Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Hun blir nok ei kjempegod storesøster :hjerte:

Så koselig! Jeg tror også hun blir en flott storesøster!

Ja, det trur eg også at ho blir! :) For ho er jo så utrulig stolt av at ho skal bli støresøster. :hjertesmil: Men samtidig er eg ganske spent på om ho kjem til å bli sjalu på veslesøstera si. Ho har nemlig ein tendens til å bli veldig sjalu når eg har andre ungar/babyar på fanget, og kosar litt med dei. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag hadde eg min første jobbdag, etter 4 veker ferie. Kan ikkje akkurat seia at eg gleda meg til å gå på jobb, då mobilen ringte kl 6 i dag tidleg. :Gjesp: Heldigvis gjekk det overraskande bra! Formen min har vore fin sidan veke 12, når kvalmen ga seg. Har ikkje kjent noko til bekkensmerter enda. Det begynte i veke 30 forrige gang eg var gravid, så satsar på at eg får behalda den gode formen i nokre veker enda. :)

I går kveld fekk eg plutselig så vondt i magen, veldig langt ute på høgre sida. Det rare er at kvar gang eg har kjent ein eller annan form for magesmerter dette svangerskapet, så har det vore på høgre side i magen. Mystiske greier... Eg synst det var litt ekkelt, for det varte frå tidleg på kvelden, og heilt til eg gjekk og la meg. I starten føltest det som ei slags verking på eit spesielt punkt i magen. Etterpå vart det meir ømt og ubehagelig, uten å verka. Veit ikkje kva det kan ha vore, men smertene ga seg heldigvis då eg la meg. I dag har eg følt meg heilt fin, og eg kjenner jevnlig spark frå vesla i magen - så eg reknar med at alt er i orden! :) Men det er uansett veldig ekkelt med slike magesmerter ein ikkje veit kva kjem av, når ein er gravid.

I morgon skal eg forresten på svangerskapskontroll. Blir min aller første legetime hos den nye fastlegen min, så det kan jo bli spennande! Håpar ho er grei, og har litt greie på og interesse for svangerskapsrelaterte ting. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går var eg på svangerskapskontroll hos den nye fastlegen min. Ho var veldig blid og hyggelig, men ikkje særlig erfaren. Er ganske sikker på at ho var nyutdanna, for ho rota ein del og virka ganske usikker og uerfaren.

Vekta mi hadde vel gått opp med 4 kg, sidan jordmorkontrollen i veke 15. I veke 15 hadde vekta mi gått litt ned i forhold til vekta mi før eg vart gravid - men eg kan ikkje skjønna at det kunne stemma, sidan eg har hatt tydelig mage heilt sidan veke 12 dette svangerskapet. Men no hadde uansett vekta gått opp litt, så då stemmer det iallfall bedre.

Blodtrykket mitt var fint, og urinprøven var negativ. Veldig fornøyd med at eg klarte å unngå å bli stressa når blodtrykket skulle målast denne gangen. ;) Legen styrte veldig då ho skulle finna SF-målet. Ho målte feil, og måtte prøva på nytt før ho fann ut av det. Eg låg då akkurat såvidt innanfor normalområdet, men heilt i nedre del. Anar ikkje om det vart riktig til slutt heller, for legen strevde med å finna ut kor ho skulle måla frå, og kor toppen av livmora var. Men magen min veks iallfall heile tida, så eg reknar med at det er ok.

Legen gløymte også å finna fosterlyden då eg låg på benken, så eg måtte spørja henne om ho kunne høyra etter den. Då beklagde ho det, og sa at ho hadde gløymt det. Eg fann ut det var best å seia med ein gang at ho måtte høyra etter hjertelyden langt nede i magen, sidan det alltid er der eg kjenner spark, og det er der jordmødre/legar tidlegare har funne hjertelyden. Ellers hadde ho garantert begynt å leita etter hjertelyden langt oppe i magen! Likevel klarte legen å rota. Ho leita etter hjertelyden nederst i magen, men heilt på sida av magen min. Og då fann ho ikkje hjertelyden. Eg måtte seia fleire gangar at ho måtte prøva på midten av magen, før ho endelig gjorde det. Og då var hjertelyden klar og tydelig! Ho brukte lag tid på å høyra etter hjertelyden, og sa at den varierte mellom ca 142 og 150 slag i minuttet. Ho skreiv 144 på helsekortet, så veit ikkje egentlig kor godt det stemmer. Forrige gang eg fekk høyra hjertelyden, var den på 150 slag i minuttet.

Då eg skulle få ny time, var legen også veldig opphengt i at eg egentlig var der i "feil" veke. Ho hadde framme eit ark, med oversikt over når i svangerskapet ca ein skal ha kontrollar, og kva som skal sjekkast på dei ulike kontrollane. Og ho virka rett og slett ganske stressa og usikker fordi eg var der i veke 22, og ikkje i veke 24, som stod på arket hennar. :fnise: Ho bestemte seg for å sjekka det som stod under veke 24-kontrollen, sidan det var nærmast. Og ho tok for seg punkt for punkt, for å vera sikker på at ho hadde fått med seg alt ho skulle sjekka. Og så var det visst veldig viktig for henne at eg kom tilbake til henne på ny kontroll akkurat i ei svangerskapsveke som stod på skjemaet hennar, og det var når eg er i veke 28. Derfor må eg no på ny legekontroll berre 2 veker etter neste jordmorkontroll, fordi den nye legen min meinte at eg måtte koma på neste kontroll når eg er akkurat 28 veker på vei.

Legen min klarte heller ikkje å finna ut når eg måtte koma på neste kontroll, sånn at det stemte med at eg då skulle vera 28 veker på vei. Eg fann med ein gang fram kalenderen på mobilen min, og sa til henne i kva for ei veke eg då måtte få ny time. Men ho sat berre der med svangerskapshjulet sitt, og fekk det ikkje til å stemma. Ho meinte at eg var i veke 28 i veka før. Eg sa til henne at det umulig kunne stemma, for sidan eg er i veke 22 no, så kjem eg til å vera i veke 28 om 6 veker. Men ho ga seg ikkje, og sa at svangerskapshjulet skulle visa riktig. Det var jo ikkje akkurat vanskelig å rekna seg fram 6 veker - men ho var så opptatt av det det hjulet, at ho ikkje klarte å tenka sjølv, virka det som. Etter masse styr, så seier ho plutselig:" Det stemmer at termin er 12. desember?" Eg svarar at nei, det stemmer ikkje, det er 18. desember. Det stod jo til og med på helsekortet mitt som låg rett framfor henne, i tillegg til at eg hadde sagt når eg hadde termin. Og då svarar ho at ja då stemmer det jo! Som om eg ikkje visste det allerede liksom. :fnise:

Etter kontrollen var eg veldig glad for at alt såg ut til å vera fint både med meg og med babyen i magen min. :) Men eg må seia at eg er litt skeptisk til å gå til svangerskapskontrollar hos ein fastlege som er så uerfaren, og tydeligvis har lite greie på slikt. Følte jo at eg hadde mykje meir peiling enn det ho hadde! Det hjelper sjølvsagt at ho var blid og hyggelig. Og så lenge alt går fint i svangerskapet, så går det nok heilt greit. Men viss det skulle skje noko spesielt, så kan eg ikkje seia at eg stolar på at denne legen veit kva ho skal gjera. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei så vittig med legen din. Hadde blitt ganske oppgitt selv. Ho kommer til å slite max hvis du begynner å stille ho masse spørsmål :gjeiper:

Litt usikker på hva jeg hadde gjort selv. Hvis jeg hadde hatt en JM som var kjempeflink og jeg var fornøyd der så hadde jeg kanskje latt legen få lære litt av situasjonen min. Men jeg er innimellom alt for snill med sånt ;)

Hadde jeg derimot ikke vært fornøyd med JM, så hadde jeg bytta lege. Men nå virker det jo som at du har god kontroll på ting og det er jo bra :)

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Stakkars uerfarne legen. ;) Jeg gikk til en nyutdannet vikarlege i forrige svangerskap, og hun rotet også en del. Det er lett å se på helsekortet hvilke SF-mål hun har gjort, for å si det sånn. :fnise: Men hun var kjempesøt og koselig, så jeg begynte å se på kontrollene hos henne som et samarbeid og en toveis-greie. Opplæring for henne og svangerskapskontroll for meg. Hun hadde heldigvis også masse selvironi på at hun var fersk i faget, så hvis jeg spurte om noe og hun ikke visste, så sa hun det bare rett ut, og så lo vi litt, og så fant vi en måte å finne ut av det på. Jeg hadde noen småkomplikasjoner i svangerskapet, men det var i grunn ikke noe problem, for der fulgte hun bare oppskriften, tok de prøvene hun skulle, og henviste meg til sykehuset når de gikk over grenseverdiene.

Jeg synes du skal gi legen en sjanse til. Fort gjort å bli nervøs og tulle litt hvis hun har lite erfaring med gravide. Hvis ikke magefølelsen din sier noe annet da. Veldig viktig å ha tillit til legen sånn at du føler deg trygg og ivaretatt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Nei så vittig med legen din. Hadde blitt ganske oppgitt selv. Ho kommer til å slite max hvis du begynner å stille ho masse spørsmål :gjeiper:

Litt usikker på hva jeg hadde gjort selv. Hvis jeg hadde hatt en JM som var kjempeflink og jeg var fornøyd der så hadde jeg kanskje latt legen få lære litt av situasjonen min. Men jeg er innimellom alt for snill med sånt ;)

Hadde jeg derimot ikke vært fornøyd med JM, så hadde jeg bytta lege. Men nå virker det jo som at du har god kontroll på ting og det er jo bra :)

:klemmer:

Ja, ho kjem nok garantert til å slita skikkelig, om eg begynner å stilla henne masse spørsmål! :fnise:

Eg er ikkje spesielt fornøyd med jordmora mi heller, dessverre. Så eg veit egentlig ikkje heilt kva eg skal gjera. Grunnen til at eg bytta fastlege, var fordi eg hadde fastlege ganske lang unna der me bur no. Har hatt fastlege i den kommunen me budde i før. Problemet er at det ikkje er andre fastlegar i den kommunen me bur i no, som har ledig på listene sine. Så eg blir vel berre nødt til å halda ut med den uerfarne nye fastlegen min, og håpa på at det ikkje skjer noko spesielt i løpet av svangerskapet. Skulle eg oppleva noko spesielt i svangerskapet, som eg er fryktar at legen min ikkje har greie på - så ringer eg heller direkte til sykehuset, eller kontaktar den private gynekologen eg har gått til tidlegare. Han er iallfall veldig dyktig, og veit kva han driver med. ;)

Jordmora eg hadde då eg var gravid med eldstejenta, var heilt fantastisk! Så eg skulle virkelig ønskja at eg kunne ha gått til henne denne gangen og. Men det går dessverre ikkje, sidan me har flytta til ein annan kommune sidan den gang. Virkelig synd, for ho var virkelig ei heilt fantastisk jordmor!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stakkars uerfarne legen. ;) Jeg gikk til en nyutdannet vikarlege i forrige svangerskap, og hun rotet også en del. Det er lett å se på helsekortet hvilke SF-mål hun har gjort, for å si det sånn. :fnise: Men hun var kjempesøt og koselig, så jeg begynte å se på kontrollene hos henne som et samarbeid og en toveis-greie. Opplæring for henne og svangerskapskontroll for meg. Hun hadde heldigvis også masse selvironi på at hun var fersk i faget, så hvis jeg spurte om noe og hun ikke visste, så sa hun det bare rett ut, og så lo vi litt, og så fant vi en måte å finne ut av det på. Jeg hadde noen småkomplikasjoner i svangerskapet, men det var i grunn ikke noe problem, for der fulgte hun bare oppskriften, tok de prøvene hun skulle, og henviste meg til sykehuset når de gikk over grenseverdiene.

Jeg synes du skal gi legen en sjanse til. Fort gjort å bli nervøs og tulle litt hvis hun har lite erfaring med gravide. Hvis ikke magefølelsen din sier noe annet da. Veldig viktig å ha tillit til legen sånn at du føler deg trygg og ivaretatt.

Kan ikkje vera så kjekt å vera nyutdanna og heilt uerfaren, nei. ;) Det er jo klart at legar må få sjansen til å læra seg ting underveis, og det er heilt naturlig at dei ikkje kan alt med ein gang. Men som pasient må eg seia at eg føler meg mykje tryggare med å ha ein erfaren lege. Men så lenge legane tar dei prøvane dei skal, og henviser vidare ved behov, som du seier - så går det vel forhåpentligvis greit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åå.. Er ikke gøy å ikke være fornøyd :(

Hva er det med JM nå som gjør at du ikke er fornøyd??

Jeg har jo bare vært to ganger hos min, så aner ikke hva som er værre eller bedre :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenk, no er eg allerede i veke 23 - og det er faktisk ein bitteliten sjanse for at jenta mi kan overleva om ho skulle bli født no. :) Men det er vel først mellom veke 25 og veke 28 at det begynnar å bli ein god sjanse for at babyen kan overleva om fødselen skulle starta. Uansett så håpar eg virkelig at veslejenta i magen min blir der inne lenge enda - heilt fram til termin! Men håpar virkelig at eg slepper å gå på overtid, for då kan babyen lett koma midt i jula! Og julafta er spesielt ein dag eg helst vil unngå å føda på. Men ho kjem uansett når ho kjem, og det blir spennande å sjå kva tid ho har tenkt seg ut. ;)

Eg har som sagt kjent liv fleire gangar om dagen, sidan veke 19. Det er veldig betryggande, synst eg. :) Men det varierer veldig frå dag til dag, kor mykje eg kjenner til henne. I dag har vesla vore veldig rolig av seg heile dagen. Har knapt kjent nokon bevegelsar der inne heile dagen, så eg begynte nesten å bli litt bekymra. Men no er det heldigvis fullt liv der inne, og det er herlig! :)

No er det berre 4 veker igjen til 3D-ultralyd, og det blir veldig spennande! :Nikke: Gledar meg til å sjå babyen min i 3D, og så håpar eg virkelig at eg kan få bekrefta at det virkelig er ei jente der inne. For eg må seia at eg ikkje føler meg 100% sikker på at det er ei jente, sidan eg ikkje fekk sjå det sjølv på ordinær UL. Jordmora som undersøkte meg, spurte berre om eg ville vita kjønnet. Eg svarte ja, og ho sa at det såg ut som ei jente. Men ho viste meg ingenting på skjermen, så eg trur ikkje akkurat at ho tok seg tid til å studera kjønnet så veldig nøye. Då eg var gravid forrige gang, tok jordmora eit bilete midt mellom beina på jenta mi, mens ho låg og sprikte med beina. Og då var det ingen som helst tvil om at det var ei jente. Eg og mannen min kunne sjå det sjølv. Denne gangen føler eg meg meir usikker på om det virkelig stemmer, og håpar derfor at kjønnet er tydelig på 3D-ultralyd.

Grunnen til at eg begynner å lura, er fordi på eit anna forum (Snart mamma), er det faktisk fleire av dei som har vore på 3D-ultralyd (som har termin månaden før meg), og som då har fått vita at det er motsatt kjønn enn det dei fekk beskjed om på ordinær UL! Derfor klarar eg liksom ikkje heilt å stola på at det faktisk er ei jente i magen min, når sånt kan skje. Og eg vil ikkje bli overraska av at det kjem ein gutt ut når eg føder, når eg har vore innstilt på og forberedt meg på ei jente! Då ville eg mykje heller ikkje ha visst kjønn i det heile tatt. Så eg håpar virkelig at eg får bekrefta på 3D-ultralyd, at det faktisk er ei jente i magen min.

Er det forresten nokon her inne som kan hjelpa meg med å laga ein ticker? Tenkte å gjera det for lenge sidan, men så har eg visst heilt gløymt det...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åå.. Er ikke gøy å ikke være fornøyd :(

Hva er det med JM nå som gjør at du ikke er fornøyd??

Jeg har jo bare vært to ganger hos min, så aner ikke hva som er værre eller bedre :gjeiper:

Det er vel mest det at den jordmora eg hadde forrige gang var så fantastisk, at forskjellen mellom henne og ei heilt ok jordmor, følest så veldig stor! Eg var ekstremt heldig med jordmora mi forrige gang. Eg kunne ikkje ha fått ei bedre jordmor! For det første tok ho seg så veldig god tid kvar gang eg var der. Ho var så interessert og engasjert i meg og babyen i magen min, og ho fekk meg til å føla meg heilt spesiell. ;) Og så ga ho meg også eit telefonnummer eg kunne nå henne på når som helst. Og ho sa at eg berre måtte ringa henne viss det var noko eg lurte på /var bekymra for, så skulle eg få koma inn til ein sjekk hos henne på dagen. Det benytta eg meg også av ein gang, og eg fekk koma inn og høyra hjertelyden samme dagen som eg ringte, sjølv om eg ikkje hadde nokon time den dagen.

Den jordmora eg går til no er heilt grei, men ho virkar ikkje speseilt engasjert i det ho driver med. Gjer dei undersøkelsane ho skal, spør så om eg har nokre spørsmål, og så er ho ferdig. Følest meir som å gå til lege på vanlig svangerskapskontroll.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den greieste måten å lage ticker på, er å klikke direkte på en ticker som du synes er fin her inne. Da kommer du til en ticker-lage-nettside, og så følger du oppskriften der. Send meg en PM hvis du lurer på noe. Koselig med ticker!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Den greieste måten å lage ticker på, er å klikke direkte på en ticker som du synes er fin her inne. Da kommer du til en ticker-lage-nettside, og så følger du oppskriften der. Send meg en PM hvis du lurer på noe. Koselig med ticker!

Takk for svar! :) Då skal eg prøva på det. Sender deg ei PM viss eg ikkje får det til. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra, eg klarte å laga meg ticker på første forsøk! :) Vanligvis pleier eg å vera heilt håplaus på å få til slike ting. :fnise:

Det er berre ein ting som ikkje stemmer heilt, for eg er nokre dagar lenger på vei enn 23+4. Skreiv inn riktig termin, som er 18. desember. Men så er det vel noko med det der at eit svangerskap blir rekna som akkurat 40 veker i dei fleste land, så då blir det vel ikkje heilt riktig uansett...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Min ticker ble også feil i forhold til termin. Så jeg har justert terminen for å få riktig i forhold til hvor langt på vei jeg er. I dag er det 100 dager til termin, men på tickeren står det 97. Tror jeg flytta terminen fra 3.des til 30 nov for å få det riktig :gjeiper: mener å ha lest en plass om at disse utregningene kan bli litt feil i år på grunn av at det er skuddår, men vet ikke om det er sant ;)

Men det var en veldig søt ticker du har valgt ihvertfall :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Kjempesøt ticker! Jeg måtte flytte termindatoen tre dager for å få riktig uke+dag. Antall gjenværende dager blir litt feil, men det synes jeg ikke gjør noe.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Min ticker ble også feil i forhold til termin. Så jeg har justert terminen for å få riktig i forhold til hvor langt på vei jeg er. I dag er det 100 dager til termin, men på tickeren står det 97. Tror jeg flytta terminen fra 3.des til 30 nov for å få det riktig :gjeiper: mener å ha lest en plass om at disse utregningene kan bli litt feil i år på grunn av at det er skuddår, men vet ikke om det er sant ;)

Men det var en veldig søt ticker du har valgt ihvertfall :)

No er plutselig tickeren min berre ein dag feil. Då eg laga den, var den 3-4 dagar for kort, i forhold til kor langt eg er på vei. Mystisk...

Skal uansett prøva å forandra på det, sånn at det blir heilt riktig. ;) Så får det heller våga seg at antal dagar igjen til termin, ikkje stemmer heilt.

Kjempesøt ticker! Jeg måtte flytte termindatoen tre dager for å få riktig uke+dag. Antall gjenværende dager blir litt feil, men det synes jeg ikke gjør noe.

Kjekt med ticker, ja! :) Skal prøva å få ordna tickeren min - så får me sjå om eg får det til! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmmm, eg fann visst ikkje heilt ut av det. :sjenert:

Må eg laga tickeren heilt på nytt, eller kan eg berre redigera den tickeren eg allerede har laga? Når eg klikkar meg inn på tickeren i signaturen min, så kjem eg berre inn på startsida som eg var på då eg laga meg ticker. Eg klarar ikkje å koma inn på den tickeren eg allerede har laga. Det går kanskje ikkje an å redigera tickeren min no, og at eg uansett blir nødt til å gjera alt saman alt på nytt?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du må nok lage den på nytt ja.. Men det fikser du fort :) Tror jeg laga min 4-5 ganger før jeg ble fornøyd :gjeiper:

Ha en fin dag :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...