Gå til innhold

Eit stort, lite under - no utanfor magen til Pip!


Pip

Anbefalte innlegg

Frys du bare NORA-jusen som han er, eller blandar du i noko anna? Du lagar i slike saft-is-former? Eg hugsar at mor og far hadde nokre former som var pin-up-forma, med ein plastikpinne i midten.

Ingen miksing - frys jusen nett som han er. Brukar sånne former ja - eg har nokre som ser überfancy ut, men er ganske OK - dei har ein litt romsleg 'botn', som samlar opp jusen som smeltar, og så er det eit slags lite 'sugerøyr' som står på skrå ut derfrå, så slepp ein å grise... Det vart vel ikkje så lett å forstå, tenkjer eg, men i alle fall... Skal jammen snart heim og ha meg ein slik is, eg! :)

Har det elles fint altså. Har i dag vore litt ør (som i svimmel) av og til, og antydning til kvalm... Har hatt lite tid til å ete, så det kan nok vere difor, men så kom eg på det der låge blodtrykket mitt òg - kan det ha med det å gjere, tru?

Travelt på jobb for tida, har gått omtrent i eitt i dag frå 08:00 til no, så det er godt det ikkje er lenge til ferie - eg hadde ikkje halde ut dette kjøret i så mange veker til trur eg, med denne kroppen... :forvirret:

Travel helg var det òg, men veldig triveleg altså! Litt jobb, ordning og styring og venegrilling med ein heil gjeng på laurdag, og besøk av svogers med barn frå tidleg søndag morgon av, mellom anna. Me koste oss veldig, men eg kjenner at eg håpar neste helg vert litt rolegare - treng å ta meg litt inn innimellom...

Men no kjenner eg at eg vil veeeeldig ut i friluft og heim eg - trur ikkje eg vert sitjande her så lenge i dag... (men må innom Rognbær for å sjekke!!!)

Hej då!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

:vinke:

Bare innom for aa si "hei," egentlig!

Hvor lenge er det til termin?

Ha en fin sommerkveld!

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Pip! :)

Håpar det grå bra med deg og at du ikkje får lide for litt for lågt blodtrykk no på slutten. Det nærmar seg no, gjer det ikkje?

Gler meg til å få treffa Pipbebisen, sjølv om det kanskje blir ei stund til. Det blir vel gjerne ikkje så lett å treffa på dykk i denne byen den næraste tida, for å sei det slik. ;)

Håpar alt går fint med både deg, krabaten i magen og Pipmannen! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rognebær

:kyss:

Håper du tek vare på deg sjølv no, og lyder til kroppen sine signal! :klem: Ikkje verdt å slite seg heilt ut no i sluttfasen - for det er jo ikkje så lenge att for deg heller! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Så kjekt med mange besøk sidan i går! :)

Holly - Kjekt at du kikka innom! Eg er no midt i veke 33, så det er 7 veker til termin ifylgje ultralyd. Men, som jordmor presiserte sist eg snakka med ho - terminen startar eigentleg i veke 38 (det er liksom heilt normalt med fødsel mellom veke 38 og 42), så då er det jo kortare tid igjen...

Linn3c - Det går helst bra, trur eg! Ankar i grunnen meir på bekkenet enn på det med blodtrykket... Men seier til meg sjølv at greier eg ei veke og nokre dagar til (fram til ferien), så går det nok brillefint - i ferien kan eg jo gjere ting i mitt eige tempo og fylgje kroppen sine 'instruksar' på ein heilt annan måte!

Når du får treffe bebisen veit eg ikkje, men eg håpar det ikkje er altfor lenge til! Skal i alle fall 'gi lyd' her inne viss me skal til storbyen! ;)

Pipmannen er ute på reis med jobben i dag, og skal kome innom her og hente meg (eg får ikkje lov til å gå heim på asfalten lengre ser du, pga. bekken-skiten. Godt det er nokon som passar på, ikkje sant? ;) ) når han kjem. Noko eg håpar er nokså snart - eg er så tung i hovudet og møkklei det eg har jobba med den siste timen! Men det er ikkje like lett å leggje det vekk når ein faktisk er på arbeidsplassen...

Rognebær - :klem: Skal prøve å ikkje slite meg ut! Men vert av og til nokså irritert på kor liten kapasitet eg har på ein del område no, samanlikna med 'normalt'... Eg har nok ikkje så lett for å gi meg, ser du... Men eg lyttar til kroppen òg altså...

Der kom Pipmannen - juhu!! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Puh... NO går eg frå jobb, så kjem eg heller tilbake og gjer noko småtteri i morgon. Eg er så sliten og lei no at dei siste tinga truleg ville teke minst dobbelt så lang tid som nødvendig, og det er jo ikkje meining i...

Merkar at småen ikkje har særleg mykje plass lengre - det bular både her og der - til alle tider! Det er i alle fall ein aktiv type...

Hadde gruvondt i bekkenet i går, men det er hakket betre i dag - og no skal det bli godt med helg! :)

GOD HELG! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

  • 2 uker senere...

:vinke:

Ville bare sei ifrå at me reiser til mannebygda nå til helga, og blir verande til onsdag morgon. Eg forstod det vel slik at svigerforeldra dine er vekkreist i denne perioden, så eg reknar ikkje med at de kjem til å vera der, men tenkte eg skulle sei ifrå for sikkerheits skuld. Me skal faktisk ta (turist)båt og tog tilbake til Oslo; reknar ikkje med at det blir ein vane (spesielt sidan båten bare går i turistsesongen), men det må jo prøvast ut som alternativ reiserute. Og eg likar generelt betre å reisa med tog enn med buss.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Eg lever, er berre litt sjeldan her - har vore VANVITTIG mykje jobbing den siste veka, så dataen har ikkje frista noko særleg sånn elles...

Men NO er det FEEERIE!! Lalala - har rydda hyllene mine (dei er heilt strøkne!), skuffer og pult, rydda og vesna på klasserom og i mappene mine på dataen og eg veit ikkje kva, men NUH er altså alt gjort (dvs. det eg ikkje har gløymt at eg skulle...) og nøklane er leverte inn! :hoppe:

Og Linn3c - Eg hadde kanskje vurdert det med jobb og smerter annleis viss eg ikkje hadde visst at ferien kom no... Men eg er nok ikkje mellom dei første som seier stopp, då - det har vel vist seg før...

Apple - Det har me òg gjort ein gong! Altså turistbåt til Finse og tog til Bergen, tok me då. Artig oppleving - voldsomt turistaktig! :) De må kose dykk på turen, og bade og slappe av i bygda! Me kjem nok ikkje nei - spørst om det vert i det heile denne sommaren, når dei legg så teite ferieplanar... :wink:

OI - no må eg springe for livet og sjekke kva som skjer/har skjedd/ikkje har skjedd hos Rognebær!

Hej då!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innom ein liten tur frå mampap sin pc - er på ein liten 'heimeferie' for tida - deilig!

Ser at sist gløymde eg å oppdatere frå forrige kontroll - var hjå legen for halvanna veke sidan, jo! Det var første gong hos ny, kvinneleg lege - ho var i alle fall heilt OK.

Altså: alt ser veldig veldig bra ut! Knotten veks fint (i alle fall livmora), og held seg omtrent midt på den raude linja. Blodtrykket var no oppe (!) i 110/63, så det var fint. Urinen var heilt fin, og hovudet låg framleis nedover.

Skal til jordmor att på tysdag, (for siste gong! Ho går på ferie... :tristbla: ) blir spennande. Litt spennande kvar gong no, liksom - sidan det er såpass like før...

