Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Jau, då var nok ein skuledag over, og "spreke" meg har gått heile vegen heim på under halvtimen.

- Ikkje verst, det... Og utan at eg vart regnvåt, tilogmed! :)

Som eg sa i dagboka di, Pip, så håpar eg at du finn Grete. Og ja, heilt riktig, "bortanfor resepsjonen, på ein måte". Men eg syns det var så vanskeleg å skriva det, slik at du forstod det, så då var akvariet eit greitt haldepunkt... :P

No skal eg lesa/reinskriva litt notat, før eg mest sannsynlig tek meg ein høneblund. Seinare i dag skal eg på jobbn, så då treng eg nok litt kvile fyrst. :Gjesp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

:vinke:

Takk igjen - no kan eg vel ikkje unngå å finne ho vel?:)

Eg er òg veldig flink altså - går opp og ned til skulen kvar dag - men det tek berre ca. 20 min. ned - kanskje litt meir opp... :ler: Fint med ein tur i alle fall - og regntøy kjem godt med! :Nikke:

Ha ein fin jobbekveld, vennen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei vennen! :kose:

Endelig er eg på plass og!

Kjedelig å høre om Lusse! :trøste: Kommer til å savne han! Hadde gleda meg til å komme heim og kose litt med han... :grine:

Men, eg har fortsatt bruktkjole-messa å sjå fram til! Gleder meg.

Har du komt nåke videre med planlegginga da? Du seie fra om eg kan hjelpe med nåke sant!? Det er derfor eg er her må du huske! :blomst:

Hold meg oppdatert!

Masse kos :klem2:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:trøste: Leit å høre om katten. Må være utrolig leit og ekkelt å finne den på den måten. Det hjelper nok å tenke på de gode minnene, ja. Håper du har hatt en fin helg, da. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Heihei!

Då var eg endeleg(?) attende i storbyen! :D

- Eg har hatt det fint heima, og dei var berre snille med meg. Vart kanskej litt masse kaker... Me feira bursdag over tre dagar, med kakebesøk og greier kvar gong.

Har fått tankane mine vekk frå det fæle som hendte i førre veka, samt fått litt kattekontakt med pusane heima.

Så no har eg altså hatt nesten ei veka med ferie, utan noko særleg kontakt med verken dykk her på KG, eller nokon nokre andre stadar i verda hellerm for den saks skuld. ;)

No fekk eg nett ein litt sånn småstressa telefon frå ein kollegasom sa at eg måtte koma på jobb litt før enn planlagt, for å ordna med eit bursdagsselskap. Men det er jo berre kjekt!

Eg har vore på skulen i dag, lært _masse_ eg ikkje visste om barn/elevar med AD/HD.

Men no må eg melda meg opp til eksamen...

Kjem innom litt etterpå... :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Hei på deg, og velkomen attende til oss! :)

Har du noko rasande god litteratur du vil anbefale om AD/HD? Det er jo så mykje å ta av, men eg tenkte du har jo ekspertise... :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sorry søta... Rakk ikkje å svara deg før eg måtte springa til bussen ;)

- Klart me må treffast ein dag! :D Når passar det for deg/dykk? (du kan få vera med du også Pip!)

Rasande god litteratur om AD/HD? hmmm.. pensumboka mi trur eg er ganske god.. Skal sjekka kva den heiter... *sjekke* "Kan de ikke bare ta seg sammen?" av Iglum Rønhovde. Forelesaren skraut iallefall av den.

Kom nett heim frå jobb no. Min kjære henta meg. :D Kom på då eg sette meg i bilen at eg har gløymt å ta pause idag, så eg er ganske sliten. :P Men eg blir nok enno meir sliten i morgon. Då skal eg fyrst vera vikar i 4 timar, så skal eg heim litt, før eg skal jobba enten 6 eller 8 timar på deltidsjobben min.

Så no får eg rasa rundt litt her inne før eg spring til sengs.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Trulselinemor! :vinke:

I dag har eg vore innom skulen til Pip. :) Såg henne i akkurat 20 sekund før ho svinsa avgarde innatt i klasserommet.. ;)

Artig det. Eg var vikar i 6. klasse i engelsk og matte, og så i musikk i 2. Spanande...

Usjameg.. Eg hadde igrunn ikkje lyst til å skriva dette, men eg føler berre at eg må få det ut. Så her kjem det...

Sambuaren til kusina mi har gått frå henne. Me har ganske sterke band i familien min, så ho er som ei søster og ei svært god venninne for meg. Så dette var berre så tungt å fordøya på eiga hand. Det verste er at eg er så altfor langt vekke til å holda rundt henne og berre trøysta henne når ho har det så fælt! :cry:

Oi, det gjorde godt å få det ut.. Slik at eg ikkje må gå å bera på det åleina. Blir så veldig masse tenking av det. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore innom skulen til Pip. :) Såg henne i akkurat 20 sekund før ho svinsa avgarde innatt i klasserommet.. ;)

:kyss: Takk for sist du! :) Veldig kos å sjå deg - men skulle gjerne hatt litt betre tid... Var ein elev som hadde stukke av for andre gong i dag akkurat då, som eg hadde vore ute og hanka inn, så det var litt hektisk... :ler: Neste gong treffest me litt lengre, OK? :klem:

Og så trist med kusina di - sånt har eg òg vondt for å fordøye, så eg forstår deg godt! :trøste:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Endeleg heime etter ein kjempelang dag! :Gjesp:

Var fyrst vikar i tre timar, så to timar heima, og så nesten 8 timar på jobb...

Har dessverre fått fleire dårlieg nyhende i dag... Den eine tanta mi har bestemt seg for å gå frå onkelen min... Folkens; familien min er i oppløysing! :o Kva skal eg gjera???

Og ja, Pip, neste gong må det bli litt lenger... ;)

(Takk for sympati forresten)

No må eg visst vera litt sosial med min kjære. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nok ein lang dag.

Var på bruktbrudekjolesal frå klokka tolv til fire, og på jobb frå fem til halv tolv.

Sliten no. Skal på jobb att i morgon klokka halv elleve, så no legg eg meg.

God natt :sove:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Er vel ppå jobb no du då.

Men eg kom på at eg gløymde å takke for boktips - eg jobbar med saka! :)

Var det noko fint å sjå på brurekjolesal?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

No er eg godt utsleten.

- Så vidt eg klarar å skriva på tastaturet, for fingertuppane mine er så såre.

Skal stikka innom i BDB og oppdatera kring brurekjolesituasjonen min.

Nett no ventar eg på at Brannkampen skal starta ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er eg vaken. :o

- Grunnen til det er at eg ikkje har vore på jobb enno, men skal jobba frå halv fem til tolv om kvelden. Så i dag har eg sove lenge, og kvilt meg godt. :kul:

Eg sit å surfar etter drøymekjolen. Ikkje lett å finna noko.

Ha ein fin dag, alle saman! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg lese!

*stor fanfare*

Har lese om elevar med åtferdsvanskar, og eg tenkjer heile tida på om nokon eg kjenner, eventuelt nokon eg tidlegare har gått i klasse med passar inn i skildringane, så det er litt forstyrrande. :roll:

Elles trur eg at eg har funne den sofaen eg har lyst på! :D På Skeidar fann eg ein lilla sofa, i multiserien, slik at me kan endra både samansetjing, armlen og føtter til akkurat det me vil ha! Er ikkje det ein fin ting å ynskje seg til bryllaupet, for oss som allereie har arva alt, kanskje?? :kul:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...