Linn3c Skrevet 26. juli 2006 Forfatter #2881 Skrevet 26. juli 2006 Held på å laga middag. Spaghetti Cabonara. Mmmmm!
Saeria Skrevet 26. juli 2006 #2882 Skrevet 26. juli 2006 Blir rent sliten av å lese om alt det du styrer med!
Gjest gjest1 Skrevet 26. juli 2006 #2883 Skrevet 26. juli 2006 Du må hugse på å slappe av innimellom slaga også då vennen min!!
Linn3c Skrevet 26. juli 2006 Forfatter #2884 Skrevet 26. juli 2006 Blir rent sliten av å lese om alt det du styrer med! ← Hehe... Eg ER sliten... Du må hugse på å slappe av innimellom slaga også då vennen min!! ← Eg har slappa av nesten heile dagen i dag då. No har eg vaska tak og veggar i stova. Det står framleis masse ting midt i rommet så det må ut før golvet kan takast. Eg sit no og funderar over kva eg kan vaska veggen bak omnen med. For med moppen som eg har brukt på veggane vart det masse hår og slikt fast i den ru overflata på veggen bak omnen og med vanleg vaskefille vart filla reven sund. Prøvde å berre spraye vatn på veggen, men då rann det i svarte renner nedover veggen. Ikkje lekkert. Så no lurer eg på om eg skal prøva Jif Universal og tørkepapir..
Linn3c Skrevet 26. juli 2006 Forfatter #2885 Skrevet 26. juli 2006 Plan: Pakka - meir frå datarom/kontor (nesten ferdig) - meir frå kjøkenet - klede i baggar (har begynt) - støvsuga teppa og rulla dei saman, feste med teip Rydda - datarom/kontor - kjøkenet må ha ein sjainings (har begynt) - stova blir ryddig etterkvart som tinga forsvinn (har begynt) Vaska - soveromma oppe - stova (berre golvet igjen) - datarommet/kontoret - badet - kjøkenet - soverommet nede - gongen og trappa (har begynt) - klede - sengekleda Flytta - alle store ting frå * stova * datarom/kontor (har begynt) * soverom * kjøkenet * badet
Saeria Skrevet 26. juli 2006 #2886 Skrevet 26. juli 2006 Er imponert over deg jeg. Jeg hadde nok aldri klart det tempoet.
Linn3c Skrevet 26. juli 2006 Forfatter #2887 Skrevet 26. juli 2006 Nærmar seg farleg utflyttingsdato. Så her går det i ein forrykande fart. Mannen og bror min er flyttefolk deluxe, er så flinke atte! Dei ber og ber og ber, og så ber dei litt til. Klagar aldri. Einaste pausen dei tek er for å eta middag. Eg pausar så snart eg kjenner at eg er sliten. Sånn som no. Verker i beina mine, og svir litt øvst i ryggen. Hjelper med ein liten pause då. Har lagt nesten alle kleda våre i bagar og sekkar no. Lurer på om eg skulle ha fordelt dei anleis. Hatt gensrar og bukser for seg til dømes. No ligg det litt hulter til bulter. Men det ligg likevel stort sett samla. Gensrar og bukser i same bag, men kvar for seg i bagen. Har hatt litt sokkar i kvar av dei største bagane i tilfelle eg skal til mampap med katten. No høyres det ut for at mannen og bror min er tilbake frå boden. Får høyre med kjære kva som skal skje no. Trur han skulle avgarde til far sin med eit lite lass til garasjen hans i kveld. Kanskje eg skal begynne å vaske kontoret?
Murmelmy Skrevet 26. juli 2006 #2888 Skrevet 26. juli 2006 Held på å laga middag. Spaghetti Cabonara. Mmmmm! ← Det er nam, det! aktisk det eneste muttern lærte meg å lage fra bunnen (ikke pastaen da). Lager du skikkelig hjemmelaget med fløte og eggeplomme? NAM! Vi hadde det i forrige uke. Kanskje vi må ha det snart igjen? Tror det, ja... Tips: Vask veggene med svamp og lunkent vann med salmiakk i. Kverker dritten kjapt som fy. Brukte det på treveggene på hytta nå i ferien med supert resultat! Stå på!
liv Skrevet 26. juli 2006 #2889 Skrevet 26. juli 2006 Så flinke dere er! Ta mange pauser ja! Viktig det! Trenger dere forresten overnattingsted i Oslo på turen?
Linn3c Skrevet 26. juli 2006 Forfatter #2891 Skrevet 26. juli 2006 Det er nam, det! aktisk det eneste muttern lærte meg å lage fra bunnen (ikke pastaen da). Lager du skikkelig hjemmelaget med fløte og eggeplomme? NAM! Vi hadde det i forrige uke. Kanskje vi må ha det snart igjen? Tror det, ja... Tips: Vask veggene med svamp og lunkent vann med salmiakk i. Kverker dritten kjapt som fy. Brukte det på treveggene på hytta nå i ferien med supert resultat! Stå på! ← Tusen takk for godt vasketips! Eg har berre brukt moppen i grønsåpevatn til no. Cabonaraen er nok ikkje frå bunnen, nei. Tar det ganske lett og greit for tida. Knorr er godt å ha Så flinke dere er! Ta mange pauser ja! Viktig det! Trenger dere forresten overnattingsted i Oslo på turen? ← Takk! Ja, eg tar mange pausar, verre med mannen og broren. Men me gav oss tidleg i dag. Tok kveld like etter mitt førre innlegg. Droppa turen til svigers, tar den i morgon i staden. Overnatting? Ja, kanskje det? ←
liv Skrevet 26. juli 2006 #2892 Skrevet 26. juli 2006 Vi har en 120 seng, så om dere klarer dere i det så er dere velkomne.
Havfrua Skrevet 27. juli 2006 #2893 Skrevet 27. juli 2006 Heisann Linn3. Har ferie om dagen så det blir svært liten tid til KG og andre datating siden solen skinner fra blå himmel her dag. Ser dere er midt i flyttinga. Håper det går bra.
Linn3c Skrevet 27. juli 2006 Forfatter #2894 Skrevet 27. juli 2006 Vi har en 120 seng, så om dere klarer dere i det så er dere velkomne. ← Tusen takk. Veit ikkje heilt kva som skjer enno, for me har ikkje fått avklaring frå tanta og onkelen til mannen. Det er i utgangspunktet dei me skal besøka, men det kan hende dei skal til Bergen. Må ringa dei og avklara snart. Men vil berre få flyttinga ut av verda fyrst. Og så har me ei veninne som bur i Oslo som insisterte på at me MÅTTE bu hos henne. Så me takkar for tilbodet, og så må me kontakta desse folka me skal besøka før me kan sei "ja" eller "nei" heilt sikkert. Vil ikkje vera til bry for nokon veit du. Heisann Linn3. Har ferie om dagen så det blir svært liten tid til KG og andre datating siden solen skinner fra blå himmel her dag. Ser dere er midt i flyttinga. Håper det går bra. ← Så herleg med ferie då Havfrua! Håpar du kosar deg MASSE og blir brun og fin i sola!
Linn3c Skrevet 27. juli 2006 Forfatter #2896 Skrevet 27. juli 2006 Og 3 -tre- månader igjen til termin!
Linn3c Skrevet 27. juli 2006 Forfatter #2897 Skrevet 27. juli 2006 Plan for dagen: Hjelpe veslebror å sjåppe klede Pakke ned ting frå kjøkkenet Vaske tak og veggar på kontoret Fleskepannekaker til middag
Pip Skrevet 27. juli 2006 #2898 Skrevet 27. juli 2006 Fleskepannekaker er godt! Men eg likar ikkje når ein steiker flesket inni pannekaka eg då - eg vil ha det utanom, sånn at det vert sprøtt... Og då kan det kanskje ikkje kallast fleskepannekaker lenger...? Har ikkje ete det på sikkert 8 år eller noko i den duren - lagar det aldri sjølv... Ha ein fin dag, snuppa, og ta godt vare på deg sjølv!
Belbert Skrevet 27. juli 2006 #2899 Skrevet 27. juli 2006 Hei vennen min Håper allt går bra.. Sitter på jobben og tenkte jeg bare skulle si hei her
Linn3c Skrevet 27. juli 2006 Forfatter #2900 Skrevet 27. juli 2006 Har vore hos svigers ein liten svipptur. Innom med eit lass til i garasjen. Stebroren til mannen var komen, så me vart sittande å preike litt. Kjempekoseleg! I morgon kjem mampap for å hjelpa oss å flytta kvitevarene våre. Så då blir me utan slikt i helga.. Men det går vel på eit vis. Flyttar jo ut på søndag. Må vel senda Titus avgarde med mampap i morgon. Og så reise etter i veka og sjå til at ho har det bra.
Fremhevede innlegg