Gå til innhold

Linn3c


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Skrevet

hellu! Håper dere har hatt en fin helg!

Skrevet

Heisann! :)

Helga til no har vore fin den.

Sit og prøver å koma på kva me gjorde på fredag, kom vel fram til at me gjorde ikkje nokonting. Eg var ute og gjekk på tur i lag med naboen, og mannen vart ståande fast i trafikken pga ein kjedekollisjon i Fløyfjellstunnelen på veg heim. Han var vel tre kvarter seinare heime enn han skulle. Me var heime nesten samtidig, og laga oss middag då. Ei heimedikta gryte med strimla svinekotelettar i. Og så sløva me heile kvelden.

I går var me først ute og handla litt på Lidl. Kjekt å handla litt andre plassar enn det ein alltid gjer, innimellom. Og så henta me ein kompis som var med oss heim. Mannen kjørte meg og Prinsen heim, og så kjørte han og kompisen på Plantasjen og kjøpte ved. Då dei kom tilbake hadde mannen kjøpt blomar til meg! :hjerte:

Så, etter nokre timar, kom foreldra mine og søskena mine på besøk. Så koseleg! Sjølv om det er dei besteforeldra til Prinsen som bur lengst vekke, har dei lett vore her oftast no dei siste tre vekene. Dei har vore her kvar helg i år. Ja, og så kjem dei jo sjølvsagt neste helg også, for då er det jo dåp! :)

Prinsen er berre snill for tida. Han smiler og er så blid og god. I natt har eg og mannen lege på motsatt side av senga enn me plar, så i natt har ikkje Prinsen vakna så mange gongar for å eta som han plar. Godt å få sova ein samanhengande søvn igjen. Han åt ein gong mellom tolv i går kveld og halv ni i morges. Klokka ti var han klar for å sova igjen, så eg la han innatt til faren. No søv dei side om side, Prinsen i vogga og Kongen i senga. ;)

Eg kjenner eg er litt trøytt eg også, lurer på om det er sovetrøtt eller om det er svoltentrøtt...?

Gjest ¤Ronja¤
Skrevet

Ta deg ein matbit og legg deg nedpå litt att, slikt er alltid deilig! :hjerte:

Skrevet

Endeleg er me tilbake i god stå-opp-stil igjen! :)

Eg og Prinsen avtalte at me skulle stå opp tidleg i dag, og jammen var han ikkje klar for å stå opp allereie klokka halv sju i morges. :hoppe: I går sov han jo heilt til ti, så eg hadde i grunn ikkje tru på at me skulle klara å stå opp tidleg på lenge enno. Men så gjekk det så fint! Han gjekk jo å la seg igjen klokka halv åtte då, men det treng me ikkje å snakka så høgt om.. :tunge1:

Eg for min del er sjuk. Spring på do. Need I say more? :(

Har nett ete eit par skjever i håp om at magen skal stabilisera seg når han får litt mat. Må prøva å drikka masse i dag, så eg ikkje tørkar heilt ut, sidan eg er sjuk i tillegg til at Prinsen tek mykje av væska i kroppen min når han et.

Men no skal eg legga meg nedpå litt trur eg. Gjorde forresten ikkje det i går, Ronja. Me fekk nemleg besøk! Og då vakna eg fort. :) Men la meg litt på sofaen etter ein rask gåtur med Prinsen i vogna.

Gjest ¤Ronja¤
Skrevet

Uff, du må ikkje vere sjuk vennen.... *sende god-bedring-klem* :klem:

Skrevet

Betre i dag. :)

Som resultat av at eg var sjuk i går, ser det ut som at vinden som har herja ute rundt huset, også har sveipa innom og rive grundig med seg... *sukk*

Så i dag blir det rydding. Må jo stelle i stand til dåpen no i veka. :babygutt:

Skrevet

Så kjedelig at været har herjet, men det er jo forståelig at en vil ha det pent rundt seg til dåpen. Hos oss har alt fått stå pent. Hagen ser helt fin ut.

Ang. sykdom. Basen vår var syk i går. Skikkelig omgangssjukegreie. Det verste av alt var at vi satt med henne i lunsjen på fredag og diskuterte sykdom. Hun fortalte oss en av sine historier og vips så ble hun syk.

Konklusjon: Det er farlig å snakke om den gangen en var så dårlig. ;)

Skrevet

Saeria: Eg meinte at det _ser ut som_ at vêret har herja innandørs her. (Det er så rotete) ;)

Skrevet

Jobber senvakt nå og er ikke hjemme før midnatt.

Skrevet
:rodme: Trøtt jeg. Klarer ikke lese en gang.

Jobber senvakt nå og er ikke hjemme før midnatt.

Hihi, gjer ingenting då. Såg jo sjøl at det var veldig lett å lesa feil. :klem:

Skrevet

Eg har forresten oppdatert bloggen litt, så no er det bilder heilt fram til nyttårsafta der. Skal prøva å få lagt ut bilder fram til no i kveld. :)

No skal eg og prinsen ut ein tur! :hoppe:

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...