Linn3c Skrevet 7. oktober 2004 Forfatter #241 Del Skrevet 7. oktober 2004 Elles trur eg at eg har funne den sofaen eg har lyst på! :D På Skeidar fann eg ein lilla sofa' date=' i multiserien, slik at me kan endra både samansetjing, armlen og føtter til akkurat det me vil ha! Er ikkje det ein fin ting å ynskje seg til bryllaupet, for oss som allereie har arva alt, kanskje?? [/quote'] Gløymde å linke til den fantastiske sofaen; her er han! Og her er ein i ein svakare lillafarge, om me går for det i staden, veit eg ikkje, for eg vil ha lilla, men eg trur ikkje forloveden min vil ha det... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 7. oktober 2004 Forfatter #242 Del Skrevet 7. oktober 2004 Heime frå jobb no, så no er det natta! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 11. oktober 2004 Forfatter #243 Del Skrevet 11. oktober 2004 Er i praksis i to veker framover no, så eg blir nok ikkje å finna her så mykje... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 15. oktober 2004 Forfatter #244 Del Skrevet 15. oktober 2004 Då var det fredag, og eigentleg så er det tid for ei lita oppsummering av veka føler eg. Men eg har dessverre ikkje tid. - Må rydda huset, for mams og paps og søs kjem i morgon... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 24. oktober 2004 Forfatter #245 Del Skrevet 24. oktober 2004 Oi - hjelpe meg! Over ei veke sidan eg har teke meg tida til å oppdatera dagboka mi, jo! Men no som praksisperioden er over, så har eg litt betre tid til å stikka innom her. For å ta ei kjapp oppsummering på kva som har skjedd sida sist, tek eg det i listeform: Måndag 11.10: 1. dag i praksis. Masse forventningar, skulle i praksis på vidaregåande skule. Var svært kjekk fyrste dag, veldig hektisk. Vart godt mottekne av "kolleger." Tysdag 12.10: Fyrst skule, så jobb på kveldstid. Festivaltid betyr langope, var ikkje heime før klokka var nærare eitt. Og oppatt klokka kvart over seks for å komma seg på skulen. Onsdag 13. 10: Skule på dagtid. Bursdagsselskap på kveldstid. Borna klarte å øydeleggja ein film medan han gjekk! :o Torsdag 14.10: Denne dagen gjekk i eitt bankande. Skule frå klokka 0800, rett på møte på jobben, før jobb frå møtet og til klokka 0000. Lang dag. Fredag 15.10: Skule frå 0800 til 1430. Heimom ein liten tur, før det bar avgarde til jobb. Ferdig klokka 0000. Heim og rydda huset for foreldra mine og søstera mi kom på besøk dagen etter. I seng ca 0200. Laurdag 16.10: Endeleg helg... Bruktbrudekjolesal med mamma. Var kjempeinnstillt på å finna noko. Men akk... Etterpå var det jobb. Heldigvis tidleg ferdig (2200) slik at eg fekk slappa litt av. Søndag 17.10: Jobb frå 1100, så ikkje noko "sova lenge" der i garden. Ferdig tidleg (ca 1700) så litt avslapping vart det tid til. Måndag 18.10: 2. veka i praksis starta. Peronalet på skulen var kjempeopptekne, så me vart stort sett overletne til oss sjølve denne andre veka. Til tider keisamt, men då dei hadde tid til oss var det svært så interessant. Fri frå jobb i dag! :D Tysdag 19.10: Skule frå 0800 til 1345. Jobb frå 1630 til 0000. Onsdag 20.10: Skule på dagen, fri på kvelden! Tur på ClasOhlson og IKEA for å handla inn til julepresangprosjekt. Kjøpte staffeli, lerret og penslar, samt ting til stilleben. Dette blir bra! Torsdag 21.10: 7 månader att til bryllupet! :D Skule på dagen, og jobb på kvelden. Rakk akkurat heimom og tok ein lur i mellom. Fredag 22.10: Vakna opp med vondt i halsen. Siste dag i praksis, og han eg var i praksis saman med var sjuk. Dermed var eg åleine. Men det gjekk greitt. Var litt keisamt utan han, sidan eg var så vant til å ha han der, men eg klarte meg. Då eg var ferdig på skulen kjende eg meg heilt "ute." Hadde enno meir vondt i halsen og hadde feber og greier. Var heilt slapp og ville berre heim å leggja meg. Eg ringde jobben og sjukemelde meg. Sov frå 1500 og til 1100 dagen etter. Laurdag 23.10: Vakna opp frisk og fin laurdag "morgon." Det einaste som var gale var litt stiv og støl i ryggen etter å ha sove så lenge Drog avgarde for å kjøpa bursdagspresang til onkelen til min kjære. Var inviterte til 50årsdagen til onkelen, nemleg. me kjøpte gåvekort på Vinmonopolet, for det hadde han ynskt seg. Stakk så innom