Mirabella76 Skrevet 3. desember 2012 Forfatter #1441 Del Skrevet 3. desember 2012 (endret) Hei! Helgen vært fin ? Ja, helga har vore fin den. Har følt meg i bra form, utenom den rare ømhetsfølelsen eg har hatt i kroppen i helga. Endret 3. desember 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Marikke Skrevet 4. desember 2012 #1442 Del Skrevet 4. desember 2012 Så bra at du er frisk igjen! Jordmora som du snakket med har helt sikkert rett i det hun sier, men hvor vanskelig kan det egentlig være å være litt forståelsesfull og imøtekommende når bekymrede gravide ringer?? Kan det forresten være lymfene dine som jobber litt ekstra, siden du er øm under armene? Jeg pleier i hvert fall å kjenne det under armene og i lyskene når jeg er febersyk. Bare fire dager igjen til fødsel! (Ifølge tippingen min ... ) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Maiava88 Skrevet 4. desember 2012 #1443 Del Skrevet 4. desember 2012 Uke 38 Jeg kommer like etter deg i morgen Ha en flott dag Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 4. desember 2012 #1444 Del Skrevet 4. desember 2012 38 veker! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 4. desember 2012 Forfatter #1445 Del Skrevet 4. desember 2012 (endret) Så bra at du er frisk igjen! Jordmora som du snakket med har helt sikkert rett i det hun sier, men hvor vanskelig kan det egentlig være å være litt forståelsesfull og imøtekommende når bekymrede gravide ringer?? Kan det forresten være lymfene dine som jobber litt ekstra, siden du er øm under armene? Jeg pleier i hvert fall å kjenne det under armene og i lyskene når jeg er febersyk. Bare fire dager igjen til fødsel! (Ifølge tippingen min ... ) Ja, det er herlig å vera frisk igjen! Ikkje noko kjekt å vera sjuk med høg feber og kraftig hovudverk, når ein er gravid. Då blir ein ekstra bekymra, i tillegg til å føla seg elendig! Huff, sånne folk som ho jordmora irriterar meg veldig altså! Skjønnar ikkje heilt kvifor enkelte folk skal vera så sure og lite imøtekommande. Då burde dei ikkje hatt ein sånn jobb. Håpar virkelig ikkje at eg møter på ei sånn jordmor under fødselen. Kan jo henda at det er lymfane mine eg har merka ekstra godt, ja. Kan sikkert vera det, med tanke på den ømhetsfølelsen eg har hatt under begge armane. Men skjønnar ikkje heilt kvifor øverste del av magen skulle vera like øm. Men det kan jo vera ein eller annan reaksjon i kroppen, etter at eg var sjuk. Tvilar på at det blir nokon fødsel allerede om 4 dagar, men ein skal aldri sei aldri! Endret 4. desember 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 4. desember 2012 #1446 Del Skrevet 4. desember 2012 Nei, fødsel blir først om ti dagar. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 4. desember 2012 Forfatter #1447 Del Skrevet 4. desember 2012 Uke 38 Jeg kommer like etter deg i morgen Ha en flott dag Jublar saman med deg, for 38 veker! Velkommen etter i morgon! Ha ein kjempefin kveld! 38 veker! Takk for det! Tida går jammen fort. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 4. desember 2012 Forfatter #1448 Del Skrevet 4. desember 2012 Nei, fødsel blir først om ti dagar. Eg har meir tru på fødsel om 10 dagar, ja. Men eg fryktar at eg kjem til å gå på overtid, sidan eg fortsatt ikkje har eit einaste lite tegn på at fødselen nærmar seg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Kakaoen Skrevet 4. desember 2012 #1449 Del Skrevet 4. desember 2012 Lykke til med innspurten Mirabella Gleder meg til å lese om resultatet Gå for gull 1 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 5. desember 2012 Forfatter #1450 Del Skrevet 5. desember 2012 Lykke til med innspurten Mirabella Gleder meg til å lese om resultatet Gå for gull Takk for det! Det er ei spennande tid eg har framfor meg - no kan det jo faktisk skje noko når som helst! Håpar du kosar deg masse med veslegutten din. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 5. desember 2012 Forfatter #1451 Del Skrevet 5. desember 2012 (endret) I dag har eg vore på ultralyd. Bestilte time hos privat gynekolog for ei vekes tid sidan. Hadde lyst til å få bekrefta at vesla faktisk ligg med hovudet ned, sidan ho låg i seteleie på 3D-ultralyden i veke 27. I tillegg ville eg vita det, viss babyen er veldig stor. Ho var nemlig litt større enn gjennomsnittet i veke 27. Og eg nektar å gå langt på overtid, viss babyen er stor. Har jo ingen som helst tegn på at fødselen nærmar seg enda, så eg føler på meg at det kan gå lang tid før noko skjer enda. Alt såg veldig fint ut på ultralyden i dag! Vanskelig å skjønna noko som helst av bilda eg såg på skjermen, no når babyen har blitt så stor. Men gynekologen gjorde iallfall masse målingar, og rekna ut at vesla var ca 3400 gram (eg er 38 veker no). Han meinte at ho då ville vera ca 3700 g til termin, og det er jo ikkje ille! Litt større enn gjennomsnittet, akkurat som storesøster. Så lenge ho held seg under 4 kg, så skal eg vera fornøyd. Eg hadde passelig med fostervatn, og blodgjennomstrøyminga gjennom navlstrengen var fin. Hjertelyden var på 146 slag i minuttet. Og heldigvis låg babyen med hovudet ned, sånn som eg trudde og håpa på. Ho låg med ryggen mot venstre side av magen, og med beina på høgre side av magen. Er akkurat det eg har trudd. På venstre side bular det ofte ut ein stor klump, som nok er ryggen. Og på høgre side av magen kjenner eg mest bevegelsar, og der kan det plutselig koma ein liten fot e.l., som trykker mot magen min sånn at det ser ut som ein liten klump som står rett ut. Babyen var forresten veldig aktiv mens ultralyden pågjekk, og det kommenterte også gynekologen. Fleire gangar mens eg låg på benken, kunne eg sjå og kjenna at magen bevegde masse på seg på høgre side, der beina til vesla ligg. Gynekologen sa at det ikkje er bra med for høg feber når ein er gravid, så eg får berre håpa at eg ikkje venta for lenge med å ta paracet då eg var sjuk. Feberen hadde stige litt fortare enn eg rekna med, før eg fekk tatt paracet den eine gangen, så det stressar meg litt. Men sidan alt såg heilt flott ut på ultralyd i dag, så får eg berre stola på at vesla ikkje har tatt nokon skade av feberen min. Godt å få vita at alt fortsatt ser fint ut med vesla i magen! I morgon er det svangerskapskontroll hos legen, og då får eg i tillegg vegd meg, målt blodtrykk og sjekka om urinprøven er fin. Så då burde alt vera nøye undersøkt, og det gjenstår berre å venta på at fødselen skal starta! Endret 6. desember 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Marikke Skrevet 6. desember 2012 #1452 Del Skrevet 6. desember 2012 Så bra at alt ser fint med vesla i magen! Å, nå gleder jeg meg sånn til å lese sladrenyheter her inne! Ha en fin dag! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 6. desember 2012 Forfatter #1453 Del Skrevet 6. desember 2012 (endret) Så bra at alt ser fint med vesla i magen! Å, nå gleder jeg meg sånn til å lese sladrenyheter her inne! Ha en fin dag! Ja, veldig kjekt at alt såg så fint ut på ultralyden i går! Blir spennande med sladrenyhetar her inne, ja. Satsar på at eg rekker å senda melding til sladrevennane mine når noko er på gang. Er veldig spent på når det kjem til å skje! Kryssar fingrar og tær for at fødselen er overstått før jul, og at eg slepper å gå på overtid! Ha ein fin kveld! Endret 6. desember 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 6. desember 2012 #1454 Del Skrevet 6. desember 2012 Så kjekt å få sjekka at alt står bra til med vesla i magen. Nå er det ikkje lenge til du får sett henne "in real life". Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 6. desember 2012 Forfatter #1455 Del Skrevet 6. desember 2012 (endret) Av ein eller annan grunn kom den samme meldinga 2 gangar, så då slettar eg den eine. Endret 6. desember 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 6. desember 2012 Forfatter #1456 Del Skrevet 6. desember 2012 (endret) I dag har eg vore på svangerskapskontroll hos fastlegen min. Heldigvis ikkje noko utslag på urinprøven i dag, og eg har ikkje noko synlig vatn i kroppen. Fin hjertelyd på 142 slag i minuttet, og vesla bevegde masse på seg mens eg låg på undersøkelsesbenken. SF-målet var heilt greit. Det hadde stige som det skulle sidan forrige kontroll for 2 veker sidan, men ligg fortsatt i nedre del av normalområdet. Men blodtrykket mitt var litt høgt i dag. Målte det fleire gangar, men fekk samme resultat kvar gang. Eg har alltid hatt ein tendens til å bli stressa og nervøs når blodtrykket skal målast, men det har gått fint i det siste. Men i dag kjente eg at eg vart stressa då blodtrykket skulle sjekkast, sidan eg har vore sjuk og var litt spent på om blodtrykket fortsatt var fint. Var liksom litt redd for at blodtrykket plutselig skulle vera for høgt, pga influensaen eg hadde i forrige veke. Og sjølvsagt fekk det utslag på resultatet - blodtrykket var fortsatt på 128/88, sjølv etter at eg hadde leie og slappa av på undersøkelsesbenken i minst 10 min., før legen målte blodtrykket mitt på nytt. Legen merka også at eg hadde høg puls då ho skulle måla blodtrykket, og eg merka sjølv at pulsen min steig med ein gang legen skulle måla blodtrykket mitt. Irriterande, og typisk at eg stressar med ein gang eg veit at blodtrykket skal målast. Legen meinte at det høge blodtrykket mitt heilt sikkert kom av at eg