Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Ikke så lett når man ikke vet når folk har brsdag. ;)

Hihi..

- Tenkte kanskje at veslo kom til å annonsere det, syns det er litt "teit" å sei det sjølv... :tunge1:

Men du seier noko der, altså.. Kanskje me burde hatt ein bursdagsoversikt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Annonse

veslo: :klem:

lunacia: ;)

********

Nett komen heim og fått fyr i omnen no.

- Skal straks få i gong litt kylling og pommes frites. Måtte berre setja meg ne littegrann fyrst.

Har vore på jobb, og det er litt av eit slit når ein har hatt ei heil veke heime med sjukdom. :roll:

- Så eg har vore ganske "beat" eller utslått heile veka.

Eg har også hatt besøk i to veker no. Så no gler eg meg til å få huset litt for meg sjøl, og ikkje minst festarmannen litt for meg sjølv.

- Noko som ikkje kjem til å skje, for bror min bur jo her. Og han ER jo her HEILE tida! *grr!*

Men det er jo kjekt å ha besøk då!

- Var super-duper artig førre veke, då silvius var her! :D

Og det er ganske kjekt å ha veslesystra her også, eg er berre litt klar for å vera litt berre Linn3c no. Menmen!

- Eg må setja pris på den tida ho er her, for det blir nok ei stund til ho kjem tilbake på besøk att no, dessverre. :(

Systra mi har vore med meg på jobb også, og det har alle sett stor pris på, såvidt meg bekjent. Borna tykkjer det er kjekt med ein ny "vaksenperson" å harselere med, og dei vaksne tykkjer det er fantastisk at, i tillegg til at det er vinterferie og det er færre born der, så er det faktisk ein ekstra "vaksenperson" der som elskar å herja med ungane! :ler:

Men no får eg få i gong den maten; det er fleire enn min mage som er svoltne her i dag! :tunge1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Meteora: Tusen takk!

lunacia: Ja, ikkje så dumt det der. Men for meg funka følgjande veldig bra: Spele dataspel saman med festarmannen etter at syster og bror har reist til foreldra våre :)

No er me tosame att! :)

- Høyres fælt ut at ein er letta over at dei bestaste syskena i verda (og einaste, for min del, men det er ei anna sak;) ) har reist, og lete oss bli aleine att i huset. Men det er avogtil godt å vera litt åleine. Saman. :D

Men no er det kvelden, og eg gler meg til å berre liggja på armen til festarmannen og slappa heilt av! :D

Det er helg, folkens! :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ja, eg snakka forresten med sjefen hin dagen.

- Og ho sa at dersom eg hadde lyst, kunne eg bli der i eit halvt år til.

Dersom EG hadde LYST... ojojoj.. viktige nøkkelord!

- For eg HAR veelldig LYST.. Men eg har jo lyst til å tena i forhold til utdanninga mi..

No tener eg i forhold til ei vidaregåande utdanning. Medan eg er ferdigutdanna på høgskulenivå...

Hum, hum, hum...

Vanskeleg dette!

- I alle fall når eg likar meg SÅ godt i jobben min, og det er så vanskeleg å få tak i ein jobb i mitt yrke... :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei venen!

Gløymde å svare inne hos meg, så eg gjer det her:

Trivnad har ufatteleg mykje å seie. Så viss du er sikker på at du trivst betre i jobben du no har enn i ein jobb for utdanninga di, ville eg halde på den noverande (så sant de greier dykk økonomisk).

Det var eit Pipe-råd :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip: Takk for råd. Det er kjekt å få andre sine syn på saka. :)

Eg prøver å få det heile litt på avstand og tenka fornuftig over det.

- Eg har jo moglegheit til å vera i den jobben i to år til, sidan ho eg er vikar for, har to år att av utdanninga si. Det einaste aberet er jo løna då. Men om eg ikkje fortset i den noverande jobben min, har eg absolutt ingen garanti for at eg får meg ein jobb i mitt yrke. :klø:

Me har også begynt å tenkja på og diskutera litt om festarmannen som ikkje har fast jobb, kanskje skal utdanna seg litt vidare, dersom eg vert i den jobben eg har.

Det er jo ingen som seier at eg ikkje kan søkja litt jobbar rundtomkring medan eg fortsett i jobben min i eit halvt, kanskje eit heilt år til... Det er jo berre å forsøkja det, så kan eg gå ut oppseiingstida, før eg startar i ny jobb..

Menmen.. Eg får sjekka marknaden litt, før eg tek meg ein tur ut i det nydelege solskinet me har i Bergen i dag! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei snuppis!

Synst det verkar som de tenkjer fornuftige tankar de to - eg føler meg trygg på at de/du kjem til å ta ei velkvalifisert avgjerd etter kvart! :wink:

Og trur det er viktig å hugse på det du seier - om du takkar ja til den noverande jobben er du jo ikkje bunden på hender og føter i eit heilt år, om noko anna skulle dukke opp! :) Lukke til i alle fall!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres ut som du er inne på noe ja, du trives på jobben din nå og har ingen garanti for hva du kan få om du slutter der nå. Høres ut som en grei plan å titte litt rundt mens du er der du er. Plutselig dukker det opp noe :) .

Ha en strålende start på uka da! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip og pusla:

Takk for besøk og kloke ord til dykk begge! :)

Og ja, eg trur også at eg har tankane mine i rett bane, i at det er "like greit" å bli i den kjekke, men slitsame jobben ei stund til, så får eg prøve lukka litt i yrket mitt sidan. :)

I dag har eg og festarmannen vore på "ekspedisjon," i det lokale turområdet.

- Planen var å finne ei av fjellrutene her i Bergens-området, slik at me vart litt betre kjende. Men me enda opp med å gå eit lite stykke av "Den trondhjemske postvei" i staden. Noko som ikkje gjorde den verdas ting, med den dårlige forma som eg er i... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje eg skal eta frukost snart?!

- Har site å spelt WoW sidan før ni i morges, og har reint gløymt å eta, for det var så kjekt! :tunge1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...