Elles har me det bra. Det er VARMT og lufta er full av pollen --> Pip må halde seg inne ein del, men der er det jo gjerne MINST like varmt... --> går rundt i ein romsleg sommarkjole (som eigentleg skal haldast saman bak med ei klype, men den har eg lagt vekk... :ler:) som med den store magen blir ganske kort...ser kanskje bittelitt rart ut, men det funkar! :) Har dessutan hatt litt vatn i føtene dei siste dagane - på fredag traska eg i veg på besøk til ei venninne og tilbake, med litt mykje klede kanskje --> anklar som ein 90-åring...

I dag har ikkje formen vore heilt på topp. Knotten driv og sparkar/pressar heilt oppe i ribbeina --> ubehageleg. Dessutan har eg rett og slett vore litt kvalm og ekkel, og i tillegg til allergi og sterk hete syntest eg ein periode det rett og slett vart litt mykje. Men det kom seg - eg har ete is, MASSE vatn (det gjer eg forresten alltid - og spring på do som ein jo-jo...har ikkje før kome ut derfrå før eg helst ville ha gått inn att... :ler:), mannen har vifta meg med ei avis, og no vurderer eg å finne fram eit vaskevannsfat med kaldt vatn og setje føtene i - det var i alle fall suksess i går!

Kikka i mamma sin kasse med mine gamle babyklede att ein dag - har plukka ut masse koseleg som me tek med oss, og så er der meir som veldig godt kan brukast viss det vert ei jente då - ein del rosa der... (raudt synest eg funkar som berre det både til gut og jente, men ikkje rosa...).

Babyen får mykje klede som er arva - synest det er kjempestas! Billig, miljøvenleg, og veldig bra for huden hans/hennar, som slepp dei kjemiske stoffa som finst i nye klede...

Fann forresten òg fleire sett sengetøy og laken, og eit helseteppe.

I morgon skal me ha bilen på service i byen --> må opphalde oss i sentrum i 4-5 timar. Håpar det ikkje er dånevarmt i alle fall - då vil eg faktisk heller ha overskya og litt regn (òg pga. allergien...).

Var så stas å lese inne hjå Rognis - gler meg veldig til småen kjem ut no, merkar eg! Men det er stas å ha henne/han der inne òg då - koseleg med bevegelsar, koseleg å syngje godnattsongar og småsnakke og å lure på kven det eigentleg er som bur der inne... :)

Litt lei meg for at eg helst ikkje skal bade i sjøen når eg er komen så langt - DET hadde vore deilig no! Men eg får ta det att neste sommar...

Reiser heim til oss sjølv att i morgon ettermiddag, og der har me ikkje internett (i dag kom eg forresten på at eg har jo eit gammalt modem frå eg budde på hybel - kan vel berre plugge det i? Har òg sånn CD med gratis nett-tilgang frå tele2, nemleg, som eg brukte då. Det funkar vel enno det? Skal i alle fall sjekkast!).

I alle fall - ha ei strålande veke! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rognebær

ÅÅÅ du - no er det ikkje lenge att! :klem: Den varmen kan vere guffen når ein går rundt og vaggar, stor og svær og full av vatn og alskens gruff, men du verda kor stas det er når ein plutseleg ikkje er okkupert meir, og det er eit lite vesen der som krev kjærleik og mat og merksemd! :hjerte:

På trilleturar no ser eg stadig vekk skikkeleg høygravide som er ute og går, og eg tenkjer "Åh, så godt å vere ferdig!" Men det er som du seier - det ER innmari koseleg å ha han inni der og, og gå og lure på kven det er, småprate litt, kose på magen, eller syngje litt...

Kos deg, då, du, og LUKKE TIL! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, det ER verkeleg ikkje lenge att - og teknisk sett kan det vel eigentleg skje noko når som helst6, forsåvidt. I alle fall kan me byrje å vere klare om ei vekes tid eller to!

(Og så skal me kanskje-kanskje i bryllaup langt av garde den 15/7! Har SÅÅÅÅ lyst - ein veldig god kamerat - men det er på nordmøre då...humhum...)

Ja, det er varmt og kave, men jammen er eg glad no for at eg ikkje har lagt på meg meir - eg har meir enn nok å dra på! :ler: (Pip prøver å sjå lyst på livet...)

