Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Du må nok lage den på nytt ja.. Men det fikser du fort :) Tror jeg laga min 4-5 ganger før jeg ble fornøyd :gjeiper:

Ha en fin dag :)

Ok, var det eg tenkte meg at eg måtte. Skal prøva å få gjort det ein annan dag - men det blir ikkje i dag, for no er det leggetid! ;)

God natt! :)

Hvordan går det med deg, Mirabella?

Det går fint med meg! :) Har hatt ein lang dag på jobb, med møte på kveldstid. Så no er eg trøtt og lei, og gledar meg til å ha fri i morgon! :smilorange:

I går bestilte eg leikegrind til vesla. Det er ei sånn leikegrind der ein kan heva bunnen, slik at den også kan brukast til å sova i. Me skal ha leikegrinda i stova, og tenker bl.a å bruka den til soving på dagtid, når vesla er baby. Og så er det jo veldig greit å ha ei leikegrind når vesla blir større. Fann ut at me treng ein plass der vesla kan liggja i stova, som ikkje er heilt nedpå golvet. Ser for meg at storesøster då lett kunne ha snubla over vesla, når ho herjar rundt omkring. Og det vil eg helst sleppa å bekymra meg for. ;)

Her er leikegrinda eg har bestilt:

http://www.barnashus...-lekegrind.html

Me har jo det meste av klede og utstyr frå før, etter storesøster. Men det er nokre ting eg kan tenka meg å kjøpa. Som sagt leikegrind, som er bestilt - Tripp trapp-stol, med newborn-set - babygym og ammepute. Og så sjølvsagt litt nye klede, for det er jo så koselig å kjøpa babyklede (sjølv om me egentlig har nok av klede frå før).

Og så kunne eg virkelig ha tenkt meg ny vogn! Men det blir det dessverre ikkje noko av, for mannen min meinar det er heilt unødvendig, sidan me har vogn etter storesøster. :( Vogna me har, er Teutonia spirit S3 (er det vel den heiter). Heilt grei vogn, men eg kunne ha tenkt meg å prøvd ein annan type vogn denne gangen. Dessuten irriterar eg meg over svinghjulet framme, for det virkar ikkje heilt som det skal lenger. Me hadde jo sikkert fått ein del pengar for vogna, viss me hadde solgt den. Men sidan mannen min er så uenig i vognkjøp, så får det berre vera.

Me må egentlig ha ny bil også før vesla kjem, og det blir jo dyrt nok, så då tør eg ikkje å masa om ny vogn i tillegg. :sjenert: Begge bilane våre har for liten plass inni. Mannen min er nemlig så lang at han må ha setet sitt heilt inn i baksetet, for å få god nok plass til beina. Så det nyttar ikkje å ha eit barnesete bak han! Eg ønskjer meg ein bil med god plass både til oss vaksne og ungane, og med stort bagasjerom. Så får me sjå kva det blir til.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres slitsomt ut med så lang arbeidsdag, ja. Nyt fridagen din!! Godt å høre at dere har det bra.

Kjempekoselig å kjøpe litt klær og andre småting til babyen. Jeg gjør også det, selv om vi har "alt" fra før. Denne gangen fikk jeg mannen med på på å kjøpe en Troll bedside crib. De koster jo flesk (selv om vi kjøpte brukt) i forhold til vanlige sprinkelsenger. Men de tar mindre plass, og soverommet i det nye huset vårt er mindre enn i det gamle. Vi satser på at babyen kan arve sprinkelsenga til storesøster når hun vokser ut av crib'en, sånn at vi ikke får bruk for enda en sprinkelseng i tillegg. Når flyttet jenta di ut av sprinkelsenga? (Hvis hun har gjort det, da)

Jeg har forresten også lyst på ny vogn. Mest fordi to av dekkene må pumpes opp hele tiden, pluss at den er stor og lite manøvrerbar. Fordelen med den er at den er så fiiiin ;) Og så kunne jeg tenkt meg håndbrems, siden vi har flyttet fra paddeflat by til bratt ås.

Har du sett etter hva vogna di kan bli solgt for på Finn? Kanskje mannen din lar seg overtale hvis han ser at dere ikke behøver å legge så mye penger imellom for å bytte?

Spennende å kjøpe bil, da! Håper dere finner en grei en som har plass til hele familien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres slitsomt ut med så lang arbeidsdag, ja. Nyt fridagen din!! Godt å høre at dere har det bra.

Kjempekoselig å kjøpe litt klær og andre småting til babyen. Jeg gjør også det, selv om vi har "alt" fra før. Denne gangen fikk jeg mannen med på på å kjøpe en Troll bedside crib. De koster jo flesk (selv om vi kjøpte brukt) i forhold til vanlige sprinkelsenger. Men de tar mindre plass, og soverommet i det nye huset vårt er mindre enn i det gamle. Vi satser på at babyen kan arve sprinkelsenga til storesøster når hun vokser ut av crib'en, sånn at vi ikke får bruk for enda en sprinkelseng i tillegg. Når flyttet jenta di ut av sprinkelsenga? (Hvis hun har gjort det, da)

Jeg har forresten også lyst på ny vogn. Mest fordi to av dekkene må pumpes opp hele tiden, pluss at den er stor og lite manøvrerbar. Fordelen med den er at den er så fiiiin ;) Og så kunne jeg tenkt meg håndbrems, siden vi har flyttet fra paddeflat by til bratt ås.

Har du sett etter hva vogna di kan bli solgt for på Finn? Kanskje mannen din lar seg overtale hvis han ser at dere ikke behøver å legge så mye penger imellom for å bytte?

Spennende å kjøpe bil, da! Håper dere finner en grei en som har plass til hele familien!

Takk, eg hadde ein fin fridag! :) Og no nyter eg enda meir fri, for no er det helg. ;)

For meg som elskar å kjøpa klede og utstyr til babyar, så er det jo heilt umulig å ikkje kjøpa noko nytt! Men eg prøver å begrensa meg, for eg veit at me har det meste av det me treng frå før. Vesla skal bruka sprinkelsenga som me kjøpte til storesøster. Den ser like fin ut fortsatt, og me har plass til ei slik seg på soverommet vårt. Men ei sånn seng som dåke har kjøpt, virkar jo heilt genial i starten, når babyen skal ammast om natta. Eg klarte aldri å sova med ein baby i senga vår. For det første følte eg at det vart for trangt, i tillegg til at eg var redd for å leggja meg på babyen, eller at ho skulle få dyna over hovudet. Men det var eit styr kvar gang eg skulle amma henne om natta. For nesten kvar gang eg skulle løfta henne tilbake i si eiga seng, etter at ho hadde sovna under amminga, så våkna ho opp igjen!

Jenta mi flytta ut av sprinkelsenga rett før ho fylte 2 år. Ho har heile tida vore veldig lang for alderen, så det begynte å bli litt trangt oppi sprinkelsenga då. Men hos besteforeldra har ho fortsett å liggja i sprinkelseng heilt fram til ho var 3 1/2 år. Og det har gått greit det også, sjølv om det var litt i trangaste laget på slutten. ;)

Den senga jenta mi har no, er kjøpt på IKEA. Litt breiare enn ei vanlig smal seng. Eg synst det er perfekt at senga er litt breiare enn dei heilt smale barnesengene. Men madrassa som fulgte med, er ikkje akkurat noko å skryta av. Den er ganske tynn og hard. Jenta mi har faktisk klaga innimellom på at madrassa er hard. Og det synst eg ikkje er noko særlig, for eg vil jo at ho skal ha ei seng som er god å sova i. Men eg veit ikkje heilt kor eg kan få tak i ei anna og bedre madrass, med samme breidde som den madrassa jenta mi har i senga si no. Det er jo ikkje ein standard størrelse på den madrassa, innbiller eg meg (uten at eg har målt nøyaktig kor brei madrassa er).

Eg har ikkje undersøkt kor mykje me kan få for vogna, nei. Men sidan me blir nødt til å kjøpa ny bil også før vesla kjem, så veit eg ikkje kor mykje eg vil masa på mannen min om ny vogn. :sjenert: Me klarar oss jo fint med den vogna me allerede har. Men det er jo eit godt poeng du har, så eg skal tenka på det. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore på jordmorkontroll. Eg er no i veke 26.

Fekk koma til ei anna jordmor i dag, sidan det var to jordmødre på legekontoret der eg går til kontrollar. Ho eg var til sist, var visst opptatt akkurat då eg kom. Og det synst eg var veldig greit, for eg likte denne jordmora bedre enn ho eg var til forrige gang. :) Ho kan sjølvsagt ikkje måla seg med favorittjordmora mi som eg hadde då eg var gravid med storesøster. Men eg synst denne jordmora var hyggeligare enn ho eg var til sist, så håpar eg får henne fleire gangar.

Alt såg fint ut i dag og, både med meg og den lille i magen min. :) Ingen utslag på urinprøven, og blodtrykket mitt var fint. Vekta mi skjønnar eg ikkje noko av. Sjølv om eg synst magen min er mykje større denne gangen enn sist eg var gravid, så har eg egentlig lagt på meg ganske lite etter at eg vart gravid. Det er snakk om max 5 kg så langt i svangerskapet. Forrige gang la eg vel på meg 12 kilo til saman, viss eg ikkje hugsar heilt feil. Så då synst eg 5 kilo så langt må vera bra! Eg synst berre det er så rart at eg ikkje har lagt meir på meg, sidan eg føler at magen min er så stor allerede. Men eg er absolutt fornøyd med å ikkje leggja altfor mykje på meg. Håpar det fortset slik!

Jordmora lette litt før ho fann fosterlyden i dag, for ho hadde ein dårlig doppler. Men til slutt fann ho hjertelyden, som var klar og tydelig, og på 145 slag i minuttet. :) Alltid koselig å høyra hjertet til den lille i magen som slår. :hjerter: Eg kjenner forresten masse spark/bevegelsar i magen for tida. Det er eg veldig glad for, for då slappar eg mykje meir av.

SF-målet var innanfor det grønne området, men litt under midtstreken (gjennomsnittet). Sånn var det også då eg var gravid med storesøster, for ho låg langt nede i livmora. Mistenker at det er det samme denne gangen, for eg kjenner kun spark frå navelen og ned.

Formen min er fortsatt kjempefin! Etter at kvalmen ga seg i veke 12, har eg ikkje hatt nokon som helst plager. Forrige gang begynte eg å få litt bekkensmerter i veke 30, men eg har heldigvis ikkje kjent noko til det enda. Så eg kryssar fingrane for at eg ikkje kjenner noko denne gangen heller før eg passerer (minst) 30 veker!

Ellers fekk eg jordmor til å skriva ein terminbekreftelse til meg. Så no kan me søka NAV om foreldrepengar, sidan eg har passert veke 26, som er grensa for når ein kan søka om foreldrepengar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Både i går og i dag har eg kjent noko som minnar om halsbrann. Har ikkje hatt halsbrann i det heile tatt før i svangerskapet, og eg er litt usikker på om det er det eg har kjent desse to siste dagane. I så fall er det veldig lite, og meir som ein rar følelse i halsen, enn det er ubehagelig. Hugsar at eg var ein del plaga med halsbrann i ein periode forrige gang eg var gravid, og det kunne vera skikkelig plagsomt når eg hadde kraftig halsbrann. Eg har ein følelse av at det eg kjenner no, er halsbrann. Har liksom ikkje funne noko anna forklaring på kva det kan vera. Men det finner eg nok snart ut av - for det blir garantert verre og meir plagsomt etter kvart, viss det virkelig er halsbrann. Får i så fall håpa at eg ikkje blir altfor plaga med halsbrann i siste del av svangerskapet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I morgon skal eg på 3D-ultralyd, og er veldig spent på korleis det blir! :) Eg er no i veke 27, som skal vera eit bra tidspunkt for 3D-ultralyd. Håpar virkelig me får nokre gode bilete av vesla i magen. :) Og så håpar eg at kjønnet er tydelig, sånn at eg kan få bekrefta at det faktisk bur ei lita jente i magen min. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så gøy med 3D-ultralyd! Håper det blir/var en fin opplevelse!

Hvordan går det med halsbrannen? Jeg har hatt god nytte av Gaviscon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så gøy med 3D-ultralyd! Håper det blir/var en fin opplevelse!

Hvordan går det med halsbrannen? Jeg har hatt god nytte av Gaviscon.

Ja, 3D-ultralyden var absolutt ein fin opplevelse! :)

Halsbrannen har eg ikkje kjent noko meir til. Hadde to dagar på rad der eg kjente noko som minna om halsbrann, så eg trur det må ha vore det. Heldigvis har eg ikkje merka noko til det dei siste dagane, så eg kryssar fingrane for at halsbrannen ikkje kjem tilbake med det første.

I natt fekk eg forresten ei anna gravid(?)plage. Hadde lagt meg i går kveld og nesten sovna, då eg plutselig fekk kraftig krampe i leggen. :( Først var det på framsida av leggen, og nedover mot foten. Klarte ikkje å bøya foten, og det gjekk ikkje over. Så til slutt måtte eg be mannen min om å bøya foten min, for det var så vondt. Då flytta krampen seg til baksida av leggen, og det gjorde like vondt då. Etter at mannen min hadde massert og bøyd foten min nokre gangar, så ga heldigvis krampen seg. Er det vanlig med leggkrampar når ein er gravid? Meinar eg har høyrt noko om det, men kan rett og slett ikkje hugsa om eg var plaga med leggkrampar då eg var gravid forrige gang.

Håper det blir en flott opplevelse, var du på 3D med storesøster?

Det vart ein flott opplevelse, ja! :)

Eg hadde veldig lyst på 3D-ultralyd då eg var gravid med storesøster, men det vart ikkje til at eg bestilte time den gangen. Har angra litt på det i ettertid, så denne gangen bestemte eg meg raskt for at eg skulle bestilla meg time til 3D-UL. :) Og spesielt sidan eg ikkje følte meg overbevist om at det var ei jente i magen min, etter den ordinære ultralyden, så håpte eg å få bekrefta kjønnet på 3D-ultralyden i dag - og det fekk eg! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, då er 3D-ultralyden overstått, og alt såg heldigvis kjempefint ut! :) Hadde time kl 11.30 i dag, og trur faktisk eg fekk koma inn nokre minutt tidlegare. Eg er i veke 27 no. Og ja, eg fekk bekrefta at det er ei lita jente som bur i magen min. :hjertesmil: Det var heilt tydelig, og eg fekk sjå det sjølv - så no er eg ikkje i tvil lenger. blunket.gif

Det var ei koselig dame som undersøkte meg. Ho tok seg god tid, og gjorde alt ho kunne for at eg skulle få så gode bilete som mulig. Alt vart sjekka: hjerte, hjerne, ryggrad, lårbein, navlestreng, fostervatn m.m., og alt var heilt normalt! :) Hjertelyden var på 150 slag i minuttet. Vesla var litt større enn gjennomsnittet, men heilt innanfor normalen. Ein ting eg ikkje likte heilt, var at ho låg i seteleie. Eg veit at det er mange veker igjen til termin, og at ho har god tid på å snu seg enda.. Men ho sat med rumpa heilt nede i bekkenet mitt, så eg er litt redd for at ho blir sitjande slik heilt fram til termin. sparke.gif Eg har jo også kun kjent spark i nedre del av magen heile tida, så eg mistenker at ho trivest godt der nede.

Det var ikkje så lett å få gode bilete av ansiktet til vesla, for ho hadde nesten heile tida den eine eller begge hendene heilt opp i ansiktet. Ja til og med føttene dukka opp framfor ansiktet innimellom. knegg.gif Men ho flytta heldigvis på hendene sine innimellom, slik at me fekk nokre fine bilete av henne. :hjerter_rundt: Og så gjespa ho heile tida, så ho var tydeligvis trøtt og klar for å sova! ;)

Synst egentlig ikkje at ho likna så veldig på storesøster, men det er jo ikkje så lett å sjå på eit 3D-bilete akkurat korleis ho ser ut. Kanskje likna ho litt på sånn eg ser ut på nyfødtbileta av meg sjølv? Vanskelig å vita.

Det var iallfall veldig koselig å få ein titt på godjenta i magen min! rort.gif Eg fekk med meg fleire bilete, i tillegg til ein CD med bilete og nokre filmsnuttar, som eg kan kosa meg med. smil.gif

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Å, det hørtes koselig ut! Søte lille babyjenta i magen! :hjerte: Godt å få bekreftet at hun virker frisk også. Kjedelig med seteleie, da. Krysser fingre og tær for at hun snur seg med hodet ned etter hvert.

Ja, kramper i leggene er definitivt en gravid-greie. Jeg har blitt skikkelig god på å jumpe ut av senga på rekord-tid for å få trampet ut krampene. :ler2: Heldigvis sitter de fleste krampene mine på baksiden av leggen, så det bare er å tråkke hardt i gulvet for å få dem vekk. Mye verre med dem som sitter foran og liksom drar tærne oppover, for de må masseres ut, og det er mye mer styr, og veldig vondt.

Men jeg har et råd mot leggkramper: Magnesiumtilskudd! Min venn i nøden! Jeg har snakket med lege om det, og det er helt ok å ta 2-300 mg om dagen. Tablettene bør tas om ettermiddagen/kvelden. Det sies at det tar uker/måneder før man merker bedring, men hos meg tar det mindre enn 24 timer før det blir bedre når jeg tar en tablett. Kanskje bare placebo-effekt, men det er bra nok for meg ;)

Her er en sak om magnesium mot leggkramper hos gravide.

En link til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så gøy med 3D UL, og så bra at alt står bra til med lille jenta.

Tror ikke du skal bekymre deg veldig for at hun sitter i sete. Det har lillegutt gjort hos meg hele tia. Men han snudde seg natt til onsdag. For kjente tydelig spark nede på tirsdag, og på UL på onsdag så lå han med hode ned :)

Men kjenner bekymringen også, for har selv tenkt litt på setefødsel og syns det høres skummelt ut rett og slett.

Leggkramper er så veldig vondt.. Uff. Føler med deg. Har noen svake kramper innimellom jeg også. Heldigvis ikke fått de sterke.. Har vært borti det før, og nå har jeg bare ikke fysikken til å sprette opp av senga og strekke ut foten :gjeiper:

Håper du får en kjempefin helg. Og nå er jo 3. trimester rett rundt hjørnet :smilorange:

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Å, det hørtes koselig ut! Søte lille babyjenta i magen! :hjerte: Godt å få bekreftet at hun virker frisk også. Kjedelig med seteleie, da. Krysser fingre og tær for at hun snur seg med hodet ned etter hvert.

Ja, kramper i leggene er definitivt en gravid-greie. Jeg har blitt skikkelig god på å jumpe ut av senga på rekord-tid for å få trampet ut krampene. :ler2: Heldigvis sitter de fleste krampene mine på baksiden av leggen, så det bare er å tråkke hardt i gulvet for å få dem vekk. Mye verre med dem som sitter foran og liksom drar tærne oppover, for de må masseres ut, og det er mye mer styr, og veldig vondt.

Men jeg har et råd mot leggkramper: Magnesiumtilskudd! Min venn i nøden! Jeg har snakket med lege om det, og det er helt ok å ta 2-300 mg om dagen. Tablettene bør tas om ettermiddagen/kvelden. Det sies at det tar uker/måneder før man merker bedring, men hos meg tar det mindre enn 24 timer før det blir bedre når jeg tar en tablett. Kanskje bare placebo-effekt, men det er bra nok for meg ;)

Her er en sak om magnesium mot leggkramper hos gravide.

En link til.

Det var kjempekoselig å få sjå jenta i magen min, og at alt var fint med henne! :)

Får jammen håpa at vesla snart snur seg med hovudet ned, ja. Eg vil ikkje ha noko setefødsel, og keisersnitt har eg heilt angst for. :( Så eg får berre håpa på det beste! Ho har iallfall ikkje snudd seg foreløpig, for sparka eg kjenner er fortsatt heilt nederst i magen.

Krampar i leggen har eg heldigvis ikkje kjent noko meir til, etter den eine natta eg hadde det. Men fy søren så vondt det var! :( Håpar slike leggkrampar ikkje kjem for ofte, for det var absolutt ikkje noko behagelig. Som du seier, så er det mykje bedre når krampane kjem på baksida av leggane, for då er det berre til å reisa seg opp og trakka i golvet. Men når eg fekk krampe på framsida av leggen, så var det jo heilt håplaust! Eg er jammen glad for at mannen min låg i senga ved sida av meg akkurat då, eller trur eg at eg hadde fått heilt panikk. :sjenert:

Ja, eg har høyrt at magnesium kan hjelpa mot leggkrampar, så det kan eg jo testa ut viss eg blir mykje plaga framover! Men foreløpig har eg berre hatt sånne leggkrampar denne eine gangen. Takk for linkar forresten! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så gøy med 3D UL, og så bra at alt står bra til med lille jenta.

Tror ikke du skal bekymre deg veldig for at hun sitter i sete. Det har lillegutt gjort hos meg hele tia. Men han snudde seg natt til onsdag. For kjente tydelig spark nede på tirsdag, og på UL på onsdag så lå han med hode ned Happy.png

Men kjenner bekymringen også, for har selv tenkt litt på setefødsel og syns det høres skummelt ut rett og slett.

Leggkramper er så veldig vondt.. Uff. Føler med deg. Har noen svake kramper innimellom jeg også. Heldigvis ikke fått de sterke.. Har vært borti det før, og nå har jeg bare ikke fysikken til å sprette opp av senga og strekke ut foten :gjeiper:

Håper du får en kjempefin helg. Og nå er jo 3. trimester rett rundt hjørnet :smilorange:

:klemmer:

Kjekt med 3D-ultralyd, ja! :)

Så bra at gutten din har snudd seg med hovudet ned no! Håpar jenta mi gjer det samme snart. Grunnen til at eg er litt bekymra for at ho kjem til å bli verande i seteleie, sjølv om det fortsatt er mange veker igjen til termin, er fordi ho sat med rumpa heilt nede i bekkenet mitt. Men eg får håpa at vesla snart bestemmer seg for å bevega seg opp derfrå. ;) Eg synst nemlig det høyrest skummelt ut med setefødsel, og eg veit at det er større fare for komplikasjonar då, enn viss babyen kjem med hovudet først. Og keisersnitt har eg heilt panikk for, så det vil eg også helst unngå! Men babyjenta mi er jo nødt til å koma ut på ein eller annan måte, så det er best at ho snur seg snart, så mammaen hennar ikkje blir altfor stressa. :fnise:

Leggkrampar er skikkelig vondt, ja. :( Vart litt overraska over at eg plutselig fekk så veldig kraftige leggkrampar, når eg ikkje har kjent antydning til det før. Heldigvis har eg ikkje vore plaga med leggkramper etter den eine natta, og dei kan gjerne halda seg langt unna for min del! Iallfall når leggkrampane blir så vonde, at dei er heilt uutholdelige. Då er det nesten meir behagelig å føda, sjølv om fødselssmertene varer mykje lenger! ;)

Eg har hatt ei fin og avslappande helg, i nydelig vestlandsver! :sol: Håpar du også har kost deg i helga.

Ja, tenk at 3. trimester er her allerede! :smilbla:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Synst det er rart å tenka på at eg er 28 veker på vei i dag, og allerede har begynt på 3. trimester! :rodmer:

Det følest så lenge til jul, og også når eg tenker på at det er nesten 3 månader igjen til termin. Men når eg tenker på at eg allerede er inne i tredje og siste trimester av svangerskapet, så innser eg at det faktisk begynnar å nærma seg litt etter litt. ;)

Formen er fortsatt kjempefin! :) Ingen bekkensmerter, ingen kvalme, og eg kjenner masse spark i magen. :) Herlig! Håapr det fortset slik lenge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

HeiHpper hun turner litt inni der, det er jo enda veldig tidlig, og hun kan fint snu seg!

Men jeg har termin 17.12,når er det du har igjen?

Vel, du fikk din dose ubehag når du måtte gjennomgå alt det du måtte før dette svangerskapet, så nyt det :)

Endret av Luremegpå
Lenke til kommentar
Del på andre sider

HeiHpper hun turner litt inni der, det er jo enda veldig tidlig, og hun kan fint snu seg!

Men jeg har termin 17.12,når er det du har igjen?

Vel, du fikk din dose ubehag når du måtte gjennomgå alt det du måtte før dette svangerskapet, så nyt det :)

Ja, vesla får jammen begynna å turna ordentlig der inne snart, sånn at rumpa ikkje blir sitjande fast i bekkenet mitt heilt fram til termin!

UL-terminen min er 18. desember. Men eg er sjølv sikker på at den nøyaktige terminen min er 19. desember, sidan eg veit nøyaktig kva dag eg hadde eggløysing. Eg brukte nemlig eggløysingstestar kvar dag rundt eggløysing. Og viss terminen min hadde vore 18. desember, så ville eg ha blitt gravid dagen før eg hadde eggløysing. ;) Og det er jo sjølvsagt ikkje mulig! Men det betyr jo egentlig ikkje noko sånn sett, med ein dag til eller frå. Fordelen med å få UL-termin ein dag for tidleg, er jo at eg sannsynlegvis blir igangsett ein dag tidlegare, viss eg går lenge på overtid. ;)

Etter mine berekningar, skal eg altså vera 28 veker på vei akkurat i dag! :) Og då tar eg utgangspunkt i min utrekna termin, ikkje UL-termin. Ut frå UL-termin, skulle eg ha vore 28 veker allerede i går. Tickeren min er forresten litt feil fortsatt, sidan eg ikkje har somla meg til å forandra på den enda. :sjenert:

Ja, det var nok ubehag eg måtte gjennomgå før eg endelig vart gravid! Og ikkje minst all ventinga, og frykten for at eg aldri skulle få oppleva å bli mamma igjen. Nesten 3 år gjekk det frå me starta prøvinga, og til eg endelig vart ordentlig gravid - etter først å ha opplevd ein MA, og så eit avbrutt prøverørsforsøk. Det var nokre slitsomme år, med mange nedturar. Men no er eg berre lykkelig og glad over kor heldig eg er, som skal få bli mamma til enda ei lita jenta! :strix: Og eg nyter virkelig å vera i så fin form. Veldig kjekt å sleppa dei store plagene i svangerskapet, etter alt slitet eg hadde for å bli gravid. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...