Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Begynnar å bli mektig lei av å lesa pensum no...

- Tenk om ei veke har eg berre to igjen! :D

I går trur eg kroppen min hadde eit aldri så lite sammanbrudd her..

- Hadde skallebank så det haldt og klarte ikkje å lesa eit einaste ord. :murvegg::klaske::sur:

Veit eg sa at notata skulle vera klare i går Pip, med som du ser over så klarte eg ikkje å gjera noko som helst. :cry:

Trente :hoppe: om morgonen saman med bestisen min, og ei ny venninne av henne. Var godt å komma i gong att, og no føles det godt i heile kroppen, sjøl om det gjer litt vondt her og der ;)

Vandra litt i by'n før eg skulle ha medarbeidersamtale med sjefen.

- Kjekt det, var berre skryt å få! :D

Men det plagar meg at eg fekk høyra at det fins tendensar til mobbing på arbeidsplassen min! :( Er det ein ting eg verkeleg hatar så er det det!

Og då eg kom heim, klarte eg rett og slett ikkje å gjera noko som helst. :evil: grrr...

Gjekk å la meg tidlieg, og i dag får me kryssa fingrane for at hovudverken held seg unna! :)

Ha ein superduper og sommarfin dag ute i sola alle saman! :blomst_opp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Veit eg sa at notata skulle vera klare i går Pip, med som du ser over så klarte eg ikkje å gjera noko som helst. :cry:

Det går aldeles brillefint det, kjære du! :) Eg hadde skrive inn notatar frå eit laaangt og ekkelt kapittel i går kveld, og så sendte ei venninne ei melding på msn, og då låste heile maskina seg, så eg måtte reboote, og mista heile greiene. DÅ vart eg litt demotivert... Men stort sett går det no. Held på å spy av pensum, men ser stort fram til om ei veke omtrent - då skal eg i alle fall rydde vekk det eg held på med no! :wink:

Ikkje like mykje sol her i dag som dei to føregåande dagane, så det var litt kaldt til å lese ute, i alle fall førebels. Håpar du kosar deg i sola då, og så snakkast/skrivest/notatast me! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip: Så bra at det går bra. :)

Eg hadde skrive inn notatar frå eit laaangt og ekkelt kapittel i går kveld, og så sendte ei venninne ei melding på msn, og då låste heile maskina seg, så eg måtte reboote, og mista heile greiene. DÅ vart eg litt demotivert...

- Det er neimen ikkje greit å få slike downs sånn rett før eksamen altså! Fekk totalt panikk eg i går, då eg ikkje klarte å konstentrera meg om kva som stod i teksten. Men i dag går det litt betre med meg også...

Har bittelitt hovudverk i dg òg, har så smått begynt å lura på om det er synet mitt det er noko gale med...?!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har bittelitt hovudverk i dg òg' date=' har så smått begynt å lura på om det er synet mitt det er noko gale med...?![/quote']

Nei, downs sånn på tampen er veldig dårleg! Trøsta meg i gårkveld med ein laaaang samtale med ho venninna veit du som skal gifte seg (i desember, viser det seg... :o), så det var i alle fall ingen fare for snakk om eksamen eller psoriasis eller nokre av mine 'prblem' :ler:

Det kan nok vere synet - særleg data gjev lett hovudverk viss augo ikkje heilt greier å stille seg inn som dei skal! (Dette kjem frå ei som fekk briller/linser i 2.gym, etter p ha hatt ein god del uforståeleg hovudverk, og sete leeenge på fremste benk i klasserommet... hehehe).

Men du? Eg trur det kjem til å gå fint med oss på eksamen eg. Heilt sant! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, downs sånn på tampen er veldig dårleg! Trøsta meg i gårkveld med ein laaaang samtale med ho venninna veit du som skal gifte seg (i desember, viser det seg... :o), så det var i alle fall ingen fare for snakk om eksamen eller psoriasis eller nokre av mine 'problem' :ler:

Det blir til det ja!? (bryllup i desember...)

-Hjelpe meg; Ho har det travelt ho då!

Jaja, greit å kopla over på andre sine problem avogtil. Kanskje eg skal a ein telefon til ei venninne med "problem" også? ;)

Det kan nok vere synet - særleg data gjev lett hovudverk viss augo ikkje heilt greier å stille seg inn som dei skal! (Dette kjem frå ei som fekk briller/linser i 2.gym, etter p ha hatt ein god del uforståeleg hovudverk, og sete leeenge på fremste benk i klasserommet... hehehe).

