Gå til innhold

Eit stort, lite under - no utanfor magen til Pip!


Pip

Anbefalte innlegg

...er her enno! :) I går kveld var eg til og med på 3 timars musikalsk happening - kjempekjekt! Men litt sliten og litt mykje vatn i føtene i dag då... :sjenert:

Gløymde forresten å seie at legen på tysdag, då ho kjende på magen, spurde 'Kjenner du det strammer seg skikkelig her?'. Joda, eg kjende jo litt - men reknar altså no med at dei strammingane der er kynnarane som eg altså ikkje har visst at eg hadde? I så tilfelle har dei nok vore der. Men var der meir i går kveld - sikkert fordi eg sat i same stilling så lenge (og ikkje verdas mest behagelege...)?

Då kan det altså hende at DET mysteriet er oppklart... :ler:

Men framleis litt rart - eg har liksom fått fortalt at kynnarar er meir hemmande, på ein måte - at du må stoppe opp viss du er ute og går, f.eks? Litt usikker på dette her.

Elles ikkje noko meir action - småen er aktiv der inne, men det er nok trangt der inne no - merkar liksom mindre og mindre 'voldsomme' bevegelsar. Men det er vel heilt vanleg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

Gjest Rognebær

Hei du!

No er eg utruleg spent! Skjer det noko her?

Det er nok kynnerane du har kjent - dei treng ikkje vere hemmande, berre litt plagsame til tider dersom dei verkeleg tek tak...

Men kanskje er underet allereie skjedd og kynnerane heilt, heilt borte? :hjerte:

Tenkjer på deg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Pip! :vinke:

Hvordan er status? Fortsatt gravid eller nybakt mor? ;)

Lykke til med foedselen dersom den lille ikke er kommet til verden ennaa.

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

:vinke:

Gratulera med ein liten son! Svigermor informerte i går, ho hadde lese at de hadde fått ein gut, i ei avis me ikkje les så veldig ofte. :ler: Forstår godt at du har andre ting å halda på med akkurat nå enn å skriva her inne, men når du eventuelt kikkar innom igjen, så kan du i alle fall finna ein gratulasjon frå meg. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg teksta litt med Pip i går, og tek meg fridomen til å sitere litt.. :)

Hei Linn3c! Har ikkje vore spesielt aktive på nett på lenge, men me fekk altså verdens nydeligaste gut ut til oss 7/8 :)

Han ligna ein del på mammen då ho var baby - bl.a. masse mørkt hår. Men klare trekk frå faren og, bl.a over augene. Ein god miks vil me sei. :)

Gratulerar så masse igjen Pip! :kose:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

:vinke::klem:

HEI!

Innom etter ein laaang pause ja - har skjedd ein del i mellomtida, kan ein seie! :D

Har det strålande! Veslegut er ein super unge, sjølvsagt - no er han 9 veker og er allereie blitt STOOOR. Var jo fødd stor (54 cm. og 4 kg), og har hatt godt næringsvet heilt sidan starten, så det er ingenting å seie på veksten! :)

Han har òg sove godt heilt sidan starten - har 4 gode kvileperiodar på dagen (søv ca. 2,5 time kvar gong, bortsett frå den siste om kvelden - då søv han gjerne meir uroleg og kortare), og søv heile natta (altså frå me legg oss, ca. 00:00-00:30 til ca. 07:00), så me kan ikkje klage! Elles pludrar han masse, gliser og ler, held hovudet sjølv når me ber han og er veldig glad i å sjå på ansikt/leiker/fargerike ting!

Fødselen? Ikkje noko ynskje om reprise nei - håpar ein evt. fødsel nr. 2 vert lettare... Men resultatet er jo fantastisk, så tenkjer ikkje på det! :)

Nyt å vere heime med småen no - det tok 6-7 veker før eg var i såpass god form at eg kunne nyte det fullt ut - vart veldig sliten av å vere åleine med han heile dagen, sidan fysikken ikkje var så god...

Og byrjar allereie å snuse på tanken på å ta permisjon utan løn neste år, for å kunne vere heime til småen vert 2. Har alltid synst at 1-åringar er veldig små til å sende frå seg... Men me får sjå kva som skjer!

Skal ha barnedåp på søndag! Er difor heime hos mampap, og her er det breiband --> mulig å få gjort noko på nettet! Heime er det modem, og ting tar l a a a ang tid!

Håpar de har det bra alle - kan ikkje love at eg skal kikke masse innom og sånn, men eg er her i alle fall, og har det fint!

Takk for gratulasjonar! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klem: Så kjekt at han søv heile natta! Det må jo vera ein draum. Eg visste ikkje at det gjekk an, eg, men eg har kanskje bare høyrt historiane frå dei som ikkje har barn som søv heile natta. Kjekt å høyra frå deg igjen. :)
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

  • 1 måned senere...

God :klem: til apple og Rognebær!

Artig å vere innom her att - ser det er ei stund sidan sist ja...

Dåpen gjekk forresten kjempefint! :)

Me har det veldig veldig bra! Småen er no 3,5 mnd., og er framleis veldig grei. No søv han endå lengre på nettene - får stort sett kvelds mellom 19 og 20, og legg seg då mellom 20:30 og 21, sånn ca. Då søv han til rundt 06:00. Kan ikkje klage på det!

Han har òg 3 gode kvileperiodar på dagtid, søv omtrent 2 timar då. Og så et han framleis godt, men legg heldigvis ikkje på seg i same tempo enno som han gjorde som nyfødd... Då hadde han jo blitt ein jumbobaby til slutt! ;) På 3.mnds-kontroll var han 65,5 cm. lang og omtrent nøyaktig 7 kg. tung. Det vil seie at han er veldig lang for alderen, men vekta er faktisk under snittet i forhold til lenga. Litt rart synest me, sidan han har gode 'valkar' både her og der... :ler:

Han lærer jo stadig nye ting, og no for tida er det rulling som gjeld. Han er berre ein bitteliten dytt frå å klare å rulle frå rygg til mage - armen som legg seg i vegen, så han må nok berre finne ut kor han skal gjere av den... :ler:

Han søv no då, og eg har sete her og planlagt ferdig mannen sin adventskalender, så no gjeld det berre å få miksa og ordna ferdig i tide... (eg er heime hos mampap denne veka --> lettare å få gjort sånt når han ikkje 'snusar rundt'...).

Kjem ikkje på kva meir eg skal seie eg...

(Kjem forresten ikkje til å legge ut bilde av jr. her, er forsiktig med sånt...)

Håpar de har det strålande alle - skal ha meg ein liten runde no :)

Ha ein flott fredag, og ei fin helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rognebær

Hei du! Så kjekt å høyre om livet med småtten!

Men er det ikkje på tide å endre tittelen på dagboka...?

Skal seie han er ein liten spreking! Eg kan dessverre ikkje love at det kjem til å rullast over med det første, Bøtteknotten og øvde og øvde og øvde og øvde i to månader før han fekk det skikkeleg til, det med rullinga. Men no sit rullinga som eit skot!

Håper alt er bra med mor ôg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Heisann Rognebær! :klem:

Jo, tittelen burde nok vore endra, men det har eg ikkje tenkt på... skal fikse! :)

Reknar heller ikkje med at han klarar å rulle med det første, men det er kjekt at han strevar og prøver! (Rullar jo greit frå rygg til mage då, men det er liksom litt meir ukontrollert 'tipping'...:ler:)

Han er ein ganske sta liten tass - for ei tid sidan strevde han veldig med dette å ligge på magen og halde hovudet oppe, låg og strevde og strevde, brølte og skreik - og så, brått ein dag fann han ut at han skulle legge armane framover! :) (Og no nektar han å ligge på magen utan at nakken står som ein påle - heilt til han rett og slett ikkje greier meir, og sig saman med ein ul...:ler:)

Alt er bra med mor òg! Litt forkjøla, men ellers veldig bra! Tok som kjent si tid etter fødsel å bli 'i orden'... Tek framleis jern då, har nok litt låg blodprosent, men er elles i fiiiin form! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klem: til Bellatrix! Så kjekt å sjå den same gode, filosofiske avataren! :)

*kikkar seg litt stressa rundt* - kor er du hen, Rognis? Kor er dagboka di? Eg har vore ganske mange gonger inne på 'mine innlegg' no, fordi eg var heilt sikker på at eg hadde teke feil. Men dagboka di er borte, og så gjekk det opp for meg at du skreiv som uregistrert og alt... Har du rett og slett tenkt å bli borte no når eg er tilbake? :sjenert::wink: Håpar du har tenkt å finnast her inne vidare!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...