Gå til innhold

To skal bli tre


RoadQueen

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Har ikkje vore innm her på 14 dagar ser eg, du kor tida går... Takk for helsing Madden og god sommar til alle som tittar innom!

Me har nytt sommaren og varmen, faktsik so klarde me å glømma ko kaldt det var heile forsommaeren idet kvikksølvet passerte 25 og me byrja å syta litt for ko heitt det var... Det vart for heitt for meg å gå turar i solsteiken, eg og vesla har søkt tilflukt i skuggen under den nymonterte flotte parasollen og i kjellaren der det er svalt. Me har kosa oss med grilling i seine kveldar og massevis med is!

Vesla har no passert tre månader! Me var på kontroll på torsdag og ho veks so berre det. Helsesyster meinte me burde prøva å strekka tiden mellom måltida meir, ho får i alle fall ok mat denne vesla. Og sprøyta fekk ho og; det var ikkje noko stas - furta då lenge etterpå. Ho vart litt grinete resten av dagen og sov mykje og, men i dag har ho vore som før att. No prøver ho å ta til seg leiker som ligg framfor ho, vil putta dei i munnen og tukla på dei men klarar ikkje å holda på leika. I går la eg ho frå meg på ryggen på eit teppe medan eg mekka meg ein blings, då eg kom tilbake hadde ho snudd seg over på sida, men kom ikkje over på magen for armen var i vegen.

Eg går mykje og ergrar meg over Mor og bror - det har ikkje vorte noko betre med styret med garden. Bror min nektar no å hjelpa Mor med noko so helst og ho har sagt at me får gjera det so trengst på garden no sidan me skal ta over. Det kan ho ikkje erre bestemma! Det minste ho kan gjera er å spørra oss tykkjer eg. Dette nådde eit slags klimaks for nokre dagar sidan då broren ringer meg og vil låna traktoren viss me ikkje skal bruka han til slåtten som han ikkje vil ta. Me har då korkje gras eller traktor... All den tid Mor har eigd traktoren er det kun denna heimebuande broren so har brukt han - eg har aldri fått låna den...

Det irriterar meg noko so grenselaust kor egoistisk og styrande mor mi er. Ho har ingen omtanke for korleis det pasar for oss å overta garden no, ho har ikkje ei gong spurt om me vil overta eller kor tid det passar å overta, om me vil bu i hovudhuset på garden, alt ho seier er at når den heimebuande sonen no fløttar so vil ho ikkje ha garden meir, og ho vil bu i det gamle kalde og trekkfulle kårhuset - punktum og dermed basta. Ikkje går det an å diskutera med ho heller - ho har ikkje evne til å sjå at det finst mange moglege løysingar og ho vert direkte sur når me presentarar forskjellige løysingar so ikkje stemmer med hennar plan. AAAAAARGHHH vræææl! Eg vert so frustrert. :murvegg:

Uff ja ja

God sommar alle saman!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har me vore på søndagstur, litt tidleg ute sidan det er laurdag. Vetlebror, kona og vetlejenta deira var med og, koseleg å komma seg ut litt og eta middag og dessert i godt selskap. Me inviterte med ho Mor og, men ho ville ikkje, veit ikkje om ho var oppteken eller om ho furtar etter diskusjonen me hadde for nokre dagar sidan, då me ikkje gjorde so ho ville. Då hadde ho ifølge vetlebror vore so sint at ho hadde teke seg ei øl. Nett so det hjelper. Sørgeleg - det heile er storm i eit vassglas grunna manglande evne til å kommunisera....

Før på dagen var eg på spasertur, lenger enn langt so desserten vart fortært med godt samvit. Vesla søv betre på dagen no - om det er etterverknader av vaksina eller eit resultat av lengre tid mellom måltida vites ikkje. Ho somnar bukk når ho vert lagt i 10-tiden om kvelden og, med eit godt tak rundt bamsen sin, godklumpen! Sukk...

Om 14 dagar skal vesla døypast, forhåpentlegvis i familien sin dåpskjole; den er over 100 år gammal. Men eg får ikkje tak i han so har dåpskjolen for augneblinken - mogeleg haan er reist på ferie... So me har måtta ordna oss med backupkjole - kjøpt på nettet frå England for 9 pund. Håpar den kjem snart so me i alle fall har backupløysinga klar.

