Coxy Skrevet 21. april 2010 #421 Del Skrevet 21. april 2010 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 22. april 2010 Forfatter #422 Del Skrevet 22. april 2010 (endret) Hei Mirabella. Jeg kom over prøvedagboken din og fikk så lyst til å følge deg litt igjen! Så synd at spiren lar vente på seg. Jeg vet hvordan det er å vente i syklus etter syklus, og så skjer det ingen ting Det som er synd for deg er at dere går glipp av så mange prøveperioder pga. mannens jobb. Reelt sett har dere ikke hatt så mange, så det trenger ikke være noe galt (mager trøst, jeg vet). 33 er da ikke gammelt! Men det kan kanskje være greit å kontakte gynekolog likevel. Er mannen like ivrig på prøvefronten som deg? Det rasler litt i eggstokkene mine når jeg leser boken din, må jeg innrømme. Men det blir nok ikke noen baby på oss med det første. Vi måtte jo ha ICSI sist gang, og jeg har ennå ikke fått igjen mensen etter fødselen (vesla er 9 mnd). Jeg ammer fremdeles mye, så det er nok der det ligger. I tillegg er ikke vår økonomiske situasjon den beste nå, så baby liggger nok noen år frem i tiden. Men det blir kjekt å følge deg! Krysser fingrene for neste (reelle) PP Velkommen til prøverdagboka mi, Harlekin! Kjekt at du vil følgja meg igjen. Ja, det er fryktelig frustrerande å prøva månad etter månad, uten at det skjer ein dritt! Og som du seier, så er det ekstra ille at me går glipp av så mange sjansar. Føler at ventetida er uendelig lang, så no håpar eg så veldig at det snart skal bli vår tur! 33 år er vel ikkje gammalt, med heller ikkje ungt. For eg var garantert meir fruktbar då eg var i 20-åra, enn eg er no når eg har passert 30. Sånn er det vel berre - og eg blir ikkje akkurat meir fruktbar med åra. Så no må det snart bli litt action her, slik at eg rekker å få meir enn 1 eller 2 barn før eg blir for gammal... Eg er faktisk veldig usikker på om noko er gale med meg, eller ikkje. Det kan jo henda at eg berre hadde utrulig flaks som vart gravid uten hjelp forrige gang. Men når eg har klart å bli gravid uten hjelp ein gang før, så må det vel kunne gå igjen? Eg trur nok det er tid for å kontakta gynekolog no, ja. Det er uansett bedre å vita om det er ein spesiell grunn til at me ikkje får det til, eller om me berre har hatt uflaks så langt. Og sjølv om alt skulle vera i orden med meg, så kan det jo vera at mannen min har dårlig sædkvalitet. Ikkje godt å vita, så lenge me ikkje har fått sjekka oss... Får sjå om eg tar ein telefon til Volvat i morgon, sjølv om eg aller helst skulle ønskja at eg kunne sleppa, og at eg plutselig står med ein positiv graviditetstest i handa! Men det kan eg nok berre gløyma med det første, sidan mannen min er vekke på jobb neste gang eg har eggløysing også. Så eg blir nok fint nødt til å ringa Volvat, viss det skal skje noko som helst i nærmaste framtid. Når det gjeld mannen min, så er han nok ikkje like ivrig på prøvefronten som det eg er, nei. Han tar det heilt med ro, og seier at me får ta ting som dei kjem, og ikkje stressa. For han hastar det ikkje like mykje som for meg, med å få fleire barn. For det er eg som ønskjer meg mange barn. Mannen min hadde vore fornøyd sjølv om me ikkje fekk fleire barn, sjølv om han synst det er kjekt om I. får søsken. Litt slitsomt når mannen min ikkje heilt forstår korleis eg tenker og føler, for han synst eg skal vera fornøyd med det me har, og ikkje stressa. Og såklart er eg glad for at me allerede har ei lita jente - ho er uten tvil det beste som har hendt meg! Men nettopp fordi det er så fantastisk å vera mamma, så vil eg ha fleire barn. Og eg vil absolutt ikkje at I. skal veksa opp som enebarn. Du skal berre sjå at dåke snart også er i full gang med jakta ein liten til! Det at du fortsatt ammar, kan, men treng ikkje å ha noko å gjera med at du ikkje har fått igjen mensen enda. Eg fekk mensen tilbake allerede 2 månader etter fødselen, og eg fullamma heilt til jenta mi var nesten 6 månader gammal, og fortsatte å amma veldig mykje heilt fram til I. var nesten 1 år. Etter det har eg berre amma litt, men hadde ustabile syklusar i lang tid etterpå. Men sjølv om eg hadde ein god del syklustull, og syklusane var lange i starten, så har eg heile tida hatt mensen og fått positiv EL-test kvar syklus frå me starta prøvinga igjen. Tusen takk for fingerkryssing! Endret 22. april 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 22. april 2010 Forfatter #423 Del Skrevet 22. april 2010 (endret) Så kjedelig at det blir krøll med jobben til mannen! Teite, teite jobb! Det er jo som Harlekin sier, dere har ikke hatt så mange pp-er egentlig, så det er ikke sikkert noe er galt. Rett meg om jeg tar feil, eller sier noe galt, men sjekket du deg ikke hos lege før du ble gravid med I, og fant ut at du hadde noe som kunne gjør det litt vanskelig? Men du ble jo uansett gravid, så noe stort problem var det vel ikke? Ha en fortsatt fin dag! Ja, det er litt av ein møkkajobb mannen min har i denne viktige prøvetida! Sjølv om me har gått glipp av halvparten av prøveperiodane så langt, så er de uansett snart eit heilt år sidan me starta prøvinga - og det er følest som ein evighet. Om eg seier til meg sjølv at me berre har hatt 5 aktive prøveperiodar så langt, så hjelper det meg ingenting. Me har vore prøvarar like lenge for det... Jo, du har rett i at eg vart undersøkt litt, før eg vart gravid med I. Eg vart nemlig henvist til gynekolog pga ein cyste på den eine eggstokken, som vart oppdaga tilfeldig då eg tok ultralyd av urinblæra pga gjentatte urinveisinfeksjonar. Så då nytta eg sjansen til å spørja om gynekologen min også kunne undersøka om alt såg normalt ut med eggstokkar/livmor, sidan me hadde starta prøvinga då. Og til min store overraskelse påstod gynekologen at det såg ut som eg hadde PCO, pga mange små og umodne egg på eggstokkane. Ein gang seinare nevnte ho til og med at eg kanskje også hadde endometriose, men ho var ikkje sikker. Vart jo heilt sjokkert over det gynekologen sa, for eg har ingen som helst symptom på nokon av tilstandane! Og eg får eg alltid positive EL-testar 1-2 dagar kvar syklus. Dessuten tempa eg forrige prøverunde, og tempekurvane mine viste tydleg eggløysing kvar einaste syklus. I tillegg tok eg blodprøvar i 2 av prøvesyklusane våre, og fekk påvist fin eggløysing begge gangane. Så eg veit ikkje heilt kva eg skal tru... Men pga at gynekologen min meinte at eg hadde PCO og kanskje endometriose, så fekk eg begynna på utredning. Var på HSG-røntgen (trur eg det heiter), for å få sjekka om eggledarane mine var åpne - og det var dei. Og så fekk eg resept på Pergo, som eg skulle begynna på. Heldigvis vart eg gravid i siste prøveperiode før eg skulle begynna på Pergo, så eg slapp det! Må seia at eg føler at legane av og til finner ut ting som kanskje ikkje heilt stemmer, og som fører til ekstra bekymringar. Men samtidig så er det vel sikkert eitt eller anna som ikkje er heilt på topp med meg (eller mannen min), sidan eg strevar med å bli gravid. Men om det er så ille som gynekologen min sa, det tvilar eg vel litt på. For viss eg hadde hatt PCO og endometriose, så burde eg vel ha hatt nokon symptom på det? Og eg burde vel heller ikkje hatt eggløysing kvar syklus, viss eg hadde PCO? Men kanskje eg har ein veldig mild variant, eller noko sånt... Uansett, eg gruar meg for å gå i gang med utredning igjen, med tanke på kor mykje styr det vart forrige gang, og kor mange bekymringar det ga meg. Det er derfor eg drøyar med å ringa Volvat, fordi eg gruar meg sånn til å starta med utredning igjen. Men eg må vel berre få fingen ut! Det kan jo vera greit å få vita korleis ting ser ut no etter at eg har vore gravid ein gang, og at eg får bli undersøkt av nokon andre enn den gynekologen eg gjekk til sist. Og ikkje minst kan det vera greit at mannen min får sjekka seg! Han har ikkje fått sjekka sædkvaliteten sin før. Fekk henvisning til sædprøve for mannen min, då eg vart utreda forrige gang - men han kom aldri så langt at han fekk testa seg den gangen, før eg var gravid. Ha ein fin dag (eller kveld), du også! Endret 22. april 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. april 2010 Forfatter #424 Del Skrevet 28. april 2010 (endret) Er ikkje så ofte eg skriver her inne for tida, sidan me er midt inne i den kjipe perioden der mannen min er vekke på jobb i Nordsjøen 2 syklusar på rad! Men rett etter at eg skreiv forrige innlegg, tok eg mot til meg og ringte Volvat! Så no har eg og mannen min fått time 14. mai. Det var visst vanlig med ein slik gruppetime første gangen, når ein går i gang med utredning - med samtale og undersøkelse av oss begge to. Det blir både spennande og skummelt. Skal bli godt å få ein sjekk, og få vita om alt er som det skal vera - men eg er redd for at det skal vera noko gale med ein av oss, eller oss begge. Får berre kryssa fingrane for at alt er bra, og at me berre har hatt uflaks så langt! Det høyrest veldig greit ut med ein slik gruppetime, men eg anar rett og slett ikkje kor me skal gjera av jenta vår på 1 1/2 år... Ho går ikkje i barnehage, og eg veit ikkje om nokon som kan passa henne midt på dagen ein vanleg kvardag, når folk flest er på jobb. Og om eg hadde visst om nokon som kunne passa henne, så veit eg ikkje om eg ville ha spurt dei om å gjera det. For då måtte eg ha fortalt dei kva me skulle, sidan eg ikkje verken vil eller greier å lyga. Og eg har ikkje noko lyst til at andre me kjenner skal få vita at me er prøvarar. Går det an at me tar jenta vår med oss når me skal på utredning, eller blir det heilt feil? Endret 28. april 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Harlekin Skrevet 29. april 2010 #425 Del Skrevet 29. april 2010 (endret) Har du ringt legekontoret og spurt? Dere er sikkert ikke de første med denne problemstillingen. Er hun flink til å aktivisere seg selv, kan hun kanskje sitte på gulvet med lekene sine? I vår utredning hadde vi forresten aldri gruppetime, er det noe de har hos private? Det er lurt av deg å begynne utredning, tror jeg, siden det fort kan ta litt tid. Men så veldig spennende, da! Når blir neste vanlige prøveperiode? Håper du og vesla har det fint Endret 29. april 2010 av Harlekin Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 29. april 2010 Forfatter #426 Del Skrevet 29. april 2010 Har du ringt legekontoret og spurt? Dere er sikkert ikke de første med denne problemstillingen. Er hun flink til å aktivisere seg selv, kan hun kanskje sitte på gulvet med lekene sine? I vår utredning hadde vi forresten aldri gruppetime, er det noe de har hos private? Det er lurt av deg å begynne utredning, tror jeg, siden det fort kan ta litt tid. Men så veldig spennende, da! Når blir neste vanlige prøveperiode? Håper du og vesla har det fint Nei, eg har likkje ringt og spurt - men lurer på om eg kanskje bør gjera det. Får sjå når det nærmar seg, viss me ikkje har funne nokon som an passa jenta vår. Ho er forresten ikkje noko flink til å aktivera seg sjølv, nei - så spesielt av den grunn hadde eg håpt at me skulle sleppa å ta henne med oss. Men som sagt så veit eg ikkje om det går. Får virkelig ikkje håpa me må avlysa timen, dersom me ikkje kan ta med oss jenta vår, og me ikkje får nokon til å passa henne. Eg anar ikkje kor vanleg det er med slike gruppetimar. Men då eg ringte Volvat, og ho eg snakka med sa at første time var gruppetime - så svarte eg at det var eg ikkje klar over. For eg trudde nemlig at eg først skulle sjekkast, og så fekk mannen min time etterpå til sædprøve. Men eg fekk til svar at det var slik dei gjorde det der, og at første time alltid var gruppetime. Men eg anar ikkje om det berre er på Volvat dei har slike gruppetimar, og om det er forskjell på om ein får utredning privat eller offentlig. Ja, det er nok lurt at me kjem i gang med utredning no! Eg veit at slikt fort kan ta tid. Det var også grunnen til at eg valgte å få utredning privat i staden for offentlig, sjølv om det blir dyrare. Eg orkar ikkje meir venting enn nødvendig, for eg synst me har venta lenge nok allerede! No vil eg berre vita om noko er gale - og viss det er det, så vil eg ha hjelp så fort som mulig. For no VIL eg bli gravid!!! Eg reknar med å få EL ein av dei første dagane i mai, og då kjem vel mensen i midten av mai ein gang. Så då startar vel vår neste ordentlige prøveperiode (PP11) då - nokre få dagar etter at me har vore på utredning, reknar eg med! Så det er ei lita stund igjen å venta enda, men det nærmar seg heldigvis! Eg og vesla er hos foreldra mine for tida - og me har det fint og kosar oss! Håpar du også har det bra! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 30. april 2010 #427 Del Skrevet 30. april 2010 Gruppetime??!! Ikke med andre prøvere??! Du mener "gruppe" som deg, mannen og en/flere spesialist(-er)...?? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Knøttet Skrevet 30. april 2010 #428 Del Skrevet 30. april 2010 Ah, det var slik det var angående PCOS osv, ja. Nei, det er ikke alltid spesialistene har rett, det er sikkert og visst. Fint du har fått avtalt time hos Volvat, krysser fingrene for at ingenting feiler noen av dere! Kjedelig at mannen er på Nordsjøen og dere ikke får prøvd men det høres koselig ut å være hos foreldrene dine med I da! Ha ei god helg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 30. april 2010 Forfatter #429 Del Skrevet 30. april 2010 Gruppetime??!! Ikke med andre prøvere??! Du mener "gruppe" som deg, mannen og en/flere spesialist(-er)...?? Det er berre eg og mannen min, ja - og ein lege/spesialist! Skulle jammen tatt seg ut om det hadde vore fleire andre par som sat og høyrte på, mens me prata om veldig personlige ting. Grøss og gru! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 30. april 2010 Forfatter #430 Del Skrevet 30. april 2010 (endret) Ah, det var slik det var angående PCOS osv, ja. Nei, det er ikke alltid spesialistene har rett, det er sikkert og visst. Fint du har fått avtalt time hos Volvat, krysser fingrene for at ingenting feiler noen av dere! Kjedelig at mannen er på Nordsjøen og dere ikke får prøvd men det høres koselig ut å være hos foreldrene dine med I da! Ha ei god helg! Gynekologen min sa aldri at eg hadde PCOS, men at det kunne sjå ut som eg hadde PCO, som jo er ein mildare variant av PCOS. Skal iallfall bli interessant å sjå om legane på Volvat også meinar at eg har PCO, eller om alt ser fint ut. Håpar virkelig at alt er bra, for eg får jo positive EL-testar kvar syklus - og både temping og tidlegare blodprøvar har også bekrefta at eg har eggløysing kvar syklus. Men det må jo vera ein grunn til at me strevar med å bli gravide, så eitt eller anna er det vel kanskje som ikkje er heilt på topp - enten det er med meg eller med mannen min? I beste fall har me berre vore veldig uheldige så langt - men eg trur vel egentlig ikkje det, sidan me brukte ganske lang tid på å få klaff første gangen også. Uff, kjenner at eg gruar meg til å bli undersøkt, for eg er redd for at legane skal finna noko gale. Samtidig vil eg jo vita om det, viss alt ikkje er som det skal, og få gjort noko med det. Så det er litt sånn at eg både ser fram til og gruar meg til å koma i gang med utredning... Ja, det er kjedelig når mannen min er på jobb i Nordsjøen når eg har eggløysing - og enda verre blir det når det skjer i to prøveperiodar på rad! No kan mannen min berre våga seg å vera vekke når eg har eggløysing, i neste prøveperiode. Eg veit at det er eit kurs han skal på som går over fleire dagar, i neste friperiode. Og skulle det tilfeldigvis vera akkurat når eg har eggløysing, så trur eg jammen at eg nektar han å reisa! Eg og I. har det veldig koselig hos foreldra mine, ja! Me blir her ei stund, når me først har tatt turen hit. Foreldra mine pensjonerte seg i fjor haust - så dei er heime om dagane, og har god tid til å vera saman med I. Veldig greit! Riktig god helg til deg også! Endret 30. april 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Harlekin Skrevet 1. mai 2010 #431 Del Skrevet 1. mai 2010 Det er berre eg og mannen min, ja - og ein lege/spesialist! Skulle jammen tatt seg ut om det hadde vore fleire andre par som sat og høyrte på, mens me prata om veldig personlige ting. Grøss og gru! Å, jeg trodde det var med andre prøvere, jeg! Hva er da motstykket til gruppetime, bare deg og mannen? Men da må det i alle fall være greit at I. blir med. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. mai 2010 Forfatter #432 Del Skrevet 1. mai 2010 (endret) Å, jeg trodde det var med andre prøvere, jeg! Hva er da motstykket til gruppetime, bare deg og mannen? Men da må det i alle fall være greit at I. blir med. Ser jo no at det kanskje var litt misvisande, det eg skreiv! Men dama eg snakka med då eg ringte Volvat, brukte ordet gruppetime - så då gjorde eg det same, uten å tenka over at det kunne misforståast. Eg meinte iallfall å skriva at eg på forhånd hadde rekna med at eg skulle få time først, og bli undersøkt. Og at eg så fekk avtalt time til mannen min ein dag seinare, slik at han kunne få tatt ein sædprøve. Dama eg snakka med i telefonen, nevnte to datoar i mai som me kunne velga mellom. Eg svarte då at det måtte bli 14. mai, for mannen min var på jobb i Nordsjøen den andre datoen me kunne velga. Eg begrunna det med at det var lettare for meg å koma når mannen min var heime, for ellers måtte eg ha jenta vår på 1 1/2 år med meg. Då svarte ho at det var gruppetime første gangen, så me måtte koma både eg og mannen min. Eg spurte kva som skjedde på ein slik gruppetime, og fekk til svar at det var vanlig med både samtale og undersøkelse av oss begge to. Så det var tydeleg at ordet gruppesamtale betydde at eg og mannen min skulle koma til første utredningstime saman, og ikkje kvar for oss! Håpar det går greit om me har jenta vår med oss. Men det er jo litt kjedelig om ho forstyrrar heile tida, og sutrar og masar på meg når eg pratar med andre, slik ho pleier å gjera. Endret 1. mai 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Harlekin Skrevet 2. mai 2010 #433 Del Skrevet 2. mai 2010 Skjønner. Så da blir det 14. mai, da? Det er jo ikke lenge til. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 2. mai 2010 Forfatter #434 Del Skrevet 2. mai 2010 Skjønner. Så da blir det 14. mai, da? Det er jo ikke lenge til. Ja, det stemmer. Er ikkje så lenge til 14. mai, nei. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 3. mai 2010 Forfatter #435 Del Skrevet 3. mai 2010 (endret) Positiv EL-test både i går (2. mai), på CD 13 - og i dag (3. mai), på CD 14! Då eg fekk positiv EL-test i går, var eg sikker på at eg kom til å få negativ EL-test igjen i dag. For i begge dei to forrige syklusane fekk eg positiv EL-test på CD 13, og kun den dagen. Så eg var litt overraska då EL-testen fortsatt var positiv i dag. Men det er berre bra, for eg synst EL på CD 13 er litt tidleg. Rekker egentlig egget å bli ordentlig modent før EL då? Eg hadde aldri så tidleg eggløysing forrige gang med var prøvarar, så eg synst det er litt rart at eg plutselig har så tidleg eggløysing no. I dei første prøvesyklusane våre denne prøverunden, hadde eg forresten veldig sein EL. Så kom EL litt og litt tidlegare for kvar syklus, og ser no ut til å ha stabilisert seg på CD 13/14. Hmmm.... Eg innbiller meg at det er eit egg av god kvalitet som løsnar no. For eg hadde masse EL-slim for 2 dagar sidan, om kvelden. Så fekk eg positiv EL-test dagen etterpå (i går), og hadde masse EL-slim då også. Ja, faktisk fann eg litt EL-slim i dag også, og EL-testen var fortsatt positiv. Og eg som nesten aldri før har sett noko til det berømte EL-slimet. Er ein ekstra fruktbar når ein har masse EL-slim, eller har det ikkje noko å seia? Eg er iallfall skikkelig frustrert over at mannen min er på jobb i Nordsjøen akkurat når eg har EL, og føler meg superfertil! Endret 3. mai 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Harlekin Skrevet 7. mai 2010 #436 Del Skrevet 7. mai 2010 Så utrolig irriterende, men samtidig er det jo bra at du har god eggløsning! Det er vel lovende for fremtidig barnelaging Håper forøvrig dere får kommer godt i gang med utredning neste uke. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. mai 2010 Forfatter #437 Del Skrevet 10. mai 2010 Så utrolig irriterende, men samtidig er det jo bra at du har god eggløsning! Det er vel lovende for fremtidig barnelaging Håper forøvrig dere får kommer godt i gang med utredning neste uke. Eg anar jo ikkje om eg hadde god eggløysing denne syklusen, men det føltest iallfall slik! Ja, det var den utredninga då... (sjå neste innlegg). Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. mai 2010 Forfatter #438 Del Skrevet 10. mai 2010 (endret) Æsj, æsj, æsj - for ein drittdag! Først så ringte mannen min (han er på jobb i Nordsjøen), og sa at det var krise på jobben, så han var nødt til å vera ei veke lenger på jobb! Skikkelig kjipt når han er vekke 3 veker i strekk. Det skjer altfor ofte! Og som om ikkje det er nok, så betyr det at mannen min ikkje rekker heim til fredag 14. mai, når me hadde fått time til utredning på Volvat. Så då var det ingen vei utenom, eg vart nødt til å ringa Volvat for å få ny time. Og då eg ringte, så viste det seg at me faktisk ikkje var sett opp til nokon time på fredag. :dåne: Eg hadde ein mistanke om at noko ikkje stemte - for ho dama eg snakka med lova at me skulle på brev i posten på forhånd, men det har fortsatt ikkje kome noko brev. Me som liksom skulle få utredning privat, for at det då skulle bli kort ventetid - og så blir det berre rot likevel. Me fekk ikkje ny time før 28. juni, og det er jo lenge til! Søren altså, eg som var så innstilt på å få starta med utredning no, og så må me venta så lenge før me får ny time. Så då klarte faktisk både Volvat og jobben til mannen min å spolera utredningstimen 14. mai! Det er så gale, at eg har ikkje ord! Føler at alt går imot oss denne prøverunden. Me har mista halvparten av våre 10 prøveperiodar så langt, og så kjem dette i tillegg. Når har egentlig denne vanvittige uflaksen tenkt å snu? Endret 10. mai 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Harlekin Skrevet 10. mai 2010 #439 Del Skrevet 10. mai 2010 Det er så kjipt med sånne perioder i livet der det bare føles som uflaksen forfølger en. Men det pleier å snu en gang! Får håpe det skjer snart for dere. Håper dere ellers har det bra Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 11. mai 2010 #440 Del Skrevet 11. mai 2010 Æsj, så kjipt med timen hos Volvat! Hvordan går det med neste pp da? Er mannen hjemme da? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå