Gå til innhold

Linn3c


Linn3c

Anbefalte innlegg

Så var mitt nye liv godt i gong og vesle Småtten har rukke å bli nesten seks veker stor! :babygutt: Så då er det vel på tide å starte ei ny bok.

Det heile begynte natt til torsdag 26. oktober klokka kvart over tre. Då kjente eg den første ria. Og som alle har sagt visste eg at dette var ei ri då ho kom. Eg klarte då ikkje å sovna igjen og prøvde å ta tida på riene. Dei var ikkje særleg regelmessige og kom alt frå kvart sjuande til kvart femtande minutt. Eg pusta meg gjennom riene stille og roleg og let vera å vekka mannen som skulle på jobb klokka åtte.

I sju-halv åtte tida vekka eg mannen med frukost, kaffi og rier på senga. :ler: Eg fekk akkurat gjeve frå meg brettet med kaffi og skjever på, før neste ri sette i gong. Eg måtte setja meg ned på senga og puste meg gjennom den. Mannen spurte forsiktig; "Du? Er du sikker på at det ikkje er rier?" med søvn i stemma. Eg berre nikka bekreftande og sa at jo, dette var rier. Då skal eg helse og sei at det vart fart på gubben! Hihi! Han bortimot hoppa ut av senga og oppi kleda sine! Eg fortalte kor lenge eg hadde hatt riene og han vart heilt forskrekka over at eg ikkje hadde vekt han. Så ringte han til sjukehuset og fekk beskjed om at sjølv om det var veldig tidleg, kunne me komma opp viss me ville.

Me drøydde det lenge før me drog opp. Mannen tok bilde av med der eg pusta og peste nedover trappa for å gå til bilen, for siste gong som gravid. Fann ut at me skulle montera bilsetet, slik at mannen slapp å reisa heimatt for å henta det i fall me fekk koma på Barselloftet etter fødselen. Men noko var gale med Isofixen vår, så me fekk ikkje montert det og mannen måtte ringa bilforretningen og masse styr. Det enda med at me fekk låna eit sete av eit venepar fordi vårt ikkje passa til bilen vår. Riene verka å bli meir regelmessige etterkvart så sjølv om me visste at det var tidleg, men sidan me ikkje har fødd før, så drog me då oppover. I tolvtida var me avgarde og på plass på KK. Det som var merkeleg var at med ein gong me kom inn på KK (Haukeland sjukehus avdeling Kvinneklinikken) stoppa riene mine! :overrasket:

Me vart henta av ei jordmor og geleida inn på ei fødestove på Storken (den avdelinga på KK som er for naturlege fødslar). Der fekk eg gått på do før eg kledde av meg og la meg ned på ei seng. Jordmora sjekka opninga mi og konstanterte at det var berre 1 cm, ein ussel centimeter! Ho sjekka også korleis babyen låg og han fann ut at han ikkje var meir enn knapt festa nedi bekkenet. Men fosterlyden var bra. Ho anbefalte oss å reisa heimatt og samla krefter, for det var ikkje lenge igjen, meinte ho.

Vel ute i bilen starta riene igjen. Snodig at det stoppa opp, syns eg. Men me reiste heimatt og tok tida på riene som verka å bli litt sterkare og litt meir regelmessig etterkvart som tida gjekk. Utover kvelden tok mannen tida på riene og fann ut at dei varte i omtrent 40 sekundar og kom kvart 4-5 minutt. Han ringde til KK igjen og me kunne komma oppatt når dei vart litt tettare. Mannen tok tida igjen og rundt klokka eitt om natta drog me oppatt på KK. Igjen vart me henta av jordmor og leidde inn på ei fødestova. Det var så rart å vera på fødestova sånn om natta med rier og greier. Føltes så uverkeleg at eg snart skulle føde i dette rommet. Igjen sjekka jordmor opninga mi. Framleis 1 cm opning. Noko sa meg på dette tidspunktet at det kom til å ta lang tid, dette. Eg fekk tilbod om å få akupunktur, noko eg sa ja til. Riene mine sat veldig i ryggen og litt mindre framme i magen og nedover i beina, men eg kjente det der også. Så eg bad om å få noko for å dempa smertene i ryggen litt. Eg fekk to nåler i ankelområdet, ei i handa og ei i hovudet. Om det var innbilling eller kva det var veit eg ikkje, men eg følte meg litt rolegare iallefall. Så då låg eg i senga med nålene i ein time eller tre, er usikker på tida for heile tida frå første rie mista eg liksom litt tidsperspektivet og hadde ikkje heilt kontroll på kva klokka var. Men eg hugsar eg såg på klokka litt før me gjekk heim igjen og då var ho rundt fire. Mannen min haldt styr på klokka, men no søv han så eg får kontrollsjekke med han i morgon ;)

Riene var til å leva med utover morgonen, og me prøvde å sova litt både mannen og eg. Svært vanskeleg å sova med rier, men eg klarte å kvila litt på sofaen iallefall. Me hadde trass alt vore vakne i over eitt døger på det tidspunktet. Det var blitt fredag og riene tok seg opp utover dagen. Mannen styrte på og tok tida. Nok ein gong ringte han KK, direkte til Storken og sa kor ofte riene mine kom og kor lenge dei varte. No varte dei i halvanna minutt og kom kvart 2-3 minutt. Me fekk beskjed om å reisa oppigjen. Og det gjorde me. Igjen.

