Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Les no som ein tulling til neste eksamen (les: i morgon)

- Då er det Natur og miljøfag for småskuletrinnet eg skal prøvast i...

Det kan bli interessant...

-Wish me luck! :redd:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det går nok fint - den har du jo lese så mykje til ! :) Ynskjer deg absolutt lukke til - og er bittelitt misunneleg, fordi eg òg gjerne ville hatt skriftleg eksamen i morgon, i staden for munnleg... Men er uansett glad eg har litt færre eksamenar enn deg - synst det er nok eg...

Men som sagt - lukke til i morgon!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for lykkeynksje, Pip

No har eg dusja meg, og skal til å laga litt kaffi til meg og DaMitT. Er jo midt på natta og stå opp så tidlig for meg no for tida :ler:

Men men, kva gjer ein ikkje for å få liv til å ta eksamen!? :sjarmor: hehe

Jaja, får sjå å komme i gong her... Er ein smule nervøs, og då tek ting som regel lengre tid enn planlagt..

Ha ein super dag!

Lykke til med eksamen Pip!

- Du slår alle dei andre ned i støvlane! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei på deg!

Korleis gjekk det i dag?

Med meg gjekk det langt betre enn frykta i går - men føler likevel ikkje at eg fekk vist 'kva eg er god for', sånn eigentleg. Men greit. (Trur ikkje eg slo så veldig mange ned i støvlane altså - var så få støvlar åsjå i dette veret. haha, så morsom eg er i dag...)

Har teke meg fri i dag, så er det i full gong med lesing og førebuing til dei to neste eksamenane frå i morgon.

Snakkast! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann Pip!

Så bra at det gjekk bra i dag! :)

Med meg gjekk det sånn passe i dag.

- Fekk akkurat det eg hadde trudd at eg skulle få :D

Så eg svarte på alt (med unntak av: "Frekvensdiskriminering" og "Adekvat stimuli" for det huska eg ikkje... Men dei var sånn c) punkt i oppgåva, så dei talte ikke så masse)

Men no må eg lesa til eksamenen i morgon!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

...og korleis gjekk det i dag?

Har sterk medynk med deg som har eksamen rett og slett kvar einaste dag - du har grunn til å vere stolt over deg sjølv når dette er over! Og litt oppmuntring no :blomst_opp: - stå på! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag veit eg ærleg talt ikkje korleis det gjekk...

Fekk utdelt eksamenen klokka 0900, og då eg keik på oppgåvearket var det berre ei oppgåve! :o

På kva måte kan tekstbehandling fungera som eit hjelpemiddel i opplæring av elevar med lese- og skrivevanskar?

Eg svarte på den beste måten eg kunne tenkja meg, så om eg ikkje står, så er eg rett og slett ikkje god nok...

No har eg prøvd å skru tankane over på pedagogikk, noko som er litt vanskeleg...

- Er skikkelig forvirra, og har absolutt "no clue" om ka eg bør lesa på, og korleis denne eksamenen går føre seg, eller kva eg skal sei eller...

- Hjelp Pip!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip til unnsetning! :ler:

Eksamenen føregår sånn:

Du kjem inn, helser på eksaminator og sensor. Dei seier kva for oppgåve du har valt, og kva for ei dei har valt. Viss du vil får du så skrive ein disposisjon for presentasjonen av den første oppgåva. Så presenterer du denne. Etterpå kjem dei med eventuelle spørsmål knytt direkte til oppgåva, og etter det har de tre ein slags 'uformell' samtale kring emne som kan relaterast til tema for oppgåva - gjerne skuleaktuelle ting.

Så kan du sjølv velje om du vil presentere oppgåve to, eller om dei skal setje i gong med spørsmål. Same 'stilen' der som på den første.

Sånn var det i alle fall for meg, og det var på ingen måte skummelt. Einaste var at eg som sagt før følte eg fekk vist litt lite konkrete kunnskapar utover presentasjonane av oppgåvene - det vart litt sånn 'pjattete' liksom...

Kva du bør lese på? Sjekk at du har klart for deg hovudlinjer, og at du kan relatere teorien til skulen. Det er mine beste tips...

Lukke til! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med det! - Kjapp du! :)

Eg vart 'Avhengig' her ein dag - veit ikkje om det er noko å rope hurra for men... :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Denne veka (så langt) har gått mykje fortare enn det eg rekna med at ho skulle...

-Men som alltid har eg spart det verste til sist.

Denne dagen vert nok min Langfredag, ser eg for meg...

- Skal ha munnleg eksamen i dag, i eit fag eg har brukt alt for lite energi til å lese på.

Hadde ikkje særleg lyst å stå opp i dag, om de skjønar kva eg meiner :tunge1:

Men men..

- Prøver å gjera som Chandler på bryllupsdagen hans, ett steg om gangen.. Er allereie i gong... Har komt meg ut av senga.. Dusja... On no er eg her..

Snart skal eg eta litt... Og ta bussen ut til skulen.. Det er jo ikkje så skummelt?!

Det er det som skjer på skulen som er det ;) hihi

Poppar mest sannsynligvis innom seinare og fortel korleis dagen min utarta seg :D

Tusen tak for moralsk støtte, Pip, eg treng det i slike stunder...

Ha ein fin sommardag alle KG'arar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! :)

Korleis gjekk langfredagen din då, snuppelure?

Ein blomst til deg, fordi det er helg, og du verkeleg har fortent å slappe av litt! :blomst_opp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eksamenen min gjekk rett i dass! :cry: :kvalm::sinnatagg::sjokkert::klaske::sur::roll::grine:

Har aldri prestert dårlegare på ein eksamen nokon gong!

- Er heilt sikker på at eg har stroke..... :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Gratulerer! :)

Det var ikkje mange som strauk såg eg på lista, så det ville overraska meg stort om du var ein av dei! No må du slappe litt av i helga trur eg, så du ikkje får brokk eller noko! :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for gratulasjon Pip!

- Synd at du ikkje vart med på avslutningsfesten i går. Jaja.. Eg var der ikkje så lenge eg heller, men det var koseleg så lenge eg var der. :)

I dag har me vore litt rundt omkring og eg har kjøpt meg noko nytt undertøy og sånn :)

Skal til å starte på "Bryllupsførebuingsscrapboka" mi no, det gler eg meg til.

- Eg var inne på -Nille og kjøpte eit sånt fotoalbum til å lime inn i, og det tenkte eg at skulle få æra. Men er litt usikker på om eg skal bruke dette eller om eg skal kjøpa meg ein album med svarte ark i istaden...?

Eg trur eg ikkje klarar å vente... Så det blir nok den kvite ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trulselinemor

Her kommer det en natt hilsen til deg.

Håper du har hatt en bra lørdag og at søndagen blir en flott dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...