RoadQueen Skrevet 27. oktober 2004 Forfatter #21 Del Skrevet 27. oktober 2004 I morgon skal me på ultralyd - det vert spennande! Reknar med at alt er i orden, men det ligg ein tanke i bakhovudet og undrar - tenk om noko er gale... Det er ikkje eit must for oss å få veta kjønnet, men me er vorte einige om at dersom det kan sjåast heilt tydeleg så vil me veta. Ikkje dermed sagt at alle andre får veta det - dei kan jo ta feil. Etter ultralyden ber det rett på weekend-tur, til England, so me gler oss til i morgon, av fleire årsakar. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 8. november 2004 Forfatter #22 Del Skrevet 8. november 2004 Ultralyden var spennande - rørande, gløymde alle spørsmål og vart fullstendig oppslukt av det dårlege biletet av den håpefulle. Men alt såg heilt normalt ut, og terminen vart fløtta ein dag. Men kjønnet såg me ikkje, det ville ikkje knøttet visa oss. Biletet er i alle fall vist fram til komande besteforeldre, tanter, onklar og kusiner. So drog me på weekendtur til England og hadde det alle tiders. God mat, godt selskap, kos og shopping. Shoppingen vart mest mas men eg handla ein del barneklede. Fint å komma vekk litt, sjå og oppleva noko anna enn kvardagen i nokon dagar. No har eg vore heima ei lita veke, og dreg på meg ein forkjølelse. Og det er så bånn å vera skranten. Dårleg pust, ilt og klør i halsen, tett i nasen og tung i hovudet. Prøvde å holda snuen unna med appelsinjuice og diverse c-vitaminholdig frukt, kvila og ikkje frysa men eg laut gje meg... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 9. november 2004 Forfatter #23 Del Skrevet 9. november 2004 Stakar meg - ko sjuk eg er... Sov dårleg i natt, fekk ikkje pusta gjennom nasen. No har eg vore stad og kjøpt otrivin for barn - må ha inn luft gjennom nasen ellers vert eg sprø! Og tett i heile hovudet, nase, øyrer og bihuler. Syte, klage... Men det går vel over. Mannen passar på meg da, snill som han er, fekk kakao på sengi i dag. Og så ler han av meg når eg klagar... Ler litt eg og da. Kviler på sofaen under pleddet, frys og sveittar om eit anna og kjenner den håpefulle turnar med c-moment. Egentleg har eg det bra, tross alt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 12. november 2004 Forfatter #24 Del Skrevet 12. november 2004 Forkjølelsen heng i, men eg er betre no - har ikkje feber meir i alle fall. Men slapp, sliten og snufsen. Blir noko kviling på sofaen - pus og meg. Var hjå svigerinna forrige kvelden på middag, rådyrsteik - det var sikkert godt det - for dei so kjende smak... Stakkar - ho laga middag og ny spennande dessert og korkje eg eller mannen kjende smaken... Ikkje hadde me ete rådyr før heller. I dag var eg meint å spasera meg ein tur - opp til mor og stella hønene hennar medan ho er på tur. Men det er slek regn og blåst at eg tek bilen alikavel. Har henta meg ved no og skal fyra i omnen og. Det vert so huskaldt når det bles tykkjer eg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 13. november 2004 Forfatter #25 Del Skrevet 13. november 2004 I dag skal me på middag. Fin middag på restaurant med store delar av familien - delar eg ikkje har treft før. Spennande. So eg tok ein kik i klesskåpet mitt - og prøvde - og ingen av dei fine kleda mine passar lenger - knappar og glidelåsar går ikkje att, og der dei går att ser det mest ut som ei dårleg stappa julepølse der både puppar, mage og rompe stikk godt ut. Lekkert!!!! So det vart å finna fram ei kvardagsbrok so enno rommar meg og ein sateng-bluse i kina-snitt. Det får vera godt nok i dag. Slek kjedeleg periode no - ser ikkje gravid ut men småblubben. Eg gler meg ordentleg til det vert skikkeleg ingen tvil gravid mage - slek at alle ser at her kjem det ein ny verdsborgar om ikkje so lenge! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 15. november 2004 Forfatter #26 Del Skrevet 15. november 2004 Middagen med familien gjekk bra - me feira svigermor sin bursdag, rundt tal og greier, og som overrasking for ho hadde borna hennar invitert mange tantebarn som ho ikkje har sett på maaange år. Det var vellukka! Det var og gjester der me ikkje har snakka med sidan bryllupet, og når dei lurde på korleis det gjekk med oss var den vordande far mykje stolt då han fortalde at me ventar born til våren. Rett kry var han! :-) I dag har eg vore til kontroll hjå legen, fordi jordmor er på hospitering og eg skal på jobb denne veka. Ho tykte då eg vart gåande lenge utan tilsyn og meinte me kunne ta ein legetiime. Alt var heilt fint, blod, urin hjartelyd - men når me kom til vekta lurte legen på om me brukte samme vekt som jordmor - skjøna ikkje kvifor først eg da, men ifølge skjemaet har eg lagt på meg tre kilo på dei tre vekene sidan sist eg var på vekta. Vel - eg har ikkje vore mykje aktiv siste tre vekene - nokon dagar med jobbreise og no 14 dagar med tett nase og dårleg form so har det vorte mykje slumring på sofaen... Eg søv glatt 12 timar i døgeret. Og når eg no skal jobba 12 timar i døgeret.... Vert ikkje mykje tid att då nei Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 17. november 2004 Forfatter #27 Del Skrevet 17. november 2004 So - der var me nesten klare for å komma oss i arbeid att. Men det vert hardt å stå opp tidleg att for eg har klart å snu døgeret eit kvart turn; vart nokon seine kveldar og med mitt 12-timars søvnbehov so vart alt litt skeivt... Prøvde å snu litt tilbake i dag og stod opp klokka ni - og no held eg på å gjespa kjeven or ledd. I dag har det snødd i heile dag og det har vore minusgrader, eg har ikkje funne att kupevarmaren og motorvararkabelen min - so det vert ein kald og frosen bil eg tek att i morgon tidleg. Hutre... Har nett hatt en runde og rydda i huset - alt må gjerast i siste liten, og vatna blomane. Lika spennande å sjå kvar gong kor mange som overlever; mannen får ikkje berre skryt for husfarjobben. Eg skjønar ikkje at det går an - når lauv og blad drysser på planta han går forbi kvar dag - klart ho vil ha vatn - og klara å oversjå det.. Eg skjønar det ikkje... Eg har ikkje løst å reisa!! Stad og sjekka viking-lotto kupongen - kanskje har eg fått sluttpakke frå Norsk Tipping? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 19. november 2004 Forfatter #28 Del Skrevet 19. november 2004 Eg fekk ikkje sluttpakke frå Norsk Tipping denna veka heller - og dermed sit eg no på jobb. Det er alltid seigt å reisa ut, men når ein fyrst er utkomen er alt greitt. Men eg må innrømma at eg har ikkje topp motivasjon, eg er gløymsk og vimen - tankane er meir opptekne med meg sjølv og min situasjon enn arbeidsplassen min. I tillegg er me i ein nedbemannings/innsparingssituasjon igjen - ikkje mykje motiverande når det alltid skal sparast ved å nedbemanna. På toppen av alt so er eg framleis snurt over at ein seinare tilsett kollega av meg fekk jobben eg vikarierte i so lenge. So eg gjer jobben min godt nok men heller ikkje noko meir, ser ingen grunn til å stressa og alltid streba etter å vera flink når ein ikkje får takk for strevet. Eg seier meg sams med ein annan kollega; det er godt me berre har jobben som hobby Formen ellers er fin, men eg merkar at det er tyngre å gjera ting no - tungt å bøyga seg, gå trapper, vera aktiv heile dagen. Og så tenker eg når eg ser på alle dei modne mannane her ute i kjeledress str XXL - ikkje pga lengdi men breiddi - at dei orkar, eg meinar - det må då vera tungt for dei med mykje ballast kring midten å bevega seg, komma til på vanskelege plassar, knyta skodn... Forstår etter kvart kvifor dei sender vetle eingong smidige meg inn alle tronge plassar. Trøytt er eg enda - går ikkje det over det da? Søv middag i lunsjen og kjempar for å komma meg gjennom dagsrevyen utan å somna... Knøttet kjenner eg kvar dag no, det har eg gjort sidan veke 19. Kvelden før eg drog på arbeid klarte mannen å kjenna knøttet når han heldt handi på magen min! Det er so løge - å kjenna noko levande inni meg både frå innsida og ikkje minst frå utsida - men åh kor eg gledar meg til å bli mor! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
