Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Symptoma lar fortsatt venta på seg, 9 dagar etter EL! :sur: Eg burde vel strengt tatt i det minste hatt nokre småsymptom no, viss eg var gravid? Så lenge mensen ikkje har kome, er det fortsatt håp såklart - men eg føler at håpet blir stadig litt og litt mindre for kvar dag som går, uten eit einaste lite graviditetssymptom. :sukk:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Husk at man ikke MÅ ha noen symptom heller da! ;) Selv om du hadde noen sist, så trenger det ikke bli likt denne gangen! Skal du teste i morgen? (Var det ikke da det var røntgen med I....?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Husk at man ikke MÅ ha noen symptom heller da! ;) Selv om du hadde noen sist, så trenger det ikke bli likt denne gangen! Skal du teste i morgen? (Var det ikke da det var røntgen med I....?)

Det har du heilt rett i, men det hadde jo vore kjekt med nokre ordentlige symptom! ;)

Det vart ingen testing den 18., nei. Fann ut at det vart litt for tidleg, spesielt sidan eg ikkje hadde nokon symptom.

Ja, det stemmer at det var den dagen me var på røntgen med I.! Kjem oppdatering i den andre dagboka mi snart! :)

Ingen TR = fortsatt håp!

Krysser fingrene her :jepp:

Spennende med test i morgen!

Det er jo heilt sant, sjølv om håpet har blitt mindre i løpet av dei siste dagane! Ikkje så veldig kjekt når symptoma er totalt fråverande, synst eg.

Takk for fingerkryssing! :)

Hei :) Fått testa deg? Krysser fingrene for deg :klemmer:

Det blir snart testing no! ;)

Takk for fingerkryssing! :)

Spent på hvordan det går her! :hoppe:

Ja, det er eg og! ;)

Er det testing på gang? :nigo::popcorn:

Ja, snart! :lur:

:popcorn:

Ja, det er vel på tide å finna fram popcornet no...

:popcorn:

...for i morgon blir det testing! :nigo:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklagar at eg ikkje har fått oppdatert dagboka mi i det siste, men me har dessverre vore uten internett ei stund. :( Fortsatt har me ikkje fått tilbake internett i nyehuset vårt - men no er med ein tur inne hos svigerforeldra mine, så då må eg nytta sjansen til å oppdatera litt her inne! ;)

Som sagt så valgte eg å utsetja testinga nokre dagar, på grunn av at eg ikkje føler meg gravid i det heile tatt. Eg har dessverre ingen symptom, så eg tvilar vel sterkt på at eg er gravid. :sur: Men eg gir sjølvsagt ikkje opp heilt enda! Det blir uansett spennande å testa i morgon. ;) Då er det akkurat 14 dagar sidan EL. Eg reknar med at mensen kjem 23. august, om eg ikkje er gravid.

Faktisk var det nokre dagar eg var litt meir optimistisk. Følte meg litt uggen/småkvalm ei bittelita stund etter at eg hadde stått opp om morgonen, i 3 dagar på rad. Og den tredje dagen brekte eg meg skkkelig, og følte at eg nesten måtte spy, då eg drakk vatn rett etter at eg hadde stått opp. Men sidan eg ikkje har kjent noko meir verken til kvalme eller andre symptom etter det, så reknar eg med at det rett og slett var luresymptom! For eg har ein tendens til å bli kvalm, når eg er spent og litt stressa. Gløymer aldri den gangen eg kasta opp om morgonen når eg skulle ha eksamen, fordi eg var så nervøs. :sprettoy:

Dåke får kryssa fingrar og tær for meg i morgon, jenter - for det treng eg virkelig no!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gleder meg til i morgen! :danser:

Eg er mest nervøs! :redd:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg krysser alt jeg har for deg!! :duskedame:

*krysser fingrene* :hoppe:

Takk for det, jenter - men det gjekk dessverre dårlig denne gangen! :sur:

Eg kom faktisk aldri så langt at eg fekk testa! :( Mensen kom, så då var det liksom ingen vits. Så no er det iallfall ingen tvil lenger: Eg er IKKJE gravid, og me fekk altså ikkje klaff på første forsøk, slik eg hadde håpa (men egentlig ikkje trudd)! :sukk:

Då eg la meg i går kveld, kjente eg plutseleg sånne typiske menssmerter. Men eg slo frå meg at det allerede var mensen som var på vei. For i følge mine berekningar, skulle ikkje mensen koma før om 2 dagar, viss den kom. I forrige prøverunde kom nemlig alltid mensen nøyaktig 16 dagar etter EL, og i dag har det berre gått 14 dagar. Er det nokon som veit om det er vanleg at lutealfasen (tida mellom EL og mens) forandrar lengde etter ein graviditet? Trudde ikkje det var det, men eg veit sikkert for lite om det.