Akkurat klokka tre på formiddagen fredag 27. oktober, termindatoen vår og alt, gav eg beskjed i luka på KK om at no var me komne. Mannen parkerte bilen og eg sette meg ned for å venta på jordmora og mannen min. Denne gongen vart me henta av ein jordmorstudent. Veldig hyggeleg dame. Eg hadde to rier medan eg venta på mannen og nok ei rie i heisen. Og så enno ei rie på veg bort til fødestova. Me fekk den same fødestova som den andre gongen me var inne. Greitt det, så var me litt kjende. Trur den heitte Iris eller noko slikt. Jordmorstudenten sjekka opningen min og så sjekka jordmora den også. Det var då me fekk den glade bodskap; me fekk bli på Storken!

Så då slapp me å reisa heimigjen! Det var godt å vita. Aldri har vegen til Haukeland vore så lang som når ein har rier. :ler: Men likevel litt skummelt å vita at me no var nærmare fødsel enn nokonsinne...

Eg fekk lov å berre ligga i senga ei stund, eg var jo ganske sliten etter å ha hatt rier så lenge. Halvanna døgn alt. Så eg låg i senga i eit kvarter kanskje før eg fekk tilod om å ta eit bad. Jordmødrene tappa i badekaret og etter ei lang stund med tapping (stort badekar) slapp eg meg nedi eit herleg kar og slappa godt av mellom riene. Jordmødrene tok godt vare på meg og etter ei stund kom dei og spurte om eg ville ha middag. Ja, mannen kunne få også om han ville. Når sant skal seiast var ikkje mat det me hadde tenkt mest på det siste døgnet, så mat høyrtes fornutig ut. Me fekk velja mellom pasta og kokt laks. Så det var pasta på meg som ikkje likar laks og laks på mannen som ikkje et det så veldig ofte sidan eg ikkje likar det. Eg steig utav badekaret, men tenkte meg tilbake dit etter maten. Me åt. Like etter maten var komen ned i magen, kom han jammen opatt også. Jordmorstudenten sa at det var eit godt teikn. Eg vart litt slapp etter oppkastinga, så eg la meg litt på senga igjen. Mannen la seg nedpå saman med meg og me sovna visst litt.

Riene kom ikkje så ofte som jordmødrene skulle ønske, så eg fekk inn ein preikestol slik at eg kunne gå litt. Det var tungt å gå i riene. Ikkje godt. Jordmorstudenten fann fram ein saccosekk til meg som ho tok trekk på og la på ei matte framfor senga. Der hang eg litt også. Dei sjekka opninga igjen, men det stod framleis på det same. Eg måtte gå meir. Halde meg oppe og i rørsle. Me fekk kvelds. Gode skjever, men matlysta mi var lita. Eg drakk massevis av raud saft, noko eg hadde dille på på slutten av svangerskapet. Eg åt så masse som eg orka, trur det var ei skjeve eller halvanna.

Ryggen min begynte å verke skikkeleg, så eg bad om å få akupunktur, slik som eg hadde fått om natta. Jordmødrene kalla på den jordmora som kunne setje akupunktur og ho kom. Sa noko om at ho aldri hadde høyrt om akupunktur som lindra ryggsmerter og at eg burde prøva steriltvannspapler i staden for. Eg hadde jo høyrt om dette, at det skulle vera gode greier, så eg sa at ho måtte berre kjøra på. Så lenge de gjorde det mindre vondt i ryggen, så. DET skulle eg jo ALDRI ha sagt. Det var så vanvittig vondt! Har aldri hatt så vondt før eg. Eg hylte så høgt at eg skal vedda på at dei oppe på Barselloftet, på andre sida av vegen kunne høyra meg. Men, seriøst, ikkje vurder å ta det, jenter! Det er aoa!

