Gå til innhold

Eit stort, lite under - no utanfor magen til Pip!


Pip

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

  • 2 uker senere...

GODT NYTTÅR!

:hoppe: :hoppe: :hoppe: :hoppe: :hoppe: :hoppe: :hoppe: :hoppe:

Håper det nye året bringer mykje positivt med seg for deg! :blomst:

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

:vinke:

Hei!

Har ikkje vore innom her på ein del månader, men kjekt å sjå at denne dagboka til ei viss grad vert halden kunstig i live... :)

Me har det berre bra! Småen veks og trivst, og er ein liten blid godklump! No for tida har pappaen permisjon og eg tek ut ferie, så me koooosar oss! :)

Kjem ikkje til å skrive så uendeleg mykje her, men for dykk som kan vegen til heimesida vår, så har det endeleg skjedd litt der inne, og det går an å fylgje litt med på kvardagane våre med veslemann...

Håpar de har det riktig fint! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Annonse

Berre innom og klemmer litt på! :klem:

:klem: på Lavalampe

Eg er mest aldri her inne lengre eg altså - gidd ikkje... :sjenert: Men eg kom på at jammen hadde eg då deg på msn før - skal snike meg inn i dagboka du og spørje fint om du vil legge meg til eg. Nei forresten, tenkjer det vert PM ;) Og linn3c òg! :)

Til dei som måtte kikke innom her eller: Veslemann er no passert 6 mnd., han har òg passert 70 cm (det gjorde han då han var 5 mnd då...), så han veks godt. Han har så smått byrja få anna mat enn pupp, og likar godt graut. Han har fått det til lunsj (etter pupp) i ei vekes tid og litt over det, no har me gitt han litt til kvelds og. Ikkje at han treng det sånn for søvnen sin del - han har i lengre tid sove frå halv 7-sju om kvelden til halv 8-åtte om morgonen, så den mjølka mi må det jammen vere futt i! :ler:

Han er elles veldig veldig grei - roleg og fredeleg. Ikkje det, han er veldig aktiv, men han er ikkje utålmodig eller masete, men kan i lange periodar leike fint på eiga hand. Då ligg han på golvet og utforskar. Eller han prøver å krype mot ei leike eller noko, medan det som skjer er at han kjem lengre og lengre vekk frå målet... :ler: Men gi opp? Kva er det? ;)

Jepp. Ein fabelaktig fyr, sjølvsagt, og eg kosar meg glugg ihjel med å vere saman med han :) (Skal ikkje lyge og seie at eg aldri er lei eller frustrert eller oppgitt eller trøtt eller noko altså, for DET ville vore løgn. Men i det vesentlege så kosar eg meg. :) )

Kos dykk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...