Gå til innhold

Eit stort, lite under - no utanfor magen til Pip!


Pip

Anbefalte innlegg

Gjest Rognebær

Å, så kjekt at du framleis er i fin form! :klem: Eg måtte jo innom for å sjekke stoda... Eg kan berre seie så mykje som at eg ikkje merka noko særleg endring på kroppen før det heile var i gong! :hoppe: Så kanskje snart? (Eller kanskje om to veker? Eg fødde på 41+6! ;)

LUKKE TIL! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Rognebær - Takk og takk! :klem: Eg har spurt mamma korleis det var med henne då, sidan det kanskje kan gå litt i arv. Og ho meinte at ho berre plutseleg fekk rier. "Åja, så det begynte med rier altså?" spurde eg. "Ja. Trur det - det var i alle fall noko som var heilt annleis!" svara ho då :ler:. Så kanskje det vert slik ja - må jo i grunnen vere det beste det, viss det berre set i gong.

41+6 ja, då har eg i tilfelle nokre veker att - er førebudd på at det fort kan bli eit augustbarn dette, ja. Er sjølv fødd presis på termin, mannen anar ikkje kva han er... Men han/ho treng ikkje vente så veldig lenge viss me får bestemme - greit at mannen har ferie lengst mogeleg etterpå... (byrjar å jobbe 16/8 han).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så du "vaggar" rundt framleis altså. Ja, kanskje ikkje bokstavleg, men du går no rundt med stor mage, i alle fall. :)

Håpar ventetida ikkje blir så veldig lang. Tenk om to dagar er det termin! Du kan faktisk få barn kor tid som helst! :hoppe:

:kose:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke: God morgon, eller noko sånt... Sov litt lenge i dag eg, visst... :sjenert: Har stort sett vakna mellom 8 og 9 den siste veka, så har ikkje brukt vekkarklokke (det er jo ferie!), men i dag verka det som autovekkinga mi hadde fått virus... vakna ikkje før 10:45...

Linn3c - Trur ikkje eg vaggar så fælt, men skjønar kva du meinar! :) I alle fall seier folk at det ikkje kan sjåast bakfrå når eg går at eg er gravid - magen er liksom berre ein 'tutt' framme, og resten av kroppen er ikkje så ulik sin vanlege fasong... Men ein går nok ikkje heilt like lett og ledig som elles då, det er vel meir eller mindre utopisk... ;)

Ikkje sol endå i dag - og det er heilt OK for meg, både i forhold til varme og allergi. Ho kjem sikkert etterkvart, men me får sjå.

Planen for dagen er å kome litt vidare i småen si bok (har laga til og med veke 30 no, synest det er ganske bra eigentleg...), treffe ei venninne viss det passar med hennar pause, og kanskje ta ein handletur, og då stikke innom fetter-broren min i tilfelle.

Men dette er berre lauslege planar - kan like godt hende det vert i morgon, eller laurdag... :)

Er forresten straks ferdig med ulltrøyestrikkinga - viss eg då ikkje skal lage ei til - og les ei veldig spanande bok om dagen, så eg skal nok ikkje kjede meg uansett... :)

Ha ein strålande julidag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så kjekt å lese om dagen din. Kva slags bok er det de lagar til småen?

Sånn som du forklarar magen din, så trur eg du ber på ein son! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Linn3c - :klem: Boka me lagar til småen er ei slags 'minnebok' frå tida hans/hennar inni magen... Lagar ei side for kvar svangerskapsveke. Skriv då litt sånn om ca. kor stort barnet er, kva som skjer av utv. på denne tida etc., og så tek me med litt kanskje om kva me gjorde den veka, i alle fall viss det er litt spesielle ting (kjøpte vogn, første skituren, var på leirskule etc.). Og sjølvsagt tek me med ting som har direkte med babyen å gjere, som første gong me høyrde hjartelyden, ultralyd, første gong eg kjende liv, første gongen pappa'n kjende liv etc. Og så er pappa'n ein sånn ein som av og til skriv dikt, så han har skrive nokre dikt til den vesle som me skriv inni der (t.d. eitt han skreiv den dagen me fann ut at han/ho var på veg!). Og teksten til godnattsongen eg syng kvar kveld...ja, alt mogeleg, eigentleg. Trur det vert litt koseleg - me synest i alle fall det! :) Me har litt bilder inni der òg - av magen, ultralydbilde og nokre bilde frå ting me har gjort og sånn. (Brukar ikkje framkalte bilde, men skriv dei ut på printeren berre...viss ikkje ville boka blitt veldig tjukk òg...)

Når det gjeld magefasong og kjønn, har eg inga tru på sånt då... Og magen min er altså ikkje 'spiss', som dei seier gutemagar er, han er heilt rund, det er berre at han ikkje 'går rundt'... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

...kan forresten skrive her at no er me heilt bestemte på namnealternativa! :) Ingen får vite altså, sjølv om det stadig er nokon som spør (ikkje foreldra våre og sånt, men kona til søskenbarnet mitt og sånne meir perifere folk, dei skal absolutt vite slikt - rare greier!), men det er fint å ha dei klare i alle fall. Så kan det sjølvsagt hende at knotten kjem ut og me umiddelbart ser at DETTE er jo ingen xxxxxx - men det får me jo berre vente og sjå. Fine namn som ventar i alle fall, så han/ho treng ikkje å drøye av den grunn... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Naa ble jeg veldig nysgjerrig paa navnealternativene deres! :ler:

Hoertes ut som en kjempekoselig bok dere lager! Blir helt sikkert et kjaert minne for barnet deres aa ta vare paa i fremtiden!

Ha en fortsatt fin dag! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest marthepia

Hei hei!

Innom og hilser på jeg.

Oi oi.. Spennende :)

Klar til å føde? Eller..man er kanskje aldri klar til å føde :ler:

Lykke til :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke: Er her ja, med magen på plass.

Holly - Det skjønar eg...var ikkje for å gjere nokon syskjerrige at eg skreiv det altså - det vart no berre slik... :ler:

Me synest sjølv boka vert koseleg i alle fall - no er me ferdige til og med veke 36, så det er berre 2-3 veker att me kan lage i dag! :)

marthepia - Hei! :) Koseleg at du stakk innom! Klar til å føde? Neppe. Men bestefar spurde i går om eg var redd, og då måtte eg innrømme at det hadde eg ikkje kjent etter... :ler: Men redd er eg ikkje. Litt spent av og til, når eg tenkjer på det, men stolar på kroppen min og den vesle sin...

apple - :ler: Det trur eg nok du greier - me må visst vere tålmodige, alle mann! ;)

Ein kollega av meg fekk forresten ei jente i går! Ho hadde termin eit par dagar etter meg då, så eg trur ho opplever det som ein liten 'siger' :ler:

Elles så skal eg og mannen no lage litt vidare i boka til knotten - truleg så langt som me kan - og så veit eg ikkje meir.

I går var me på handletur til nabo-tettstaden - godt å kome seg litt vekk òg, sjølv om det ikkje var så langt... Fekk i alle fall tak i ganske mykje økologisk mat som me ikkje finn her, + sjampo og balsam, så eg var nøgd... :)

God fredag, og god helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her vart det jammen liv når du kom deg over på breiband. :ler:

Sjampo og balsam er jo kjekt å ha. Kva gjer du forresten med håret når det er så varmt? Eg har framleis ikkje klipt meg kort igjen, og prøver febrilsk å hugsa kva eg gjorde før i tida. Eg trur eg heller mot fletter, for hestehalar blir jo store og varme når ein har tjukt, krøllete hår.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å bryte meg inn i hårpratet - eg har langt og tjukt hår eg også - så plar eg å ta strikk i akkurat som om eg skulle laga hestehale, men så ta strikken rundt alt håret igjen slik at det blir ein slags knuteting i nakken. Då blir det litt mindre varmt... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

For å bryte meg inn i hårpratet - eg har langt og tjukt hår eg også - så plar eg å ta strikk i akkurat som om eg skulle laga hestehale, men så ta strikken rundt alt håret igjen slik at det blir ein slags knuteting i nakken. Då blir det litt mindre varmt... :)

Ja, det gjer eg òg av og til, men dersom eg gjer det i nakken så får eg det liksom ikkje godt nok vekk, det blir liggjande i nakken og klø/vera varmt. Og dersom eg festar det høgare på hovudet så har eg lett for å få hovudverk, eller i alle fall kjenna det godt i hårfestet, det blir rett og slett litt tungt. Trur ikkje eg hadde det slik før, men nå kan eg ikkje festa mykje hår langt oppe på hovudet, for det blir ubehageleg ganske kjapt.

