Mirabella76 Skrevet 22. mai 2008 Forfatter #421 Skrevet 22. mai 2008 Kan være ligamentsmerter du har kjent. Jeg har hatt en del av de. Kan gjøre KJEMPEVONDT og kommer fordi livmora vokser. Helt ufarlig da :-D Eg anar ikkje korleis ligamentsmerter skal kjennast ut, men det er sikkert mulig at det var det eg hadde i går. Tror nok ikke de smertene i lysken har noe med fosteret å gjøre. Altså, det har nok med graviditeten å gjøre, men ikke med fosteret... Er nok bare det at det er mye som vokser og strekker seg nå Grunnen til at eg vart litt bekymra, var fordi smertene føltest som verk. Og dei gjekk også litt innover mot magen, altså så langt nede i magen det er mulig å koma. Men smertene var berre på høgre side, og dei var heller ikkje veldig sterke - så eg satsar på at smertene var ufarlige.
Mirabella76 Skrevet 22. mai 2008 Forfatter #422 Skrevet 22. mai 2008 I dag har heldigvis formen vore veldig bra! Ikkje noko som helst antydning til blødningar, og mage-/lyskesmertene er også heilt vekke! Håpar det fortset slik! No gledar eg meg veldig til helga! Det har vore ei travel veke på jobb, så det skal bli herlig å berre slappa av, og sova lenge om morgonen. Kjæresten min reiste på jobb i Nordsjøen i går, og blir vekke i 2 veker. Eg tenkte meg ein tur heim til foreldra mine i helga! I dag har eg kjøpt meg mammaklede! :-D Fann ut at det var på tide no, for buksene har begynt å strama ganske mykje, og dei fleste t-skjorter og gensarar han blitt i kortaste laget, no nar magen har begynt å koma. Eg var på H&M på Lagunen og handla. Kjøpte ei bukse, ei t-skjorte, ein genser og truser. Og dei passa faktisk veldig bra, sjølv om magen min ikkje har blitt så mykje større enda. Er det forresten nokon som veit om andre butikkar i Bergen, der ein kan få kjøpt mammaklede?
jente 79 Skrevet 22. mai 2008 #424 Skrevet 22. mai 2008 Eg anar ikkje korleis ligamentsmerter skal kjennast ut, men det er sikkert mulig at det var det eg hadde i går. Litt vanskelig å forklare. Men mine kjentes ut som strekk eller stikk i magen. Noen gjorde bare litt vondt, andre var veldig vonde. moro med mamma klær da :-D Deilig når man får noe som passer :-D
Mirabella76 Skrevet 23. mai 2008 Forfatter #425 Skrevet 23. mai 2008 (endret) I dag er eg 16 veker, men veit ikkje heilt om eg tør å jubla... Eg har nemlig begynt å blø litt igjen i dag. Har ikkje sett antydning til blod dei siste dagane, så er håpte og trudde at det var over. Men då eg gjekk på do i dag tidleg, såg eg litt blod - og oppdaga enda meir då eg tørka meg (ikkje friskt, men brunfarga blod). Kjente litt innvendig med fingen, og der var det også ein del brunt blod. Kom til og med ut noko som likna på slimhinne frå livmora (ikkje mykje altså) - så eg fryktar at blødningen kjem frå livmora, og ikkje frå ei rift i skjeden. Gjekk såklart ikkje på jobb i dag. Ringte til helsestasjonen. Jordmora mi hadde dessverre fri i dag, men eg fekk snakka med ei anna jordmor. Fekk koma kl 9 - veldig godt at eg slapp å venta lenger. Jordmora fann heldigvis fosterlyden. Det var ein stor lettelse! Ho kunne ikkje svara på kva blødningen kom av - men viss eg begynte å blø meir enn no og det kom friskt blod, og/eller fekk vondt i magen, så måtte eg kontakta legen min med ein gang. Så kunne legen henvisa meg vidare til ultalyd. Dersom blødningen gjekk over, trengte eg ikkje gjera noko. Men såklart er det lurt at eg tar det litt med ro. Har tenkt å berre slappa heilt av i helga, og ikkje anstrenga meg i det heile tatt. Så får eg berre kryssa fingrane for at dette går bra. Men det er utrulig slitsomt å gå rundt og vera redd og usikker heile tida, slik eg har vore dei siste dagane. Eg er så redd for at noko skal skje med den lille i magen min. Endret 23. mai 2008 av Mirabella76
Mirabella76 Skrevet 23. mai 2008 Forfatter #426 Skrevet 23. mai 2008 Så gøy med mammaklær! :juhu: Ja, det var kjekt å kunne gå i butikken og kjøpa mammaklede! Føltest litt rart, men veldig artig. Litt vanskelig å forklare. Men mine kjentes ut som strekk eller stikk i magen. Noen gjorde bare litt vondt, andre var veldig vonde. moro med mamma klær da :-D Deilig når man får noe som passer :-D Vanskelig å vita om det var ligamentsmerter eg kjente, eller om det var noko heilt anna. Det kjentest vel egentlig ikkje ut som verken strekk eller stikk, men meir som verk. Ja ja, det var uansett ikkje så sterke smerter - og dei gjekk jo over igjen. Veldig gøy med mammaklede, ja!
jente 79 Skrevet 23. mai 2008 #427 Skrevet 23. mai 2008 16 uker :-D Får håpe alt er i orden. Positivt at hun fant hjertelyden i hvert fall. Men greit å ta det med ro, så får vi håpe det går veien. Er jo en del som har sånne småblødninger, og det går likevel helt fint.
Coxy Skrevet 23. mai 2008 #428 Skrevet 23. mai 2008 Usj, kjedelig med disse småblødningene dine!! :troeste: Er vel mange som har det, noen har jo "vanlig mensen" de to-tre første månedene også, uten at det er noe galt... Men skjønner godt at du blir bekymra!!! Jeg har heldigvis ikke hatt noe antydninger til blødninger i det hele tatt, men hadde nok blitt fryktelig redd om det skjedde... Godt du har så bra jordmor-tjenese der du bor da, så du får komme inn fort! Slapp av og kos deg i helga!!
Gjest Pysepus Skrevet 23. mai 2008 #430 Skrevet 23. mai 2008 Håper blødningene dine ikke er noe da! Det er jo positivt at jordmora fant fosterlyden da Du får slappe godt av i helga Stor
Mirabella76 Skrevet 23. mai 2008 Forfatter #431 Skrevet 23. mai 2008 (endret) 16 uker :-D Får håpe alt er i orden. Positivt at hun fant hjertelyden i hvert fall. Men greit å ta det med ro, så får vi håpe det går veien. Er jo en del som har sånne småblødninger, og det går likevel helt fint. Ja, tenk 16 veker allerede! :-D Får virkelig håpa alt er i orden, noko anna tør eg ikkje å tenka på. Når eg leser om fosteret i veke 16, ser eg jo kor langt utviklinga har kome allerede. Og det vil følast ufattelig mykje verre å mista no, enn det ville ha gjort om eg mista heilt tidleg i svangerskapet. Veldig glad for at jordmora fann hertelyden, ja! Då slappar eg iallfall litt meir av. Skal ta det heilt med ro i helga, så håpar og ber eg om at dette går bra. Usj, kjedelig med disse småblødningene dine!! :troeste: Er vel mange som har det, noen har jo "vanlig mensen" de to-tre første månedene også, uten at det er noe galt... Men skjønner godt at du blir bekymra!!! Jeg har heldigvis ikke hatt noe antydninger til blødninger i det hele tatt, men hadde nok blitt fryktelig redd om det skjedde... Godt du har så bra jordmor-tjenese der du bor da, så du får komme inn fort! Slapp av og kos deg i helga!! Det er noko dritt med slike blødningar. Har ikkje vore plaga med blødningar tidlegare i svangerskapet (utenom ein dag med litt brunfarga utflod ca i veke 9), og då synst eg det er så utrulig kjipt at det skal koma no når eg er såpass langt på vei. Tenkte liksom at dersom alt gjekk bra fram til veke 12, så kunne eg slappa av. Men dengang ei... Veldig glad for at eg fekk koma ti jordmor med ein gang. No får ikkje kroppen min lov til å skrema meg meir, med sånne dumme blødningar. Eg skal berre slappa av og ta det heilt med ro i helga! Åh...også... :banantroll: 16 UKER :banantroll: Takk! Håper blødningene dine ikke er noe da! Det er jo positivt at jordmora fant fosterlyden da Du får slappe godt av i helga Stor Får virkelig håpa at blødningane gir seg heilt no, og at dette går bra Kjempeglad for at jordmora fann hjertelyden! Og så blir det kun avslapping i helga, ja. Endret 23. mai 2008 av Mirabella76
Mirabella76 Skrevet 23. mai 2008 Forfatter #432 Skrevet 23. mai 2008 (endret) Leste om svangerskapet i veke 16 (som eg er i no), og då fann eg ei naturlig forklaring på lyskesmertene eg hadde for eit par dagar sidan. Her er eit utdrag: Rundt denne tiden opplever noen kvinner at de får ordentlig vondt i lysken. Det kan skremme mange. Noen tror det er noe galt siden smerten kan være så intens, nesten krampelignende den lille stunden den varer, men det er en forklaring på det meste som skjer. Til og med på dette. Årsaken er at båndene (ligamentene) som holder livmoren på plass nå strekkes fordi livmoren vokser. Smertene kan komme hvis du reiser deg brått opp, hvis du snur deg raskt rundt i sengen, eller når du er ute og går. Heldigvis går smertene fort over. Det kan hjelpe å bøye kroppen litt fremover når du kjenner smertene. Dette følger deg ikke gjennom hele svangerskapet. Synst det var utrulig rart å lesa dette, for det stemmer jo heilt med dei smertene eg hadde i lysken for nokre dagar sidan! Så du hadde nok rett i at det var ligamentsmerter, jente 79. Det står til og med at smertene kan koma viss ein snur seg raskt rundt i senga, og det var jo nettopp det eg gjorde - og strekte ut armen. Det einaste som ikkje stemmer heilt, er at det står at smertene berre varer ei lita stund. Hos meg kom og gjekk dei ein heil dag, men var aldri kjempevonde. Men det kan sikkert variera kor sterke smertene er, og kor lenge dei varer. Iallfall veldig greit å lesa at det er normalt å ha vondt i lysken på dette tidspunktet i svangerskapet, og at det har ei naturlig forklaring! Endret 23. mai 2008 av Mirabella76
Knøttet Skrevet 23. mai 2008 #433 Skrevet 23. mai 2008 for 16 uker! :-D Huff, så mange bekymringer du skulle få da! Godt du fikk tak i jordmor og fikk hørt hjertelyden, da er nok alt bra vet du God helg!
jente 79 Skrevet 23. mai 2008 #434 Skrevet 23. mai 2008 Der var det litt bedre forklart Jeg hadde masse av det. Gjerne når jeg reiste meg eller snudde meg i senga eller gjorde andre brå bevegelser. ganske vondt i perioder, og rart at det var ille enkelte ganger mens omtrent ikke merkbart andre ganger. Får gå utifra at det er det du har kjent. Det virker jo som alt er bra med din lille spire. Har du fått innkalling til ordinær ultralyd enda?
Scheherazade Skrevet 25. mai 2008 #435 Skrevet 25. mai 2008 Håper det går bedre nå! Det er jammen mye man skal bekymre seg for.