Det rare var at eg var så innstilt på å testa i dag tidleg, at eg ikkje merka at eg hadde fått mensen då eg stod opp - sjølv om trusa var våt og full av blod! :sjokkert: Så eg fann fram ein graviditetstest, og gjorde meg klar til å testa. Overraskelsen og skuffelsen var derfor ganske stor, då eg såg alt blodet i trusa. :(

Æsj, dette var skikkelig kjipt! :sur: Eg hadde håpa så veldig på å bli gravid raskt denne gangen. No blir det dessverre også ei stund til me får prøva igjen, sidan mannen min er på jobb i Nordsjøen neste gang eg har EL! :sukk:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var synd, skjønner godt skuffelsen :sukk: Men selv om du ikke lyktes på første forsøk denne gang så betyr det jo ikke at det trenger å ta så lang tid som det gjorde sist. Synd at mannen din er ute på Nordsjøen neste gang du har EL, men krysser fingrene så hardt jeg kan for at det da klaffer neste prøveperiode mannen din er hjemme :klem:

Jeg har ikke fått EL enda (trur jeg ganske sikkert), takk og pris. Mannen har jobbet vanvittig mye denne uken, så det har blitt lite :sengekos: på oss. Men heldigvis er det helg snart og håper virkelig at det kan bli litt koz i helgen.

Håper du får en fin helg tiltross for skuffelsen i mores :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Det var trist å høre, Mirabella.. :tristbla: Men du er vel kanskje på bedre humør allerede? :) Så kjedelig at mannen ikke er hjemme under neste EL da.. Men da satser vi på at det klaffer neste mulige PP! Det skal det gjøre, for det har jeg bestemt! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Me er fortsatt uten internett i nyehuset vårt, og det er skikkelig kjipt! :( Men no er eg og veslejenta mi hos foreldra mine, og me blir her til søndag - så då er eg heldigvis på nett igjen for nokre dagar. :mrgreen: Mannen min reiste på jobb i Nordsjøen i dag tidleg, og blir vekke i over 2 veker. Dessverre er han ikkje heime igjen før EL er over, så det blir som sagt ingen prøving på oss denne syklusen. Noko som altså betyr at PP2 går rett i vasken. :sur:

Mensen er fortsatt ikkje heilt over for denne gang. Satsar på å bruka EL-testar denne syklusen også, sjølv om det ikkje blir noko prøving. For eg har lyst til å finna ut litt meir om korleis syklusen min fungerer etter fødselen. Forrige syklus fekk eg jo ikkje positiv EL-test før på dag 20 og 21 i syklusen - og så seint i syklusen hadde eg aldri EL, forrige gang me var prøvarar. Så no lurer eg litt på om forrige syklus var utenom normalen, eller om eg alltid har seinare EL no enn eg hadde før. Satsar på å få nokre svar, ved å svi av ein del EL-testar denne syklusen også! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var synd, skjønner godt skuffelsen :sukk: Men selv om du ikke lyktes på første forsøk denne gang så betyr det jo ikke at det trenger å ta så lang tid som det gjorde sist. Synd at mannen din er ute på Nordsjøen neste gang du har EL, men krysser fingrene så hardt jeg kan for at det da klaffer neste prøveperiode mannen din er hjemme :klem:

Jeg har ikke fått EL enda (trur jeg ganske sikkert), takk og pris. Mannen har jobbet vanvittig mye denne uken, så det har blitt lite :sengekos: på oss. Men heldigvis er det helg snart og håper virkelig at det kan bli litt koz i helgen.

Håper du får en fin helg tiltross for skuffelsen i mores :klem:

Ja, eg vart kjempeskuffa då mensen kom! :( Hadde håpa så veldig på tidleg maibarn, og var liksom så innstilt på det. Stolte på alle historiane eg har høyrt om alle blir så lett gravide igjen, når dei først har vore gravide ein gang - og eg ville så gjerne at det skulle gjelda meg også. :sjenert:

Men som du seier: Det at det ikkje klaffa på første forsøk, treng jo sjølvsagt ikkje å bety at det tar like lang tid å bli gravid denne gangen, som forrige gang. :) No satsar eg alt på PP3, sidan PP2 går i vasken. Då er det jammen best at mannen min held seg heime, når eg har EL!!!

No har eg ikkje fått lest i dagboka di på ei stund. Men eg kryssar fingrane for at du hadde EL i helga, og at mannen din var klar for litt sengekos! ;)

Eg hadde ei fin helg, og klarte heldigvis å leggja bak meg skuffelsen over mensen som dukka opp. Det hjelper å ha ei herlig lita jente å vera mamma for! :) Ho hindrar meg i å setta meg ned og deppa og synast synd på meg sjølv, slik eg sikkert ellers ville ha gjort.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...