ikkje klarte å slappa av, sidan pulsen min var så høg, og urinprøven og alt anna var heilt fint. Men eg skal tilbake på måndag, for å få målt blodtrykket igjen, sånn for sikkerhets skyld. Håpar eg klarar å slappa meir av då, og at blodtrykket er normalt. Vekta mi var heller ikkje heilt som forventa. På forrige kontroll hadde eg gått opp 1 1/2 kg på 2 veker, og synst det var litt mykje. Denne gangen hadde eg utrulig nok gått NED 1/2 kg sidan forrige kontroll for 2 veker sidan! Synst det var litt merkelig - men det kan jo kanskje ha noko med å gjera at eg var sjuk med influensa i forrige veke, og dermed har gått ned litt i vekt av den grunn. Blir iallfall spennande å sjå korleis vekta mi er på neste kontroll, om eg ikkje har født innan den tid! Endret 6. desember 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 6. desember 2012 #1457 Del Skrevet 6. desember 2012 Eg slit òg når blodtrykket skal sjekkast. Men eg fekk mykje erfaring med sjekking av blodtrykk i forrige svangerskap, etter ei veke på observasjon på føden, med blodtrykksmåling tre gonger kvar dag. For meg fungerer det best å tenkja intenst på ein ting. Det eg fann ut at fungerte best, var å tenkja på eit stoooort glas kald, ferskpressa appelsinjuice, gjerne på ei solseng i Syden. Det fekk iallfall både pulsen og blodtrykket mitt noko ned. *avslappa* Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 6. desember 2012 Forfatter #1458 Del Skrevet 6. desember 2012 (endret) Så kjekt å få sjekka at alt står bra til med vesla i magen. Nå er det ikkje lenge til du får sett henne "in real life". Nei, det er jammen ikkje lenge igjen til eg får møta vesla no! Kan nesten ikkje forstå det. Det følest heilt uvirkelig at eg snart han ein nyfødt baby i armane mine igjen, etter alt styret og nedturane me har vore gjennom, før eg endelig var så heldig å bli gravid igjen. Merkar faktisk at eg har hatt mykje større problem med å knytta meg til vesla i magen og gleda meg over graviditeten, enn slik det var då eg gjekk gravid med storesøster. For eg har heile tida følt at det er så utrulig flaks at eg i det heile tatt har klart å bli gravid igjen, at eg ikkje heilt klarar å tru på at det faktisk skal enda bra - og eg eg snart sit der med ei perfekt lita jente i armane mine! Trur på ein måte ikkje at eg heilt klarar å sleppa gleda over vesla laus, før eg sit med henne i armane, og veit at alt har gått bra. For eg ser ikkje lenger på det som ein selvfølge å få barn, etter å ha opplevd kor vanskelig det kan vera. Og derfor held eg nok følelsane og gleda litt på avstand enda. Synst det er litt synd at eg føler det sånn, men eg er heilt overbevist om at når vesla endelig er her, så kjem følelsane og gleda for fullt - for ho er virkelig ei sterkt etterlengta lita jente! Endret 6. desember 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 6. desember 2012 Forfatter #1459 Del Skrevet 6. desember 2012 (endret) Eg slit òg når blodtrykket skal sjekkast. Men eg fekk mykje erfaring med sjekking av blodtrykk i forrige svangerskap, etter ei veke på observasjon på føden, med blodtrykksmåling tre gonger kvar dag. For meg fungerer det best å tenkja intenst på ein ting. Det eg fann ut at fungerte best, var å tenkja på eit stoooort glas kald, ferskpressa appelsinjuice, gjerne på ei solseng i Syden. Det fekk iallfall både pulsen og blodtrykket mitt noko ned. *avslappa* Ja, kanskje eg får tenka på noko liknande, og sjå om det fungerer! Følte faktisk at eg slappa ganske godt av, etter at eg hadde leie på undersøkelsesbenken i meir enn 10 minutt. Men i det samme legen kom inn døra, og gjorde seg klar til å måla blodtrykket på nytt, så kjente eg korleis pulsen steig! Skikkelig irriterande. Får virkelig håpa at eg klarar å slappa bedre av når eg skal måla blodtrykket igjen på måndag. For eg føler meg ganske sikker på at det høge blodtrykket kjem av at eg stressar, og då er det irriterande når blodtrykket blir for høgt når det skal målast. Endret 6. desember 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest pysepusen Skrevet 9. desember 2012 #1460 Del Skrevet 9. desember 2012 En liten sladring! Ei lita oppdatering frå meg: Begynte å få vonde kynnarar i 9-tida i går kveld, som i løpet av natta gjekk over til svake rier. Har kome jevnlig i løpet av natta, alt frå kvart 5. min. til sjeldnare. Kom også litt blodig slim då eg var på do i går kveld. Inne til sjekk i dag, og eg har 3-4 cm åpning. Men mormunnen er fortsatt ganske tjukk. Riene er ikkje noko særlig sterke enda, men eg får bli her for å sjå om riene tar seg opp og blir kraftigare etter kvart. Mirabella. 1 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå