Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Dagen var snill mot meg, han.

- Og ungane også.

Eg var faktisk ikkje vikar då du skreiv innlegget, ikkje før kvart på ett til kvart på fire. Det er ikkje mange timane det er snakk om, men slik er det å vera vikar på SFO.

Satsar på at all denne vikarieringa på SFO kan hjelpa meg å få ein fot innanfor skuledørene på andre måtar også. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har fått ein vikartime! :D

- Det vart som eg sa! ;) No har eg fått min fyrste vikartime på den skulen eg er på SFO på. :ler: tihi

Menne.. no må eg *smitta av Pip* avgarde og laga leseplan for hausten... Og gå tur med hunden må eg også..

Så me "snakkast" vel :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

...ja, ein fot innfor dørene kan føre til så mangt...! :D Så kjekt då - håpar det blir fleire vikartimar etter kvart!

Og så er det jo litt stas å ha inspirert idolet mitt ang. leseplan... :sjenert::wink:

Nyt onsdagen! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Inspirert, ja - absolutt!

-Men fekk eg gjort det? - Nei, dessverre ikkje... :( *skamme seg*

Men eg hadde jo den vikartimen å førebu meg til, og så var eg på den andre jobben min om kvelden.. for å unnskylde kvifor eg ikkje fekk gjort det..

I tillegg fekk eg beskjed at eg fekk ein vikartime til, like etter den eg hadde :) (om det var mulig å skjøna den setningen)

Men no må eg avgarde å betala litt rekningar ettersom løna kom i går kveld... ;)

Ha ein megafin dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Men det er jo ikkje for seint, då! Med leseplan altså :)

Stakk i grunnen berre innom for å sjå om det var noko nytt med deg, og for å ynskje deg ein riktig fin fredag og god helg! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:vinke:

Har du sove godt i natt og fått nye krefter? Utruleg kva ei god natts søvn kan bety!

Ha ein fin dag, snuppa, og ei fine veke!

'Treffe deg når eg ser deg!' :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ny veka, ny giv, nye krefter.

- Er det ikkje fantastisk at kvar sjuande dag får me på ein måte ein ny start?

Eg er dessverre litt trist i dag, har vore det heilt sidan onsdag... :(

- Pusen min har gått frå meg. Eg slapp han ut for å tissa om kvelden på tirsdag, og då eg skulle sleppa han innatt var han der ikkje. Vel, ikkje så uvanleg det, akkurat. Er mange gongar han har vore ute om natta, så eg tenkte ikkje noko særleg over det.

Om morgonen etter var han ikkje på trammen då eg var ute for å henta han... hmmm.. Han plar alltid vera klar for å komma inn etter å ha vore så lenge ute.

Så eg ropte og ropte.

- Og sidan har eg ropt. Til alle døgnets tider. Men ingen Lusse. :cry:

Eg gjer han eit par dagar til før eg gjer noko meir. Alle kattar plar ta seg ein tur på kring ei vekes tid når dei er omlag på hans alder.

Det skumle er jo at me bur berre 100 meter frå motorvegen....

Jaja.. Måtte berre få det ut! Alt som boblar og sydar og tærar meg innvendig...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var ein ting eg tenkte at eg måtte få inn i dagboka mi... ka va da då?

Jo!

Må jo skriva at eg skal vera vikar i måro! :) tihi

- Haldt på å gløyma det i alt savnet etter pusen...

Så tenk litt på meg i morgon på føremiddagen, for då står eg og gaular på ein brote 2. klassingar... :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Naaaai - er pusen vekke? :( Uff - håpar han berre er ute på macho oppdagarferd, og snart bestemmer seg for at heime er best! Men skjønar godt at du er bekymra, med trafikken og sånn :trøste:

Lukke til med 2.klassingane i morgon - dei er herlege då! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip:

Satsar på det med macho oppdagarferd tenkjer eg. Så får me håpa han kjem heim med ei diger rotte i kjeften. ;)

Som pusemamma er eg svært bekymra. Skal ringa Dyrebeskyttelen seinare i dag, og høyra om dei har sett noko til han.

I dag har eg fri!

-Det er godt det! :)

Ikkje heilt fri då.. Skal på skiftleiaropplæring klokka tre, og på lønningspils klokka åtte, men utanom det så har eg teke dagen fri.

Skal starta eit nytt og betre liv i morgon, med lesing og hardt studenttilvêr. Skal straks starta på leseplanen som geg snakka så høgt om at egh skulle laga i førre veka eingong, men som altså ikkje har skjedd før no...

Usje... Har så lite tid for tida.. Skjønar ikkje kvar ho blir av... Tida altså.. :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klem: Pusen kjem nok tilbake - om ikkje med rotte så i alle fall med mange erfaringar, sikkert! Viss det ikkje var for at han er kastrert (for det er han!?) så kunne han jo vore vekke i vekevis utan særleg grunn til bekymring - hankattane heime kan vere på vandring svært lenge i alle fall. Men sjølv dei kastrerte må vel få ta seg ein liten tur... :ler: Neida, men kryssar fingrar og alt sånn for at han kjem til svars!

Og du - skal me starte ein felles kampanje for å auke timetalet pr. døger med i alle fall 5? :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg er klart med på kampanjen Pip!

Og katten... ja, han er kastrert, ja. :) Men den forrige pusen min stakk også av, men ho kom aldri tilbake... :(

PM er forresten sendt ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klem: takk for PM, kjære! :)

Har forresten òg hatt ein katt som drog ut på tur og aldri kom att - men han vart skoten av ein mann i nærleiken som skaut villkattar med hagle. (Og korleis skulle han vite at min katt ikkje var vill? Dust! :-?) Eg trur nok Lusse kjem att eg! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oi!

Ny side! :D

Enno ikkje høyrt frå Lusse... Uff... Ringjer Dyrebeskyttelsen i morgon, den dag.

Takk for PM sjølv, vennen! :klem:

- Håpar du finn ut av det!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:( Uff. Synst så synd i deg som ankar på vesle gullet ditt! Håpar nokon har funne han då - eller i alle fall sett han - så de finn ut av det i morgon! :klem:

Eg må jo berre finne ut av det - men skulle som sagt ynskje eg fekk skrifta på veggen, og slapp å bestemme dette sjølv... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Får håpe du snart finner pusen din da! Ikke gøy å være bekymra.

Lykke til med leseplanen (og med å få døgnet 5 timer lengre, vil gjerne få høre åssen det går! ) :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Nett komen heim frå skulen no.

- Har vore vikar i tre timar i 5. klasse.

Så no er det lesetid, før eg skal på den andre jobben min i kveld. *tørke sveitten*

I helga har eg lurt på om eg skal reisa heim til foreldra mine, men eg er enno ikkje heilt sikker på det. Får visst tenkja litt på det medan eg les om autisme og AD/HD.

Ha ein strålande dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...