Håpar det er ok at me tek over dagboka di med hårprat, Pip!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

apple - :ler: Jada, eg er ikkje akkurat travel om dagen veit du, så ein stikk innom no når alt er så lett tilgjengeleg... ;)

Når det gjeld håret, så kjem det litt an på. Laust er heilt håplaust, hestehale nesten like ille synest eg i alle fall - det heng jo tjukt og varmt i nakken og nedover like fullt... Eg lagar av og til ein knute litt oppå hovudet, som de var inne på, men kan heller ikkje ha den heile dagen - då vert det vondt.

Flette er fint, anten ei midt bak eller to. (Og så brukar eg gjerne skaut eller noko liknande, så ikkje hovudet vert varmare enn naudsynt... men det er kanskje fordi eg har litt mørkt hår at det vert så varmt OPPÅ hovudet?)

Og så kjem det jo litt an på kva ein skal - viss ein skal sitje eller liggje og sole seg, synest eg to fletter er klårt mest praktisk - då får ein ikkje ein 'klump' i bakhovudet å lene seg på...

Interessant tema dette - og både apple og Linn3c er hjarteleg velkomne til å diskutere vidare! :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, skaut er kjekt å ha når sola steikar rett på hovudet. Men det har ikkje noko med langt hår å gjera, så det har eg funne utav for lenge sidan. Dessutan er skaut ein veldig grei måte å få håret litt bort frå nakken på når ein har passe kort hår; eg har ofte brukt skaut når eg går tur og liknande dei siste åra. Men nå er ikkje skaut i seg sjøv nok lenger.

Eg trur eg likar best to fletter. Den ein fletta i nakken kjem liksom alltid i vegen for eitt eller anna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

...innom som snarast før eg skal leggje meg - har visst ikkje vore her så mykje i det siste... Har derimot:

- hatt besøk av gode venninner

- besøkt spent og ventande oldefar

- strikka ferdig yo ulltrøyer og begynt på eit sokkepar

- lese litt

- smurt aftersun på armane mine, som vart litt brende i går... (tåler tydelegvis mykje mindre sol no enn til vanleg!)

- spelt krocket

- gått turar

- drøst...

Men ikkje fødd altså!

Skal på kontroll til legen i morgon, tek då samstundes ein tur heimom til oss sjølv for å vatne blomar, lese posten, gi kattemataren meir mat etc. Men viss ingenting skjer, er me tilbake her i morgon kveld.

God natt! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

-Framleis stor mage her, Linn3c og evt. andre nyskjerrige! :ler:

Var på legekontroll i går. Småen har framleis høg hjartelyd (lågaste den har vore er 140...), er aktiv og ivrig, ligg fint til, hovudet står 'bom fast', sa ho, og alt er bra. Men mamma'n har fått seg ein UVI, og fekk difor penicillin.

Var og handla i går òg, litegrann - kattenett til vogna og ei reiseseng (på tilbod til 300 på ein babybutikk - har høyrt at dei er greie som leikegrind òg, og sidan me har katt, tenkte me at det kan vere greit å ha...) og gåve til ei venninne og litt sånn.

Og så, i gårkveld, skjedde det einaste som kanskje er bittelitt spennande mtp. svangerskapet - noko som KAN ha vore litt av slimproppen vart oppdaga... Litt raudleg/brunaktig slim, rett og slett. Og viss det VAR blod, KAN det visst bety at mormunnen er i ferd med å opne seg. Men eg veit ingenting... ;)

Spanande dagar i alle fall - i går var utrekna termin då (før UL), så eg kan ikkje klage over at den vesle er så veldig sein enno...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...