Gå til innhold

Mammaliv!

Mirabella76

Anbefalte innlegg

God ferie :sol:

Kos deg på ferie, Mirabella!! :klem:

Takk for det! :klemmer:

Har hatt ein fin ferie! :) Kom heim igjen i dag, og fortsatt har eg fri i 2 veker til før eg skal på jobb igjen! :nigo:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Vi venter også en liten prinsesse til jul :):rodmer:

<3 Blir en herlig jul!:D

Blir nok veldig koselig med små, søte juleprinsesser! :hjertesmil: Me er heldige! :hjerter_rundt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veslejenta i magen min er veldig rolig av seg, iallfall foreløpig. Det er sjelden eg kjenner noko liv i magen min, sjølv om eg er 20 veker i morgon. Måndag denne veka, då eg var akkurat 19 veker på vei, kjente eg for første gang tydelege små spark, som eg til og med kunne kjenna på utsida av magen! :) Det var veldig koselig, så eg hadde håpa å kjenna meir av det framover. Men det har eg altså ikkje gjort. I løpet av veka som har gått, har eg kun kjent antydning til nokre bittesmå spark nokre få gangar, som eg ikkje har klart å kjenna på utsida av magen. Men eg får berre håpa at det blir meir av slike ordentlige spark snart!

For nokre dagar sidan skjedde det noko som eg synst var litt ekkelt. Eg veit jo at ein bør unngå boblebad når ein er gravid. Og då er det jo til og med snakk om å sitja i vanleg boblebad, og ein får jo då "boblene" i ryggen. Det å få boblebad-stråla midt i magen må jo vera enda verre, og det var nemlig det som skjedde med meg. :( Var i eit spa-basseng med jenta mi, då me var på ferietur. I ein del av bassenget var det vanlig boblebad, I ein annan del av bassenget var det bobler som kom opp i midten av bassenget, når me trykte på ein knapp. Eg haldt fleire gangar jenta mi inn i "boblene" i bassenget, mens eg sjølv stod på utsida. Den eine gangen eg gjorde det, ville jenta mi at me skulle flytta oss over på andre sida av der det bobla midt i bassenget. Eg skulle vera lur og gå forbi heilt inne langs kanten, for eg trudde at boblebad-strålene kom opp frå nokre runde område som gjekk langs midten av bassenget, men ikkje heilt innerst. Det viste seg derimot at det berre var lys eller noko slikt. Den kraftige stråla som lagde bobler, kom nemlig ut frå eit ganske tjukt røyr, heilt inne ved kanten, akkurat der eg gjekk forbi. Eg snudde meg til og med automatisk med magen rett mot stråla, då eg kjente at eg fekk noko på meg, fordi eg var så sikker på at vannstråla ikkje kom inne frå kanten av bassenget. Det førte til at eg fekk ei kjempekraftig stråle midt på venstre side av magen ei lita stund, før eg klarte å koma meg forbi.

Det var ei skikkelig kraftig stråle, og den traff akkurat i høgd med magen min. Snakk om uflaks! :( Etterpå fekk eg eit ubehag i magen, som varte i ca 1/2-1 minutt. Føltest som eit kraftig trykk i magen, som om magen strama seg, og det gjorde litt vondt. Etter det har eg ikkje merka noko spesielt. Men eg er så redd for at babyen i magen min kan ha tatt skade av det. :( Og spesielt sidan eg har kjent så minimalt med liv etter at det skjedde, så blir eg ekstra bekymra. Typisk at noko sånt skal skje, sjølv om eg prøver å vera ekstra forsiktig!