Har no sete ute ei heil stund - det kom litt vind, og skuggen var behageleg. Dessutan litt mindre pollen no på kvelden. Deilig!

Skal setje meg og strikke litt no. Kjempekoseleg å strikke til småen - er nett ferdig med ein kjempeartig dress med kumønster på hette og armar. Så då må eg 'tvinge' meg sjølv til å strikke nokre litt kjedelegare ting, før eg får starte på noko veldig artig att... :wink: Så har strikka to bleiebukser og nokre sokkepar. Held no på med nokre tubesokkar. Dei skulle vere i 1-3 mnd. står det i oppskrifta, men ser noko store ut, synest eg. Får lage eit par til med færre masker etterpå.

Gler meg til å trille, Rognis - det skal bli så kos! :) Kos dykk masse de òg - håpar de får nyte masse fint vèr på trilleturane i sommar, det er trass alt litt koselegare enn plaskevèr! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så kjekt å høyra frå deg att Pip!

Syns det er temmeleg varmt for tida eg også, men eg prøver å ikkje klaga for masse. Det er heldigvis berre varmen som er litt varm for meg, pollenet plagar meg ikkje. Men kjenner at det tar på å vera ute i sola, må ha mykje drikke og helst skugge i staden for sol. Men det er då berre for denne sommaren. ;)

Koss går det med psoriasisen din no i svangerskapet?

Å, du.. Før eg gløymer det; eg trefte på veninne S frå klassen. (to tenåringsungar, briller, glutenintoleranse) Og eg skulle helsa sååååå masse! Ho vart heilt overraska over nyhenda om knotten i magen din. :)

Elles håpar eg at sola og pollenet er snill med deg, og at tida mot fødselen går sånn passe fort; ikkje for fort slik at du ikkje får kosa deg massse-masse med magen, og heller ikkje for sakte slik at du må vente og vente på fødselen ;)

Hels Pipmannen!

Stor :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei Pip,

Jeg er også en gammel bruker som fordriver litt tid her inne på KG. Husker deg godt fra bryllupsforumet, du var en av de få som skrev nynorsk ;)

Gratulerer så mye med den kommende babyen. Selv om det er kort igjen vil jeg anbefale å instille seg på at det blir augustbarn på dere.

Jeg har termin i dag og ventetiden kan bli litt lang... Skjer det ikke noe snart :sjenert:

Lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Joho - er på internett frå vår eiga leilighet, jo! :) Merkar at eg hadde gløymt kor t r e e e g t det er med modem, men eg er då i alle fall online...

*marte* - Hei! Så kjekt at du stakk innom - me er absolutt innstilte på augustbarn, ja - den første terminen min var då òg 1/8, så det ligg litt i korta... Men me får sjå - sjølv er eg fødd nøyaktig på termin, så det går an... :wink:

Kjekt at nynorsken vert lagd merke til.... :ler: Eg har faktisk høyrt at ein vert anbefalt å skrive t.d. søknadar på nynorsk (til store selskap som Statoil og sånt, som får inn hundrevis av søknadar), fordi dei då skil seg litt ut. Veit ikkje om det har noko for seg, men.

Korleis går det med deg no då - ventar du enno? Eg får prøve å finne ut av det etterpå! :wink:

Elles står alt bra til i Pipe-heimen. I dag (og til dels i går) har me (særleg eg då, rett skal vere rett) pusta lettare, vore gladare og i det heile tatt vore lukkelege pga. lågare temperatur og mindre sol… Dagane før det var rett og slett altfor varme – eg trudde eg skulle forgå… Overdrive det då, kanskje, men eg fekk i alle fall ikkje gjort noko som helst, og det likar eg ikkje! I går derimot, bakte eg ein ladning baguettar og ein med eplemuffins, rydda i klesskåpet mitt, rydda i kommoden vår, og vaska omtrent alt som var av skitne klede, inkl. handvask. God nøgd! 