Mirabella76 Skrevet 26. mai 2008 Forfatter #437 Skrevet 26. mai 2008 (endret) Mareritthelga mi. Hei alle saman! Då er eg heime igjen frå KK, etter ei slitsomt og skremmande helg. Trur sjelden eg har vore så redd, som seint fredags kveld då eg begynte å blø masse friskt blod. Som eg skreiv her i dagboka mi på fredag, oppdaga eg meir brunfarga blod då eg gjekk på do om morgonen. Vart såklart litt redd då, for eg trudde blødningen var over. Blødde jo litt brunfarga blod på måndag og, men det ga seg igjen. Fekk som sagt koma til jordmor igjen fredags morgon, og fekk høyra hjertelyden. Vart beroliga då, og eg såg ikkje antydning til meir blod utover ettermiddagen og kvelden. Gjekk ikkje på jobb på fredagen, men reiste heim til foreldra mine som bur litt over 1 times kjøring frå Bergen. Hadde planar om å berre ta det med ro og slappa av i helga. Ved midnatt fredag kveld reiste eg meg opp for å gå på badet, før eg skulle leggja meg. I det eg gjekk over golvet, kjente eg at det begynte å renna masse blod. Skynda meg inn på badet for å sjekka, og heile trusa var knallrød av friskt, rødt blod. Den panikken eg følte då, kan ikkje beskrivast. Eg gjekk inn i stova, og ropte til foreldra mine at eg blødde masse. La meg på sofaen, og det var blod overalt. Eg grein og var livredd, og såklart 100% sikker på at eg kom til å mista den lille i magen min. Mora mi var også heilt hysterisk, og det gjorde meg ikkje akkurat mindre redd. Ho ringte etter ambulanse med ein gang. Eg rista og skalv der eg låg på sofaen, så redd var eg. Kom på at eg måtte ringa kjæresten min, som hadde reist på jobb i Nordsjøen to dagar tidlegare. Heldigvis hadde han gitt meg eit nummer eg kunne ringa han på jobben, rett før han reiste ut. Stakkar kjæresten min, han fekk nok heilt sjokk når eg ringte. Eg grein og var livredd, og sa at no mista eg babyen vår. Etter det fekk eg ikkje snakka med han før fleire timar seinare, det var mora mi som hadde telefontontakt med kjæresten min i timane framover. Ambulansen kom. To ambulansefolk og ein lege var med. Dei kom inn med båre, som eg la meg opp på. Legen meinte at eg ikkje blødde meir no, og at det ikkje var så ille som det såg ut. Ho sa at sidan eg ikkje hadde magesmerter, så var det ikkje sikkert at det gjekk gale - men det trudde eg såklart ingenting på. Eg trudde nemlig ikkje at det gjekk an å blø så mykje friskt blod, uten at ein aborterte. Så eg låg berre og venta på magesmertene, men dei kom heldigvis ikkje. Legen sa at ho skulle prøva å finna hjertelyden, for å kanskje klara å beroliga meg. Ho leita lenge, men fann den ikkje... Legen sa at det kunne vera fordi det var eit heilt nytt apparat (doppler?) som ho aldri hadde prøvd før, men eg tenkte at det berre var ein dårlig unnskyldning. Så kjørte me avgårde i ambulansen, og mora mi vart med. Eg hadde aldri i livet orka å reist åleine, så redd som eg var. Eg fekk veneflon i handa, og intravenøst. Blodtrykket vart også målt jevnleg, då me var på veg ambulansen. Stoppa ei lita stund på legekontoret, og legen gjekk inn for å henta eit anna apparat til å lytta etter hjertelyden med. Ho leita rundt lenge enda ein gang, men eg synst ho lytta litt langt oppe i magen. Eg sa at kanskje ho kunne prøva å lytta litt lenger nede, for det hadde jordmora gjort då ho fann hjertelyden. Det gjorde legen, og då fann ho endeleg fosterlyden! :-D Då klarte eg å slappa litt meir av, men eg var fortsatt livredd for at det skulle gå gale. Kasta opp på veien, fordi eg vart så kvalm - og det føltest som om turen varte i ein heil evighet. Då me endeleg var framme, vart eg kjørt inn på observasjonsposten for gravide på KK. Der var det ein lege som tok både innvendig og utvendig UL på meg. Eg haldt på og dø av bekymring då eg låg der og venta på kva ho skulle seia. Heldigvis levde fosteret fortsatt, og bevegde seg masse der inne. Både fosteret og morkaka låg ganske langt oppe i livmora, og det såg ikkje ut som om blødningen kom derfrå. Legen fann ein stor blodansamling litt lenger nede i livmora, som det blødde frå. Og det var også ganske mykje blod inni skjeden. Legen kunne ikkje seia sikkert kvifor eg blødde. Sannsynlegvis var det eit sprukke blodkar i livmora som forårsaka blødningen. Det såg iallfall ikkje ut som om blødningen kom frå fosteret eller morkaka, og det var kjempegodt å høyra! Men legen kunne såklart ikkje garantera at det ville gå bra. Me måtte berre sjå det an, og håpa at blødningen stoppa opp. Klokka var 03.30 på natta, før eg endeleg kom meg i seng. Var kjempetrøtt og sliten etter alt som hadde skjedd, men eg klarte ikkje å sova likevel. Og det var ubehagelig å liggja med intravenøst - ledningen var i veien, og det stakk i hånda kvar gang eg bevegde litt på den. Sov i max 1 time til saman den natta. Tidleg på morgonen kom det inn ein person og tok blodprøve av meg. Seinare kom legen, og eg fekk beskjed om å ikkje vera sengeliggjande. Det var fortsatt ein del blod inni livmora som måtte ut, så eg måtte rekna med å blø brunt blod i dagane framover. Og legane/jordmødrene ville også observera korleis det gjekk, når eg var oppe og bevegde meg normalt. Dagen vart slitsom. Eg var trøtt, redd og sliten. Var oppe mest mulig, men var nødt til å leggja meg ned og kvila meg innimellom. Fekk besøk av familien min utpå dagen, og det var kjekt. Om ettermiddagen reiste dei heim igjen, også mora mi. Eg venta på kjæresten min som skulle koma heim seinare på lørdagskvelden. Han hadde nemlig snakka med sjefen sin, og fått lov til å koma heim ein tur! Det var eg kjempeglad for! Det var veldig godt å ha kjæresten min der, då han kom. Natt til søndag sovna eg som ein stein, og sov heile natta! Då eg våkna om morgonen, følte eg meg endelig utkvilt, og for første gang litt optimistisk. Først då klarte eg å tenka at dette kan jo gå bra! Det var snakk om at eg skulle bli sendt heim i løpet av dagen, men legen fann ut at det var greit at eg vart der til i dag. Kvar dag no, har eg blødd ein del brunt blod. Men det er visst ikkje noko å bekymra seg for, sidan det låg ganske mykje blod inni livmora (blodansamling), som er nødt til å koma ut. Så lenge eg ikkje blør meir friskt blod er det ingenting å bekymra seg for, sa legane og jordmødrene. Då eg skulle skrivast ut i dag, fekk eg sjukemelding for 2 veker. Eg må ta det litt med ro og ikkje løfta tungt no i starten, men kan ellers vera i normal bevegelse. Dersom eg begynnar å blø friskt blod igjen, må eg ta kontakt med fastlegen/jordmora mi på dagtid. Dersom det skjedde noko om kvelden/natta, kunne eg ringa direkte til KK. Fekk ny UL før eg reiste ut, og alt såg fint ut. Var fortsatt litt blod igjen inni livmora, men eg trur ikkje det var så altfor mykje. Fekk sjå eit lite foster som sprella rundt der inne, og bevegde seg masse. Han/ho haldt opp den eine handa og sprikte med fingrane, slik at eg kunne telja alle 5 fingrane. Heilt fantastisk! No håpar og ber eg om at dette går bra - for det MÅ det gjera! Eg har allerede blitt så glad i den lille i magen min, og orkar ikkje tanken på at noko skal gå gale. Kryssar fingrane for at eg slepper fleire blødningar, og at resten av svangerskapet blir problemfritt og uten bekymringar! Ser at dette vart ein veldig lang rapport - men slik blir det når eg har så mykje på hjertet! Endret 26. mai 2008 av Mirabella76
Gjest Pysepus Skrevet 26. mai 2008 #438 Skrevet 26. mai 2008 Oioioi for en helg! Det var jo bra at det ikke hadde noe med babyen å gjøre den blødningen da For babyen spreller inni magen din :juhu: Var nok bra med sykemelding slik at du får slappet av for det høres ut som om du trenger det Har ikke noe mer å si enn at jeg sender deg mange mange mange gode
pøbelsara Skrevet 26. mai 2008 #439 Skrevet 26. mai 2008 Hei Mirabella! For en fryktelig helg du har hatt! Heldigvis at lillebabyen din har det bra der inne. Og så fint at du har fått beskjed om hva du skal gjøre dersom det skjer igjen - det er alltid betryggende å vite at man blir tatt vare på. Lykke til!
jente 79 Skrevet 26. mai 2008 #440 Skrevet 26. mai 2008 Først en stor For en forferdelig opplevelse. Godt du hadde mamman din med deg, og at kjæresten din kom. Kjempebra at alt er bra med den lille, og at du fikk en forklaring på blødningene dine. Får håpe du slipper flere sånne skrekkopplevelser
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå