Gå til innhold

Linn3c


Linn3c

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Jadda, go dajen godtfolk!

Hadde skrive eit langt innlegg her i går om dagen vår og om dåpen. Og så fekk eg ikkje posta det, forumet svarte ikkje. Så eg klippa det ut og hadde det på utklippstavla i Windows. Gjekk litt frå og til og sjekka om forumet var oppe att. Så gløymte eg heile greia, og mannen brukte maskina til å hjelpa stebroren sin. Med noko i biosen. Så då forsvann jo innlegget mitt... *sukk*

Men iallefall! Dåpen gjekk finfint! Veslegullet vårt smilte så fint og lo litt til presten då han skulle ha vatn på hovudet hans. Artig! Presten kunne jo ikkje anna enn å smila tilbake, så me var så nøgde alle saman. :-D

Maten var kjempegod! Foreldra mine laga snittar - åh, så herleg! :sikle: Og kakene var gode, faktisk så gode at dei vart oppetne. Me hadde to "serveringar"; først var det den næraste familien som var her, Prinsen sine oldeforeldre, besteforeldre, tanter, onklar og søskenbarn, rett etter kyrkja. Så seinare på dagen, frå ca fem og utover kom dei me har best kontakt med av våre tanter og onklar og søskenbarn. Dvs mannen sine, på morssida. Der har me vore i alt som heiter markeringar, dåpar, bursdagar, konfirmasjonar og så bortetter etter at me vart saman, så de var heilt naturleg for oss at også dei skulle koma. Men på grunn av plassmangel gjorde me det slik at me hadde det heile i to omgongar. Då får ein meir tida til å snakka med alle som er der også, så det syns me at var lurt. :)

I dag har me sove lenge, Prinsen og eg. Kunne stått opp klokka seks, for då var han vaken og åt. Men eg såg på han at han verkeleg ikkje var klar for å stå opp då, så eg let han sova i senga med meg litt. Det er så lenge sidan sist... :hjerte: Og så held han på å få tenner, så han er litt sårbar for tida. Sutrete og grinete. Og kosete. Det likar mammaen. ;) Litt bal om kvelden, for då har han sove så masse om dagen at han ikkje har lyst å legga seg, men eg kan jo ikkje gjera anna enn å legga han når han er trøytt heller..?

Me har kjøpt Dentinox som me smør på gommane og det gjer underverk! Om han er veldig trøytt og grinete, og ikkje får til å sova for det er ømt og vondt, smør eg vindunderkuren på gommane hans og gjer han smokken. Då kubbar han med det same. Om han ikkje er trøytt då, så vert han iallefall i mykje betre humør. Smiler og ler som han pleier! :)

Men no skal eg gå å finna meg litt mat og så skal eg få tatt meg ein runde med kleshaugen min - må vaska, henga opp, legga saman og ikkje minst,, det eg er dårlegast på, få lagt det heile på plass når eg er ferdig...

Sjåast! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Koseleg med besøk! :klem: til begge!

No skal me ut på tur, Prinsen og eg. Han er klar, ligg i vogna, har faktisk allereie sovna. Eg haldt han våken litt lengre enn han hadde lyst, for eg hadde lyst å bli ferdig med å legga saman klesvasken. Men det er ikkje så lett å halda han, han blir som regel berre sur og grinete. Og når det er fast rutine å gå på tur mellom to og fem ein gong, kvar dag, ja då er det ikkje anna å forventa enn at han har lyst å gå på tur no. ;)

Så då går me då! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hihi, sjå kva eg fann ¤Ronja¤!!! :-D

Måtte berre stela denne frå Kverris si bok. Den såg så god ut :sikle:

Mmmmm.. *teste til helga, ja* :sikle:

Endret av Linn3c
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Annonse

[1] Category widget

Tenk det, for tre månader sida var han 8 timar på denne tida! :legrine:

I dag har me sove lenge, for me haldt på å rydda gjesterommet og barnerommet til langt på natt. Så me var ikkje oppe før klokka var halv ti, og det er seint no for tida...

For tre mnd sidan var det anleis. Då hadde me ikkje sove på to døgn, og var fullstendig oppgira etter å ha fått veslegull ut til oss. Det var vel på denne tida at me endeleg klarte å få sova litt, trass i at Prinsen vart fødd 17 minuttar over fire på morgonkvisten.

No ligg han og søv så søtt i vogga si. Han lo skikkeleg for første gong til meg i dag, og det var heilt fantastisk herleg. Det rører noko inni meg kvar gong eg ser han, kvar gong han ser på meg og smiler, kvar gong han bablar og kvar gong han feller ei tåre i urettferdighetens namn.. ;):grine:

Tenk det, no har me hatt han her ute hos oss i tre månader allereie. :legrine:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest ¤Ronja¤
No ligg han og søv så søtt i vogga si. Han lo skikkeleg for første gong til meg i dag, og det var heilt fantastisk herleg. Det rører noko inni meg kvar gong eg ser han, kvar gong han ser på meg og smiler, kvar gong han bablar og kvar gong han feller ei tåre i urettferdighetens namn..  ;)  :grine:

:hjerte:

:legrine:

Kjem det dåpsbilete på bloggen snart....? *spent*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

OI, ja dåpsbilda må eg få inn ja :)

Kan ikkje lova at eg får oppdatert heilt til dåpen i dag, men eg skal begynna ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...