sirka Skrevet 19. november 2004 #29 Del Skrevet 19. november 2004 Denne dagboka har jeg ikke fått med meg før. Ser vi er nesten like langt på vei. Spennende å lese om dine opplevelser. Lykke til! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 20. november 2004 Forfatter #30 Del Skrevet 20. november 2004 Takk for helsing sirka - koseleg at nokon stikk innom her! :-) Brrrrr - å fytterakkaren kor kaldt det er ute! Eg har både ullundertøy og vinterjakke - men eg tykkjer det bles tvert gjennom kleda... I dag har eg seriøse problem med synet mitt! Eg har briller pga av litt nærsynt og pittelitt skeiv hornhinne - men eg klarar meg vel utan briller i kvardagen. Men i dag må eg mysa og konsentrera meg for å lesa på Pc-skjermen - oppslagstavla - skilt - ja det meste. Det hjalp ikkje bemerkelsesverdigt mykje å leita fram brillene mine heller. Vel har eg lese at synet kan forandra seg når ein er gravid - men so brått og so mykje da??? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 23. november 2004 Forfatter #31 Del Skrevet 23. november 2004 Trøytt i dag.... Uff ko brått morgonen kjem, har ikkje før blunda so ringer detta fordømte utysket av ei vekkerklokka. Fekk ikkje lunsjluren min heller i går - vart heft i telefon halve pausen. På kvelden hadde me møte etter arbeidstid, vart so sittande og mysa litt på fjernsynet før eg dusja og kraup til køys. I går kveld såg eg at knøttet bevega seg - ko snodig - det bonka og bulka utanpå magen! Da var det jammen ikkje løge at knøttet heldt meg vaken forrige kvelden med ulike c-moment, eg var trøtt som ein sau og ville sova medan småttet nok hadde fått seg trampolina Når eg først hadde oppdaga at det gjekk an å sjå bevegelsane utanpå vart eg sittande og glo på min eigen mage i laaaang tid med eit flir om munnen. Synet har betra seg og, ikkje so bra so det var tidlegare men eg sit ikkje og myser framfor skjermen lenger og kan lesa skriften på veggen... No har rykti om mitt kommande fråvere gått føre og folk har byrja å spørja meg om eg skal ha permisjon? Ja. Ja... er det arving på veg da, har du noko på gang? lurer dei på vidare. Jepp - det har eg! Håpet er at arbeidsgjevar ikkje ser seg tjent med å ta meg ut på platformen for 4 - 5 dagar i nyttårshelgi, slik at detta vert siste turen. Det byrjar å bli tungt å utføra aktivitetane jobben medfører, tykkjer sjølv at eg ikkje har noko å gjera her ute neste tur. Men først må vikaren komma ut og få litt opplæring. Dei rir ikkje nett den dagen dei salar - min kommande permisjon har dei visst om sidan August men det var forrige veka det gjekk opp for dei at eg faktisk kom til å bli vekke frå nyttår og at me treng ein stedfortredar. Forrige dagen vart eg igjen so vannvittig provosert av trynepolitikken leiinga fører. Eg vert mesta sømnlaus. Anten let dei seg forblinda av smiskande karrierejegarar eller dei plukkar ut dei menneska dei personleg tykkjer best om - ikkje alltid dei som egnar seg best når dei skal forfremma. Eg vart offer for detta for eit år sidan - og no har dei funne seg ein ny favoritt og begrunninga no er at dei må få fram jentene. Flott haldning - men kvifor i svarte gjaldt ikkje det for meg!!! Arghhh! Jammen er eg glad eg skal vera heima ei stund - skal bli godt å få Muppet Show på avstand! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Siam Skrevet 23. november 2004 #32 Del Skrevet 23. november 2004 Skjønner godt du blir sinna! Veldig kjedelig å bli forbigått. Heldigvis har du noe fint å se frem til. Lykke til videre i svangerskapet. Så fint at du ser litt bedre nå, da. Ha en fin uke! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 24. november 2004 Forfatter #33 Del Skrevet 24. november 2004 Takk for oppmuntringa Siam, for eg har verkeleg noko å sjå fram til, både den kommande pappa og meg sjølv gler oss meir enn ord kn beskriva til å bli foreldre! Trøytt er berre forbokstven. Uff for ei klaging da! :oops: Men eg måtte jo få med meg Judging Amy og sjølvsagt dei siste episodane av Friends. Dermed vart klokka vel so halv tolv før eg fekk sløkt lyset og lagt meg til å sova. So vert det lydar - lenge. Ah søren, telefonen. Etter lang tids sokning langs veggen fann eg han omsider. Ei vennleg stemma beklagar å vekka meg midt på natta men dei måtte ha hjelp. Klokka var halv to - og eg var trøytt og særs lite motovert for nattleg jobbing. Kort lunta hadde eg og, hormonane er heilt klart betydeleg meir aktive når eg skulle ha sove. Har merka tendensen før og men i natt var det nett før eg tok for meg kvar ei sjel med reprimandar... Eg klarte heldigvis å få utstyret i gang att midlertidig, so det vart ikkje so lenge før eg fekk gå og legga meg att. Men då var eg kald og lys vaken etter å ha vore ute i blesten... Me skal ha åtte timar kvile etter utkall på natta, men klokka halv ni var eg lys vaken og tusla bort på jobben igjen. I dag har det brått gått opp for meg at det snart er Jul. Har berre skuvd den tanken føre meg og meint at det er god tid til julehandel enno. Har fanga tre gåver da so eg har no nett byrja julestria. Åh - gledar meg til julepynting, julekaker, marsipan, mandariner og riskrem. Ribbe og kalkun. Og Mors heimelaga reinsdyrpate. Den er god den - sikle! Og so må eg komma på nokon knakande gode gaveforslag til julehandelen - både til slekt og venner og ikkje minst ønskelista til meg sjølv. Der er eg temmaleg blank. Kan jo sjølvsagt ønska meg og oss babyting, men eg hadde nett ikkje løst til det.... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
sirka Skrevet 25. november 2004 #34 Del Skrevet 25. november 2004 Hei igjen! Må bare si at jeg fikk skikkelig julestemning når jeg leste om din feiring av jul, også så sulten som jeg ble... Ja, det er skikkelig vanskelig å finne noe å ønske seg til jul. Man har jo det meste man trenger. Helt enig at det er koseligere å få noe til seg selv enn til barnet akkurat nå til jul. Det får man ofte en del av når barnet har kommet til verden. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Siam Skrevet 26. november 2004 #35 Del Skrevet 26. november 2004 Det høres ut som om du har en slitsom jobb! Det skal vel bli godt å gå ut i permisjon snart. God helg!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 26. november 2004 Forfatter #36 Del Skrevet 26. november 2004 Takk for vitjingar - koseleg! Sirka - eg gledar meg berre meir og meir til Jul, om ei lita veka skal eg heim og dra i gong førebuingane. Berre avbrutt av eit kurs eg må på. Eg lurte på om eg skulle ønska meg sleke ammetoppar frå Boob - kanskje...? Siam - joda, stort sett ingen problem med å få arbeidsdagen til å gå, eg må berre hugse på å ta det med ro - ikkje kava meg opp noko som ikkje alltid er lika lett. Eg gledar meg til eg går ut i permisjon - seinast den 4 januar, kanskje 30 desember. Eg drøymer mykje, har ei kjensle av at eg har vore på farten med eitkvart heile natta når eg vaknar. Det går i daglegdagse ting, ingen spennande action eller eventyrfilmar her. Brått er eg heilt overtydd om at eg har f.eks har kjøpt melkesjokolade. So leitar eg etter sjokokoladen og undrast på; kjøpte eg den eller har eg drøymt? Og so eg som er so sta når eg er skråsikker - og so har eg gjerne berre drøymt - og dermed fell botn ut or argumenti mine i diskusjonar og debatter. Morsomt til tider - men ikkje heile tid. I dag fann eg ei lukt eg likte - som egentleg ikkje luktar godt ein gong. Brillevaskeklutar i eingongspakker som me brukar på jobben - dei luktar plutseleg vanvittig deileg! Gjekk og sniffa på brillene mine ein heil føremiddag etter at eg hadde pussa dei før eg skjøna at eg var "hekta" på brillerens... Lei no. Berre ein time att av arbeidsdagen, so er det middag, kika litt på TV eller lesa litt før eg legg meg. Er ikkje mykje att av fritida når eg nesten sloknar i 9 - 10 tiden på kvelden. Eg har fått låne boka "Mamma for første gang" av ei venninne og driv og førebur meg. Den boka verkar veldig bra so langt eg har lese til no i alle fall. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Siam Skrevet 26. november 2004 #37 Del Skrevet 26. november 2004 Hi, hi! Jeg ser for meg deg gående og lukte på brillene... God fredagskveld. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Madden Skrevet 28. november 2004 #38 Del Skrevet 28. november 2004 Oj!! og så brillerens da!! Du får passe deg litt med den avhengigheten..høres ikke helt bra ut!!!! Jeg har også lest den boka "Mamma for første gang" og likte den veldig godt! Håper du snart får permisjon ja..for nattjobbing eller det at du må rykke ut på natten er ikke spesielt moro når en er gravid...been there...! Jeg blir også RASENDE når jeg blir vekket og må ut på jobb når jeg egentlig skal sove!! Jobber du på plattform? Ble litt nysjerrig på hva du holder på med jeg da..synes det høres utrolig spennende ut jeg da! Håper du får ei flott uke Roadqueen!!! Stoor fra Madden Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 29. november 2004 Forfatter #39 Del Skrevet 29. november 2004 Takk for helsingar Siam og Madden. Eg har klart å stagge trangen til å sniffa på brillene mine - det kan ikkje vera heilt helsesamt å lukta på brillerens loll. Jauda, eg jobbar på platform i Nordsjøen. Trivest kjempegodt med jobben og kollegaene - og ikkje minst so trur eg at rotasjonen 2 veker på og 4 veker fri so absolutt er til å leva med sjølv med små born i heimen. Det vil sei at eg jobbar og er vekke frå heimen i fire månader i løpet av året, men eg vil ha åtte månader heime utan anna å gjera enn å vera mor! Men det vert sikkert tøft nok å reisa heimefrå i fjortan dagar, spesielt første gongen vil eg tru. 1. søndag i advent i går - og eg fekk ikkje sett opp adventstjerna eller hengt opp julegardinene på kjøken.... Får ta det når eg kjem meg heimatt. Det er sett opp adventstakar i vindauga i spisesal og daglegstove her - men dei forsvinn nesten i dei store romma og vindauga. I går såg eg regnbogen - som ein heil sirkel! Stilig. Men kvar er då skatten ved enden av regnbogen, for i går var regnbogen endelaus... :klø: I dag fekk eg assosiasjonar til Blues Brothers filmen, den første. Det var "hol" i skyene og soli stråla ned gjennom holet - såg mesta ut som filmtriks, og eg kom til å tenka på Reverend Cleophus - "Have you seen the light!!???" Og Jake Blues som kjem steppande og turnande oppver kyrkjegolvet. HALELUJAH! I natt vart eg redd, eg vakna og skjøna ikkje kvifor, og so kjende eg at eg hadde ilt oppunder mellomgolvet, og det vart verre og verre, kvalm vart eg og. Detta heldt på ei stund og var skikkeleg ekkelt - eg lurde på om eg skulle få tak i mediken og såg før meg ilandsending og innlegging på sjukehus og ein masse fælslege ting. Eg fann ut at eg fekk venta litt og sjå om det gav seg - det hadde eg i alle tilfeller gjort heima, men so måtte eg plutseleg spy - og då vart alt so mykje betre. Puh. Ekkel oppleving. Antakeleg skuldast det inkort eg åt i går, kokkane hadde ny og spennande sundagsmiddag til oss med europeisk vri, sikkert ein eller annan ekslkusiv ingrediens eg har reagert på. Knøttet herjar vilt i dag, heldigvis. Ein veit no alder når ein vaknar om natti og er skikkeleg dårleg. Mannen har byrja å kika på baby-utstyr, og som mannar flest er det duppedittar og fancy greier so fascinerer. Slagordet frå Rimi om at det enkle ofte er det beste går slett ikkje heim der. No har han fatta interesse for baby-call med monitor, slek at me kan sjå kva knøttet held på med... I naborommet..... Ja fint det seier eg - du må berre handla... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
RoadQueen Skrevet 29. november 2004 Forfatter #40 Del Skrevet 29. november 2004 Eg snakka med avdelingsleiaren i dag - endeleg - og under over alle under, mannen tok ein sjølvstendig beslutning og beslutta at det er unødvendig å ta meg ut på platformen for nyttårshelga! Juhuuuuu!! Eg får feira nyttår heima! Laaaang juleferie på meg - jippi og juhuuu Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå