Linn3c Skrevet 23. august 2004 Forfatter #162 Skrevet 23. august 2004 Jaujau... No er det middag på gong, skal straks på jobb!
Linn3c Skrevet 23. august 2004 Forfatter #163 Skrevet 23. august 2004 Sånn! Heime frå jobb for ein timestid sidan, måtte køyra gjennom heile by'n for tunnelen var stengt.. Jaja.. No er det kvelden, skal på jobb på dagtid i morgon! Sjåast!
Pip Skrevet 24. august 2004 #164 Skrevet 24. august 2004 Hei på deg, snuppis! Skulle eigentleg berre innom for å ynskje deg ei GOD NATT!
Linn3c Skrevet 25. august 2004 Forfatter #165 Skrevet 25. august 2004 Hei! Takk for besøk og helsing Pip! Idag har eg sove lenge! :D -Det var godt! No skal eg avgarde på tur med hunden, eta litt og så skal eg til sentrum og treffa ein kamerat frå ungdomsskulen. Hna ville ha meg med på eit eller anna som høyrdes litt suspekt ut... Hmmm.... Og etter det, skal eg på jobb og ha barnebesøk. - Det er alltid (nesten) lika kjekt! Så ha ein fin dag alle småtroll!
Pip Skrevet 25. august 2004 #166 Skrevet 25. august 2004 Hei! Men du - må 'kje bli med på suspekte ting altså... :o Barnebesøk på jobben høyrest kjekt ut - kan tenkje meg at det blir Texas til tider... Ha det strålande!
Pip Skrevet 30. august 2004 #167 Skrevet 30. august 2004 Kor e du hen? Langt nede på side 2 var du havna - måtte trø til med ein liten redningsaksjon... Hatt ei fin helg, eller? Håpar du kjem tilbake snart.
Gjest gjest1 Skrevet 30. august 2004 #168 Skrevet 30. august 2004 Blir det mini-mini Bergens-treff snart, eller....?
Linn3c Skrevet 31. august 2004 Forfatter #169 Skrevet 31. august 2004 Heihei! Takk for redding Pip! - Har hatt ei travel helg. Eg er klar for minimini Bergenstreff! :D Pip, veslo og meg sjølv på kafè ein dag? Eg har vore på jobb i kiosken i helga og no i veka er eg på skule, som vikar. Det er kjempekjekt, men utrulig slitsamt, så no skal eg legga meg litt, før eg skal i kiosken klokka seks.. Puh! Prøver å stikka innom i kveld, etter jobb
Pip Skrevet 1. september 2004 #170 Skrevet 1. september 2004 Hei på deg! Så du vikarierer for fullt - tenkjer det er nok å gjere ja! Men det er kjekt?! Mannen jobbar ein heil del no, og trivst i alle fall godt med det. (Eg, derimot, prøver å studere for 2... ) Håpar du får slappa litt av innimellom i alle fall - og håpar du får ein strålande onsdag!
Linn3c Skrevet 1. september 2004 Forfatter #171 Skrevet 1. september 2004 Hei! :D Rakk visst ikkje innom her i går kveld, eg - Men no er eg her! Er nett komen inn døra, har vore vikar i dag også. Først tre skuletimar som assistent, og så to fri, og så to timar på SFO. - KJEMPEGØY! Etter skulen var eg og bror min avgarde på Rema og svei av femhundreogfemtikroner! :o Så no skal me snart begynna på middagen, som i dag blir karbisar,egg, brød, pommes frites og tomatbønner! Mmmm! Ha ein strålande onsdag!
Linn3c Skrevet 1. september 2004 Forfatter #172 Skrevet 1. september 2004 Hei! Men du - må 'kje bli med på suspekte ting altså... :o Barnebesøk på jobben høyrest kjekt ut - kan tenkje meg at det blir Texas til tider... Ha det strålande! Hei, du! :D Unnskyld at eg ikkje har svart på denne meldinga før no... Eg gjekk på møtet, høyrte kva dei hadde å sei - var noko slikt pyramide-styr - og så gjekk eg heim til min kjære, forklarte han "kadegåri" og så bestemte me oss saman om at dette ikkje var noko for oss. Barnebesøk på jobben har eg både tidt og ofta, og da e' (som oftast) kanonkjekt! :D
Pip Skrevet 1. september 2004 #173 Skrevet 1. september 2004 Hei du - skal sei du er ein pliktoppfyllande dagbokskrivar, som svarar på alle gamle innlegg! Trur det var lurt å ikkje involvere seg i pyramide-opplegg - både ulovleg og litt skummelt... No har me skaffa oss alt me treng for å ta imot det nye 'familiemedlemmet', så i morgon eller fredag kjem ho! :D
Linn3c Skrevet 3. september 2004 Forfatter #174 Skrevet 3. september 2004 Oi! Eg har det så inmari supertravelt for tida, at eg reint gløymer å stikka innom. Eg og sambu har dessutan blitt sjuke, dei eine verre enn den andre, me ligg i influensa bvegge to... Så eg får heller komma innom litt seinare, når eg føler meg litt betre...
Pip Skrevet 3. september 2004 #175 Skrevet 3. september 2004 Jammen... eg SA jo at du ikkje måtte bli sjuk!! :-? Har du blitt smitta på skulen kanskje? Skal nok noko tilå unngå, i desse dagar... God betring i alle fall!
Linn3c Skrevet 3. september 2004 Forfatter #176 Skrevet 3. september 2004 Jaja, eg veit kva du sa Pip... Men no er skada skjedd, og eg søv mest mulig for å bli fortast mulig frisk att. Sambu har tilogmed avlyst klatringa mi i helga.
Pip Skrevet 3. september 2004 #177 Skrevet 3. september 2004 Eg skal love å ikkje vere fornærma - er berre lei meg på dine vegne! Ein god betring-:blomst_opp: til deg, snuppa - bli bra igjen i helga, då!
Linn3c Skrevet 4. september 2004 Forfatter #178 Skrevet 4. september 2004 Gledelig melding til alle fans! Eg er mykje betre i dag - Berre litt sår hals og snufs, så no blir eg nok snart betre! (bank i bordet og sånn)
Pip Skrevet 4. september 2004 #179 Skrevet 4. september 2004 Gledelig melding til alle fans! - Eg er fan, jaffal! Joho - så deilig å bli betre då! Å slappe av kan ofte vere ein genial kur, faktisk. Men så er det ofte noko av det vanskelegaste òg då... Ha ei flott helg, snuppa!
Linn3c Skrevet 5. september 2004 Forfatter #180 Skrevet 5. september 2004 Så fint å tenkja på at eg har ein fan! :D I dag har eg hatt den beste daffedagen på lenge! - Herleg å "ikkje gjera noko som helst" Bestilte pizza på døra og berre kosa oss i dag. - Var så på visitt til sambu si tante og onkel og var datahjelp når kvelden kom. Kom nett derifrå no, koseleg å vera med familie Så no er det sengetid, skal studera litt i morgon, før eg skal avgarde å vera litt vikar, for så å vera litt student igjen mot kvelden att. Natta!
Fremhevede innlegg