Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

God morgon!

*trøytt*

Sovna ikkje før etter 5 i morgontimane i dag, men vakna likevel før klokka 8, sidan mannen skulle opp. Hosta heile natta. Vart ringd av vikarbyrå, men takka nei til oppdrag. Kan jo ikkje jobba når eg berre hostar. Har ikkje stemme eingong. Trur forresten at eg har feber også.

Har flytta meg ned i sofaen sidan då, mistenker soverommet for å vera veldig støvete. Hostar i alle fall mindre no..

*prøve å sove litt*

Ha ein super dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

No ringe mannen og vekka meg. Han skulle kjøpe kylling på veg heim. Så då må eg opp. Koke ris. ;)

Har ikkje stemme å snakke i telefon med i dag... Stemma mi "bryt" omtrent på same måte som mobilar gjer på speaker i bil, eller med dårleg dekning. Litt morosamt oppi det heile.. :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg sovnet heller ikke før mellom fem og helv seks en gang.

Uff. Har du sove på dagtid då?

Eg sovna mellom fem og halv seks ein gong, vakna i åttetida, og sovna att i halv elleve tida. Bror min vekte meg då han kom litt over tre. Og så sov eg mellom halv fire og halv fem... Tilsaman ca 9 timar.

Er tett som berre det i hovudet, nasa, biholene og øyrene no.. Uff.. *syte og klage*

Betre å klaga litt her enn å klaga til mannen heile tida. Trur han kjem til å bli sprø av meg snart. Her kan ein jo berre oversjå klaginga ;)

Ha ein fin dag vidare!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff. Har du sove på dagtid då?

Nei, var i byen og møtte en kompis i dag. Og hvis jeg sover nå får jeg ikke sove til kvelden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, var i byen og møtte en kompis i dag. Og hvis jeg sover nå får jeg ikke sove til kvelden.

Oi!

Blir vel gjerne tidleg kveld då?

- Det trur eg eg tek i dag. Med mindre eg kviknar til då sjølvsagt. ;)

**

Mannen kom med varm sjokolade til meg :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er avataren min for julete til at eg kan ha han til vinteren er over? Veit liksom ikkje heilt kva slags avatar eg skal velja å ha som vanleg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så koselig! Ja, ikke at du har hodepine altså.. Men at mannen er så snill med deg.

Hmm, kanskje jeg må "få hodepine" i morra, kanskje min mann også vil være ekstra snill da :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du kan nok fint ha den til vinteren er over. Da får du jo litt ekstra tid til å finne ny. Jeg hadde det enklere med valget mitt, siden avataren min lå på PCen fra før. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så koselig! Ja, ikke at du har hodepine altså.. Men at mannen er så snill med deg.

Hmm, kanskje jeg må "få hodepine" i morra, kanskje min mann også vil være ekstra snill da  :sjarmor:

Hehe. ;)

Du kan nok fint ha den til vinteren er over. Da får du jo litt ekstra tid til å finne ny. Jeg hadde det enklere med valget mitt, siden avataren min lå på PCen fra før. ;)

Det er bra. Eg har drageauget mitt her, då. Men veit ikkje om eg vil bruka det. Må tenka litt på det..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

masse god bedring!!!

Jeg var på shopping i dag å handlet kost tilskudd som skulle få orden på imunforsvaret mitt. er så lei av å gå syk. Kanskje noe for deg og siden du er en del syk???

Håper du sover bedre i natt!!

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, immunforsvar er ein fin ting. ;)

Men no har me rydda på soverommet, skal berre tørrmoppe no før eg legg meg, så får me sjå korleis det går. Viss det ikkje blir betre då, så tek eg ut juletreet i morgon. Har hatt allergiske reaksjonar mot juletre før. Mamma'n min er overbevist om at det er treet som gjer at eg er så dårleg.

Og eg byrjar å lure litt sjølv også, for å vera ærleg. Både mannen min og broren min har hatt det same som meg, bortsett frå at det eg har hatt har eg hatt i to veker, medan dei hadde det maks to dagar... Så det er kanskje noko i det..

Men som sagt, eg ser det an til i morgon. Dersom det er like ille då, er juletreet historie. Om det ikkje er betre dagen etter går eg ut å kjøper kosttilskot.

Takk for tips Glossy! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmmm.. Vikarbyrået har ikkje ringt meg i dag. Uvant!

Så i dag er min fyrste dag som heimeverande arbeidsledig..

Stod opp mellom halv åtte og åtte og dusja, for eg er vant med at vikarbyrået ringjer rundt åtte for å sende meg hit eller dit før halv ni. Men nei.. Ikkje i dag. Dei ringjer nok anten i kveld eller i morgon tidleg, tenkjer eg. ;)

Så i dag blir dagen beståande av å fikse på CV, og stikke innom dei næraste skulane for å leggje att CVen min der, og setja meg opp på ringjevikarlister.

Eg har nett levert meldekort på nett for dei to siste vekene, sendt e-post til arbeidsgjevaren til Glossy (eg er også tilsett der, men har ikkje vore aktiv der på eit år så eg har segt ifrå at eg kan jobba meir, dvs i det heile tatt) og etterpå lyt eg gjerne betala litt rekningar. Rydde litt her heime må eg også, vaske litt klede, stryke litt og gjerne leggja litt saman også. Så eg har på ingen måte tru på at det blir ein keisam dag.

Men eg tek meg nok eit par turar innom her i løpet av dagen... ;)

Ha ein flott dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...