Det skejdde også to andre litt dumme ting då me var på ferie. Den eine gangen skulle eg ta tømmerrenna saman med jenta mi, i ein fornøyelsespark. Eg klarte å bråbremsa skikkelig, fordi eg tok for hardt i bremsen. Den andre gangen sat eg på kanten av eit basseng, og det såg ut som om det var berre ein lite stykke ned. Så eg slapp meg utfor, og det var litt lengre ned enn eg trudde, så eg følte at eg dunka ganske hardt nedi med beina, då eg landa i bassenget. Det var rett før alle desse tre tinga skjedde i løpet av nokre få dagar, at eg kjente mange tydelige spark som eg også kunne kjenna på utsida av magen. Og etter at alle desse tabbane skjedde, har eg nesten ikkje kjent noko liv. Eg føler at det var det med vannstråla som var verst, men dei andre tinga var ikkje heilt bra heller. Håpar virkelig ikkje nokon av desse tinga kan ha skada babyen i magen min, og at det er grunnen til at eg har kjent så lite liv den siste veka. :(

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Barnet er VELDIG godt beskytta der inne, så jeg har ingen tro på at noe av det du har opplevd kan gjøre noe som helst skade. :klemmer:

Det med boblebad trodde jeg var fordi det kan være bakterier der. Mener hvertfall å ha lest at du gjerne kan bade i ditt eget boblebad når du er sikker på at hygienen er god.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann. Legger igjen et lite fortspor i din dagbok også :)

Så kjedelig med det som skjedde på ferie. Men som sagt over så er babyen kjempegodt beskytta. Jeg har skjønt at man skal være forsiktig med hopping/bæring og andre fysiske ting for å ikke ødelegge rygg/bekken. Skal masse til før babyen blir skada. Har jo hørt om flere som har vært i bilulykker og babyen har overlevd.

Dette gikk bra skal du se :klemmer: Håper du får en veldig fin dag :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg trodde man skulle styre unna boblebad på grunn av varmen, jeg. Fordi bloblingen gjør at det ikke kjennes så varmt ut som det egentlig er. :vetikke:

Hvis jeg var deg, Mirabella, ville jeg ringt jordmor/lege angående den strålen du fikk mot magen. Ja, babyen er godt beskyttet, men slag mot magen er nå ikke helt bra, og det kan være greit å få sjekket at alt er i orden. Om ikke annet, så i hvert fall for at du skal slippe å gå rundt og bekymre deg.

Ønsker deg en fortsatt fin ferie! :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest Blondie65

Jeg sier som Marikke: sjekk opp med jordmor. Jeg tror ikke at babyen er blitt skadet - men det er usunt å bekymre seg hele tiden.

En jeg kjenner falt så lang hun var da hun gikk med sin yngste. På klink is, kadunk i bakken. Det var ekkelt det - men det skjedde ingenting med den lille eller moren. Dette var før ultralyd og mor var skikkelig redd etter episoden - men det gikk bra.

Tusen takk for svar angåande den kraftige vannstråla eg fekk mot magen min i bassenget, då me var på ferie! :) Med tanke på svara eg fekk frå eit par av dåke, og fordi eg har bekymra meg ein del for dette i veka som har gått etter at det skjedde, følte eg det var best å finna ut av det på ein eller annan måte. Altså om det kan ha skada babyen i magen min, eller ikkje.

Jordmora eg går til, synst eg ikkje er i nærheten så hyggelig som jordmora eg gjekk til forrige gang eg var gravid. Ikkje fekk eg noko telefonnummer av henne som eg kunne ringa heller, viss det var noko eg lurte på/bekymra meg for. Det fekk eg av mi forrige jordmor, med beskjed om at eg kunne ringa når som helst om det var noko spesielt, og få koma inn ein tur og høyra hjertelyden på dagen, om eg følte behov for det. Den jordmora eg går til no, virka mindre interessert og engasjert, og tok seg ikkje så god tid som den forrige jordmora mi. Derfor har eg ikkje kontakta jordmora mi, for å spørja om dette. Fastlege har eg nettopp bytta, og eg har ny fastlege frå i dag, 1. august. Så henne har eg ikkje vore til enda, og veit derfor ingenting om den nye fastlegen min. Derfor følte eg heller ikkje at det var naturlig å ringa det nye legekontoret, for å få svar på spørsmålet mitt. Den private gynekologen eg har gått til, er eg veldig fornøyd med. Men eg synst ikkje eg kan betala rundt 1000 kr for ein time hos han, berre for å stilla eit spørsmål. Eg kunne jo sikkert ha fått ultralyd også, for å sjekka at alt såg fint ut. Men eg tenkte at eg kunne iallfall prøva å få svar på spørsmålet på ein annan måte først.

Derfor bestemte eg meg for å stilla spørsmålet til ein gynekolog på Doktor online. Eg betalte vel 150 kr for det, og i dag kom svaret. Her er det gynekologen svarte meg på spørsmålet mitt:

Det er ikke slik at slag mot magen kan skade fosteret, men det kan få morkaken til å løsne, og da kan det bli abort eller for tidlig fødsel. Hvis du fortsatt kjenner liv, ikke har smerter eller blødning nå etter en uke, behøver du ikke å søke lege, og du behøver ikke å bekymre deg. Lykke til med graviditeten.

Veldig godt å høyra at slag mot magen ikkje kan skada fosteret! :) Vart utrulig glad og letta over å høyra det, for eg har vore redd for at nettopp det kan ha skjedd. Samtidig synst eg det var skummelt å høyra at slag mot magen faktisk kan føra til at morkaka løsnar, for då overlever jo ikkje fosteret. :(

Heldigvis har eg ikkje hatt nokon smerter i magen i løpet av veka som har gått etter at eg fekk den kraftige vannstråla mot magen. Utenom det trykket og litt vonde eg kjente i magen rett etterpå, som varte i ca 1/2-1 minutt, så har eg ikkje hatt noko vondt i magen. Har heller ikkje sett antydning til blod. Jenta i magen min har heldigvis også gitt liv frå seg i løpet av denne veka. Dei siste dagane har eg kjent små spark kvar einaste dag, heilt nede i magen. Når eg først kjenner noko, så kjem det vanlegvis fleire spark i løpet av kort tid. Og eg har dei siste dagane kjent slike episodar med spark 1-2 gangar om dagen. Så det er iallfall liv der inne!

Så då reknar eg med at alt står bra til med veslejenta i magen min, sidan gynekologen skriv at eg ikkje treng å bekymra meg eller kontakta lege, viss eg fortsatt kjenner liv, og ikkje har hatt magesmerter eller blødningar i veka som har gått etter at det skjedde. Ein stor lettelse å få vita, for då har det nok heldigvis gått bra! :) Men eg skal passa meg veldig heretter, og gjera alt eg kan for å unngå nye slag mot magen. For det skremmer meg veldig å tenka på at morkaka faktisk kan løsna ved harde slag mot magen.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann. Legger igjen et lite fortspor i din dagbok også :)

Kjekt at du legger igjen eit spor i dagboka mi, Kakaoen! :) Velkommen skal du vera. :klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var et fint og informativt svar fra online-doktoren. :) Jeg var heller ikke klar over at det er morkaka man er bekymret for ved slag mot magen. Godt å vite. Jeg ble forresten selv født noen uker for tidlig fordi morkaka løsnet, og det som mamma forteller om den episoden om smerter og blod gjør at jeg føler meg rimelig sikker på at noe sånt ikke har skjedd hos deg. Og det er jo det online-doktoren sier også. Godt å få visshet om at alt er bra med den lille i magen!

Kos deg med sparkene i fra lilleknøttet! :klemmer:

Ja, eg synst også det var eit veldig greit og informativt svar eg fekk frå legen! :) Godt å vita om det der med at morkaka kan løsna ved slag mot magen, ja - for det er jo skikkelig skummelt! Det gjeld jammen å vera forsiktig og passa ekstra godt på, så ein ikkje får slag mot magen.

Usj, for ein skummel opplevelse det må ha vore for mora di, då du vart født! Var ho på sykehuset når det skjedde, sidan det gjekk bra? Eg har nemlig lest at viss morkaka løsnar, så må barnet ut med ein gang - ellers dør fosteret, og mora kan blø i hel. Skremmande greier. :(

Som sagt så håpar og trur eg at alt fortsatt er bra med den lille i magen min, sidan eg ikkje har hatt verken smerter eller blødningar i veka som har gått etter det som skjedde. Og babyjenta i magen min har visst endelig begynt å gi litt meir lyd frå seg. :) I mange dagar no, har eg kjent tydelige spark fleire gangar om dagen. Så det tyder jo på at ho fortsatt har det bra der inne, heldigvis! :) Eg kosar med veldig med desse tidlege små sparka, ja. :hjerte:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenk, no er eg allerede halvveis i svangerskapet! :strix:

Synst det er utrulig rart å tenka på at eg allerede er så langt på vei. Sjølv om vekene føltest uendelig lange i starten av svangerskapet, fordi eg bekymra meg så veldig - så har tida egentlig gått veldig fort! Følest absolutt ikkje lenge sidan eg stod der med ein positiv graviditetstest i hånda, og ikkje trudde at det kunne vera mulig. ;)

Først no etter den ordinære ultralyden, og etter at eg begynte å kjenna ordentlige spark frå vesla - så klarar eg endelig å gleda meg over at eg er gravid! :) Det har vore nokre slitsomme månader fram til der eg er no, med massevis av bakymringar, og lite tru på at dette skal gå bra. Derfor er det herlig å endelig kunne gleda seg over den lille i magen! :) Eg er fortsatt bekymra innimellom, og eg kjem nok ikkje til å føla meg heilt trygg på at dette skal gå bra, før eg har veslejenta i armane mine. Men no klarar eg heldigvis å vera glad og positiv det meste av tida!

I dag har eg forresten bestilt meg time til 3D-ultralyd 20. september, når eg er mellom 27 og 28 veker på vei. :smilorange: Då eg var gravid med jenta mi hadde eg veldig lyst på 3D-ultralyd, men det vart ikkje til at eg bestilte time. Så no skal det bli veldig kjekt å få det gjort! Håpar bileta blir fine, og at vesla i magen min ikkje er sjenert og gøymer seg vekk! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Usj, for ein skummel opplevelse det må ha vore for mora di, då du vart født! Var ho på sykehuset når det skjedde, sidan det gjekk bra? Eg har nemlig lest at viss morkaka løsnar, så må barnet ut med ein gang - ellers dør fosteret, og mora kan blø i hel. Skremmande greier. :(

Nei, mamma var hjemme da hun plutselig knakk sammen av smerter og begynte å blø. Heldigvis skjønte hun alvoret, og sykehuset var rett i nærheten. Det ble hastekeisersnitt, og jeg var visstnok livløs da de tok meg ut, men de klarte nå å få liv i meg igjen. Mamma holdt på å lage middag da det skjedde, og jeg ble født ca kl 18:30, så det gikk i ekspressfart. Ja, det er skumle greier, og det var nære på at det gikk galt. Jeg ble født fem uker for tidlig, og måtte ligge i kuvøse og bli på sykehuset en stund. Men i dag er jeg frisk og rask, og har overhodet ikke tatt skade av det første ublide møtet med verden utenfor mammamagen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratulerer med halvgått svangerskap!! Kjempegodt å høre at du kjenner spark fra den lille hver dag. Det er vel ingen som fortjener å glede seg over livet i magen mer enn du!

Så gøy med 3D ultralyd! Det har liksom ikke falt meg inn å gjøre det selv. Men jeg ser jo hvor mye glede vennene mine har av 3D-bildene sine. Det blir sikkert en kjempefin opplevelse!

Utrulig at det gjekk bra, når mora di ikkje ein gang var på sykehuset då det skjedde! Kanskje morkaka berre hadde løsna delvis då blødningen starta, og ikkje løsna heilt før mora di var framme på sykehuset? For eg har nemlig høyrt at fosteret dør med ein gang morkaka løsnar. Uansett må det vera vanvittig skremmande når noko slikt skjer, og utrulig når det likevel endar bra!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med halvgått svangerskap!! Kjempegodt å høre at du kjenner spark fra den lille hver dag. Det er vel ingen som fortjener å glede seg over livet i magen mer enn du!

Så gøy med 3D ultralyd! Det har liksom ikke falt meg inn å gjøre det selv. Men jeg ser jo hvor mye glede vennene mine har av 3D-bildene sine. Det blir sikkert en kjempefin opplevelse!

Takk for det! :klemmer:

Ja, det følest herlig å vera halvveis i svangerskapet allerede, og endelig klara å gleda meg ordentlig over å vera gravid! :)

No har eg faktisk kjent spark frå veslejenta i magen kvar einaste dag, i ganske lang tid! :strix: Ho er ikkje veldig aktiv, men fleire gangar om dagen kan eg kjenna dei små sparka heilt nede i magen. :hjertesmil: Det var då eg var akkurat 19 veker på vei, at eg for første gang kjente spark på utsida av magen, og eg kjente det fleire dagar på rad. Er litt usikker på om eg i heile veke 19 kjente spark kvar dag, eller om det var enkelte dagar innimellom i løpet av den veka, at eg ikkje kjente noko. Etter at eg passerte 20 veker, er eg iallfall heilt sikker på at eg har kjent spark kvar einaste dag. :) Veldig kjekt å kjenna spark daglig allerede! Men det skumle med det, er jo at eg kjem til å bli bekymra viss eg heretter ikkje kjenner spark ein dag - sjølv om ein i følge helsepersonell ikkje kan forventa å kjenna spark kvar dag før ein er nokre veker lenger på vei. :sjenert:

Trur eg er litt ekstra oppmerksom på dette med spark for tida, sidan eg dei siste dagane har lest om det triste Sobril her inne på KG går gjennom for tida, som nettopp har mista jenta i magen sin etter å ha passert 30 veker. :( Veit at eg ikkje burde ha lest sånne ting, men eg kom tilfeldigvis over tråden hennar - og då klarar eg dessverre ikkje å halda meg unna. Eg skal jammen vera glad og takknemlig for kvart einaste vesle spark eg får frå babyen i magen min! :hjerte:

Håpar 3D-ultralyden blir ein fn opplevelse, ja! :) Blir spennande å få sjå vesla i 3D, har aldri hatt anna enn vanlig UL før, verken i dette eller forrige svangerskap. Og så håpar eg jo å få bekrefta kjønnet, sånn at eg ikkje får meg nokon overraskelse når babyen blir født! ;)

Halvvegs :strix:

Ja, tenk det! :rodmer:

Hurra for spark og for at bekymringståken har lettet til fordel for glede.

:)

Hurra for halvgått svangerskap.

Ja, hurra for alt saman! :hoppe:

Gratulerer med halvveis gjennomført svangerskap! :) Og hurra for spark! :hoppendeglad:

Takk skal du ha, og hurra igjen! :nigo:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Store" jenta mi på snart 4 år gledar seg så veldig til å bli storesøster, og er veldig opptatt av magen min. Det synst eg er så koselig! :rodmer:

For tida leikar jenta mi veldig mykje med favorittdokka si. Ho puttar dokka inn under gensaren, og latar som om ho har baby i magen. Så seier ho at ho må på sykehuset, for babyen skal bli født. Så kjem ho så stolt og viser fram sin nyfødte baby. Ja, ho "ammar" til og med dokka si. :fnise: Så det er tydelig at ho er veldig opptatt av at eg er gravid, og av det som skal skje etter at babyen er født.

Når me treffer andre folk, enten på butikken, når me er på besøk hos nokon e.l., så pleier jenta mi nesten alltid å stryka meg over magen, mens ho stolt seier: "Mamma har baby i magen. Eg skal bli storesøster!" :hjerte:

Eg er så glad for at jenta mi gledar seg sånn til babyen kjem. :) Det blir nok kjekt for henne å få søsken, etter å ha vore enebarn i 4 år. Samtidig er eg veldig spent på om det blir like stor stas når babyen først kjem, og krever så mykje tid og oppmerksomhet. Håpar ikkje at storejenta mi blir sjalu, men eg må vel rekna med at det kan skje. Ho er jo vant med å få all oppmerksomheten, og sleppa å dela meg og mannen min med nokon andre. Me gledar oss iallfall masse til å bli ein større familie - både eg, jenta mi og mannen min! :hjerter_rundt:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...