Gå til innhold

liten spire gror i magen


Fru Edderkopp

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

No er kynnerene og riene borte. Pluss stråling i beina som eg også hadde. Det verste var vel å reisa heim uten baby. Det vetle sjukehuset er så redd for at eg ikkje skal nå fram til Haugesund. Ein heisatur i ambulanse med rier i tre timar ynskjer vel ingen. Spasmene vil jo komma med store smerter kanskje men sist under pressriene (då epuduralen slutta å virke) kom ikkje spasmne fram. Men vi tar ingen sjansar. Ny kontroll på fredag. Er det modning vert eg nok send på nytt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til, Fru E. Litt over normalt spennende, skjønner jeg. Men det er ikke lenge igjen nå!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er eg i Haugesund igjen. Eg begynte plutselig å blø onsdag morning. No ligger vi på et hotell som sjukehuset har et samarbeid med. Har ein del vondt i mage og lysk. Har framleis masse blodslim.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om eg ikkje føder innen helga skal eg på undersøkelse på sjukehuset på mandag. No meiner dei og at eg har 2-3 cm opning.

Endret av Fru Edderkopp
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 mai kom jenta vår ho var 3885 g og 49 cm. Fødselen tok to timer berre. Hektisk! Ho er herlig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hipp hurra, gratulerer med det lille vidunderet!!! :strix: Kos dere masse masse!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for helsningar!

Eg burde vel fortelje vår fødselshistorie og om tida etterpå. Onsdag 1 mai vakna eg opp med blødning. Eg ringte føden på det vetle sjukehuset ganske raskt. Me enda opp i bilen på veg til sjekk. Der vart eg lagt på registrering og eg hadde samantrekningar og 2-3 cm opning. Eg enda opp i ambulanse med jordmor men det vart ein lite actionfylt tur ned til det store sjukehuset. Men det viser seg seinare at det var ganske så lurt å reise nedover.... Eg vart sjekka på nytt på det store sjukehuset og lagt på ctg registering. Det slo ut samantrekningar igjen og konstantert teikningsblødning. Dei er enig i opninga denne gongen og det vert bestemt at vi får bu på hotellet som sjukehuset samarbeider med. Om ikkje eg føder innen måndag vart det ny sjekk at. Resten av onsdagen hadde eg ein del vondt men vi såg ein del dvdar og prøver å slappe av.

Eg vaknar i femtida neste morning med vondt i magen tilslutt må eg stå opp. Kynnarane slepp taket og eg bestemmer meg til å avvente med å kontakte sjukehuset. Vi reiser ut på handel for å skaffe oss alt vi har glemt. Eg hostar mykje men føler meg ellers i grei form.

Mannen reiser ut for å springe litt seinare. Når han kjem att ser me på TV. Plutseleg utbryter han mens eg småklagar over litt kynnarar at magen ser ut som ungen reiser seg inni magen. To sekunder etter kjenner eg noko som renn nedover beina mine. - Vatnet har gått. Me kontaktar sjukehuset og reiser opp der.

Når vi kjem opp der vert eg lagt på ctg registering og skjønar fort at dei er midt i vaktskiftet. Eg føler meg ganske fint og jordmora som tar i mot meg regner nok med at eg ikkje føder med det første....

Så feil kan ein ta desverre. Etter ho går aukar riene på. Til slutt ligg eg og hyler og ventar på at nokon skal kome. Ringeklokka virkar ikkje. Mannen min prøver å dra fleire gonger utan hell. Eg ber han til slutt å gå ut i gangen men han finn ingen. I det eg ligg å grin og tek eit godt tak i benken å ber han på nytt hente hjelp. ( Det må seiast at kvar gong eg ber han hente hjelp, seier eg og at ikkje vil at han skal gå frå meg...) kjem ei jordmor endeleg inn. Ho sjekkar meg og konstanter 6-7 cm opning og seier at vi må skunde oss til fødestova. Mannen min lemper meg over i stolen og køyerer meg så raskt han kan inn på fødestova.

Sorry må sove men skriv meir i morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe damer...her kjem resten. Eg vert lagt over i fødesenga og vi startar å tenkje på epuduralen som vi er usikker om ein når sette. Anestesi vert ringt og kjem opp. Mannen som kjem prøver å stikke fleire gonger utan hell mellom riene mens eg ligg å tviheld på lystgassen. Jordmora vil berre sjekke meg ei gong til og ser hovudet til baby. Anstesi må berre gå mens eg startar på pressriene. Etter ei trykketid på 16 min er jenta vår ute. Eg har ein blødning som er litt ut av kontroll og mister ein del blod. Eg får drypp for å få livmora til å trekke seg saman. Så er alt berre herlig. Eg er stolt som takla å føde på 1 t og 41 min.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjapp fødsel, ja! Fin historie! Det gode med det hele er jo at alle auau blir nokså fort glemt. (For all del, jeg kjenner fortsatt åpningsriene på kroppen når jeg kjenner etter.. Og det var det verste! :fnise: )

Så herlig med en bitteliten en, håper dere koser dere masse! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Annonse

[1] Category widget

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...