Småen har det bra, trur eg. Veldig aktiv type, så me tvilar ikkje på at han/ho er der! Var på kontroll hos jordmor på tysdag, der var det berre skryt – alt ser veldig fint ut. Hovudet hadde kanskje festa seg, ho var ikkje heilt sikker, men syntest ikkje ho kunne bevege det noko, så det kan altså vere.

Så er det dette berømte bryllaupet litt langt vekke neste helg – er i grunnen innstilt på å reise viss alt er som no, men enkelte (t.d. mamma, sjølvsagt) er litt skeptiske… Men mannen har allereie printa ut tlf.nr. til fødeavd. På alle sjukehusa me reiser forbi, og planlagt alt me må ha med oss for å vere sikre, så eg trur det skal gå fint. Må i alle fall til byen for å finne bryllaupskjole då – er ikkje særleg mange butikkar med slike ting her… (Kan jo berre klippe hol i toppen av eit telt, kanskje…?)

Jammen må eg springe på do – det var ei overrasking… :ler:

Ha ein fin dag og ei fortsatt fin helg! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tilbake som snarast - eg oppdaga at eg hadde jo ikkje skrive noko om alt dette! :)

Koss går det med psoriasisen din no i svangerskapet?

Å, du.. Før eg gløymer det; eg trefte på veninne S frå klassen. (to tenåringsungar, briller, glutenintoleranse) Og eg skulle helsa sååååå masse! Ho vart heilt overraska over nyhenda om knotten i magen din. :)

Elles håpar eg at sola og pollenet er snill med deg, og at tida mot fødselen går sånn passe fort; ikkje for fort slik at du ikkje får kosa deg massse-masse med magen, og heller ikkje for sakte slik at du må vente og vente på fødselen ;)

Hels Pipmannen!

Stor :klem:

Psorien har vore på det næraste fråverande – heilt fantastisk – så eg trur faktisk svangerskapet må ha hatt positiv effekt på den! :)

Og så artig med S – det var forresten ei slåande god skildring av henne, eg måtte le litt her eg sat…:ler: Har ho jobb og har det bra, eller? Artig artig!

Oioi, nok ei hikkebyge for junior her – han/ho hikkar MASSE altså – mange gonger fleire byger til dagen. Men dei seier det berre er eit sunnheitsteikn, så eg får vel tru det… Men synest ikkje det er så behageleg med den ’sprettinga’, så for MIN del kunne det gjerne vore sjeldnare… :sjenert:

Har forresten begynt på nytt og kjekt strikk – fått herleg garn som eg bestilte frå nøstebarn (merinoull), og har begynt på bukse i kjempefin lys olivengrøn farge – fiiiin! :D

Men no må eg altså orientere meg litt hos dykk andre – hej då!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

hei Pip! :vinke:

Artig at dere skal bruke ordentlig "gamle" klaer, det skal vi ogsaa, for jeg brukte mine gamle babyklaer samt broedrenes til babydukken min, og alt sammen ligger paa loftet til mamma og pappa! :)

Har dere tenkt paa navn ennaa, forresten? Her hos oss har det stagnert litt, vi klarer ikke aa utvide listen med 3-4 navn per kjoenn. Guttenavn er vanskeligst, synes jeg!

Ha en fin helg!

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke: Tilbake frå mannebygda, og eg er heilt overraska, men eg hadde det bra der heile tida. :overrasket: Kjekt med feiring av svigerfar, og greie dagar etterpå. Dessverre hadde eg ikkje med meg turklede, så eg fekk ikkje utnytta det fine veret på optimal måte. Likevel vart det i alle fall ein tur langs naturstien. Og turen tilbake, med båt og tog, var jo heilt fantastisk! Mykje finare å reisa den vegen enn den vegen bussen kjører, og dessutan så følest reisa kortare når ho vert delt opp i fleire etappar slik på den måten.

Kjekt å strikka til småen, ja? Eg har akkurat laga eit par sokkar til den nyfødde sonen til ein kamerat; eg synest det er så kjekt at det går så fort å strikka til babyar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...