Gå til innhold

Eg skal bli mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Sendte melding til Mirabella og spurte om det gikk bra med dem og fikk dette svaret:

Ja, det går kjempefint! :) Me kom heim med lille I i går, og ho er heilt herlig. Det er virkelig fantastisk å vera mamma! I natt har ho oppført seg eksemplarisk. Sov i mange timar i strekk, fekk mat, og sov vidare. No går amminga mykje bedre enn dei første dagane, då melka ikkje hadde kome ordentleg. Har blitt lite søvn på meg dei siste døgna, men i natt sov eg veldig godt. Herlig! Hels så mykje til dei andre som er innom og leser i dagboka mi, så kjem eg med oppdatering og fødselsrapportså snart eg får tid!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjekt med oppdatering. Høyrest ut som du kosar deg med vesle I. :rødme:

Eg er spent på korleis den nybakte faren har det. Kosar han seg like mykje? :yvonne:

Håpar dåke får ei flott barseltid. Og at du får tid til å skriva nokre ord her etter kvart. ;)

:strix:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

GRATULERER MED VESLE I!!! Endelig!!! :blomst:

Har tenkt så fælt på deg mens jeg var på sykehuset, "mon tro om Mirabella har født enda!??!" Var nesten så jeg måtte sende mld til Ella* eller Knøttet for å høre etter... :fnise:

Håper dere koser dere, det gjør vi! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for alle gratulasjonar, jenter! :hug: Blir heilt rørt her eg sit og leser det dåke har skrive. :) Er så kjekt å sjå alle som har fulgt med og heia på meg undervegs, og som gledar seg på mine vegne. Dåke er skjønne! :klem1:

Beklagar at eg ikkje fekk sendt deg oppdatringar undervegs, Pysepus. Men eg hugsa iallfall på å senda deg ei oppdatering når fødselen var overstått. ;) Då me kom inn på KK tirsdag kveld hadde eg 4 cm åpning, og eg vart innlagt. Skreiv då ein lang SMS som eg skulle senda deg. Men akkurat då eg skulle leita fram deg og dei andre sladrisane mine på SM, og senda meldinga, så begynte riene å koma som hagl. Så då vart mobilen min lagt på vent, og meldinga vart aldri sendt. Så sånn kan det gå. :sjenert:

Bra at dåke fann ut at søstera mi sladra for meg på SM, slik at dåke fekk følgja med likevel! Mannen min snakka med foreldra mine jevnleg underveis i fødselen, og søstera mi tok heldigvis ansvar og sladra vidare.

Som eg skreiv til Pysepus, så skal eg prøva å få skriva ein fødselsrapport snart! :) Men eg merkar at eg ikkje har like god tid til å sitja på nettet, no når eg har blitt mamma. Det er travelt, sjølv om lille I har oppført seg eksemplarisk etter at me kom heim frå klinikken. Det er så ubeskrivelig fantastisk å endeleg ha blitt mamma! :hjerter_rundt: Det er uten tvil det mest fantastiske eg har opplevd i heile mitt liv. Tenk, min store draum i livet er endeleg oppfylt: Eg har blitt mamma! :strix: Lille I er såklart den skjønnaste babyen i heile verden, og både eg og pappaen hennar er heilt oppslukte i henne.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Der var du ja! :hoppe:

Hva er det du sier, har du ikke tid til å være her?! :sjokkert::scorpis:

:fnise: Skjønner deg godt, det blir andre ting å gjøre ja! :jepp:

Så koselig å høre at dere koser dere sammen med lille I :strix:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men eg merkar at eg ikkje har like god tid til å sitja på nettet, no når eg har blitt mamma.

Her er det aldeles motsatt, noe skal man jo gjøre på mens man pumper og ammer!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Koselig å høre at dere har det bra.

Kjenner til den å ikke ha så god tid i begynnelsen. Kose deg med lille I, henne du har ventet å lenge på.

:hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då lille I. kom til verden, 12. november 2008.

Ja, då er det vel på tide med ein fødselsrapport frå meg - ein lang ein! ;)

Det heile starta med at eg var på kontroll på Kvinneklinikken (KK) på termindagen min, 10. november. I fleire dagar hadde det kome ganske store mengder med blankt, tjukt slim, som var blanda med brunfarga blod. Så eg skulle få sjekka dette ut. Legen som undersøkte meg på KK, meinte at det var slimproppen som hadde gått over fleire dagar, for den var ikkje lenger der. Han kunne kjenna i hovudet på babyen! Legen spurte om han skulle tøya livmormunnen min, sidan eg var godt moden allerede - og eg sa det var greit. Han forberedte meg på kynnarar om kvelden/ettermiddagen.

Og legen fekk rett, for allerede i 6-tida same kveld begynte eg å få vonde kynnarar - og det hadde eg ikkje hatt i det heile tatt tidlegare i svangerskapet. Kynnarane kom med jevne mellomrom heile kvelden. Var ikkje noko særlig vonde, berre litt ubehagelige. Kjente smertene nederst i magen. Gjekk og la meg i 12-tida om kvelden, og kort tid etterpå gjekk kynnarane over til svake rier. Eg fekk då vondt i heile mageområdet, og aller mest i korsryggen. Riene kom med jevne mellomrom fram til klokka var 5 om natta. Og dei kom såpass ofte at eg ikkje rakk å sovna mellom kvar ri. Men riene var ganske svake heile natta, så dei var mest plagsomme. Men då riene tok ein pause i 5-tida, så sovna eg - og eg sov fram til klokka var rundt halv 8 om morgonen, då riene begynte igjen.

Eg stod opp til ein ny dag, 11. november. Riene vart litt og litt vondare utover formiddagen, og eg måtte pusta meg gjennom dei. Dei kom med alt frå 4 til 10 minutts mellomrom, og varte i 1/2 til 1 minutt. Altså var ikkje riene spesielt regelmessige enda. Riene begynte likevel å bli såpass vonde, at mannen min måtte trå til med massasje av korsryggen min kvar gang riene kom. Det hjalp utrulig bra! Eg sette meg på kne eller på alle fire i sofaen eller på golvet kvar gang eg fekk ei ny ri, og mannen min masserte meg for harde livet. Etter kvart vart eg så øm i ryggen av all massasjen, at me måtte finna eit anna alternativ. Me prøvde då med ei flaske med varmt vatn rulla inn i eit håndkle, som mannen min haldt mot korsryggen min - og det var også godt mot smertene.

Tidleg på ettermiddagen ringte eg til KK, men fekk beskjed om at riene måtte bli litt meir regelmessige før me kom inn. Så eg fortsatte med å pusta meg gjennom riene her heime, mens mannen min hjalp meg så godt han kunne med å lindra smertene. Riene vart gradvis vondare, men eg følte på meg at dei ikkje var vonde og regelmessige nok enda. Men då riene om kvelden kom med ca 5 minutts mellomrom og varte i opptil 1 minutt om gangen, synst eg det var nok!

Ringte KK igjen, og fekk beskjed om at me kunne koma oppom viss me ville, Men dei forberedte oss på at det kanskje var for tidleg fortsatt, og at det kunne henda me måtte reisa heim igjen. Men no begynte riene å bli såpass vonde, at eg nekta å vera heime lenger! Så me reiste avgårde til Føden, og var der oppe i 8-tida om kvelden. Bilturen tok berre 5-10 minutt. Men eg hadde fleire rier på vei opp til Føden, så det var ille nok.

Me kom inn på eit undersøkelsesrom, og eg fekk på meg registreringsutstyr for å sjekka rieaktiviteten og fosterlyden til babyen. Sat med utstyret på meg i ca 20 min., og riene kom med jevne mellomrom. Etterpå skulle ei jordmor sjekka åpningen, og eg var veldig spent. Var så redd for at eg ikkje skulle ha åpning i det heile tatt, så eg vart kjempeglad då eg fekk vita at eg hadde 4 cm åpning! Då vart det heldigvis ikkje aktuelt å reisa heim igjen. Det hadde eg uansett nekta, for no hadde riene begynt å bli enda vondare!

Kort tid etterpå fekk me koma inn på eit føderom. Det var 2 jordmødre som tok imot oss. Ho eine var ikkje heilt ferdig utdanna jordmor enda, men var det om kort tid. Og gjett om me var heldige med dei to jordmødrene! Dei var heilt fantastiske frå første stund. Så rolige og hyggelege, at både eg og mannen min følte oss 100% trygge.

Riene auka enda meir i styrke og hyppighet like etter at me kom inn på føderommet. Eg spurte om eg kunne få prøva badekar, og det kunne eg. Klokka var då rundt 22.30 om kvelden. Sidan badekaret ikkje var i same rom som fødestova, måtte eg inn på eit anna rom rett over gangen. Eg hang over ein preikestol, og med ein gang ei ri var over, så hjelpte jordmødrene meg inn. Og sjølv om me berre skulle rett over gangen, kom det ei ny ri på vei ut til badekaret, som eg måtte stoppa opp og pusta meg gjennom. Kom meg så endeleg opp i badekaret, og det var herlig! Var godt å sitja i det varme vatnet. Riene vart vel ikkje svakare av å vera i vatnet, men det var likevel avslappande og godt. Eg fekk dessverre berre sitja i badekaret i under ein halv time, fordi fosterlyden vart høg og babyen stressa av det varme vatnet. Så då var det rett inn på fødestova igjen!

Då eg kom inn på fødestova igjen, festa jordmødrene registreringsutstyr til babyen sitt hovud, for å følgja med på fosterlyden. Eg synst det var litt skummelt at fosterlyden var så høg - men jordmødrene haldt roen, og forsikra oss om at alt var ok. Dei ville berre overvåka fosterlyden jevnleg, sidan babyen tydelegvis vart litt stressa under riene. Det var ubeskriveleg vondt å liggja på rygg i senga, mens dei festa registreringsutstyret og sjekka åpningen. Eg skreik at dei måtte skynda seg å bli ferdige, for riene vart dobbelt så vonde når eg låg på rygg. Eg ville berre opp fortast mulig! Jordmødrene strevde litt før dei fekk det til, men endeleg var det gjort. Så sjekka dei åpningen, som no var på 5 cm. Eg var ikkje sein om å spretta opp av senga, så snart dei var ferdige. Klokka var no rundt 23.30.

Riene kom no som hagl. Dei var kraftige, langvarige, og kom omtrent uten mellomrom. Akkurat i det eg hadde pusta meg gjennom ei ri, så kom det ei ny. Det var ekstremt vondt, og eg visste ikkje kor eg skulle gjera av meg etter kvart. Eg skifta mellom å henga over preikestolen når riene kom, å sitja på kne eller på alle fire i senga, og å liggja framoverbøyd over ein saccosekk i senga.

Mannen min var til god hjelp heile tida, og han var rolig og takla alt som skjedde under fødselen veldig bra. Han henta kalde klutar som han la i panna mi, fann drikke til meg, og han strauk meg over ryggen når riene kom. Han sa til og med at eg berre måtte klypa han så hardt eg ville i armen, når riene kom, om eg hadde lyst til det.

Ein eller annan gang midt under fødselen, begynte plutseleg fostervatnet å fossa, og heile senga vart våt. Vart litt stressa med ein gang, for eg skjønte ikkje heilt kva det var som skjedde med det same. Fostervatnet var klart og fint, sa jordmødrene. Plutseleg vart eg kjempekvalm, og kasta opp utover senga og golvet.

Eg fekk tilbud om steriltvannsbehandling ved midnatt, som eg takka ja til. Fekk 4 stk i ryggen, men det synst eg var fullstendig bortkasta! Ikkje nok med at det svei vanvittig, men det hjalp jo ikkje heller. Riene var akkurat like vondt som før, og i tillegg kom det ei sviande smerte i tillegg. Så det ville eg ikkje ha noko meir av!

Litt seinare, rundt kl 01.00, spurte den eine jordmora om eg ville ha akupunktur, og det tenkte eg kunne vera greit å prøva. Me hadde no gått over til ein ny dag, 12. november. Eg fekk nåler i hendene, føttene og i hovudet. Eg synst egentlig ikkje at det hjalp i det heile tatt, men det var no greit å prøva det likevel.

Fleire gangar ropte eg at eg trudde eg måtte ha epidural, for det var så vondt. Jordmødrene sa at det måtte eg bestemma sjølv, men at eg takla riene veldig bra. Eg tenkte derfor at eg kunne halda ut litt til. Jordmødrene var forresten heile tida fantastiske til å rosa og oppmuntra meg, og dei var så rolige. Sjølv om fosterlyden var høg innimellom fordi babyen var stressa, så fekk dei oss til å føla oss trygge på at dei hadde kontroll heile tida.

Rett etter at eg hadde fått akupunktur, sjekka jordmødrene åpningen på nytt. Klokka var då ca 01.30. Og no var åpningen plutseleg på 10 cm, altså hadde eg full åpning! Eg vart kjempeoverraska og glad. Då hadde dei ikkje sjekka åpningen sidan den var på 5 cm nokre få timar tidlegare. Eg vart så utrulig glad og letta då eg høyrte det, for eg var sikker på at det skulle ta mykje lenger tid frå 5 til 10 cm, sidan eg var førstegangsfødande. Så gjett om riene dei siste timane hadde vore kraftige og effektive!

No visste eg at eg var nær målet! Men eg fekk ikkje lov til å begynna å pressa heilt enda, sidan babyen fortsatt låg litt høgt oppe. Så eg måtte pusta meg gjennom ein god del rier til, før eg fekk lov til å begynna å pressa. Etter ei stund sa den eine jordmora til meg at no kunne eg berre begynna å pressa, om eg følte for det! Klokka var då rundt 02.30. Eg sat då halvveis oppreist i senga, med saccosekken i ryggen, som eg støtta meg til. Når det kom ei ri, fekk eg pressa beina mot jordmødrene, som stod på kvar side av senga og haldt meg i ein fot kvar. Det var for at eg skulle få meir kraft, ved å sparka frå under riene, samtidig som eg pressa. Eg fekk aldri nokon spesiell presstrang, men det var ingen problem å pressa under riene likevel. Og det var godt med ein annan type smerte enn det eg hadde hatt fram til no! Når riene kom pusta eg godt inn, og pressa alt eg kunne. Det var ufattelig vondt, men samtidig godt å få gjera noko aktivt.

Men då eg var godt i gang med å pressa, begynte plutseleg riene å koma sjeldnare - med opptil 5 minutt mellom kvar ri. Eg synst egentlig det var godt, for då fekk eg tid til å pusta ut og lada opp til neste ri. For eg vart utrulig sliten av å pressa. Og for at babyen ikkje skulle gli inn igjen midt under ei ri, måtte eg pusta inn og pressa på nytt så fort eg kunne, så lenge ria varte. For riene varte så lenge, at eg ikkje hadde pust til å pressa uten stopp under ei heil ri. Det gjorde ekstremt vondt mens eg pressa, men eg tok i så hardt eg kunne likevel - for eg ville ha babyen ut!

Babyen kom stadig lenger ned, og jordmødrene skrytte over kor flink eg var, og oppmuntra meg til å ta i enda litt meir enn eg egentlig orka. Men fordi riene hadde minka både i styrke og hyppighet under pressinga, fekk eg til slutt riestimulerande. Men eg veit ikkje om det fekk tid til å virka noko særlig, for no var babyen snart ute! Lege vart etter kvart tilkalt, fordi jordmødrene mistenkte at babyen låg med ansiktet opp. Legen var også usikker på korleis babyen låg. Me så snudde heldigvis babyen seg under ei ri, og legen kunne då forsikra oss om at no låg babyen riktig.

No hadde babyen kome så langt ned, at eg fekk kjenna på hovudet til babyen som stod i åpningen. På dette tidspunktet svei det noko heilt intenst der nede. No var det ikkje lenge igjen! Eg pressa ut hovudet til babyen når det kom ei ri, og etterpå kom resten av kroppen. Babyen var endeleg ute! Klokka var no 03.31, onsdag 12. november. Eg hadde pressa i akkurat 1 time.

Eg sette meg litt opp, og såg babyen som låg framfor meg. Eg fekk akkurat tid til å seia "Skal ikkje babyen skrika no?" - og då kom skriket eg hadde venta på! Mannen min klypte navlestrengen, og var overraska over kor seig den var. Lille I. fekk 10 poeng på Apgar score, og ho var heilt perfekt! :)

Eg fekk veslejenta mi opp til meg med det same, og ho tok brystet mitt med ein gang. Eg var så utrulig lykkelig! Sa til mannen min at "No har me blitt foreldre". Me var så glade og letta begge to, over at alt hadde gått så fint. Eg låg og studerte lille I., smilte, og sa: "Tenk, no har eg endeleg blitt mamma! Det har eg ønska meg heile livet". Den eine jordmora mi sa til meg etterpå at eg såg så lykkelig ut der eg låg, at eg strålte - og at ho aldri kom til å gløyma det synet og den kommentaren min.

I ettertid sa den same jordmora til meg at ho synst eg hadde takla fødselen utrulig bra, og at det var sjelden å sjå ein slik fødsel. Eg hadde visst heile tida gjort det kroppen min fortalte meg, sa ho - og fødselen var så naturlig og flott. Utrulig kjekt å få høyra noko slikt, eg som alltid har sett på meg sjølv som pysete. Var på forhånd sikker på at eg måtte ha epidural. Men eg trur eg bestemte meg for å klara det uten, fordi eg heile tida fekk så god oppmuntring og støtte av jordmødrene, eg såg at eg takla riene bedre enn eg trudde på forhånd - og det at fødselen heile tida gjekk framover, og eg visste at eg stadig kom eit steg nærmare målet, gjorde at eg klarte å halda ut.

Eg rivna ein del under fødselen, både innvendig og utvendig (grad 2) - så eg måtte syast etterpå. Litt kjedelig, men eg var så glad for at det heile var over, at eg knapt registrerte at jordmødrene sette bedøvelse og sydde meg. Eg låg jo med skjønne lille I. på magen min, og var i lykkerus!

Etter fødselen tok mannen min bilde av meg og vesle I., saman med dei to jordmødrene. Mannen min lova jordmødrene at dei skulle få koma på første side i albumet til I., og me skrytte begge to av kor fornøyde me var med dei. Det trur eg jordmødrene sette pris på!

Litt seinare skulle veslejenta vår vegast. Ho var 3700 gram og 51 cm lang. Hovudomkretsen var på 34. Me fekk vera for oss sjølv i ein times tid etter fødselen, og kosa oss med lille I.. Me fekk mat, og eit lite flagg til ære for det lille bursdagsbarnet. Etterpå vart eg kjørt opp på barselavdelingen, der eg var i 3 dagar.

Tenk, me har endeleg blitt foreldre til ei perfekt lita jente. Me har venta på vesle I. så lenge. Me er så glade og stolte både eg og mannen min, og eg er uten tvil verdens lykkeligaste mamma! :hjerter_rundt:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...