Gå til innhold

To skal bli tre


RoadQueen

Anbefalte innlegg

Oj - ko mykje fint me fekk til jul, til og med knøttet har fått sin første pakkesang frå besteforeldra! Moro! Det vart ei kjempekoseleg julafta, først middag med min familie, og når mannen var ferdig på jobb vart det middag/sein kveldsmat og pakkeopning med svigerfamilien - eg lo so eg hadde ilt i samtlege magemusklar under utdeling og opningsseremonien!

I går var det avslapping og testing av spennande gåver medan mannen var på arbeid. Eg har jobba fæle med å få videokamera, PC og DVD-brennar til å samarbeida og laga redigert film.

I dag er det sol og strålande fint vær - og nesten 10 minus. Skulle gått meg ein liten tur men det er kaldt - må i alle fall venta til sola stig over fjellskrenten og varmar pittelitt. Snart laga middag til mannen og når han kjem att frå føremiddagsskift - i dag vert det ovnsbakt sjølvfiska fjellørret. Og multekrem til dessert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Takk for helsingar, Madden og Sirka!

Og godt nytt år!! No er det 2005 sjølv om eg skriv 2004 i fleire månader - og året då me får møta familiens tilvekst. Gledar meg!!!

Det har vore ei kjempekoseleg romjul, med juleselskap hjå vener og familie. Nyåret feira me hjå svigerinna og hennar familie med nydeleg pinnekjøt og multekrem. Og so spela me spel langt uti dei seine nattetimar, eg klarte å vera på vinnarlaget kvar gong. :sjarmor:

Eg er gal etter rakettar, og klarde ikkje å motstå å kjøpa nokon få sjølv om det vart oppfordra å gje til flomofra i staden for. Så eg gjorde begge deler. Eg veit ikkje om nokon kjende som var utsett for detta, det eg fryktar er at kolleger har vorte ramma - mange av arbeidskollegene mine ferierer mykje i Thaoiand, Phuket.

I dag har eg vore på kontroll hjå jordmor. Eg er uforskamma sprek visstnok - nærast perfekt seier ho. Og eg må sei meg gild for at eg ikkje har hatt komplikasjonar eller plager i stor grad. Knøttet veks må gjera, for magen poppa ut i romjula. Der ein før kunde ana ein gravid mage er der no ingen tvil. :-) Og skikkelege spark - eg skvett iblant for det verkar so hardt - lurer på om knøttet har tenkt å bryta seg ut :ler:

Niesene til mannen var over seg av fryd - blusen eg fekk av dei til gjebursdagen passa endeleg til kulen på magen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har fått ryddemani! Ein voldsom organisatorisk trong har teke over og eg har snart gått gjennom skap og boder i heile huset og rydda og kasta ut ting som ikkje er i bruk lenger. Utruleg ko ein samlar på - kjekt å ha og for godt til å hiva-syndromet er utbreidd...

Og eg er so mett! Mannen og eg har nett klemt i oss resten av marsipankaka frå gjestebodet på søndag. No er det slutt på julekaker og snop, heretter skal det gåast tur helst annankvar dag. Seint nyttårsforsett....

I morgon skal me nærare dei urbane stroki og ha service på bilen. Då tenkte me at me skulle prøva å kjøpa inn det meste av det me manglar til den nye verdsborgaren, barnevogn, seng, stellebord, bilstol og ørten småting... Me kjem til å vera lasta til plimsollmerket!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Takk for helsingar Madden og Sirka, håpar de har hatt ei god helg og!

No har me vore på service med bilen - og det gjekk greit. Me fekk låna bil på verkstaden slek at me kom oss ned i sentrum. Sokna der etter barneutstyrsforretning og fann den eine dei hadde. Etter 5 - 10 minuttar i butikken gav me opp. Personalet var ikkje interessert i å ekspedera oss sjølv etter å ha kontakta dei fleire gonger. Då tenker eg - kvifor skal eg bruka peng her når dei ikkje yter service? Da bli'kje! :evil:

Fekk handla diverse anna da, nye gardiner til kjøkkenet og sengetøy til knøttet. Me fann lika godt ut at me reiser vidare til by'n og ser der når me først var so nærme.

Og der var det service, og me handla; seng, vippestol, badeutstyr og barnevogn. Me enda med ei Simo Duo. Monterte den no og oppdaga at me manglar den innsatsdelen som utgjer botn i sportsdelen av vogna. Må ringa butikken i morgo og etterlysa den.

No manglar me berre bilstol av store ting, og den trur eg jammen eg skal bestilla frå Danmark, det er jo so mykje billegare der.

I dag snør det att. Etter dagar med snø, regn og slaps var det i går nesten berr asfalt ute - i dag full julestemning! Niesene er bedne på middag i dag, det skal serverast sjølvfiska fjellaure. :wow:

Formen er kjempefin - eg har framleis ingen plager av plagsom karakter. Det hender eg verker litt i eine hofta når eg vaknar om morgonen, but I feel great! Kvar dag! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innsatsen til sportsvogndelen var att i butikken fordi at me fekk med oss understellet utpakka. Men dei skulle senda det i posten.

No er jula kasta ut, og ko utruleg det verkar - eg trur me har fått pakka ned all julepynten. Det er i sofall første gong - vanlegvis står det att inkort lite einkvan plass som me har oversett.

Har fått hengt opp dei nye kjøkengardinene - dei vart kjempefine! Har hatt pause frå organisering og rydding men i morgon vil eg ta noko meir, mykje som ligg og sleng i skåp og skuffer som aldri vert brukt meir.

I dag korkje regna eller snødde det - det var til og med ein gløtt av sol! Då nytta eg høvet til å spasera meg ein liten tur. Eg fekk gåstavar til jul, og dei var gode å ha i dag å stø seg på for det var isete i vegen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for helsing Sirka!

Det har vore ei roleg veka, har rydda meir - og tatt det med ro. Turgåarforsettet er ikkje heilt oppegåande, men det har då vore so elendigt vær...

I to dagar har Mor og eg baka lefser, tradisjonkost. Me fann ut at når me først var i gang og hadde funne fram alt utstyret so lagar me so me har ei stund. Det vert då både runde gjebirsdagar og barnedåp i framtida. :P

Formen er kjempefin framleis - vert litt sliten i ryggen av lefsebakinga men det har gått fint likevel. Derimot vaknar eg med verk i hoftene, men so kjenner eg ikkje meir til det i løpet av dagen. Knøttet er voldsomt aktiv for tiden - heilt oppunder mellomgolvet - moro men ikkje direkte behageleg da...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så koselig med lefsebaking sammen med mamma, da!

Mamma er også er racer på lefsebaking, men jeg er ikke helt inne i bake-gamet enda. Kanskje det kommer etterhvert?

Så fint at dere har fått handlet så mye og at dere fant en butikk med bra service. Det er ikke noe som er så irriterende som frekke og uinteresserte butikkarbeidere.

Så deilig at du er i så bra form! Får håpe det holder seg sånn. Hvor langt har du kommet nå?

Lykke til videre!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lefsebaking med Mor er koseleg! Og so får eg full oppfrisking på historiar frå gamle dagar og slektsforhold når me held på!

Var innom til svigers med lefsekling, svigermor bakar ikkje lefser - men svigerfar sat og koste seg som ein liten unge med klingen! Mannen fekk navn på beste-, olde- og tippoldeforeldre - i fall me skulle finna på å kalla opp etter nokon.

No har eg passert 30 veker - det er berre 10 veker til knøttet angiveleg skal melda sin ankomst! Det er slett ikkje lenge til. Skremmande og frydefullt på ein gong! Lyt ha meg ein tur til byen att snart og handla inn resten av utstyret me treng so det er klart.

I dag lyt eg prøva å gå meg ein tur - har vore sløv med det i mange dagar no. Anten so regnar det eller so bles det og da tykkjer eg ikkje det er moro å gå tur.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Åååå..lefsebaking med mamma...det er koselig det!!

Fikk helt vann i munnen jeg av alt lefsesnakket...men skal være standhaftig og spare de siste pakkene jeg har i fryseren...ikke sikkert når jeg og mamma får tid til mer baking!

Skjønner hva du mener med turgåing og vær..jeg har dessverre intet valg..hunden må trimmes uansett..så da er det bare å kle på seg og hoppe i det! :ler:

Håper du får ei flott helg!

Stor :klem: fra Madden

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for helsingar!

No er lefseklingen forsvarleg bevart i frysaren. Den må ligga nokon dagar før sukkeret smeltar - det er da den er best. Reknar med at me klarar å porsjonera ut so mykje at me har att litt til barnedåp.

Torsdag fekk eg gått meg ein lang tur, i sol og deileg vær! Det gjorde godt. I går var det lika fint vær men då var eg på handel med Mor.

Samma været i dag og, men eg valde å tilbringa deler av dagen med svigerinna mi. Eks-kjærasten som framleis er hennar beste venn døydde brått denna veka - so alt for tidleg. Eg har ikkje skjøna det heilt - at han er borte - godt å få snakka om det med ho. Godt for ho og, ho har ikkje vore seg sjølv sidan ho fekk veta om det.

I kveld ert det pizza til laurdagskos, nam - han er snart ferdig. So må me sjølvsagt få med oss Brødrene Dal, artig å sjå dei att etter so mange år!

Mat!!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pizzaen vart kjempegod - restane gjekk med på søndag. Som for øvrig vart ein veldig slapp dag - vart sitjande og sjå på skiskyting - utruleg spennande sport, og rally og fekk ikkje gjort noko fornuftigt den dagen...

I dag har eg vore på kontroll hjå jordmor - og alt er berre heilt finfint! Det einaste eg plagast med er litt ilt i hoftene om morgonen, fekk eit skjema om korleis eg skal sitta, gå, ligga osb. Ikkje sikkert at detta er bekkenløysing seier jordmor.

Og so fekk eg kjenna hovudet på knøttet! Sooo utruleg! Oj - kan verta klump i halsen av mindre! Det verka so lite - men er antakeleg plenty stort nok den dagen knøttet vil komma ut og helsa på oss.

Jordmor vil no ha meg inn til kontroll annakvar veke - er ikkje det tidleg da, eg er snart 31 veker. Men heller for ofte enn for sjeldan tenker eg - og eg har då slekt å gjera.

Uff - i morgon lyt eg gå i gravferd, det kjem til å bli tøft. For eg har enno ikkje teke det ordentleg inn over meg at denna snille, omtenksomme og gode mannen ikkje er blant oss lenger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Kos å sjå deg innom her, Sirka!

I dag har eg vore i begraving, eg brukte opp to lommedukar. Det er so trist når folk går vekk midt i livet - heilt uforklarleg... På gravferdsprogrammet var det bilete av den døde - eg byrja med lommeduken allereie då eg. Ikkje er eg nokon stor songar - men det vart ikkje lyd når eg ville synga med på dei få salmane eg kan melodien på - og ikkje såg eg teksten gjennom tårane heller...

Vel heimatt vart det ikkje gjort noko meir fornuftig i dag. Sov middag - for eg sov utruleg dårleg i natt. Og so var eg på posten og henta møbelpakke - i morgo skal eg bygga cd-hyller og organisera dei samt montera stellekommode og omorganisera badet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for helsing Madden!

Det var ein tung dag i går, full av tankar.

I dag har eg bygd stellekommode. Stor og rommeleg med tre digre skuffer i, eg er so fornøgd med den. Eg tenkte eg ville kjøpa hjul og montera på den og, for då kan eg trekka den bort til vasken når det er behov for vatn. Sjølvagt skal eg ha sleke hjul med brems på.

Eg har bygd cd-hyller og, men trur du jammen ikkje at då eg skulle setta saman den siste so hadde eg fått to like sidevangar. Det gjekk jo ikkje i hop. Trudde først eg var vorten smårar før eg såg kva feilen var. Søren og - då kom eg ikkje i mål med dagens ryddeplanar.

Lika greitt kanskje - bøy og tøy under bygginga i heller tvilsomme ergonomiske stillingar på golvet gjorde at eg fekk ilt i ryggen. Best å ta det med ro litt antakeleg.

I morgon skal me på dagstur - niesa til mannen skal sjå seg på ny bil, og eg sleng meg med og får moglegvis handla inn ein del av det som står att til knøttet. Litt greit å verta ferdig med grøvste der, og i alle fall store ting.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...