Gå til innhold

Eit stort, lite under - no utanfor magen til Pip!


Anbefalte innlegg

Skrevet

Heihei! :vinke:

Så kjekt at nokon stikk innom her medan eg er borte! :)

Holly Hobbie – Åh ja, synest det er SÅ kjekt med dei gamle kleda! Gler meg kjempemykje til å bruke dei – og håpar me ikkje får så altfor mykje småttistøy i fødselsgåver at me ikkje får brukt alt… :sjenert:

Jepp, me har tenkt på namn. Men no må me liksom ta den endelege avgjerda snart – mannen har bestemt at me får gå gjennom alternativa, snakke litt om dei og smake på dei, og bestemme oss for eit namn til kvart kjønn. Og viss han/ho kjem ut og ikkje passar til det namnet i det heile tatt, har me jo alltids nokre andre me har tenkt på...hehe. Spennande det der - kven ER det eigentleg, som har budd inni der så lenge? :)

Me har eigentleg berre eitt eller to aktuelle gutenamn, men er til gjengjeld litt meir bestemte der enn når det gjeld jentenamn…men det nærmar seg der òg!

apple :overrasket: Oi – så kjekt då! Men eg må seie at sommaren brukar å vere den beste tida å vere der, synest eg – då er det meir å finne på, kanskje er det nokre kjende heime på ferie, det er trass alt litt liv i bygda… Vinteren er den verste tida der, i mi verd i alle fall – kaldsleg og vått og ’innestengt’, og så ’må’ ein vere inne heile tida nesten… Og ja, veldig fin heimtur er eg sikker på de fekk – me reiser jo helst med bil no, så det blir vel ikkje med det første me tek den turen igjen...

Veldig kjekt å strikke til småen ja – synest generelt det er koseleg å strikke, og det vert sjølvsagt litt spesielt å strikke til den vesle. Og ja – plagga blir fort ferdige når dei er så små! :)

:klem: til Linn3c – beklagar at eg stikk så sjeldan innom – det gjeld eigentleg alle dagbøker… Men eg er ikkje så mykje på nett om dagane, og så går det som sagt nokså seint med dette modemet, så det begrensar seg…

Rognis – Åh, så koseleg! :hjerte:

I går var me i byen, eg fann meg eit lite ’tomannstelt’ som eg skal ha på meg i bryllaupet på laurdag, og alt er berre velstand! (Kjolen kan forresten, for spesielt interesserte, sjåast her. Men skilnaden på meg og den dokka der er at magen min stikk veldig mykje lengre ut i forhold til resten, så det bildet gjev ikkje noko særleg rett inntrykk…)

Me var òg på IKEA og handla ein ny liten kommode til stova – på den måten får me ein del ting ut dit som naturleg høyrer heime i ei stove – m.a. dukar, finbestikk og talglys – men som me har hatt i ein kommode på soverommet grunna minimal skuffeplass i stova… Det blir kjempegreit, og så får me frigjort litt ekstra plass til beibisen sine ting på soverommet -–det er òg veldig fint! Mannen har no montert for harde livet, og er nett ferdig, så eg får straks gå inn og beundre resultatet tenkjer eg… :)

Ja, me satsar altså på å reise nordover i bryllaup til helga – henstiller stadig til småen om å vente i alle fall til tysdag med å skape noko action, og håpar han/ho er lydhøyr for slikt…noko eg eigentleg tvilar ein del på… men sjansane er jo ikkje SÅÅÅ store for at noko skal skje akkurat mellom torsdag og måndag, då, så me satsar på det går fint. Sjølv er eg forresten fødd nøyaktig på termin, og mannen anar ikkje kva han er, men me kan jo satse på at mine gener står litt sterkt akkurat der…? (Treng for så vidt ikkje å vente såååå lenge heller då…)

Men det var den kommoden ja – sjåast! :vinke:

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Fin kjole :) Men den dokka såg jo ikkje akkurat veldig gravid ut, nei; men så lenge livet er høgt nok (såg vel slik ut) så kan eg lett sjå føre meg ein gravid kropp inni kjolen.

God tur nordover! :reise:

Skrevet

Hei pip,

Så i dagboka til Holly Hobbie at du også prøver deg på tøybleier! Vi har akkurat kjøpt inn, og jeg har lært meg brettemetoden og strikker nå ullbukser til den store gullmeldaljen. Jeg kjenner absolutt INGEN som har prøvd tøybleier, så jeg er veldig spent på hvordan det går. Vi får dele litt erfaringer etter hvert! :kose:

Skrevet

Heihei!

NO er sjukehuskofferten pakka, faktisk – rart, men betryggjande. (Særleg på den lange kjøreturen…)

Linn3c - :ler: - Ja, det var liksom det eg såg for meg… Sa det til mannen, at no må me snart kome oss til stavanger så tomannsteltet kjem i hus! Då lurte han på om eg ikkje like godt kunne kjøpe eit tremanns, så slapp han å stryke finskjorta si… :ler:

apple – Jepp, den er laga for gravide, så det er faktisk god plass til mage der. Skjønar ikkje kvifor dei ikkje har gitt prøvedokka mage, sidan det er ein mammaklede-butikk, men det er no så…

Gler meg til turen nordover i grunnen, berre eg ikkje blir møkk lei og stiv og støl av all kjøringa. Og me gler oss veldig til bryllaupet – det blir kjekt! Men har bittelitt angst for å brått måtte fø på eit sjukehus på nordmøre – DET blir lang heimreis, det! :overrasket:

Imax – Hei! Så kjekt at me kan utveksle tøybleie-erfaringar! :klem: Ullbukser har eg òg strikka ein del av ja – dei er så mjuke og deilige! Men så utfordra eg mannen, han KAN jo strikke rett og vrangt, liksom, og med så tjukke pinnar går det fort – så no held han på med den siste av dei som er anbefalte til nyfødde (eg har laga nattbuksene då, + ei dagbukse) – synst han er veldig flink! (Og så får eg då heller strikke kjekkare ting – det er òg ein fordel…hehehe – held på med ei ullbukse med merinoull frå Nøstebarn no – gjekk litt treigt i starten, men tek seg opp…).

Eg har eit venepar som brukte akkurat desse bleiene på sine gutar! Dei sa det var heilt problemfritt, så godt som, og aldri har eg sett ein så mjuk og fin bleiestump som på minsteguten deira!

Elles så brukte eg tøybleier sjølv som liten, så mamma hugsar jo litt… Men me må nok halde kontakten, ja, og oppdatere kvarandre! :)

Forresten har me øvd litt på å brette, og synest me vart ganske flinke. Men det er ei heil stund sidan, så det spørst kor radig det kjem til å gå i starten…hehehe – vert nok fort rutine!

No må eg jammen santen finne fram middagen (kylling- og pastasalat frå i går --> berre å varme baguettar i dag!), og så må eg pakke alt resten som skal med nordover – det vert nok ein del…

Hej då! :vinke:

Skrevet

:vinke: Melder meg inn i tøybleiegjengen jeg også.

Jeg har hele tiden trodd at du har termin etter meg jeg da, men ser jo nå at du er jo flere uker foran meg i løypa. Spennende tider er det uansett :)

Skrevet

*Kelsey* - Velkomen i tøybleiegjengen - så kjekt! :D Mannen er nett ferdig med siste bleiebuksa av 'nyfødd-buksene', så no er me klare! :)

Kan faktisk bli fødsel kva dag som helst no - det er jammen rart å tenkje på!

Er altså tilbake frå den lange turen nordover i bryllaup, og takk og pris - småen har halde seg inne! :)

Det var eit fint bryllaup, om enn få kjensfolk, og kjolen gjorde jobben sin... Forutan at det var eit voldsomt fyrverkeri klokka 12, som babyen slett ikkje var begeistra for, gjekk det heile veldig fint for oss alle - heldt ut til 'the bitter end' og alt.

Er no heime hos mampap, som bur nærare sjukehuset enn me gjer, så no er det trygt... :)

Skal til legen på kontroll i morgon, så me reiser heilt heim i dag, og så kjem me sikkert hit att om ikkje så lenge - greit å være litt nærare sjukehuset mot slutten, særleg sidan jordmorvakta i vår kommune kjem til å vere ubetjent i nokre veker framover. Dessutan deilig å 'feriere' her og bli dulla med av mamma og sånn... :)

Må ha meg ein liten runde og sjå kva som skjer hjå dykk andre - no er eg på pappa sitt breiband òg, så alt går så mykje snøggare... ;)

Skrevet

Hei igjen!

Tilbake her framfor modemet mitt – artig, artig!

Har vore hos legen i dag ja – alt står veldig bra til, og dette var kanskje min siste kontroll? Neste er 1/8, viss det ikkje har skjedd noko før det…

Sola skin i dag, håpar berre det ikkje blir sånn kvelande varmt. Gler meg til å reise heim til mampap, der er det meir luftig, og varmen vert ikkje like trykkande. Dessutan har dei jo brygge der ein kan kjøle seg ned litt.

No skal eg og mannen straks lage nokre fleire sider i ’svangerskapsboka’ til småen – det er så koseleg! Og så skal eg strikke litt til – eg gir meg sjølv lov til å bruke masse tid på dull og dall no om dagane altså! Men skal bake litt i dag òg – greit at frysaren er full når småen kjem, tenkjer eg. Det er han for så vidt kvar augneblink, så dette vert gjerne det siste eg bakar på ei stund…

Er altså 38 + 4 i dag, og småen kan kome når han/ho måtte ynskje det. Ville kanskje foretrekke at me får reist heim til mampap først, sidan det er meir praktisk ift. sjukehuset, men elles er me vel klare, trur eg. I alle fall så klare som me kan bli…

Har altså ikkje hatt ein einaste kynnar eg, så er spent på om eg kjem til å vite kva som skjer når det heile set i gong… Men eg reknar med det – det er vel dessutan berre å ta tida til hjelp, så vil det vise seg… ;)

Ha ein riktig fin sommardag, både 'tjukkasar' og andre! :ler:

Skrevet

Spennande å følgja deg fram mot fødselen no! :)

Du er heldig som ikkje har merka kynnarar då. Men dei har nok vore der, og gjort livmora klar, tenkjer eg.

Lukke til vidare! :vinke:

Skrevet

Jeg har nesten ikke hatt kynnere i det hele tatt i svangerskapet, men så plutselig en uke før termin begynte det jevnlig. Kanskje du opplever det samme? Uansett, livmoren din fungerer sikker bra, og jeg er i hvert fall glad for å slippe å ha kynnere i halve svangerskapet som svært mange har.

Gjest Rognebær
Skrevet

Oi! Ingen kynnerar! Fascinerande. Men ei venninne av meg trudde heller ikkje ho hadde det, heilt til jordmor seeeint i svangerskapet påpeikte at ho hadde ein kynnar medan jordmora målte SF-målet! Så det er jo ikkje alle som kjenner dei, men dei er der nok likevel og lurar rundt.

Men 38+4! Hellandussen! No er du snart ferdig, jo! :hoppe: Og brygge høyrdest SÅ deilig ut no på sommarstid... Det skulle eg og gjerne hatt, gitt!

Skrevet

Altså, nå må uvitande meg bare spørja: Kva er kynnerar? Eg kunne sikkert ha funne det ut ved å søka på nettet, men det er jo kjedeleg...

Håpar det går bra med deg og småen, og at det går fint når han/ho bestemmer seg for å koma ut!

Skrevet

:vinke:

VAAARM DAG!

Begynte veldig fint, med triveleg og lang frukost på altanen med mannen (framleis skugge der då). Så sat me der, les litt, strikka litt, fann fram ei spørjebok og hadde det triveleg. Fram til lunsj, som me òg åt ute (framleis skugge). Men SÅ kom sola! Inn i huset, og rundt oss på alle kanter. Pip enda rett og slett opp med å evakuere inn på det ikkje-fullt-så-varme soverommet og tok ein god lur… :sjenert: No i kveld har me laga oss middag (nokre timar sidan no då, men etter at sola gjekk ned), og fått gjort litt i og utanfor huset (luka, tørka støv, støvsugd etc.). Så kanskje ein burde snu døgeret heilt når det er slike vèrtilhøve, viss ein skulle få gjort litt meir? I alle fall i min tilstand… :ler:

Men viss alt går etter planen, reiser me heim til mampap i morgon, og blir der i alle fall i ei veke og halvanna, før me tek ein liten tur tilbake hit. (Blir det fødsel i mellomtida, kjem me jo hit etter det då…).

Linn3c, Imax og Rognis – Eg trur kanskje at dei er der, men svake og umerkelege. I alle fall for ei uerfaren sjel som meg… :ler: Einaste som av og til gjer at eg må stoppe medan eg går, er ekle stikkande smerter i underlivet. Det er sikkert heilt normalt òg, men har vel lite med lovmor å gjere i den forstand… Elles vert magen ofte hard, men det er fordi junior tar seg så voldsomt ut der inne – det bular både her og der… :ler: Enig med deg Imax – heilt OK å ikkje vere plaga med dei! Og viss dei kjem no snart, er det OK det òg, for no veit eg jo at det går mot slutten i alle fall…

Og Imax - :klem: Gratulerer nok ein gong – fantastisk!

apple – Hadde aldri høyrt om det eg heller før! Det er ein slags falske rier – altså samantrekkingar av livmor. Men dei er ikkje smertefulle som rier, og har eigentleg ikkje noko med fødsel å gjere. (Anna enn at ein ofte får mykje av dei heilt mot slutten). Dei er vanlege dei siste vekene av svangerskapet, men hjå meg har dei altså snike seg forbi førebels, så vidt eg veit – heilt i orden for meg! ;)

Det går fint med oss, berre varmen som plagar litt. Småen er særs aktiv, turnar det han/ho er god for, lagar digre bulkar på magen, og hikkar masse. Er i alle fall aldri redd pga. lite liv her i garden! :)

Buksa er forresten snart ferdig – halve siste foten att, og så selane då, men det går jo fort. Men det er tynn tråd og relativt tynne pinnar, så det går ikkje så styggfort akkurat.

Og kva skal eg strikke etterpå? Trur nok det vert noko meir i merinoull frå Nøstebarn, men kva? Lue? Skjerf? Ulltrøye? Eller sokkar? (Burde laga avstemning her – det er jo eit svært allment interessant spørsmål dette! :ler: ) Har i alle fall planar om å kose meg dei dagane som er att, kor mange det no enn måtte vere, og skal ta med rikeleg med bøker og strikketøy heim (til bruk både inne, ute og på brygga! ;) )

Jess. Då har me skrive liste over kva me må hugse før me reiser i morgon, så no skal eg kikke litt rundt her inne (viss modemet står meg bi), og så skal eg strikke litt og slappe av med mannen – og lage deilig fruktsalat til kvelds! :D

Stikk nok hyppigare innom frå paps sitt kontor – han har trass alt breiband… :sjarmor:

Hej då! :vinke:

Skrevet
Skjer det noko?

*spent*

Stadig vekk - i dag har eg både strikka, hatt is-date med god venninne, strikka litt meir, spelt 'kubb', lese ein del, laga middag og fått ein masse kleggbitt. :lol:

Neida, ikkje så mykje action her - men er framleis tålmodig altså! Er no 39+2, så det kan endå vere fleire veker att...

Er altså heime hjå mampap. I går var det altfor varmt OG altfor mykje pollen i lufta, i dag var begge deler litt betre, og eg har difor storkost meg. Men har stadig litt for mykje vatn i beina når det er sånn varmt, og likar ikkje det.

Eg hadde eigentleg tenkt å legge meg no - stakk berre innom for å sjå om det var noko liv her - så eg kjem heller sterkare tilbake ein annan dag.

Natta! :klem:

Skrevet

...berre innom for å forsikre om at magen framleis er stor... :ler:

Er heime hjå mampap, har rolege dagar og nyt det.

Nett no er dei andre i ei eller anna vik uti her med båten (på badetur, altså), men sidan eg likevel ikkje kan bade, og blir aaaltfor varm av å vere lenge i sola, vart me heime. Så no sit mannen og les, og eg er altså her. Det går mykje i lesing og strikking om dagane, og så går me litt tur, lagar litt mat (det er jo omtrent det einaste eg får lov til å hjelpe til med her - for dei andre går det i maling og hagearbeid...) og et mykje bær i hagen... :)

Kjenner ikkje noko teikn på at det vert fødsel rett rundt hjørnet heller. Ikkje at eg veit korleis det kjennest ut då, sjølvsagt, men er i alle fall i fin form, og har ikkje hatt ektraordinære smerter eller noko liknande. 39+5 i dag, blir det ikkje det?

Driv no og strikkar bittelita ulltrøye til småen, i det same deilige merinoull-garnet frå Nøstebarn. Det går i alle fall unna med sånne knøttsmå plagg! :)

Men no trur eg kanskje at eg skal få med meg mannen og lage vidare i småen si bok - me er komne godt over halvvegs, men det hadde jo i grunnen vore fint å vere så godt som ferdige før han/ho kjem - då vert det liksom andre ting å gjere, ser eg for meg... :)

Håpar alle har ein fin sommardag! :klem:

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...