Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

Du er så flink og aktiv!! :jepp:

Synes du skal gi deg selv en stoor klapp på skuldra og tommel-opp hver dag, istedenfor å si at du "bare sykla 12 km" etc -- du er flink! Synes 12 km på sykkel er langt jeg!!

Har du gutten i sykkelsete når du sykler, eller sykler du alene? Håper på å få prøvd meg på en sykkeltur iløpet av uka jeg og! :)

Tusen takk! :takke: Eg er eigentleg einig med deg - 12 km er kjempebra og ikkje noko "berre"! :jepp: Er veldig fornøgd med det, for det er 12 km meir enn eg gjorde tidlegare ;) Hihi :) Og det er godt at nokre dagar er det "berre" 12 km sykling + tur, for dei dagane det er tredemølle i tillegg blir eg veeeldig sliten! Så eg er storfornøgd eigentleg :) For eg har alltid vore bedagelig anlagt og likt meg aller best i sofaen ;)

Eg syklar 4x3 km, til/frå bhg, så eg har guten i sykkelsete når eg bringer og når eg hentar han. Han storkosar seg :) Eg bruker å rope bak "går det bra?" og får til svar "mhm!" :) Må kanskje kjøpe sykkelvogn etterkvart, mtp haustveret som nærmar seg, men foreløpig liker eg veldig godt sykkelsete. Enkelt og greit for meg, og han får litt vind i ansiktet, får sjå mykje, og det går (relativt) fort :) Verdt å prøve ut! :jepp: Håper du også får tatt deg ein tur ut i løpet av veka, for det er eigentleg ei fin treningsform :) Og skånsomt for bekkenet ditt, som eg fått med meg du slit litt med.. Sikkert betre enn gåtur på asfalt i alle fall :)

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Ok. dere er heldige som har bhgen i gang/sykkelavstand:jepp: vi har ei kjempefin sykkelvogn, men jeg har ikke brukt den så mye dessverre, er egentlig ikke så glad i å sykle. Men skal absolutt prøve det, er visst som du sier mer skånsomt for bekkenet enn løping/gåing :) synd at E er for lita til å sitte i den, har jo god tid til sykling mens storebror er i bhgen.

Håper dere har en fin dag :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag måtte eg stige på vekta TO gongar, for eg holdt på å dååååne :daane:

Vekta viste nemleg MINUS 2,3 kg!! Oioioioi! :bond::bolledeig::danse: Det er kanskje mykje væske, mtp på tørstheten eg konstant føler (i går drakk eg sikker 2 liter vatn, minst!), men likevel! Har tatt av meg 5,4 kg sidan oppstart 5. august, og er såklart kjempefornøgd! :)

I dag er eigentleg joggedag, men eg føler meg ganske sliten, så eg dropper det i dag. Det blir uansett 12 km sykling og 5 km tur :)

Og i kveld skal vi koooose oss med fajitas og iiiiskald Pepsi Max!! :sikle:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Juhuuuu, for et SUPERBRA vekttap du har hatt den siste uka!! :bolledeig::hoppe: Flinkisen!!!!

Håper dere har hatt ei superfin helg, velfortjent med kos på fredag! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Juhuuuu, for et SUPERBRA vekttap du har hatt den siste uka!! :bolledeig::hoppe: Flinkisen!!!!

Håper dere har hatt ei superfin helg, velfortjent med kos på fredag! :klemmer:

Signerer!!!! Kjempeflink!! :)
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Juhuuuu, for et SUPERBRA vekttap du har hatt den siste uka!! :bolledeig::hoppe: Flinkisen!!!!

Håper dere har hatt ei superfin helg, velfortjent med kos på fredag! :klemmer:

Signerer!!!! Kjempeflink!! :)

Tusen takk, begge to! :hoppe: Eg er kjempefornøgd, men også fullstendig klar over (og forberedt på) at neste veging ikkje blir fullt så bra, kanskje til og med oppgang i vekta. Men eg skal såklart gjere mitt beste for at det IKKJE skal skje! ;)

Fekk i alle fall kosa oss masse i helga med mykje god mat ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ferdig med 50% av syklinga (6 km) og joggeøkta i dag :) Auke i joggeprogrammet i dag, og det gjekk finfint. Følger eit program der ein skal klare å jogge 30 min samanhengande på 10 veker, men eg strekker det ut litt lenger, og aukar kanskje annankvar veke i staden for kvar. Skunde seg langsamt, det er min filosofi :) I dag var det (5 min jogg, 2,5 min gå)x4 + oppvarming og nedtrapping. Tilsaman 35 minutt og ca 300 kcal :)

Turen i dag utgår, fordi vi skal avgårde og stemme. Det er trass alt viktigare enn 5 km ;) Håper på ny regjering! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går sykla eg 6 km (til/frå bhg), og gjekk 6 km til/frå bhg. Skulle eigentleg sykle, men så skulle eg berre pumpe opp bakdekket, og slapp ut meir luft enn eg pumpa inn..så då måtte eg gå :P Vi gjekk også tur i går, så tilsaman vart det 6 km sykling og 11 km gåing :)

I dag blir det 12 km sykling (best å overlate pumping til mannen heretter ja ;) ), tredemølleøkt og forhåpentlegvis tur. Det spørst når mannen kjem heim frå jobb. Er ferdig med tredemølleøkta, den ga ca 300 kcal og 35 minutt :)

Appen på tlf har sånn artig "how far?"-greie, der eg kan sjå på eit kart kor langt eg har gått/sykla/løpt i løpet av alle treningsøktene mine. Hittil har eg kome meg 576,62 km avgarde, og er forbi både Bergen og Trondheim :) Målet er såklart å gå verda rundt ;) Og så sa mannen min at eg kan få som premie at kvar gong eg når ein ny større by (a la Bergen eller Trondheim, ikkje f.eks. Røros, om det er ein by :P ), så kan eg kjøpe meg noko, f.eks. frå Stoff og Stil, Ellos eller Sparkjøp :) Men akkurat no har vi litt lite peng, så Stoff og Stil må vente litt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvor gjør dere av gutten når dere går tur? :) har han tålmodighet til å sitte så lenge i vogna nesten hver kveld?

Viss det regner eller bles mykje så sit han i vogn, og viss det er relativt fint så set han i beremeis på ryggen til pappaen :) Det har stort sett gått veldig greit, det var ein gong han vart litt lei på slutten, for eg trur han fraus. Turen er ca 5 km, og vi bruker ca 70 minutt. Vi går altså ikkje så veldig fort, og det er inkl. nokre stopp her og der. F.eks. så bruker M å få kaste stein i elva, ca halvvegs. Og så stoppar vi for å skrive oss inn i ei bok som er på ruta :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Viss det regner eller bles mykje så sit han i vogn, og viss det er relativt fint så set han i beremeis på ryggen til pappaen :) Det har stort sett gått veldig greit, det var ein gong han vart litt lei på slutten, for eg trur han fraus. Turen er ca 5 km, og vi bruker ca 70 minutt. Vi går altså ikkje så veldig fort, og det er inkl. nokre stopp her og der. F.eks. så bruker M å få kaste stein i elva, ca halvvegs. Og så stoppar vi for å skrive oss inn i ei bok som er på ruta :)

Ok. Er jo supert å kunne gjøre slike familieting. :)
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går satte vi ny rekord rundt vatnet: 68 minutt og 31 sekund, første gong under 70 minutt! :tommelsmil: Vi går ikkje kjempefort altså, det er nok min feil. Eg både går treigt og har korte steg, så det går ikkje så fort framover :P Men vi går runda, det er det viktigaste :) Og ny rekord altså - supert! :)

Vegedag i dag, og eg hadde forventa å gå opp pga det kraftige vekttapet forrige veke..men eg gjekk ned heile 200 gram! :fnise: Ikkje kjempemasse, men eg er fornøgd! :) Minus 2,5 kg på to veker, kjempebra! :)

I dag blir det ikkje tur, for vi har bestemt oss for å kutte fredagsturane. Det blir for mykje pes når vi også skal rekke å handle for neste veke, lage middag og ete, og leike med M før han skal legge seg. Pluss at vi ofte er slitne i kroppen etter veka :) Så då får vi heller vere ekstra flinke med turar mandag til torsdag :)

Det blir uansett 12 km sykling i dag (i ØSPØSregn!) og eg har jogga på tredemølla. :)

GOD helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Annonse

Helt enig med Teriyaki -- du er kjempeflink!! Må være superdeilig å se slike resultater!! Og veldig fortjent! :jepp:

God helg :klemmer:

Tusen takk! :) Er veldig fornøgd med all vektnedgang, også 200 gram! :) Alt er velkomment :fnise:

God helg til deg også! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er mannen på jakt, så eg og gutungen er heime åleine. Vi har gått ein trilletur, det vart 4,73 km og 390 kcal :) Ikkje verst det, på ein søndag ;) Men det trengs, for i går var vi på restaurant og feira svigermor, så då vart det både middag og dessert :)

Og..*kremt*..sidan mannen skulle på jakt, så fann vi ut at det var ei ypperleg anledning til å teste ut to nye sjokoladar..Mjølkesjokolade med bobler og karamell, og den mokkasjokoladen.. Men det er berre eit eingongstilfelle, i morgon er det tilbake til null sjokolade, potetgull og godteri :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har blitt potte tett i nasen, med medfølgande surring i hovudet, så det blir ikkje noko særleg trening framover. Jogga ikkje i går, for då kjende eg det begynte å krible i nasen. Har blitt verre over natta. Så det blir med 12 km sykling kvar dag, og det får halde :) Prøve å passe kostholdet heller (seier eg, som nettopp har drukke ein kopp med kakao.. :plystre: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Framleis forkjøla, i går hadde eg biiittelitt feber (38,2), i dag heldigvis ikkje. Blir avslapning i dag også, berre 12 km sykling. Eg har dårleg nok pust som det er, klarer ikkje å jogge med tett nase og kløe bak i halsen. Normale folk gjer sikkert det, men eg med min dårlege kondis kan ikkje det :fnise: Eg vart andpusten berre av å gå opp trappa til loftet :P Heldigvis er det ganske flatt å sykle bort til bhg ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...