Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Har de hatt ei fin jul allesaman?

Jepps! Har skrive så mykje om jula inne hos meg at eg ikkje kan forestille meg noko du gjerne vil vite som ikkje står der - viss så skulle vere tilfelle får du berre spørje! :ler:

Skal jobbe mellom helgane du altså? Glad eg slepp det, men håpar du får fine dagar på jobb! Kos deg, og godt nyttår, snuppis! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Heisann snuppene!

- Og takk for klemmane. :klem: og :klem: tilbake til dykk!

- Og Pip: eg trur eg er oppdatert på jula di... Så langt! :P

I dag har eg vore på jobb. Kos det, no i jula! Me har berre hatt det kjekt i dag. Vore masse inne og litt ute. Og så hadde den ein kollegaen min med seg Franklin-film i dag, så då måtte me jo sjå litt på den. ;) Me var saman, heile barnehagen då me såg film. ;) Det var så få barn at det var plass til alle på den eine avdelinga.

Etter jobb var me på besøk til kusina mi og dottera hennar, samt tanta mi. :) Det var kjempekoseleg. :D Har ikkje sett dei på veldig lenge, så no var det godt å sjå dei att.

Men så var det desse invitasjonane då... Snakkast!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann! Korleis går det? Du er så heldig som har begynt på invitasjonane dine!! eg har også lyst, men skal greie å vente litt til, trur eg.. Hehe..... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

veslo: Hehe! Det er jo kjekt, men det kjekkaste er at trulovamannen er med på dei! :D Meir om invitasjonane i bryllupsdagboka...

Ja, så var arbeidsdagane i det gamle året over. Og me skal slappa av og gjera oss klare for det nye...

Lukke til med det allesaman! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Godt nytt år!

No er me nett komen heim frå foreldra mine, der me har feirt nyttår saman med dei og bestemødrene mine. Koseleg det!

1. nyttårsdag har bror min bursdag. Og i år vart han 20! Ein stor dag i livet! Og så var det nasjonal sørgedag.... Triste greier. Bursdagen vart liksom ikkje det han kunne vore, kan ein seie. For me var alle prega av tragedien i Asia.

Men det vart nok av kaker og mat å få der "heima." Trur det er ein ting alle foreledre får når borna flyttar ut; ein slags angst for at me ikkje et nok, eller klarar å laga mat sjølve. Og dei proppar i oss med all slags godsaker, til det tyt i øyro våre. :tunge1: Neida! Så gale er det då ikkje! Men eg har fått min dose av julemat for ei stund kjenner eg. :nisseblunk:

Vemodig å reisa frå gjengen der heima. Det har vorte så altfor sjeldan at me har sett dei denne vinteren. Sjølv om me har vore der to gongar i jule- og nyttårshelga, har eg ei kjensle av at me ikkje har vore der i det heile tatt dei siste to månadene.

Men den kjensla har eg i grunn om alle våre kjente og kjære. Det kjennest ut som at eg berre har jobba, ete og sove dei to siste månadene. Eg må ha meg litt meir tid til rekonvalens. Og når eg har fått tid til det, må eg få tid til å sjå familie og vener att.

Eg trur at eg eigentleg er ganske "neråt" som det heiter på mi dialekt. Eg har kjørt meg sjølv ganske hardt dei siste åra. Med tanke på jobbing og studering, samt å rekkja å vera med på alt. Men no trur eg kroppen min prøver å fortelja meg noko.

Eg har i november og desember kjent nokre signal som kroppen har sendt ut, som eg no i dei siste vekene har lagt merke til. Desse signala har eg forsøkt å tyda, og har kome fram til at det må vera eit slags varsel. Ein måte kroppen min fortel meg at: "no er det nok!" For når eg er ferdig i barnehagen om dagen, så et eg middag, og sovnar på sofaen. Så surfar eg i ein halvtime på KG, før eg lyt gå til køys.

Eg spurde svigerinna mi (som er førskulelærar) om dette var normalt i hennar kvardag også, men då sa ho at det var det ikkje. Og dei siste jobbehelgane mine i den andre jobben eg har, har eg vorte kvalm og uvel, slik at eg ikkje har vore på jobb. Etterkvart som tida har gått har eg faktisk vorte kvalm og uvel berre eg tenkjer på å jobba der.

Ikkje veit eg, om eg berre treng ein pause frå den eine jobben, eller om eg faktisk held på å slita meg sjølv ut, og faktisk treng ein pause frå alt saman!? Vanskeleg å seie.. Men eg skal ringja fastlegen min i morgon, og forklara han situasjonen, og spørja om å i alle fall få litt pause frå den eine jobben, om ikkje han rådar meg til å ta pause frå begge. Me får sjå...

Jaja... Vart langt dette, men eg måtte få det ut. Eg likar ikkje å tyngja forlovamannen med alle tankane mine heile tida heller. Han er sjuk, så då har han sikkert nok med seg sjølv akkurat no, stakkar...

Men ha ein fantastisk start på det nye året, jenter!

- Me sjåast snart att! :gullengel:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen!

I dag har det vore planleggingsdag i barnehagen. Me var ute heile dagen! - Kjempekjekt! :)

Snakka med kontordama til fastlegen min i pausen, og fekk time på fredag. Så får me sjå kva han seier til meg...

Trøytt no.. Får ta turen innom litt seinare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest gjest1

Leit å høre at du ikkje har det heilt bra... Men godt å vite at du er klar over situasjonen din. Ta vare på deg sjølv, vennen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for helsingar veslo og Pip!

- Eg tek det piano når det ikkje må skje noko. Sovna på sofaen her i stad, så eg har snudd sovinga litt på hovudet. Men no ser det ut til at eg endeleg har vorte litt trøytt att. :) Natta! :sove:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Heihå!

Ja, i dag var eg hos legen. Han kunne fortelja meg at det eg eventuelt hadde kunne vera så mangt. Men eg ga han no mange ulike knaggar å henga tinga på, slik at han har eit mest mogleg nyansert bilete av livssituasjonen, og helsa mi.

Han ba meg om å eta sunt og sånn, og mosjonera meir enn eg har gjort. Då eg sa at eg ikkje orka det, sa han at eg måtte orka det. For det kunne vera med på å gje meg meir overskudd. Så då gjer me som legen seier og håpar at det blir betre med det.

Han ville også ha masse av blodet mitt, og det skal eg opp på sjukehuset og tappa ut på måndag. Så får me sjå når eg skal tilbake til han om 3 veker, kva han seier då...

Men no må eg visst rydda litt her, me fekk nett veta at me får besøk i morgon, og då er det greit at besøket ikkje kjem vassande inn i svinestien vår, men at det ser litt fint ut her. :husarbeid:

Snakkast småflickor!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oi!

Har heilt gløymt å fortelja den traumatiske hendinga me opplevde no i veka!

På tysdag, andre dag etter jul, og ferie for trulovamannen, kom sjefen hans inn på kontoret hans og prata litt om laust og fast. Etter at dei hadde prata skit ei stund, kom sjefen til poenget, og jammen kom det vel ikkje fram at trulovamannen ikkje var "nødvendig" i firmaet lengre... :hakeslepp:

Grunnen som følgde var at han har begynt å stå litt på krava, og tenkja litt på eiga helse og på meg, og derfor ikkje orkar å reisa så masse som tidlegare (opptil fleire gongar i veka) og at han ikkje er villig til å arbeida gratis overtid for firmaet lengre... :kysse:

Dette likar visst ikkje sjefen. Tydelegvis. Så difor har min trulova jobb fram til siste januar, (med løn ut april.) :sinna:

Så dette fekk eg vita på tysdag ettermiddag. Noko som fekk meg til å bli :kjempesinna: og klikka heilt på sjefen til trulovamannen. Eg klikka meg inn på heimesidene til fagforbundet hans og fann svart på kvitt at dei ikkje hadde lov til å behandla min kjære på den måten.

Men trulovamannen hadde visst allereie bestemt seg for å godta heile greia og dagen etter leverte han oppseiinga si, istaden for å venta på skriftleg oppseiing frå leiinga si side. Argh!

Menmen.. Hn har klaga på dårleg arbeisforhold i to år no, så eg forstår at han er glad for at han endeleg kjem seg ut derfrå. Eg har jo jobb no, så me klarar oss nok, men det einaste var timinga. Rett føre bryllupet. Det var dårleg gjort. Sjefen visste om det. - Dust altså!

Å, eg kunne vel ha gjort veldig stygge ting med sjefen til trulovamannen akkurat då altså... Flaks for han at han ikkje var i nærleiken! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klem:

Uff, så kjedeleg med jobben til kjærasten! :-? Men eg trur han finn seg ein betre jobb - der dei set pris på han!

Ellers så måtte eg berre seie at det er heilt sant at trening gjev overskot! :) Håpar det ikkje er noko ukoseleg i blodet ditt i alle fall!

Ha ei strålande helg, snuppis!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det kan nesten høres ut som du er i ferd med å bli litt utbrent, iallefall må du passe på deg selv! Og trening hjelper for overskuddet, problemet er jo ofte at man ikke har overskudd til å begynne å trene. Men håper du får det til likevel, og at det ikke er noe alvorlig!

Og det hørtes ikke akkurat ut som forloveden din hadde fått noen saklig oppsigelse, nei. Får håpe han finner en annen jobb snart da!

:klem: til dere begge to.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

I dag har eg starta slankedagbok på slankenett.no (igjen)!

Takk for besøk Pip og pusla!

- Det er veldig kjedeleg med jobben, ja, men me har stor tru på at noko betre er i vente! Han er heldivis veldig gira på å få seg noko nytt/anna og me gler oss til den nye jobben er i boks!

Legen visste ikkje heilt om det var utbrent eg var, men eg fekk sjukemelding frå den eine jobben min for sikkerheita si skuld. Så me får kryssa fingrane for at det ikkje er noko muffins i blodet mitt, og at det ikkje er noko gale med stoffskifte mitt. At eg berre har feil kosthald og lite mosjon.

Me har hatt besøk av kusina og fetteren min nett. Han skal i militæret, og dei ville koma innom ein tur før han drog.

Det var neimen ikkje lett å få besøk allereie andre dagen i det nye livet mitt, nei. Hadde store vanskar med å eta berre sunne ting og berre drikka vatn. Sette fram restane av julekjeksa og chips og greier. Mmmm... Eg plar vera den som et mest av begge dei nemnte, men i dag stod eg mot! Hurra for meg!

Men no skal eg laga sunn middag, alt for seint, men akk! Me skal ha tortilla, slik at ein kan bestemma sjølv kor mykje av ditt og datt ein skal ha på! :D Og etter at me har ete, skal eg gå laaaang tur!

Ha ein super-duper laurdagskveld!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, titter innom her en tur. :) Takk for besøk i boka mi, hyggelig det.

Mm, tortillas er favorittmaten til meg og sambo. Skal ha det i morgen. :sikle:

Håper du har hatt en fin lørdag. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...