Etter at paplane var sette, vart ryggsmertene litt mindre, men noko anna som vart mindre, jo det var riene mine. Dei forsvann nemleg. Og var vekke i nesten to timar. Så vanvittig bortkasta å ta dei paplane altså! :sur:

Då riene mine kom tilbake var det på tide med vaktskifte på Storken. Klokka var elleve og jordmødrene mine var trøytte og ville heim. Dei rekna med at når dei kom tilbake på vakt klokka sju ville nok Småtten vår ha sett dagslys alt. Eg visste ikkje kva eg skulle tru. Dette drog jo sånn ut! Men me fekk ei par nye jordmødre som gjekk litt på rundgang på Storken sånn på nattestid. Eg trur det var to stykk på heile avdelinga. Riene mine var då på veg tilbake, og var både sterkare og oftare enn tidlegare. Men pulsen til Småtten var også raskare enn normalt, noko som gjorde til at me blei flytta over til Føden, den andre avdelinga på KK. Der har dei alt som trengs av utstyr til å overvåka småtrolla i magane til mammene sine.

Så då vart eg plassert i ein rullestol og trilla inn på eit lite kott, der eg skulle venta til det vart ei ledig fødestova på Føden. Med ein gong me kom over terskelen mellom Storken og Føden var det som å komma inn i ei anna verd. Alt var så mykje meir oppkava og stressa på Føden og tempoet var eit heilt anna. Me fekk ei stressa jordmor som tok imot oss på dette vesle kottet. Der vart eg stroppa inn i ein sparketest og hjertefrekvensmålar. Jordmora stod og snakka med seg sjølv, og eg og mannen overhøyrte at ho sa noko om at ho skulle gjerne sett kva farge det var på fostervatnet mitt; og plask! der var vatnet mitt tatt. :ler: Det var forøvrig litt grønleg. Ho festa sånn antenne på hovudet til Småtten, noko som var særs ubehageleg å ha stikkande ut der nede. Riene vart kjempesterke etter at jordmora tok vatnet, og det var ikkje kjekt å ligga på det vesle rommet der det nesten ikkje var plass til mannen ein gong.

Det varte og det rakk, men endeleg vart ei fødestove ledig. Det var visst skikkeleg fødeboom den natta, sidan alle stovene var opptatt. Lurer på om me blir kjende med nokon av dei som vart fødde den natta? Rundt klokka eitt var me omsider komne inn i den nye fødestova vår. Me fekk ei kjempesøt og snill jordmor. Opning vart sjekka og den var då blitt 5 cm! Eg gjekk litt rundt der og pusta og peste med ein preikestol og då klokka vart to begynte pressriene. Men trur de eg fekk lov å presse? Neida! For eg hadde ikkje full opning. Berre åtte centimeter hadde eg nemlig. Og rundt opninga var det ein stram kant fekk eg vite. Det var iallefall vondt når jordmora tok på det, så eg trur henne så gjerne. Eg vart berre sittande på sengekanten for å klare og ikkje presse. Eg burde ha vore oppe å gått, men eg var så redde for å presse når eg ikkje skulle. Så då vart det til at eg sat på hovudet til babyen i staden. De føltes iallefall slik.

Slik sat eg til klokka var tre. Då sjekka ho opninga igjen og den hadde vakse med 1 cm. Men framleis var det ein stram kant igjen der og babyen var ikkje komt langt nok ned i bekkenet til at eg kunne begynne å presse han ut. Så då var det berre å prøve å sitte seg gjennom pressriene ei stund til, slik at opninga vart større. Eg pusta og peste noko voldsomt, og mannen var verdas flinkaste hjelpar gjennom desse vonde pressriene. Trykketrang utan lov til å trykke er kjipt altså! Men så vart opninga ti cm og utsletta, men babyen var framleis ikkje komt heilt ned i bekkenet. Ei anna jordmor vart tilkalla og dei to jordmødrene diskuterte seg imellom og fann ut at eg kunne få lov til å begynne å presse. Klokka var ca halv fire og eg såg endeleg lys i enden av tunnelen! :)

Eg fekk lov til å flytte over i fødesenga! :hoppe:

Først låg eg sidelengs, med ein fot oppi ein slik holdar. Så låg eg, elleg hang, rettare sagt, over ein saccosekk oppi senga. Pressa og pressa, før jordmora sa at det var mest effektivt det første og eg var tilbake i sideleie att. Eg pressa når eg skulle og stoppa då eg fekk beskjed om å stoppe. Så var det berre eit press igjen. Eg pressa og trykte og trykte og pressa. Og plopp! Der fôr hn ut med voldsom fart! Ein skjønn liten gutebaby som fekk koma opp på magen til mammaen sin. Ein svært sterk og emosjonelt ladd augneblink! Mannen klipte navlestrengen og meinte at han hadde fått verdas sløvaste saks for jobben. :ler:

Sjølv om fødselen med rier og det heile tok over to døgn, tok sjølve utpressinga berre ca 45 min. Og sjølv om det heile tok så lang tid og ein skulle tru at begge dei nybakte foreldra var heilt utsletne, var det som å få ei innsprøyting med energi. Eg var så vaken og opplagt etter fødselen at det var heilt merkeleg! Berre få minuttar, ja det var vel gjerne gått ein times tid, var eg på beina for å ta bilde av dei to mennene i livet mitt. ;)

Men før det låg Småtten lenge på brystet mitt og me berre saug inn alle inntrykka av kvarandre og alt det nye. Snuste på kvarandre og han søkte seg fram til puppen og klarte å suge i seg nokre dråpar. Det var då mor Linn3c vart til.

Og no ligg nurket her ved sida av meg og knirkar så fornøgd.

Eg er så lukkeleg! :hjerter_rundt:

Endret av Linn3c
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Blir det noe spilling i det hele tatt på deg`? De nye hunterspec'ene er vist ganske bra!

Nei, fint lite speling på meg for tida. Men no er eg eit lite mikrosteg nærare speling igjen, for mannen sette oppatt dei stasjonære maskinene våre igjen! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hjerte: Så gøy å få lese om fødselen, missa den bussen jeg egentlig skulle ta nå, kunne ikke reise midt i fødselen til Linn3c vettu! :ler:

Grattis med ny bok! *abonnerer* :kose:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, spennende å lese om fødselen. Det hørtes.... slitsomt ut!

Men når jeg ser det underet som kom ut av det, så skjønner jeg jo at det er verd det da.

Og tenk at det allerede er 6 uker siden. Som tida flyr!

Lykke til videre i ditt nye liv, som mor Linn3c.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:hoppe: 6 uker!!

Grattis med ny bok! :klem:

Så deilig at du var så opplagt etter fødselen, og at du er så lykkelig.. Må være herlig å bli mamma! :hjerter:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest ¤Ronja¤

Så HERLEG å lese om fødselen!!!!

Tusen takk for at vi fekk komme å helse på dokke i går Linn3c! Det var utruleg hyggeleg! Mannen storkoste seg, og syns det var veldig kjekt å endelig få treffe dokke!!!! Sonen sykkar er verdas nyyyydelegaste!!!!!!! :hjerte: Eg vart heilt tullerusk eg!! Hihi...

Og tusen takk for at eg får låne så masse klede av deg!!!! Du er heeeeilt super altså!!!

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så kjekt med så mange positive tilbakemeldingar på så kort tid! :)

Fødehistoria mi vart litt brått avslutta fordi klokka nærma seg tre og eg var kjempetrøytt samt at eg hadde ein sutrande baby ved sida av meg.. Men eg får sjå om ikkje eg får utbrodert siste slutten på historia litt meir etterkvart.

Sniglå: Beklagar at det vart så langt at du mista bussen din. Det var på ingen måte meininga at det skulle bli så langt. Men sidan eg begynte så detaljert, vart det liksom naturleg å fortsetje i same stilen.. :sjenert:

Malama: Slitsomt, ja det var det. Men like etter fødselen kunne eg lett gjort det igjen. For den kjensla som det var å endeleg få det vesle mirakelet opp på brystet, og kjenne varmen og snuse inn lukta av nurket. Ubeskriveleg!

liv: Eg trur ikkje eg fekk med meg at du sa det. Men hadde eg gjort det veit eg ikkje om eg hadde trudd på deg. For det var jo heilt vanvittig vondt! Og sååå bortkasta! Er nesten litt sint på meg sjølv som prøvde det. Menmen. No veit eg at det er berre tull å prøve igjen iallefall.. ;)

Ninen: Takk for det! :)

Epica: Ja, tenk det. På laurdag er han 6 veker! Du må berre glede deg! :)

¤Ronja¤: Det var kjempekoseleg å treffa deg igjen, og endeleg å få helsa på mannen din som me har høyrt så masse om. :) Gler meg til neste gong! Kjempefint at kleda kan koma til nytte når eg ikkje har behov for dei meir, i denne omgong! ;)

Godt at de syns at goingen vår er verdas nydelegaste, eg skal ikkje argumentere mot deg der. :ler: Men, i mars, når Knotten melder sin ankomst er det nok andre ord i munnen din, tenkjer eg.. :ler2:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Grattis med nyboka! :blomst:

Det er herlig å være mamma! Og det er koselig å lese om andre mammaers opplevelse av den nye rollen også.... ;)

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja! Det er så kjekt, dette! :)

Er like glad kvar gong Småtten våknar av seg sjølv før han er skrubbsvolten. For då er han så blid og fornøgd, og smiler så fine hjerteknusesmil til mammaen sin. :hjerter:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Annonse

[1] Category widget

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...