God laurdagskveld alle!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Endeleg fekk eg tak i dei so har den gamle familiedåpskjolen. Den er hjå slekti på austlandet der han sist var i bruk - men den skal komma hit neste helg. Supert!

I dag har det vore sol og drepande heitt - stikk i strid med vervarslinga. Eg gjekk ein tur med vesla etter at sola gjekk ned - ho låg vaken og fornøgd og pludra og heldt seg fast i vognleika si. Ho var ikkje mykje nøgd når ho skulle legga seg nettop - skreik so eg fekk ilt i hovudet. Ho var meir svolten då - men so trøytt at ho vart sint og då får ho ikkje til å eta - snakk om ond sirkel...

I dag har ho sjølv lagt knedn under seg når ho ligg på magen, fleire gonger - første steg på veg til krabbing?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aya caramba - no er eg lei familien min! Ho Mor furtar, me var stygge med ho tykte ho - ho oppfatta heile opptrinnet som ei overhøvling - ho har ikkje no heller oppfatta at me faktisk prøver å sei kva me meinar, at ho ikkje kan bestemma over oss - meg som om eg var ein femteklassing... Eg hadde furta eg og, hadde eg tykt eg fekk kjeft, greit nok det - men det var so gale at då eg kom på besøk i går so gjekk ho ut av huset og lesta so ho ikkje oppdaga oss...

Ho hadde blidna litt til i dag - men lesta framleis som om ho ikkje ser eller høyrer oss - og når mannen skulle gå igong med slåttearbeidet ho plutseleg skulle ha gjort var ho ikkje mykje rettleiande. Når han fekk problem med utstyret og lurde på kva gjer me no? svara ho kun "veit ikkje" som ungane gjer - då gjekk han heim.

Eg kan ikkje anna enn å undrast om ikkje broren gjer alt vanskeleg i håp om at eg og mannen skal gje opp å overta garden - ho Mor og lir under same mistanken i og med ho tykkjer bror min skulle ha fått overta... Og når han difor no flyttar so er det antakeleg mi skuld - eg driv han vekk frå heimen sin og Mor si, gullklumpen hennar tenker nok ho. Det er so moro! So moro at eg iblant tenker kvifor i all verda skal eg overta denna garden? Jo, for vesla sin del. Ho er trass alt tredje generasjon odelsjenta, ikkje veit eg om ho vil ha eller bu på denna plassen, men ho skal i alle fall få sjansen. Det er hennar arv eg no kjenner meg forplikta til å ta vare på.

No gler eg meg verkeleg til me skal reisa ei veka på ferie. Komma vekk frå alt detta dritet og tenka på heilt andre ting, og sova godt om natti utan å ligga vaken og grubla på odel og drit og lort.

On the bright side - mannen har fått nyss om ein dagtidsstilling som er ledig på arbeidsplassen hans. Den vil han prøva å få, seier han. Juhuu! Det gjer alt so mykje lettare i forhold til pass av vesla når eg byrjar att i jobben min. Me vart etter mykje diskusjon samde om at det var ok for meg å behalda jobben inntil vidare med tanke på at eg tenar veldig bra og har mykje fritid heima. Men dei fjortan dagane eg er vekke vert ei utfordring når mannen jobbar rundskift. Viss han får denna jobben da, håpar verkeleg det - kryssar fingrar og alt eg. Ellers so håpar eg jo å vinna noko dugaleg i LOTTO. Kjøpt garden og berre vore heima med vesla. Det hadde vore fantastisk. Eg har no laga til ein lottokupong for ho og, eg - er ho heldig kan ho kjøpa garden sin sjølv :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er det sommar no! Men det er for heitt for meg - eg fer berre og driv inne i skuggen. Prøvde meg under den nye flotte parasollen i dag men det vart for lunt på terassen loll. Eg trur vesla slit litt i heten og, stakkar - ho er so grinete og søv dårleg att om dagen no.

I går fekk me dåpskjole frå utlandet - og når eg heldt den opp framfor vesla gapskratta ho! Lenge - tydeleg at ho likte den. Familiekjolen er komen til bygdi att og, skal stad og henta den no etterpå. So får me sjå om ho ler lika godt til den kjolen og.

