Gå til innhold

Draumen om tredjegullet!


Anbefalte innlegg

Skrevet

Krysser fingrene for deg nå Mirabella :rodmer: Oddsen må være på din side nå ;) 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Etterlatar eit lite spor. Likar godt å lese I dagboka di:) Lykke til imorgon!

Skrevet (endret)

I morgon er det tid for innsett, viss egget overlever opptininga! Det blir kjempespennande og skummelt på ein gang. Eg er så redd for at egget ikkje skal overleva opptininga. Me har berre eit einaste egg på frys, så eg føler at det er mykje som står på spill! 

Endret av Mirabella76
Skrevet

Krysser fingrene for deg nå Mirabella :rodmer: Oddsen må være på din side nå ;) 

Takk for det, Kakaoen! :klem: Ja, eg håpar virkelig at det er min tur no. :)

Skrevet (endret)

Etterlatar eit lite spor. Likar godt å lese I dagboka di:) Lykke til imorgon!

Så kjekt å høyra! :) Koselig at du legg igjen eit lite spor, miaw! Takk for lykkeønskningar. :klem:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Masse lykke til i morgen!! :klem:

Takk for det, Kokos! :klem:

Skrevet

Masse lykke til :klemmer: 

Takk for det! :klemmer:

Skrevet

Lykke til, Mirabella! Håper dette går veien :)

 

Skrevet (endret)

Lykke til, Mirabella! Håper dette går veien :)

 

 

Tenker (og heier) på deg! :duskedame: 

Takk til dåke begge to! :klem:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Ja, då var innsettet overstått, og eg har blitt rugar av ein perfekt blastocyst! glis.gif Legen sa at egget var av like god kvalitet etter opptining, som før det vart fryst ned. smil.gif Eg spurte om kor god kvalitet egget egentlig var av i utgangspunktet. Då svarte han at det var av topp kvalitet, for dei fryser berre ned egg som er av A-klasse, altså av beste kvalitet! smil.gif Så det var jo veldig kjekt å høyra!

Var så redd for å få telefon frå klinikken i dag tidlig, for eg rekna med dei ringte viss egget ikkje overlevde opptininga. Men når timane gjekk uten at telefonen ringte, så slappa eg litt meir av, for då rekna eg med at egget hadde klart seg. Og det hadde det jo heldigvis! smiley.gif

Når eg kom inn til innsett, så fekk eg først sjå egget på skjermen. smil.gif Så tok legen UL, og fann då ut at eg hadde fått ein cyste på venstre eggstokk, der han såg ein sprukken eggpose. deppa.gif Eg vart veldig overraska over at eg hadde hatt eggløysing på venstre side. For då eg var på UL forrige fredag, var egget på venstre eggstokk kun 14 mm, mens egget på høgre eggstokk var 18 mm. Så kvifor eggløysinga hadde skjedd på venstre eggstokk, det skjønnar eg fortsatt ikkje. Eg mistenkte faktisk at eg kunne ha fått ein cyste, for eg hadde eggløysingsliknande smerter i mange dagar etter at eggløysingssprøyta var sett, og det pleier eg aldri å ha etter eggløysing. Det rare var at smertene var på høgre side i magen, ikkje venstre side, der cysten var.

Legen påstod at cysten ikkje skulle ha noko å seia for resultatet av dette fryseforsøket, då eg spurte. Håpar virkelig at det stemmer, for det er kjipt viss det skal gjera at sjansen for positivt resultat blir dårligare. Eg spurte også om korleis livmorslimhinna såg ut, og legen svarte berre at den var fin. Så eg veit ikkje kor mange millimeter den var på. Fekk litt følelsen av at forholda i livmora ikkje var heilt optimale, for legen såg veldig skeptisk ut då han oppdaga cysten. paranoid.gif Men forhåpentligvis var det berre noko eg følte. Sjølve innsettet var heilt smertefritt denne gangen også.

Etter at innsettet var overstått, spurte eg sykepleiaren om kvifor eg ikkje skulle ha progesteronstøtte etter innsett. Sa eg hadde høyrt at det var vanlig også ved fryseforsøk i naturlig syklus. Nevnte også at eg har mista tidlig i to av mine fire graviditetar, og at eg av den grunn også følte at det hadde vore greit med litt ekstra progesteronstøtte. Sykepleiaren sa at eg kunne få ta det opp med legen. Måtte venta litt på venterommet, så fekk eg snakka med legen igjen.

Legen forklarte det med at ved fryseforsøk i naturlig syklus, så produserte kroppen progesteron sjølv, og at det derfor ikkje var nødvendig med ekstra progesteronstøtte. Men han skjønte at eg var litt skeptisk, sidan eg har mista før. Så han sa at viss det gjorde at eg følte meg tryggare, så kunne han skriva ut resept på Lutinus til meg. smil.gif Så slapp eg å lura på om det at eg ikkje hadde tatt progesterontilskudd kunne vera grunnen til at eg ikkje vart gravid, om resultatet av fryseforsøket skulle bli negativt. Men eg skal ikkje ta Lutinus 3 gangar om dagen, sånn som eg gjorde då me hadde ferskforsøk. Eg skal kun ta ein gang om dagen, om kvelden før eg legg meg.

Testdato er 22. desember! smil.gif Tenk, endelig er eg rugar igjen! heia.gif

Skrevet

Gratulerer som ruger!! Så kjekt at alt gikk som det skulle, og at du ble hørt av legen mht. Lutinus. Da gjør du i alle fall alt du kan :)

 

Skrevet (endret)

Gratulerer som ruger!! Så kjekt at alt gikk som det skulle, og at du ble hørt av legen mht. Lutinus. Da gjør du i alle fall alt du kan :)

 

Takk! :klem:

Ja, eg er glad for at legen høyrte på meg, og skreiv ut ein resept på Lutinus til meg. :-) Eg har allerede begynt å leita etter symptom. :sjenert: Eg fekk jo sett inn ein blastocyst, og etter dette har høyrt er eggposen då klar til å sprikka, og egget kan festa seg. Så her er symptomjakta i gang for fullt! :fnise:

Endret av Mirabella76
Skrevet (endret)

-

Endret av Mirabella76
Skrevet

Gratulerer som ruger! Jeg har ikke kommentert her før, kun sniklest ;)

Skrevet

Gratulerer som ruger 😃😃 denne gang et det deres tur!

Skrevet (endret)

Gratulerer som ruger! Jeg har ikke kommentert her før, kun sniklest ;)

Takk for det, Weebs! :klem: Koselig at du legg igjen ein kommentar i dagboka mi, etter å ha vore sniklesar. :)

Endret av Mirabella76
Skrevet (endret)

Gratulerer som ruger 😃😃 denne gang et det deres tur!

Takk skal du ha, QBee! :klem: Ja, denne gangen håpar eg virkelig at det blir vår tur! :)

Endret av Mirabella76

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...