ryggen er mykje betre - no kan eg kle på meg ståande att. Men eg skal ikkje stå mange minuttane i ugunstg stilling før eg kjenner det i ryggen. Dermed har manen fått overta støvsugaren på heiltid.

Har vore litt smådaff dei siste dagane, men eg har fått rydda plass på badet til stellekommoden. Det minner meg mest om sleke små spel der ein skyver brikkene rudnt for å få dei på rett plass. For kvar ting som kjem på rett plass lyt ein annan fløtta plass her i huset - nett no sit eg med ein kjøpmannsdisk til overs og undrast om eg kan utnytta den til diverse datautstyr slek i tillegg til srivebordet mittt. Men då må bolhylla skuvast på....

So var det helg allerede - ingen store planar for helga. Inviterte niesene på pizza i morgon men dei var opptekne. Får be dei på middag ein annan dag.

Nei - no er det fredags TV-kveld!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fastelavnsøndag - og me har kost oss med bollar i dag. Hadde besøk av bror min og dama og diskuterte bursdagspresang til Mor som fyller rundt år om ein månad. Det er ikkje lett å finna på noko til menneske so har alt - no trur eg det endar med at me tek med oss gamle Mor til by'n, spanderar hotell, betre middag og underhaldning på ho. Berre ein liten bekymring - turen er tre veker før termin. Det går nok bra det og - dei har då betre sjukehus i byen enn i distriktet hjå oss om noko skule skje.

Mannen har vore på lærekøyring med niesa - ho fyller 18 til hausten og vil sjølvsagt ha sertifikat. Sørgelig at det er blitt so dyrt, igjen.

Eg har fått vognteppe hjå Mor. Ho har hekla i fint småmønstrete og med mørk gul vattert bakgrunn vart det heilt nydeleg til den mørke barnevogna.

I dag vert det pizza til middag - resten frå i går. Lettvindt og godt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går var eg hjå jordmor - og alt ver berre heilt finfint. Mannen var med og, og han og fekk kjenna på hovudet til knøttet. Det er framleis lika utruleg at det er eit lite menneske der inne.

Me pratte litt om fødsel og sjukehusval - det har vore mykje ståhei om det lokale sjukehuset og fødestova der, men so sant eg oppfyller kriteriane deira vil eg helst føda der.

Mannen var småvrang i dag, hadde ilt i nakken og skulda på at det var kaldt på soverommet. Den frostpinnen. Det er 14 grader der inne om natta og han har to dyner og eit pledd over seg. Eg har ei tynn sommardyna og held på å krepera av heteslag kvar natt... Og glaset står på minimum gløtt - eg må få inn litt friskluft om natta ellers vert luftvegane heilt potte tette. Det er no mangt ein skal no komma i ugreia om.

I dag har eg vor i hagen og kløpt aplane. Laut ta dei no - det er like før dei finn på å spretta lauv. Eit par av prydbuskene står heilt klare og nokon har jammen allereie sleppt ut nokra små grøne blad. Pusekatten var med og heldt meg med selskap.

So fann eg ut at eg ville spasera meg ein liten tur - det er over 7 plussgrader idag, men det vart slek ein sur vind at eg snudde heimatt etter ei liti stund.

Hjulene er no montert på stellekommoden og det vart knallbra. Arbeidshøgda vart kanskje litegrann høg for meg - me får sjå korleis det går - ellers er det jo berre å kappa av nokre få centimeter på kvart bein.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er det julestemning ute no! Kjempeidyllisk kvitt. Og eg som trudde våren var komen. Men som far min sa; det kjem sju snøfall etter det siste...

I dag har eg vor "anstand" for mi Mor - på køyretur. Ho køyrer bil berre korte distanar men i dag ville ho køyra sjølv til nabobygda - viss eg ville vera med ho. Klart eg kan, dama treng køyretrening og det beste er at ho tek initiativet til det sjølv.

Etterpå var me på gamlestoveloftet og henta fram vogga - veit ikkje kor gammal den er, men eg trur to generasjonar før meg har brukt ho og då er me plutseleg 100 år tilbake i tida. Eg kom nemleg på at det kan vera greit å ha ein soveplass i 1. etasjen den første tida. Dessutan jobbar mannen skift og det kan då vera greit at knøttet ikkje ligg på soverommet når mannen skal sova etter nattskift.

I morgon skal me av garde og hneta ny bil til niesa. Satsar på å finna madrass til vogga og evt anna småtteri der. Viss me kjem oss over fjellet da....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Turen over fjellet gjekk fint, niesa fekk henta seg splitter ny bil og smiler no frå øyra til øyra!

Madrass til vogga fekk eg tak i og. Kjøpte dyna og eit ekstra sengesett også. Kunne sjølvsagt ha brukt dyna i vogna men det kan kanskje vera greit å ha ei reserve.

Me har so fint vær her om dagane, sol frå skyfri himmel og godt og varmt er det i sola og. I dag har mannen og eg spasert opp til Mor og ete morsdagskaka og kaffi. Rett deileg var det å vera ute i dag. Kjemmer at det er tungt å gå motbakke, vert eg for ivrig får eg hjertebank og magen kjennes som om den er ein basketball.

No skal eg ut og fanga hobbyplank so mannen kan laga nye og betre hyller i det eine baderomsskapet slek at eg kan ha babyhanddukar og vaskeklutar lett tilgjengeleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare innom med en :klem: til deg!! Ser at dere koser dere disse siste ukene før det store skal skje! Det nærmer seg veldig nå Roadqueen! :)

Håper du får ei flott uke! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No går det i vasking, har såvidt nbyrja å vaske opp kleda til knøttet. Godt med ko so er gjort.

Dårleg helg detta, mannen furtar og er sur fordi han frys og eg sveittar om natti. Sjølv om eg hadde late att glaset spurde eg om ikkje døra kunne vera att for at ikkje det skulle bli so infamt varmt - då gjekk han og fann seg soveplass på gjesterommet. I tillegg til det so svarar han knapt når eg snakkar til han - veggen er meir interessant å prata med nett no. Kjempemoro!

Prøvde å forhandla og fortelja at det var greit med vidopen dør og att glas men døve øyrer høyrer meir... No har eg emigrert i kjellaren på dataen - eg orkar ikkje sitta og prata og ikkje får svar. Greit nok å bli furten - men må det vara i dagasvis?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Mannen er blid att - etter fire dagar med furting. Snakk om å vera langsur. Omsider fekk me prata ut om problemet og vart vel forlikte att. Juhuu. Eg vert so frustrert og eg, av slek barnleg oppførsel. Kan han ikkje sei ifrå før det er for seint? Og kan ikkje eg vera litt mindre sta? No er me det, og so gløymer me oss vekk att om eit år halvanna... Samma vreda da att, berre vent og sjå.

Me har vinterferievær - og eg har snautt vore ute siste dagane. Men det er so isete og glatt i vegen at eg har ikkje lyst å ramla om eg skal gå tur. Må no vel bli bart att snart. Får gjort ein del inne da, vasking og rydding, sjå på skiskyting, spela dataspel...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lika fint vær i går og i dag og resten av veka ser det ut til.

Var hjå jordmor i går og framleis er alt berre bra. Litt spor av protein i urinen men ikkje meir enn at me berre observerar det enno. Snakka litt om fødsel og valg av fødestad. Eg vel det lokale sjukehuset si fødestove. Det vil sei at eg må dit på kontroll neste veke slek at dei kan bekrefta at detta ser ut til å verta ein normal fødsel. Viss ikkje må eg reisa til fødeavdelinga på fylkessjukehuset som er sooo mykje lenger vekk enn lokalsjukehuset.

I dag har mannen endeleg solgt den andre sportsbilen. Vemodigt, for det er ein artig bil men for mykje å ha to tosetarar. Det leie var at det var uråd å få det bilen faktisk er verdt. Detta er ein bil kun for spesielt interesserte - og ikkje er den ny og ikkje er den gamal nok til å vera veteran.

No sit han og kikar etter ein "familiebil" av same engelske merket slek at heile familien etter kvart kan dra på tur med bilgjengen. Me har eit brukbart restaureringsobjekt avfamilieutgaven ståande men då sel me heller den og legg pengane i ein som allereie er i bruksskikk.

Eg vaskar barneklede slek smått om senn. Og det er moro å didla med. Det er berre fem veker att til termin no - og eg gledar meg - mannen og!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenk å være sur i 4 dager pga kaldt soverom, a gitt! Bra han skjerpet seg etterhvert. Kunne han ikke bare sovet i en t-skjorte da? Det gjør jeg, for mannen vil ha det så kaldt, noe jeg ikke er så glad i. Frossenpinnen som jeg er.

Men det går sikkert over etterhvert som svangerskapet stiger frem, har jeg en mistanke om. Foreløpig er jeg bare kald.

5 uker til termin!! Så spennende. Det høres ut som om du har full kontroll på utstyret i alle fall. Og det er jo bra.

Håper kontrollen på lokalsykehuset viser at du kan føde der. Det er jo best å føde der man vil. Og veldig greit at det ikke er så langt. Kan ikke tenke meg at det er så gøy å humpe i en bil med veer.

Lykke til den siste biten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Takk for helsing Siam - alltid koseleg å få besøk!

Mannen kan ikkje sova i klede - det strammar slek :-? Ikkje alltid lika lett å kompromittera da - men det løyste seg.

Me hadde besøk i helga av eit vennepar, og det må eg sei at det var sutaslaust - dei hadde bubil, og budde i den. Sjølvsagt var dei inne, og me koste oss med god mat og drikka og oppdaterte oss på diverse - har ikkje sett dei sidan før Jul og det var berre hei og hadet møte i byen.

Snø fekk me i går og, det snøde som berre det heile dagen, men det var kuldegrader og so snøen er som pudder. Rett idylllisk ute i dag når soli skein. Det skumle er at det er issvular under puddersnøen og det vert ikkje lite glatt. Laut ned på kne i tråppi enda kor forsiktig eg var for ikkje å detta. Men det gjekk bra, tok meg for med hendene .

Knøttet romsterar som før, mindre med kraftige spark no, det kjennes meir som det prøver å laga seg meir plass - bevegelsane minnar om aktene ein har for seg i ein tett snørt sovepose når ein vil snu seg. Eg er vorten kortpusta og - får ikkje luft skapleg i lungene viss eg ikkje strekker meg ut. Det kjem seg nå knøttet sig ned i bekkenet - om han gjer det da.. Ligg i alle fall klar med hovudet ned - har gjort det i ein månad no.

Folk er så forundra over at eg ikkje er lei enda - kvifor skulle eg vera det når det ikkje er anna enn bagatellar som plagar meg? Eg har mykje eg skal vera med på før knøttet kjem - viss han har tid til å venta da til termin da :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går var eg til kontroll hjå jordmor på fødestova. Dei er so blide og imøtekommande alle at det nesten vert for mykje....

Kjempekoseleg i alle fall, ho fann ingenting gale - og eg er no selektert til å få føde på fødestova. So prata ho ein del om fødsel og anbefalte oss å lesa bøker om fødsel og øva på puste- og avspenning. Må på biblioteket ein tur på mandag, da - der er det sikkert ti år sidan eg var sist.

Helga går med til å hjelpa Mor med bursdagsfeiring. I går laga me klart kaker og gryterett, i dag skal ho ha fullt hus og dei so ikkje fekk plass i dag kjem i morgon. Det skal nok bli godt å sova lenge på mandag! For ho Mor og - ho var passe stressa i går. So for å avlasta stresset litt avslørte eg opplegget for neste helg - då alle barn og svigerbarn tek dama med på weekend i byen med fin middag, ansikts og fotpleie og sightseeing.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Madden

Høres helt supert ut med den weekenden ja! Tenker det er en som blir glad og fornøyd etter noe sånt!!

Håper helga di også blir kjempefin Roadqueen!!

Stor :klem: fra Madden

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for helsing Madden!

To dagar i selskap - med Mor sine venner og veninder - dei fleste besteforeldre allereie - kan de tenka dykk at det vart eit stort kryssforhøyr om min tilstand samt ca tusen historiar om borneborn? Joda. Så eg trakk meg etterkvert tilbake til kjøkkenet og rydda og ordna og kokte kaffi og serverte kaker og overlet det meste av det sosiale til jubilanten. Det var då hennar selskap.

Men ikkje misforstå - det er koselege folk som berre vil ein vel men det vart so alt for mange ønsker om vel for meg....

Ny time hjå jordmor att i dag og framleis er alt lika bra. 37 veker i dag - no er det neimen ikkje lenge att. Neste veke skal me på fødselsførebuande kurs - det vert spennande.

På fredag dreg me- Mor og alle born og svigerborn til byen. Eg for min del har tenkt å berre slappa av på hotell og nyta betre restaurantmiddagar. Handla pittelitt og leika turist i byen.

Eg er so kortpusta for tiden - det er ikkje plass til luft i lungene meir- Opp ei trapp eller ein liten motbakke og eg hyperventilrar nesten. Då er det gøy å gå tur når valet er opppverbakken først eller sist? Formen ellers er kjempefin - både for meg og knøttet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...