Etterpå trur eg me skal ta og ragga oss ein tur til fjells og kjøpa oss ein is - det er svalare der enn nede i bygdi. Ikkje at eg klagar - men soli er so heit for meg....

Mor verkar nokolunde i form att. Eg var oppom igår og baud meg til å køyra traktorslåtten men då laut ho sjå etter jentungen. Det passa ho ikkje då, og ikkje i dag heller so det kan no ikkje vera soooo viktig med detta arbeidet likavel....

Eg tenker som so at når heimebuande broren no dreg om tre veker so får me berre ta styringen på arbeidet der oppe. Då vert det gjort og ho ser at det vert gjort sjølv om ho sit med garden, gjedna ho finn ut ho kan sitta med han nokon år til?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag har me hatt dåpsgjennomgang i kyrkja med presten. Vesla vert døypt først i gudstenesta og so skal me sitta i kyrkja med ho heile tida. Det kan verta ei utfordring, utolmodig frøken i uhåndterleg laaaang dåpskjole... Ja, for me kjem til å bruka den 107 år gamle dåpskjolen, ho vert då fjerde generasjon som er døypt i den i vår grein av familien.

Kjolen er nydeleg, sydd i tynt mønstervevd stoff, halvannan meter lang med rysje og blondekant nedst på kjolen samt på armane. Den ber preg av 100 års bruk, eit par små flekker som ikkje går vekk, og den er stoppa på eit par plassar der det har gått hol på stoffet.

I morgon vert det intens husvask - far må vere med og hjelpa å vaska eller aktivisera vesla medan eg fer over heimen med vaskekluten. So skal eg baka ei kake eller to. Mor skal laga grytemiddag og baka ei kaka og. Det vert ikkje so store selskapet, nokre av familiemedlemmane har ikkje tid til å vera med, diverre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er ho kristna, vesla! Ho sukka soooo tungt då presten hadde vatn på hovudet hennar, og tredje ausa med vatn då byrja ho å sutre litt. So sat ho ei stund på fanget og følgde med men so vart ho lei og me gjekk ut i konerommet. Der sov ho ein liten skvett til gudstenesta var over. Me kledde av ho kjolen og gjekk ut, tenkte ikkje på å ta bilete i kyrkja etterpå med fadrar og presten...

So drog me heim og åt middag. Mannen hadde dekka bordet kvelden før og tok kjøkenteneste denne dagen, laga mat, serverte og rydda. Været var strålande - heitaste dagen på lenge, egentleg var eg glad eg ikkje fekk på meg bunaden min likevel - sjølv om det var deprimerande då eg berre nett måtte prøva den kvelden før.

No ser me berre fram til ferie - det skal bli godt å komma seg vekk litt. Me har ikkje planlagt heilt kva me skal gjera etter helga, ein liten tur til Sverige vert det nok, so set me kursen heimover og legg oss mogelegvis på ei hytta på fjellet nokre dagar. Om 14 dagar må me vera heimatt, då skal eg vera fadder på niesa mi.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Madden

Innom for en oppdatering etter den lange sommerferien min! Her har du jo oppdatert flittig du Roadqueen! :)

Blir så utrolig :frustrert: på dine vegne over det gårdsrotet! Skjønner ikke at det går an å oppføre seg så komplett umodent...men vi har slike i vår familie også gitt... Onkel og tante presterte å furte i en hel dag da resten av familien annonserte at de ville ta en dagsutflukt til barndomshjemmet sitt, og for å kikke på sommerhuset som jeg og mannen min har satt i stand nå (det er barndomshjemmet til min mormor..altså dere mor!) Det hadde ikke onkel og tante sansen for...så da fikk det ikke hjelpe at hele søskenflokken hadde reist hundrevis av mil for å tilbringe en hel uke sammen med dem...for den ene dagen de hadde tenkt å dra bort...bare annonseringen av det gjorde at onkel dro til fjells for å furte og tante dro til sin søster....så da satt de der da...og så på hverandre!! :roll::ler:Blir så oppgitt jeg altså...hadde det vært meg hadde jeg bare pakket snippeska og reist...sånne tåpeligheter gidder jeg ikke være vitne til! :ler: Nok om meg da...

Håper det ordner seg snart...for det virker noe uutholdelig!!!

Goood :klem: fra Madden

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...