Linn3c Skrevet 15. november 2004 Forfatter #261 Skrevet 15. november 2004 Så deilig at du har det bra, vennen! -JA! tilbake! MEN - kva ER det for ein avatar? :o Ja, det kan du seie... - Eg veit ikkje heilt... I mangel av noko betre,trur eg. Og så var eg i eit rart humør når eg fann han. Og så hadde eg lyst å vera lika tøff som ¤Arwen¤, og Aelwyn og gjengen... Men eg ser no at dette ikkje er heilt meg... Kanskje eg skal finna ei teikning av nokre born i sandkassen? Og no, grunnen til at eg er vaken og skriv innlegg i dagboka mi klokka halv to ei søndag-til-måndagsnatt... Eg får ikkje sova! Grrr! Eg hostar slik når eg legg meg ned for å sova. Får sova kanskje ein time, og så vekkjer eg både meg sjølv og min kjære med tørrhosten min... Har nokon nokre gode råd mot dette tullet? Eg er sååå trøytt!
Linn3c Skrevet 15. november 2004 Forfatter #262 Skrevet 15. november 2004 Hei igjen! Jaudå, eg fekk sova tilslutt. Etter ein stor kopp varm og god nype-te. Så vakna eg fyrst ein gong av at telefonen ringte, noko eg trudde var alarmen, så eg trykte på det eg trudde var "slå av alarm" men som var "ta telefonen" i dette tilfellet. Og dama i andre enden ropte og greier. Så då snakka eg med henne i søvne, og takka nei til å vera vikar i dag, sidan eg ikkje er heilt meg sjølv enno. Andre gongen eg vakna var det vikarbyrået som ringde, då hadde eg heldigvis slått av lyden, slik at eg kunne la vera å ta telefonen. Så eg må vel ringja dei oppatt seinare i dag. Har litt dårleg samvit for att eg ikkje tok telefonen, for sidan eg er sjuk, så kunne eg jo ha teke han og sagt at eg er sjuk, men eg likar ikkje å snakka med folk når eg søv... Tredje gongen eg vakna var klokka faktisk blitt halv tolv! :o Då var det trulovamannen min som skreiv melding om korleis det gjekk med meg. Eg svarte han at eg skulle til å stå opp og at eg skulle kjenna litt betre etter etter at eg hadde vakna litt. Då eg sette meg med datamaskina hadde eg fått ein superkoseleg mail frå ei venninne på jobben. Denne svarte eg på så kosleg som eg klarte. Det var fint gjort av henne. Ho tar så godt vare på meg atte! Men no får eg hiva innpå litt skjevemat, og så ta meg ein tur med Bonni. Ha ein super dag!
Linn3c Skrevet 15. november 2004 Forfatter #263 Skrevet 15. november 2004 Så herleg det var å få gå ein tur! :D Eg tok med Bonni og gjekk vel ein time rask gange i skogen like ved huset vårt. Me bur berre ti minuttar utanfor sentrum, men har likevel skogen som "næraste" nabo... Heilt fantastisk! No ventar dusjen på meg!
Linn3c Skrevet 15. november 2004 Forfatter #265 Skrevet 15. november 2004 Håpar formen er betre!! Ja, no kjenner eg meg både frisk og opplagt, samtidig som eg er slapp og trøytt
Pip Skrevet 15. november 2004 #266 Skrevet 15. november 2004 Veldig søt ny avatar - eg er veldig nøgd! :D Men du - du må jo bli frisk! Kan ikkje halde på å hoste sånn i lang tid, veit du! Viss det ikkje gir seg, må eg berre til å anbefale hostesaft mot tørrhoste - den brukar å hjelpe bra. God betring, og kos deg på jobb i morgon!
@riel Skrevet 18. november 2004 #267 Skrevet 18. november 2004 Heisann! Måtte inn å ta en titt på dagboka di Håper du er blitt frisk og rask igjen! Jeg er ikke helt på topp selv, men kjenner at det å være hjemme, og slappe av hjelper mye. Lykke til med julegaveprosjektet ditt
Linn3c Skrevet 18. november 2004 Forfatter #269 Skrevet 18. november 2004 -Er du bortevekke? Bortevekke? Eg? Koss kan eg vera bortevekke? :o Eg sit jo rett her! Eg er så i live som eg aldri har vore! :D - Har det berre så travelt at eg ikkje har tid til å koma innom her heile tida... Starta jo i ny jobb på tysdag som var. Der eg likar meg svært så godt. Skal vera på småbarn på tysdagar, og storebarn onsdagar til fredagar. Tysdag rett etter jobb drog me til svigers for å hjelpa til å pussa opp badet deira. I går var eg på kino. Såg "The Incredibles". - Kjempegøy film. Den må de få me dykk før eller sidan. I dag var eg fyrst i barnehagen, så drog eg til Boda brud, før eg vidare drog til deltidsjobben på skiftleiarmøte. Der var eg til klokka var over ti. PS: Sjekk bryllupsdagboka mi for stooore nyhende!
Linn3c Skrevet 21. november 2004 Forfatter #271 Skrevet 21. november 2004 Hei Veslo! - Vaken, ja. Har teke med meg den bærbare i senga for å halda min kjære som var så trøytt med selskap. Men no er han jo sovna og eg begynnar å bli litt trøyttare sjølv også... Er rart med det; korleis tung pusting kan ha så mykje å sei...
Pip Skrevet 21. november 2004 #272 Skrevet 21. november 2004 Ville berre sei at det var litt fint å sjå at eg var sakna inne hos meg sjølv... Og du sovna godt i gårkveld, eller?
Linn3c Skrevet 22. november 2004 Forfatter #273 Skrevet 22. november 2004 Pip: Eg sovna som ein stein eg. I går var me på aketur. Gjekk fyrst ein lang tur, fyrst gjennom eit boligfelt og så gjennom ein skog, til me kom til ein lang nedoverbakke. Der tok me litt pause før me sette oss etter tur på ein bossekk, og haldt Bonni i bandet hennar. Så sprang den andre framfor for å få ho til å springa. Skal sei det gjekk unna! :D Kjempeartig! Var som to småungar att! Då me kom heimatt frå turen, dusja me og rydda litt. Så kom stesvigerinna og mannen. Han er byggmeister og skulle hjelpa oss å finna ut om me må slå ned ein av veggane i stova for å få plass til ein ovn me har fått av mormora mi. Så var det jobb. Kjempetravelt! :o Skulle tru at heile Bergen skulle på kino akkurat i går. Bridget Jones vert køyrd i tre-fire salar samstundes, men likevel klarar dei å bli fulle på eitt eller anna mystisk vis. :klø: Sambis henta meg på jobb og laga deilig biffsnadder til oss til kvelds. Restar frå laurdagsmiddagen. Nam! Så planla me litt bryllaup samstundes som me såg film. Alt i alt ein super dag. I dag har eg sove leeeenge. Like greit for med ein gong eg stod opp vart eg kjempenervøs... Eg skal ha mørkekøyring i dag. Og det er sikkert tre månader sidan sist eg køyrde med køyrelæraren min. Eg har jo køyrd masse med sambis, men veit ikkje om eg har "mista" noko av alt det læraren har lært meg... Er litt nervøs, ja... Nokon som har lappen som kan fortelja om si mørkekøyring?
Pip Skrevet 22. november 2004 #274 Skrevet 22. november 2004 Eg tok mørkekjøring etter å ha hatt lappen i nokre månader, eg... (fødd om sommaren, og mørkekjøring må jo takast mellom oktober og mars eller noko sånn...) Men det var berre kjekt, det! Det var litt om lysbruk og sånt (som naturleg nok var eit lite problem, sidan eg jo hadde kjørt i mørkret ein god del på førehand), og så var det ein del sånne 'testar'. Ei dokke utan refleks og ei med vart plasserte i vegkanten medan me kom kjørande og sånn... Ja - stort sett berre kjekt - ikkje kvi deg!
Linn3c Skrevet 25. november 2004 Forfatter #275 Skrevet 25. november 2004 Hei, ja! Mørkekjøringa gjekk fint den. Eg slapp å køyra på banen, det gjorde læraren.. Eg køyrde berre på småvegar og slikt, og testa ut langlysa. Ja, det var måndag. Tysdag var eg i barnehagen. Var på småbarnsavdelinga. Artig! :D Fekk også med oss siste episodane i Friends.. Vemodig... Onsdag, altså i går, var eg også i barnehagen, då på storebarn. Me Var ute i det sure vêret, og ungane hylte om kapp for å koma seg inn, for dei fraus så fælt... Stakkars! På veg heim "traff" eg på ei god venninne frå ungdosskuletida, dvs eg såg henne men ho såg ikkje meg, og så skreiv eg melding til henne. I dag har eg også vore i barnehagen, og i dag laga me lussekattar! Jippi! Kjempegøy!! Var ferdig på jobb klokka halv fem, men tok buss heim så eg var ikkje heima før klokka seks... Og den same strekninga brukar me 20 min på om morgonen....!! :o No er det middags! Skal ha krema blomkålgrateng!
Linn3c Skrevet 29. november 2004 Forfatter #276 Skrevet 29. november 2004 No skal eg avgarde for å ta teoriprøven....
Linn3c Skrevet 29. november 2004 Forfatter #277 Skrevet 29. november 2004 No skal eg avgarde for å ta teoriprøven.... Eg stod på teoriprøven! - Praktisk prøve og "lappen": -> "here I come!" I helga var me forresten heima hjå foreldra mine, difor har eg ikkje vore innom på nokre dagar. Mamma hadde bursdag på fredag, så då vart det sjølvsagt litt kaker og slikt!
pusla Skrevet 29. november 2004 #278 Skrevet 29. november 2004 Så fint at du sto på teoriprøven da! Du klarer nok å ta lappen fint! (burde egentlig forsøkt å blitt litt smitta av deg, er vel på tide at jeg får tatt lappen og :oops: ).
Pip Skrevet 30. november 2004 #279 Skrevet 30. november 2004 Grattis med vel gjennomført mørkekjøring og bestått teori! Og lukke til med siste rest - er sikker på at det går kjempefint! (Og ja, pusla - eg vil anbefale deg å ta han no. Svigermor mi har ikkje førarkort, og du verda så hjelpelaus ein kan bli då - viss ein bur litt avsides og sånn... Alltid kjekt å vere mobil! ) Og god advent, Linn3c!
Linn3c Skrevet 3. desember 2004 Forfatter #280 Skrevet 3. desember 2004 (burde egentlig forsøkt å blitt litt smitta av deg' date=' er vel på tide at jeg får tatt lappen og :oops: ).[/quote'] Du bør få begynt før nyttår... Får då stig prisane til himmels, og den obligatoriske delen blir myyykje større. Så om du berre tek ein kjøretime no før nyttår, så er du inne i systemet og slepp mykje meir obligatoriske ting... Pip: Tusen takk! I dag er eg sjuk... - Har fått omgangsyka som går i barnehagen... Blærk... Har ikkje matlyst i det heile tatt, men veit at viss eg et, blir eg anten mykje betre, eller mykje verre.. og uansett så er det betre enn å berre gå å vera så kvalm og ekkel som eg føler meg no.
Fremhevede innlegg