Gå til innhold

Eit stort, lite under - no utanfor magen til Pip!


Pip

Anbefalte innlegg

Hei!

Var nokså aktiv her inne for lenge sidan, men har no hatt real KG-pause i...jaaa...kor lenge er det? Gav meg vel i sommar, tenkjer eg.

Uansett - kikkar no innom att, og er glad for å fortelje at eg her eg sit faktisk gøymer junior i magen! :) Ho/han kjem ut til oss i månadskiftet juli/august, så det er stund sidan graviditeten var hemmeleg då...

Har det for tida veldig veldig bra - trivst i jobb, har det strålande med mannen og kan ikkje klage på noko, trur eg. (Me skulle gjerne hatt ein større stad å bu, og er litt på utkikk, men kan ikkje seie at det er eit altoverskuggande problem akkurat...)

Når det gjeld svangerskapet, som dette jo skal handle om, var det absolutt ynskt. Slutta med prevensjon (ikkje-hormonell) i september tenkjer eg det var, for å 'ta det som det kom' - og det gjekk, som matematikarane mellom dykk sikkert har skjøna, ganske så fort... ;)

No må eg kikke litt rundt her etter 'gamle kjende', trur eg! :klem:

Endret av Pip
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Saa artig at du er tilbake! Har savnet deg!

Og gratulerer masse med graviditeten!!

:klem:

Holly Hobbie (Popelka)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rognebær

PIP PIP PIP PIP PIP PIP PIP PIP PIP!!!!!!!!!!!!

Og for nokre fantastiske nyhende! :hoppe: :hoppe:

Eg har sakna deg! :klem:

SÅ BRA Å SJÅ DEG! :hoppe: :hoppe:

Endret av Rognebær
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Åh - litt kjekt å vere tilbake merkar eg - så søøøte de framleis er her inne! :klem:

Blir litt stressa av at alle har fått nye namn eg då - de gjer det ikkje lett for ein stakkars 'veteran'! :sjenert:

Murmelmy - Takktakk! :)

Holly Hobbie - Kjekt å sjå deg att! (Sjølv om eg måtte leite litt for å finne dagboka di... :ler:)

miip - Takk!

Veslo - :klem: Så kjekt. Og jammen bra at eg kom tilbake tidsnok til å fylgje bryllaupsinnspurten! ;)

Rognebær - :klem::hoppe: Hadde ikkje forventa at du skulle vere her - og så endå meir struttande enn meg! Fantastisk! :hoppe: :grine2:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Pip er tilbake! :klappe:

Og gratulera med junior på veg. Mannen meinte at det ikkje var spesielt overraskande. :ler: Men altså, eg er ikkje så god på graviditet og slikt, så du får forklara ting som om eg var barneskuleelev... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men altså, eg er ikkje så god på graviditet og slikt, så du får forklara ting som om eg var barneskuleelev... ;)

:ler: Akkurat DET burde eg jo få til! Men eg er ingen ekspert eg heller altså. Men eg veit vel det eg treng å vite, trur eg - du får spørje om det er noko du lurer på, veit du! (Og du treng ikkje spørje berre for å vere høfleg - eg veit det ikkje er interessefelt nr. 1! ;) )

- Synest mannen din at me verka voldsomt fruktbare, eller? Sidan han er så vanskeleg å overraske, meinar eg... :ler: Du må helse!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! :hoppe:

No klarte du å gjera ei jente i Bergen veldig, velidg glad! ;)

Eg har sakna deg masse. No var det godt å sjå deg att her inne!

Eg trengjer meg inn i rekkjene av gratulantar mtp underet i magen. :kose:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Linn3c - :klem: Kjekt å sjå deg og! Korleis går det? Har jo kikka innom dagboka di, men kan ikkje sitje og lese dei ufatteleg mange sidene som er skrivne der sidan sist... ;)

Kverula - Hei! Jammen bra at du òg er her enno - hugsar med glede nokre livlege diskusjonar, og mange koselege helsingar! :klem: Og så ser eg at knøtta våre er omtrent jamngamle - eg er i veke 23 no, så det er i alle fall ikkje mykje om å gjere. Så kjekt!

Sit på jobb enno ja. Er no så godt som ferdig med det eg skulle gjere i dag. HV-mannen ("staaakars stoore sterke kaaarer..."!) er framleis ikkje komen, og har heller ikkje ringt, så reknar med han er på veg. Har nokre smådetaljar som gjenstår, men tenkte å vente til han kjem så eg kan spørje han til råds...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Linn3c - :klem: Kjekt å sjå deg og! Korleis går det? Har jo kikka innom dagboka di, men kan ikkje sitje og lese dei ufatteleg mange sidene som er skrivne der sidan sist...  ;)

Det går fint her. Jobbar på ei av øyane utanfor byen no, på ungdomssteget. Som du kanskje såg i boka mi vurderar me å flytta litt på oss, men det blir ikkje lange biten. I den retninga de budde før, reknar eg med. Elles er det lite som har endra seg her hos meg.

Gler meg til å følgja med på kvardagen din att, Pip :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Velkommen tilbake Pip! Og gratulerer!

Synes å huske deg fra bryllupsforumet i 2004, kan det stemme?

(da hadde jeg M som nick, men skiftet fordi det var en som het *M* samtidig)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God onsdag!

Har hatt DEN stressdagen på jobb - kjennest ut som eg kunne ha sove i eit døger i strekk no... Men det har vore kjekt òg altså. Men litt for slitsamt - og litt for einsamt (hatt litt for mykje ansvar åleine).

Men vèret er jo så herleg! :)

Har nett vore og sett på ei leil. som er til leige. Me vile gjerne flytte - bur kommunalt med to rom og kjøken - heilt greit eigentleg, heilt til naboen vegg i vegg gjekk rett inn ein kveld eg hadde sovna på sofaen, litt alkoholpåverka, og trua med at han skulle ha meg og ta meg... Etter det er det ikkje så kjekt å bu der, og eg kan i alle fall ikkje tenkje meg å gå heime i permisjon eit heilt år og ha det slik. Og så er det jo fint med eit ekstra soverom til småen kjem òg då!

Den nye leil. var imidlertid ikkje flytta ut or, og den som har budd der har rota litt. Litt røyk lukta det òg synest eg, men ikkje sånn heilt ille, så det går vel an å lufte ut. Og så var det nokre av møblane som stod der som fylgde med, medan ein del ikkje gjorde det --> vanskeleg å få oversikt. Badet var ikkje sånn veldig bra - eit knøttlite toalett med vask, og badekar kombinert med vaskerom... Men kunne me fått sett inn eit dusjkabinett der i staden for badekar, hadde det kome seg veldig - og det kostar jo ikkje nødvendigvis all verda.

Og så var det litt mørkt der - kjøkenet hadde berre eit bittelite vindauge høgt på veggen, 'TV-stova' hadde lite vindauge, den store stova var imidlertid overraskande lys, med godt med vindauge og sola skein rett inn (i dag i alle fall). Det store soverommet hadde ei dobbeltseng som fylgde med, men den vil me helst ikkje ha. Nokre andre møblar (og teppe!) vil me òg kvitte oss med - eigaren sa sånn generelt at det måtte me få til...

Dei fleste romma var malte mørke - mørk raud og mørk blå og sånn.. Men det måtte vel gå an å få gjort noko med...?

Altså:

Positivt:

- Kjem oss vekk frå naboen (berre ein km. eller så, men det er kanskje nok det)

- Større plass

- Vedovn + ved

- Straum inkl. i prisen

- Nærare butikk/bedehus (kjempegrei avstand å gå med vogn, t.d.)

- Mindre 'offentleg innsyn' enn der me bur no

- Betre utsikt (ikkje så mykje, men fint det som er...)

Negativt:

- Mørkt

- Dei har puddel på altanen, som er rett over vår utgang/uteplass. Me har katt...?

- Ganske mykje mindre/dårlegare bad enn me har no.

- Mørke fargar på veggene

- Div. møblar/gardiner etc. må ryddast vekk i samråd med eigar

- Steintrapp ned til inngongsdøra --> stress med vogn...?

- Eigarane har trapp ned dit frå si leil. - litt lite privat? (Dei brukar vel sjølvsagt ikkje denne trappa då, men likevel...)

Treng hjelp her altså - innspel? (Prisen visste han ikkje, men den skulle me nok bli samde om sa han. Og det var altså inkl. straum, så det vil eg tru me kan vinna litt på...)

Linn3c - :klem: Grattis med jobb på ei øy - trivst du? Kjempekjekt å 'vere saman med deg' att! :)

Grooo - Takk! :vinke:

Murf - Takk! Eg gifta meg i juni 03, så viss eg var innom i 04 var det nok berre med litt erfaringar... ;)

Soul - Takktakk! :klem: Kjekt å sjå deg att!

No skal eg eigentleg jobbe, før eg går i butikken og så tek kvelden. Men tenkjer liksom berre på denne leiligheita no... Ærsj.

Arb.gjevaren min som har vore så snill og vore på bustad-jakt for oss - han veit om det som skjedde med naboen, og tok det veldig alvorleg... HJEEEEELP! :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...