Eg håpar ikkje at det er synet som skrantar!

- Eg driv nemlig alltid å skryt over kor godt synet mitt er og sånn! ;) (Digresjon: Sambuaren min er nærsynt og har + eller - (hugsar aldri forskjellen) 5,5 og 6, i tillegg til skjeive hornhinner. Og så gidd han ikkje å få oppdatert brillene sine, så her i huset er det eg som er "lesaren" ;))

Men du? Eg trur det kjem til å gå fint med oss på eksamen eg. Heilt sant! :)

Det håpar eg òg! Inderleg! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg håpar ikkje at det er synet som skrantar!

- Eg driv nemlig alltid å skryt over kor godt synet mitt er og sånn! ;)

Haha - du høyrest ut som mannen min! :) Han er så kry fordi han 'både høyrer og ser heilt perfekt!'. Men av og til så er det ikkje til å kome forbi at eg både ser og høyrer litt betre enn han... (synet taklar han sånn ganske bra, for eg har jo linser, så det skulle berre mangle, men det med høyrsla er bittert...hehehe)

Men det treng ikkje vere synet som er dårleg heller, kanskje det faktisk kan vere hornhinnene som er litt i ubalanse eller noko?

Håpar hovudet ditt vert betre i alle fall! (Altså sånn når det gjeld smerter... heheh :tunge1:)

Det er visst nokon som har det veeeldig travelt med å gifte seg ja. Skjønar det ikkje for mitt bare liv, men dei vil ikkje høyre på meg heller :ler: (svoger og svigerinne gjorde det same - gifta seg akkurat eit år etter at dei møttest omtrent...)

Jaja, no skal eg kikke bittelitt til her, så skal eg springe og hente posten før det er nye leseøkt. Snakkast! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag har eg vore flink!

-Lest masse!

Skal berre skriva inn resten av notata no, og så går eg å legg meg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip:

Takk for melding i dagboka mi, som eg så uhøflig ikkje har svart på før no.

- Går det bra med lesinga?

Eg har som smått fått (nokså masse) eksamensnerver, og veit liksom ikkje heilt kor landet ligg i dei tre faga eg skal ha eksamen i i veka som kjem.

Morosamt at mannen din har same oppfatting av syn (og hørsel) som meg ;)

Hovudet kom seg etter at eg fekk sove lenge, og har komt og godt når eg har vore sliten sidan då...

Travelt, ja... Kanskje ho får roa seg litt etter å ha sett korleis det gjekk på TV3? - Eller kanskje ho ikkje ser samanhengen mellom seg og Bente...?

(Gjekk det fint med svoger og svigerinne då?)

Om dagen min:

I dag har eg brukt stort sett heile den flotte godvêrsdagen framfor datamaskina... :( Har sete å øvd meg i Access og andre dumme program før eksamenen på tysdag...

Argh!

- No er eg lei! Vil berre bli ferdig.... :roll: :o

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Sat nett her og lurte på korleis det går med deg - har ein god pause her no, endeleg...

Nerver veit eg ikkje om eg har fått, men litt stressa er eg - opplever litt mindre kontroll over pensum enn eg skulle ynske. Men etter at eg har lese gjennom samandraga av dei to hovudbøkene, tenkte eg å lage eit digert oversiktkart over ulike retningar, og teoretikarane innan dei ulike retningane. Og samanhengane mellom dei. Det ville vore fint, viss eg fekk det skikkeleg til... Den siste 1-2 dagane må brukast til oppgåvene - finne pensum som 'står til' dei ulike, og førebu dei litt... Skulle hatt meir tid! :wink:

Trur ikkje ho herre tøtta har sett på Bente kanskje. Er uansett ikkje så veldig lik... Og ho er ikkje så nær jorda at ho ville klare å sjå mogelegheiter for noko negativt med dette forholdet what so ever...

Svigerinna går det i grunnen fint med - gifta seg som sagt eit år etter ho møtte mannen, vart mor mindre enn eit år etter det. Så livet består no utelukkande av mann og barn. (Og mannen er samd i absolutt alt ho seier og gjer, så det finst ingenting som liknar konflikt...). Men eg er ikkje den einaste som lurer på korleis det går når dei brått ikkje har små barn lengre, og må bruke tida saman heilt åleine, og finne ut kor mange dårlege eigenskapar den andre har... Ikkje for å vere negativ, men eg greier ikkje vere positiv til å binde seg så vanvittig raskt...

Oioioi - skal seie eg tek meg til rette i andre si dagbok! Beklagar.

I alle fall - veldig bra at hovudet kom seg - litt i det minste - og lukke til vidare med lesinga til alle eksamenane dine! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe! Det berre koseleg med litt avbrekk i lesinga då! :D

- Tusen takk for oppmuntrande ord!

Håpar det går godt med resten av lesinga di også, må hugse på å ta dåke av kvarandre innimellom lesinga også! :)

Eg har hatt ein litt frustrerande lesedag i dag, men no har heldigvis ting begynt å fella litt meir på plass.

- Skreiv nett ei melding på msn til ein av lærarane på IT, han kunne fortella at det eg har stressa med heile kvelden (utan å få til) ikkje er pensum lengre... litt dumt, men veldig bra og! :kul:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje for å vere negativ' date=' men eg greier ikkje vere positiv til å binde seg så vanvittig raskt...[/quote']

:Nikke: Er heilt enig der, ikkje så greit å vita kven du giftar deg med om det går så fort... :fy:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen! :)

Fint å få litt støtte om semje av og til!

Ja, eg og mannen eg flinke til å ta vare på kvarandre - nett no held han for eksempel på å lage kake! :D Men det vert nok adskillig enklare frå og med 16. juni... Det slit jo på både krefter og humør å halde på som dette over lang tid...

Men veit du kva eg trur? At mange mange har mindre kontroll enn det eg har (sjølv om min akkurat no kjennest minimal), og likevel kjem til å gjere det greit på eksamen. Trur mykje av det eg stressar med, eigentleg er 'luksuspensum', som ein ikkje treng for å gjere det sånn midt på treet...

Jaja - lukke til vidare til oss begge to, seier eg berre! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott å "høyre" at du kjenner det sånn! :D

- Bra at du føler at du har litt kontroll på alt kaoset!

Eg føler meg noså klar på den fyrste eksamenen (IT-praktisk), nokonlunde på den andre (NM-skriftlig) for den har eg jobba masse masse med, og ok på den tredje (IT-skriftlig) (blir sikkert berre etikk og slikt) og litt svakare på den fjerde (Ped). Men det kjem seg nok i morgon når eg får litt meir oversikt. :)

Me får berre kryssa fingrane for at det som skal vera på plass er det, at det berre treng litt forfrisking og på-plass-setjing før eksamen! :)

Eg ahr stor tru på at du klarar ein flott prestasjon på eksamenen, for du er så flink å lesa og få med deg det du les! :D

- Og så er eg heilt sikker på at du er flink å snakka for deg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg ahr stor tru på at du klarar ein flott prestasjon på eksamenen, for du er så flink å lesa og få med deg det du les! :D

- Og så er eg heilt sikker på at du er flink å snakka for deg!

No følte eg meg veldig overvurdert! Men tusen tusen takk! :)

Eg trøstar meg som sagt med at det er hovudlinjene som er sentrale i ped., ikkje alt 'snikksnakket' og dei hundretusen pedagogane som meinar litt her og der...

Skal tenkje på deg kvar dag denne veka - det ser ut til at du treng det, stakkar for eit kjør! :o

Men målbevisste Linn3c fiksar det meste, tenkjer eg! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal tenkje på deg kvar dag denne veka - det ser ut til at du treng det, stakkar for eit kjør! :o  

Men målbevisste Linn3c fiksar det meste, tenkjer eg! :)

No er det min tur til å føla meg overvurdert... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God morgon! :)

Ny dag, nye muligheter for oss overvurderte... :wink:

Skal ut i sola og lese litt no først - trur kanskje det vil gjere underverk for motivasjonen...

Lurte på om du har fått eller vil ha samandrag frå dei to hovudbøkene? For du må berre seie frå, så skal eg sende dei. (Det er berre sånn omtrent 130 sider eller noko til saman... :o)

Lukke til med lesinga i dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Då er dei sendt over!

Ein fin lesedag må du òg ha - og lag gjerne kart, eg opplever det i alle fall som ganske nyttig å lage mitt. (Sjølv om eg nok aldri blir ferdig. Dessutan burde det vore 8-dimensjonalt eller noko viss eg skulle fått med alt... :ler:)

Snakkast! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen :hjerte: leg!:bukke:

- Dette blir sengelektyre i mange dagar framover! :lol:

Ha ein fortsatt fin lesedag, Pip!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

EKSAMEN NR 2 ER OVERSTÅTT!

Hurra! :kul:

I dag var det It for lærarar munnleg/praktisk som stod for tur.

- Særs fornøyd med både innsats og karakter! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...