Jack&Jones for å kjøpa nokre nye klede til sambisen. Då han hadde funne nokre klede og gått i prøverommet, gjekk sjølvsagt brannalarmen. Og han måtte skunda seg av med kleda og me måtte ut av "senteret." Stod ute i vel eit kvarter før dei tilsette ikkje orka å stå der meir og gjekk innatt. Så kom brannmennene å sa at faren var over slik at me fekk kjøpt kleda og reist avgarde. Var på konsert i Grieghallen. Bremanger musikklag som framførte Elton John-slagarar. Kjempebra! (som gamal trombonist vart eg trollbunden av dei flinke musikantane) Etter konserten var det middagsbesøk hos tanta og onkelen til forloveden. Nam! Søndag 24.10: (i dag) Idag sov me lenge! :D Møtte bursdagsbarnet og - gjestene i to-tida, ved eit hotell i nærleiken, og fekk middag også idag. Herleg! Buffet. Mmmm... Lenge sidan me har ete så god mat som desse to dagane! Etter selskapet gjekk me heim og kosa oss med TV-titting og dataspeling. No skal eg starta på praksisrapporten min, før me skal på kino. Collateral. Den siste med Tom Cruise. Blir godt å få det litt rolegare framover.... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 24. oktober 2004 #246 Del Skrevet 24. oktober 2004 Oioi - skal sei du er travel! Må huske på å leve litt innomellom! Kjekt at praksis var fint - som du kanskje har sett inne hos meg, funderer eg litt på studier til våren... Håparå treffe på deg på skulen vår snart eg - sjølv om eg aldri har lunsjpause, må det vel kunne gjerast å treffast? Kos deg i alle fall! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 27. oktober 2004 Forfatter #247 Del Skrevet 27. oktober 2004 Jaujau.. Nokre veker er litt tyngre og hardare enn andre. Men ein får det alltid att med renter når dei tyngste er over. No foreksempel, har eg fått bihulebetennelse fordi eg jobba så hardt dei to foregåande vekene... Og i tillegg skal eg levera denne praksisrapporten, som eg berre er halvvegs med... Blir nok sein kveld i dag, fryktar eg. - Då er det mykje kjekkare å chatta med Pip på MSN... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 27. oktober 2004 #248 Del Skrevet 27. oktober 2004 - Då er det mykje kjekkare å chatta med Pip på MSN... Veldig triveleg - og veldig mykje kjekkare enn det pensumet eg dreiv og las òg... Men no vart eg ferdig med eit emne, og bevilga meg pause fram til eg skal gå til jobb, om 25 min. eller sånn. Men bihulebetennelse? Huffda - det må du kvitte deg med! :trøste: Lukke til med sluttføringa av praksisrapporten! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 2. november 2004 Forfatter #249 Del Skrevet 2. november 2004 Men bihulebetennelse? Huffda - det må du kvitte deg med! :trøste: Ja huff... - Han riv og slit i heile anletet mitt no... Og eg snyt og snyt for å verta kvitt alt "guffet" som sit fast inni der, men det er det visst inga råd med. Men over til gode nyhende! Eg skal på jobbintervju i dag! Har visst det heile helga, men har vore heima hjå foreldra mine, så eg har ikkje fått spreidd den gode nyheita her inne! Så no sit eg her og "grue-gledar" meg som berre det! Klokka halv to og utover, lyt de tenkja litt på meg.. Men no må eg finna ut av bussar og slikt... Snakkast! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 3. november 2004 Forfatter #250 Del Skrevet 3. november 2004 Eg har fått meg jobb! :D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 3. november 2004 Forfatter #251 Del Skrevet 3. november 2004 Eg har fått meg jobb! :D Eg var på intervjuet i går. Då hadde dei intervjua ei/ein før meg, og dei skulle intervjua ei/ein etter meg. Og så skulle dei bestemma seg raskt sa dei, for så å ringa oss alle tre og sei kva "dommen" vart. Så ringde styraren meg i dag klokka 10:29, og spurde om eg framlies var interessert. :D -Og det er eg jo! Så no startar eg i ny jobb 16. november klokka 0800! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 3. november 2004 #252 Del Skrevet 3. november 2004 Grattis igjen! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 3. november 2004 Forfatter #253 Del Skrevet 3. november 2004 Pip: Tusen takk, igjen! Ja.. då var eg heime frå jobb nr. 1. No er det rett i seng før eg skal på jobb nr. 2. Og om to veker er det start for jobb nr. 3. Og snart eksamen på skulen. I tillegg må eg bli ferdig med julepresangane til dei nærmaste... Også er det jo invitasjonane til bryllupet i tillegg.... Ojojoj! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 4. november 2004 #254 Del Skrevet 4. november 2004 Men du? No når du altså har fått jobb nr. 3 - blir du aldri meir å stikke innom hos meg då? (På jobb altså) Uansett - kos deg, og jobb no ikkje livet av deg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 6. november 2004 Forfatter #255 Del Skrevet 6. november 2004 Men du? No når du altså har fått jobb nr. 3 - blir du aldri meir å stikke innom hos meg då? (På jobb altså) Uansett - kos deg, og jobb no ikkje livet av deg! Takk for helsing Pip! - No er det helg, og godt er det! Har jobba som vikar i ein barnehage i to dagar, og DET er hardt arbeid det! Var ute i det verste regnet på torsdag, i fire timar. I går var det stort sett solskin, men ein dag utan regn i Bergen er ingen skikkeleg dag... Vart nettopp oppringt frå deltidsjobben med spørsmål om å jobba i kveld... Usje.. det har eg ikkje noko lyst til, men det kan sjå ut for at eg blir nøydd... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 7. november 2004 #256 Del Skrevet 7. november 2004 ...du blir vel ikkje nøydd til å jobbe? Er det det at du er like dårleg som meg til å seie nei, eller noko anna som gjer at du føler deg nøydd? Me må ikkje vere så himla 'flink jente' alltid, veit du! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 7. november 2004 Forfatter #257 Del Skrevet 7. november 2004 ...du blir vel ikkje nøydd til å jobbe? Er det det at du er like dårleg som meg til å seie nei' date=' eller noko anna som gjer at du føler deg nøydd? Me må ikkje vere så himla 'flink jente' alltid, veit du! [/quote'] Jaudå, eg jobba i går kveld, eg. Men var litt kjekt òg, for me hadde "den store kinodagen" og kledde oss ut i 50-talsklede. Men i dag er det historie. No er det berre BRANN sin cupfinalesiger som gjeld! :D Heia Brann, heia Brann! Blo' e' tjokkare enn vann, heia Brann! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 10. november 2004 Forfatter #258 Del Skrevet 10. november 2004 Jaja! Då var eg offisielt ikkje student lenger... Eg har bedt om permisjon både frå skule og deltidsjobb fordi eg var berre ei hårfin lengd frå å krasja rett i den velkjende veggen. Difor fann eg ut at om eg skulle klara å halda meg sjølv gåande i det heile tatt, så måtte eg kutta ned på noko. Og bryllaupet er jo ikkje aktuelt å utsetja. Jula kjem no anten ein vil eller ikkje, det er vel ein sjølv som avgjer kor mykje ein gjer ut av akkurat den. "Lappen" vert vel og utsett lite grann, orkar ikkje tenkja på nokon ting akkurat no. Eg vil berre ha litt tid for meg sjølv akkurat no. Og på tysdag startar eg i den nye jobben min, så då er det jo kjekt å vera klar for det då! :D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 12. november 2004 Forfatter #259 Del Skrevet 12. november 2004 Dette har vore nokre fine dagar. - På onsdag snakka eg leeeenge i telefonen med bestevenninna mi, Silvius som hadde bursdag. Og så var det ein snartur inn på jobb, for å velja nytt styre i tillitsvaldstaben. På torsdag, altså i går, var det nattope i byen, så då var me inne og myste litt. Fantastisk nok, så var det 20% avslag på alle varene på G-Sport, så då kjøpte me nye regnklede og sydvest til meg, sidan eg skal byrja i barnehagen på tysdag. I tillegg fann me også rimelege fjellsko, og ullundertøy. Og i dag har ei good venninna av meg kome til Bergen frå Oslo berre for å feira bursdagen sin her hjå oss. Så då inviterte ho masse av venane sine hit til meg og sambisen, og så laga me kaka og sat heile kvelden å berre prata og kosa oss! :D I morgon skal me sova lenge, før eg skal på jobb på kvelden. Har trappa ned jobbinga i deltidsjobben til berre å jobba annakvar helg no, så det blir ikkje så verst å treffa kollegaene igjen no. - Blir kjekt det! Ha ei superduper helg mine kjære, for det har eg tenkt å ha! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 14. november 2004 #260 Del Skrevet 14. november 2004 Så deilig at du har det bra, vennen! MEN - kva ER det for ein avatar? :o Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg