Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Eg stakk visst innom i dag også, eg! Mannen min jobber (innanfor økonomi), så han sit på kontoret her heime i dag, og har jobba i ca 10 timar med noko som MÅ bli ferdig.. vi som skulle fikse på gangen i dag! Jaja.. :sukk: Vi får vere flinke neste veke! :jepp:

Djevellue HenLu, er dette. Nokre kallar det også for hjelmlue, som eigentleg er eit finare namn da.. Syns djevellue ikkje er så fint namn på ei så fin lue! :)

I dag har eg strikka litt blonder, til det eine teppet eg er ferdig med. Teppet er berre i rillestrikk, så eg strikkar ein blondekant som eg skal sy på rundt..og det tek laaaaang tid! Teppet er jo ca 80x65 cm, og kvar "blonde" er ca 2 cm brei..det blir maaaange blonder til slutt! Men eg trur det blir veldig fint når kanten er ferdig og eg kan feste den! :jepp:

Og så har eg begynt på eit nytt sokkepar, i ein annan variant.. huff, eg har så mange prosjekt! :ler:

I morgon skal vi til nokre slektningar og hente litt babystæsj! Jej! Då får vi tripptrappstol (det har eg hatt lyst på lenge!), badebalje (kan vere greit f.eks. når ein er på tur.. vi har jo både badekar og kar i stellebordet), litt klutar og sånn og diverse anna :)

Og i kveld er det taco! Mmmmm!! :sikle::spise:

GOD helg igjen til alle sammen! :ler::klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åå, nå forstår jeg hvorfor det kalles djevellue, ja :fnise: Sånn har jeg og til lillegull, men jeg har kjøpt den :sjenert:

Skulle ønske jeg hadde din motivasjon til å strikke. Du høres ut som den flinke husmoren :jepp: Og dere har virkelig snille slektninger som gir bort babyutstyr. Har også lyst på tripp-trapp-stol, men tenker å vente litt med det. Synes de er veldig fin :jepp:

Håper dere koste dere i går med tacokveld. Det er godt :sikle:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nam taco! Har så dilla på meksikansk mat for tiden. Er dessverre bare jeg som har dilla på det her i huset.

Sånn djevellue har mamma strikket til pjokken. De er så fine! Du er jammen meg flink :jepp:

Er ikke tålmodig nok til å strikke så mamma gjør det istedet :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg strikkar mest småtteri, for eg er ikkje særleg flink til å strikke.. Så det blir mest luer, skjerf, sokkar og teppe :) IKKJE genser og bukse, for å seie det slik :) Svigermor har strikka genser og bukse da, og mamma held på med eit sett, men eg trur ikkje ho blir ferdig..ho har det så travelt :fnise:

I dag skal vi på omvisning på føden her på sjukehuset, det blir spanande! Eg har jo eigentleg inga aning om kva som ventar oss der, av rom, utstyr etc., så det blir fint å sjå det. Det er jordmora i kommuna som arrangerer det, så vi skal dit saman med tre andre par som også er førstegangs her i kommuna.

I går var vi flinke og fekk ENDELEG satt inn døra til barnerommet! :) Målet er å få tatt ei dør i gangen pr. kveld, men ikkje i kveld da, pga omvisninga. Men då skal vi i teorien bli ferdige i løpet av veka :) Blir myyyykje finare med nye kvite dører enn med gamle honningfarga :) Så gjenstår berre masse listing :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hehe, vi er KJEMPEeffektive med dørene ja..gangen vart måla i vår, barnerommet klart i sommar, og først NO set vi inn dørene! :ler: Sånn går det med ein arbeidsnarkoman mann med lite fritid og ei VELDIG lite handy kone, som ikkje klarer å sette inn dører sjølv :fnise:

Omvisninga var veldig grei, vi var 5 par som var der, kun 2 av dei var norske. Dei 3 andre var russiske eller polske..eg trur ikkje dei fekk med seg alt som vart sagt :fnise: Fekk vere med opp på fødeavdelinga, men vi fekk ikkje kome inne og sjå noko, for alle 5 romma var opptatt! Det var heilt fullt av fødande kvinner :ler: Tenk så krise da, viss eg kjem dit med masse rier og så er det fullt! :daane: Kva gjer dei då?! Jaja..den tid, den sorg :)

Vi var med inn på eit venterom og der snakka jordmora ein del om det som skjer i forbindelse med fødsel, når vi skal ringe, når vi skal kome på sjukehuset, kor lenge vi skal vere der, kven som får kome på besøk etc. Og eg som trudde at eg måtte vente i 14 dagar før eg blir satt i gang, men nei..7 dagar etter er det kontroll, og så blir ein satt i gang ca. dagen etter! Eg som var forberedt på å gå heilt til 28. november. Plutseleg er det 21./22. som er maxdatoen!

Og så håper eg å få bu på barselhotellet.. For på fødeavdelinga er det stort sett 3-mannsrom (ein får åleinerom viss ein får tvillingar eller ks), men på hotellet er det eige rom med eige bad. Det ha vore fiiiint :) Men då må alt vere i orden med både meg og ungen! *krysse fingrane*

Vi fekk også helse på ein liten krabat som var 1 dag gammal :) Såååå søt :) Jordmora stakk inn på eit rom, og kom utatt: "Sjå kva eg fann!", og holdt ein nusseleg liten gut :):rodmer: Trur dei fleste kjente det i livmora då ja ;):fnise:

I natt drømte eg at eg skulle føde, men eg KUNNE IKKJE DET, for vi har jo IKKJE GJORT KLAR VOGNA!! :skratte: Så eg trur eg begynner å kjenne litt på det at no må vi snart begynne å vaske kleda, reie opp senga og ha klar vogna! :fnise: Det er jo ikkje SÅ lenge til!

(Og i morgon må eg hugse på at eg har jordmortime! Eg prøver å minne meg sjølv på det kvar dag :fnise: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åja, da var dere ikke så effektiv alikevel :fnise: Jeg må ha ting gjort på dagen ellers blir jeg SPRØ! :fnise:

Du er så heldig som blir satt i gang på den 8.dagen! Hvorfor er det ikke slike regler overalt? :kjefte: Kanskje jeg skulle flyttet? Haha, eller ikke, er bare 15 dager til termin :sjenert:

Jeg håper for din og mannen sin skyld at dere får bo på barselhotellet :jepp: Kjenner jeg blir litt sjalu, for her har ikke de gravide lov å bruke hotellet lenger :sukk: Alt er gale :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hørtes ut som en fin omvisning :D Og så bra at du blir satt i gang så raskt :jepp: Det må jeg sjekke opp om her og på neste kontroll :) Håper de har 1 uke som grense her og :jepp:

Og så gøy med hotell :D Jeg hadde og planer om det, men her pusser de opp, så hotellet blir brukt som midlertidig sykehus :kjefte: fint at de pusser opp, men dumt for oss som vil bo der :skratte:

Hadde de vist meg en 1 dag gammel gutt hadde jeg død av misunelse :fnise: klarer knapt å se en baby, for jeg vil så gjerne ha min egen da :P Heheheh... River skikkelig i livmora da ja ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åja, da var dere ikke så effektiv alikevel :fnise : Jeg må ha ting gjort på dagen ellers blir jeg SPRØ! :fnise :

Du er så heldig som blir satt i gang på den 8.dagen! Hvorfor er det ikke slike regler overalt? :kjefte : Kanskje jeg skulle flyttet? Haha, eller ikke, er bare 15 dager til termin :sjenert :

Jeg håper for din og mannen sin skyld at dere får bo på barselhotellet :jepp : Kjenner jeg blir litt sjalu, for her har ikke de gravide lov å bruke hotellet lenger :sukk : Alt er gale :fnise :

Hehe, ikkje så effektive nei ;) Vi har havna i tidsklemma allereie FØR vi har fått ungar :ler:

Hadde vore fint å fått eige rom på hotellet ja! :jepp: Eg håper berre at vi får same hjelp (til f.eks. amming) som oppe på sjølve fødeavdelinga. Men hadde vore fint å fått rom der, for då kan mannen overnatte, og vi slepp å plage andre på rommet med besøk.

Hørtes ut som en fin omvisning :D Og så bra at du blir satt i gang så raskt :jepp : Det må jeg sjekke opp om her og på neste kontroll : ) Håper de har 1 uke som grense her og :jepp :

Og så gøy med hotell :D Jeg hadde og planer om det, men her pusser de opp, så hotellet blir brukt som midlertidig sykehus :kjefte : fint at de pusser opp, men dumt for oss som vil bo der :skratte :

Hadde de vist meg en 1 dag gammel gutt hadde jeg død av misunelse :fnise : klarer knapt å se en baby, for jeg vil så gjerne ha min egen da :P Heheheh... River skikkelig i livmora da ja ; )

Ja, VELDIG greit å bli satt i gang såpass tidleg! :jepp: Eg syns det er gale å vente så lenge som f.eks. to veker, for ungane blir jo fort store, og det kan gå utover både ungen og mora.

Han guten vi fekk sjå var sååå nusseleg! Då fekk eg eit snev av utålmodighet over meg! Eg vil også ha!! :ler:

--------------------------

Jordmortime i dag (haha, no hold eg på å skrive jordmord! :ler: ), og det gjekk finfint! Blodtrykket mitt var litt høgare enn eg er vant til, 117/76 (i forhold til 104/68 sist gong), men ho sa det var fint, så då stoler eg på ho :jepp: Reknar med det er vanleg at det stig litt på slutten uansett. Tok blodprosenten min også (buhu, måtte stikke nål i fingeren min!) og den var litt lav, 10,5. Men det er vanleg for gravide å ligge mellom 10 og 12, så den var ikkje alarmerande lav :) Men eg kunne godt ete litt leverpostei og sånn :) Og urinprøva var finfin! :tommelsmil:

Hovudet ligg framleis nedover, men det er ikkje festa endå. Ho kunne lett bevege på det. Og hjarteslaga låg på 130 :rodmer: Han har fin vekstkurve, og eg kan med stor lettelse sjå at eg ligg godt innanfor det grøne feltet! Ligg ei rute over den raude streken! Flott! Eg har framleis eit håp om å ikkje få gigantbaby ;) Eg trudde eg skulle ligge langt uti atmosfæra, men det har visst gått bra :)

Og så snakka vi litt om avslapning under rier og sånn, og eg fekk med meg litt info om dei ulike fasane under riearbeidet, som vi kan lese i heimelekse. Og så fant eg ut at når vi skal måle kor langt det er mellom riene, så er det frå starten av ei rie til starten av neste. Ikkje frå slutten av ei til starten av neste (det var det eg såg for meg). Så det var greit å få vite :jepp:

Skal tilbake om to veker - plutseleg er eg inne i den fasen at det nærmar seg slutten og kontrollane er oftare! Hugsar eg såg på skjemaet for maaaange veker sidan og syns det var såååå lenge til.. og no er eg der! :daane:

No skal eg strikke litt. I kveld skal eg til ei slektning og ha strikkekveld, det blir nok koseleg :) (Men då får vi nok ikkje satt inn dør i dag heller! Det vart ikkje i går, for då fekk vi besøk..) Jaja.. det er viktig med sosial omgang også! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott at alt gikk bra hos jordmor :jepp: Haha, nå skrev jeg først jordmord :sjenert: Det er godt at du ligger godt innenfor det grønne feltet. Dere får nok en perfekt baby uansett om han er stor eller liten :jepp: Selv om de fleste nok vil ha en normalvektig baby :fnise:

Håper du har en fin dag :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott at alt gikk bra hos jordmor :jepp : Haha, nå skrev jeg først jordmord :sjenert : Det er godt at du ligger godt innenfor det grønne feltet. Dere får nok en perfekt baby uansett om han er stor eller liten :jepp : Selv om de fleste nok vil ha en normalvektig baby :fnise :

Håper du har en fin dag :klemmer :

Ja, han blir nok perfekt uansett kor liten eller stor han er! :rodmer: Men ja, hadde vore fint med ein gut på 3,5kg og 50 cm ;) Eg kjem til å vere kjempestolt om eg får ein unge på under 4 kg, for eg er overbevist om at han kjem til å bikke 4! :)

Mmmm..no sit eg og gomlar LoveHearts! Har fått dilla på det, det er så gooodt! Spesielt dei mørkerosa, og hurra, i denne pakken var det maaange mørkerosa! Så då plukka eg dei ut, sånn eg kunne spare dei til slutt! Lurt! :gjeiper:

Var på strikkekveld i går, fekk strikka litt og prata mykje :fnise: Men det var veldig koseleg :jepp:

Og vekta mi idag? Fredag er jo offisiell vegedag, og "målet" for denne veka var jo max 500 gram opp - altså å vere max 0,1 kg. Men hurra! NED 600 gram til 9,0 kg! :hoppendeglad: "Målet" for neste veke er altså å vege max 9,5 kg. No begynner det å bli vanskeleg :fnise:

Edit: :hoppendeglad: I dag er det jo AKKURAT 1 månad til termin!! :strix:

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Statusoppdatering

Termin: UL-termin er 14.11.11, menstermin er 10.11.11. Eller 8...eg hugsar ikkje heilt :fnise:

På veg: 36+0

Igjen til termin: 4+2

Kjønn: Gut :rodmer:

Utålmodig? Eigentleg ikkje så veldig. Eg gler meg såklart myyykje, men eg syns også det er veldig kjekt å gå gravid og kjenne han inne i magen :) Men klart, av og til kjem DET suget etter å få treffe han! (Og tipper det blir verre dess nærmare termin eg kjem).

Aktivitet i magen: Mykje kvar dag. Han sparkar, hikkar og flyttar seg mykje :)

Namn: Nei, vi har ikkje funne noko endå. Eg er veldig klar på kva eg IKKJE vil ha da, men ikkje fullt så klar på kva eg VIL ha :fnise: Dei fleste diskusjonar endar berre i tull og tøys..

Vektauke: Tok av meg ca 5 kg i løpet av dei første 20 vekene, og så har ca 4,5 (alt etter dagsforma) komt på att. Minus 400 gram pr. i dag :)

Vatn i kroppen: Nei.

Kynnere: Eg har ikkje merka noko, men jordmora sa at eg mest sannsynleg har hatt, sjølv om eg ikkje har merka det :)

Humør: Heldigvis same humør som før! Ikkje noko hormontroll her i gården! :)

Barnerom: Det er heldigvis så å seie ferdig! Ikkje oppreidd seng eller noko sånt, men klart for innflyttaren :)

Utstyr: Det meste er klart! :tommelsmil: Berre sjå på utstyrslista ;)

Mjølk i brysta: Nei, ikkje endå.

Fødsel: Eg grugleder meg! Det blir veldig spanande! Eg gler meg veldig til å sjå personen som kjem ut, men grur meg såklart til smertene, og er veldig nervøs for å rivne. Jordmora sa at veldig få revnar i stor grad, men eg må sikkert rekne med smårifter (og det er greit, eg er redd for grad 3 og 4). Men belønninga er uansett verdt det! :rodmer:

Plager: Ingenting, bortsett frå litt småkvalm i veke 9-10 (men utan å spy).

Oppegåande: Fullt oppegåande både fysisk og psykisk! :ler:

Svolten: Eg et det eg vil, når eg vil :) Men merkar det er mindre plass i magen da ;)

Spesielle matlyster: Mmmm...norske epler, Love Hearts (spesielt dei mørkerosa!) og iskaldt vatn tidleg om morgonen!

Legg ved eit bilete tatt i går, 35+6 (men eg har visst lagra det som 36+0). Mannen min måtte ta eit bilete av meg for å overbevise meg om at eg ikkje berre ser tjukk ut :ler: Eg ser jo no at magen stikk godt ut.. Og eg må innsjå at Softshelljakka mi faktisk begynner å bli trang no :ler:

Og så har eg på meg den fiiine kosebuksa mi ja..lekkert.. :gjeiper:

post-21766-0-57127500-1318592002_thumb.j

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest frøken am

Fine magen! :hoppe::rodmer:

Melk (eller hvit/blank væske) har jeg hatt i brystene i flere mnd, og mer blir det!

Sambo sier: "Det er helt greit å ha sex, men det er litt merkelig å kose med brystene dine når de smaker så rart..." :ler:

Så det er ikke liiike mye slikt forspill lenger :fnise:

Kjempedeilig at du er så oppegående og uten ødem! :tommelsmil:

Så veldig veldig grei ut den oversikten :jepp:

Nå er det vel egentlig bare å vente i spenning.

Og for alt vi vet kommer han kanskje om TO uker - hvis han er klar litt før! :jepp:

Spennende :rodmer:

Endret av frøken am
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres bra ut at alt var bra hos jordmor :D Deeeet liker vi vet du :jepp:

Strikkekveld hørtes utrolig koselig ut.. Jeg har ofte strikkekveld med meg selv, men er nok kjekkere ilag med andre :fnise:

Og du, du ser da overhodet ikke feit ut, men GRAVID :D Kjempe fin var du, så det så :D :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så fin mage du har :rodmer: Liker gravide mager, synes det er gøy å se :jepp: Flott oversikt også :jepp: Hvilke navn er det du liker da, og hvilke navn liker mannen? Og hvilke navn liker dere IKKE? :fnise:

:hoppe: for 36 uker og 1 mnd igjen til termin :strix:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, jenter! :klemmer: De er snille som seier så fine ting om magen min :) Eg har alltid hata magen min, så det er godt å endeleg få ha tjukk mage av ein grunn.. :)

I dag fekk vi pakken frå SparKjøp, med mykje fint ulltøy til ungen :) Og litt til meg også ;) Ein del singletar, som eg tenkte å ta med på føden og ha etter fødselen. Og ein kosedress, kan vere greitt å ikkje ha på meg den utvaska kosebuksa når det kjem besøk, sjølv om det er berre mamma, pappa og svigermor som får kome.

Eg må oppdatere utstyrslista etterpå :)

Har også funne ut at eg bør pakke fødebagen snart! Det er trass alt berre 4 veker til termin, og plutseleg kan han kome før tida! (Men eg trur han kjem etter, altså!)

Og namn må vi snart ha klart! Eg likar gode, gamle, norske namn.. Litt sånn Magnus, Sverre, Håkon, Johan etc etc, i den dur. Eg liker ikkje sånne nye namn som eg føler alle har.. Leander, Chrisander (gjerne i kombinasjon..), Maximillian, Liam, Dennis, Oliver..Og så liker eg godt fleire bibelske namn, men eg hadde aldri valgt f.eks. Noah eller Lukas, fordi eg føler at så mange andre kallar ungane sine for det. Så det med namn er kjempevanskeleg! Og kanskje vi syns eit namn er fint, men så kjenner vi nokon vi ikkje liker som har det namnet..og då blir namnet øydelagt. I'm going crazy! :fnise: Eg trur faktisk det hadde vore lettare å finne jentenamn, for der har eg nokre favorittar! Men gutenamn er vanskeleg.. Og så skal jo det vere eit namn som ungen kan leve med, og så vil ikkje eg at det plutseleg dukkar opp 3 andre i klassa med same namn.

Eg og mannen min likar namn i same sjanger da, men som sagt endar diskusjonane ofte opp i tull og tøys :fnise: Han brukar å kome med forslag som t.d. Nostradamus, Xerxes (som jo forsåvidt hadde passa i den nye trenden med crazy namn.. :ler: ), Winston (etter Churchill :gjeiper: ), men eg har heldigvis veto ;)

Og så er det dilemmaet med oppkalling! Skal, skal ikkje..? :vetikke: Vi velger nok namn vi syns er fint, og så kjem oppkalling i andre rekke :) Mykje å tenke på ;)

Svigermor bestilte gebursdagsgåver til oss i dag, frå Sparkjøp. Ho har snakka om å kjøpe morgonkåpe til meg i fleire veker no, så vi fann ei i Sparkjøp ho kunne bestille, som eg kan ta med til sjukehuset. Eg presiserte fleire gongar: kvit i xl. Men ho bestilte kvit i XXL.. Greit eg er tjukk, men ikkje sååå tjukk da! Jaja, får håpe den passar likevel.. Det er jo betre den er for stor enn for lita, for dei skal jo vere litt romslege sånne morgonkåper. Gåve er uansett kjekt å få! :) :)

Fekk handla inn litt lister og greier til gangen vår i dag, så i kveld skal vi ta ei økt med dører før vi skal ha TACO! Mmmm :) (Vi har det kvar laurdag ;) ) Og så skal vi sjå Skal Vi Danse, såklart. Synd Anders Jacobsen trakk seg, han var favoritten min (og dansa med favorittdanseren..skulle hatt hennar kropp!). No er det ikkje så nøye kven som vinn..

Håper de får ei GOD HELG, folkens! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...