apple Skrevet 3. mai 2006 Forfatter #81 Skrevet 3. mai 2006 Då er kapittel 2 ferdig. Bør helst koma i gang med neste kapittel òg i kveld, men me får sjå. Det blir eit laaangt kapittel, men eg bør få det ferdig ganske kjapt likevel. Håpar det går bra.
abelille Skrevet 3. mai 2006 #82 Skrevet 3. mai 2006 *skikkelig misunnelig på noen som er i Roma* Men får du gjort noe på oppgaven din når du er der nede da? Vil tro det er andre ting som frister mer?
apple Skrevet 3. mai 2006 Forfatter #83 Skrevet 3. mai 2006 Eg er faktisk ikkje i Roma, men i ein liten naboby som ligg ute ved kysten. Her er det ikkje så mykje anna som freistar enn å gå seg ein tur i det fine veret, gjerne langs sjøen. Eg veit at eg er her for å skriva, og det går faktisk ganske greitt, i alle fall så langt. Me skal sjølvsagt inn til Roma nokre gonger òg, men langt ifrå kvar dag. Det er faktisk lettare å få gjort noko her enn heime, for her har eg ikkje fjernsyn, og det har ikkje mannen heller, så eg blir ikkje distrahert av at han ser på noko "interessant" heller.
apple Skrevet 5. mai 2006 Forfatter #84 Skrevet 5. mai 2006 I går var me ein tur til Roma, og såg Spansketrappa, Trevifontenen og utsida av Colosseum. Dessutan åt me pizza og is, og så var me innom Lush, og det var ekstra godt å ta ein dusj då me kom tilbake. Dessutan har leppene mine endeleg fått Lip Service igjen, og det er noko dei har sakna dei siste tre månadene. I dag har me gått ein lang tur langs sjøen. Eg hadde kjempelyst å bada, men eg hadde ikkje med badedrakt, så eg måtte nøya meg med litt vassing. Men nå har eg i alle fall funne eit godt bade-område, med fine bølger. Så då blir det nok bading der ein av dei neste dagane. Elles så har eg (heldigvis) oppdaga at ein del av det eg skreiv før eg fekk panikk og ville utsetja innleveringa framleis er brukande, nå som eg har eit betre grep om strukturen på dokumentet mitt. Så det sparer meg for ein del skriving. I dag har eg brukt ein del til på å laga ein figur, men nå er eg i alle fall nøgd med resultatet, og det skal gå fort å laga mange nesten heilt like figurar når eg treng det, som blir ganske snart.
apple Skrevet 7. mai 2006 Forfatter #85 Skrevet 7. mai 2006 Eg har fått gjort ein del fagleg dei siste dagane. I går var me, saman med onkelen min og sambuaren hans, i nabobyen og såg på nokre arkeologiske utgravingar frå etruskarane, stort sett store gravkammer inni runde haugar/steinar. Ganske festleg, og ganske rart. Elles så har me vore ein tur til ved sjøen, denne gongen i andre retningen, og konklusjonen min var at det skal badast den staden der me gjekk først. Der var det større bølger, og det er viktig!
apple Skrevet 8. mai 2006 Forfatter #86 Skrevet 8. mai 2006 Det går framover, men det kunne godt ha gått fortare...
apple Skrevet 9. mai 2006 Forfatter #87 Skrevet 9. mai 2006 Kapittel 3 er så godt som ferdig! Det einaste som gjenstår er eit slags samadrag som eg eventuelt skal ha på slutten, men eg har ikkje bestemt meg heilt endå. Uansett så vil det ikkje vera mykje arbeid å skriva. Og heller ingen figurar. Det siste delkapitlet i kapittel 3 har 10 figurar, og det tok tilnærma uendeleg lang tid å laga dei.
apple Skrevet 10. mai 2006 Forfatter #89 Skrevet 10. mai 2006 I dag gjekk me rett forbi Berlusconi i ei smal gate rett ved senatet. Han hadde ein skokk med morske menn i dress, og med lyd på øyret, rundt seg. Elles så har me ete fantastisk god lasagne hos mor til sambuaren til onkelen min. Ho er nitti år, men langt frå skrøpeleg! Ho meinte at det var for galt at me som var så unge ikkje budde heime hjå foreldra våre.
apple Skrevet 12. mai 2006 Forfatter #90 Skrevet 12. mai 2006 I går kveld gjekk eg ein tur langs stranda, fekk opp pulsen og vart litt varm. Eg gjekk til ein plass eg hadde sett meg ut tidlegare, som eg meinte ville vera ein perfekt badeplass. Men då eg sprang uti vatnet så kom eg ikkje langt før det viste seg at det var mellomstore steinar på botnen. Det var jo ikkje det eg hadde venta ettersom det var sandstrand der! Eg avslutta heile badeprosjektet ganske tidleg, ettersom det var vanskeleg å halda balansen på desse steinane medan bølgene slo inn og trakk seg ut igjen. Og dessutan så er jo heile poenget med å bada i sjøen å gå litt ut, for så å leika i bølgene. Og det var jo klin umogleg med den ujamne botnen. Eg får gå ein annan plass neste gong, men er redd for at det generelt er for lite bølger for meg her. :kresen:
apple Skrevet 12. mai 2006 Forfatter #91 Skrevet 12. mai 2006 Elles så går det stort sett i fag for tida. Håpar å få tid til å reisa inn til Roma på måndag eller tysdag, for mannen reiser heim på onsdag. Men først må eg forsikra meg om at eg har fått brukt alt eg treng av programmeringsekspertisen hans. Kjekt med eigen forskningsassistent.
apple Skrevet 13. mai 2006 Forfatter #93 Skrevet 13. mai 2006 til deg òg abelille. Håpar du har ei fin helg. Har slite med ein stygg bug i programma mine i heile dag, og det var ikkje lett å sei om det var vår kode (mannen hjelper så mykje her, at det nok er rektigare å kalla det hans kode enn min, så eg gjer eit kompromiss, og seier vår kode...) eller vegleiar sin kode som var problemet. Nå har me endeleg funne utav det, og det viste seg å vera ein slags kombinasjon. Så nå er det veldig snart tid for å kjøra eksperiment. Det er jammen på tide, for om 12 dagar skal førsteutkastet av heile rapporten vera ferdig, inkludert resultat og diskusjon av resultat (og sjølvsagt konklusjon). Eg held på å strukturera det eg skal skriva om oppsett av eksperimenta nå. I dag reiste onkel + sambuar til Noreg for å gå i konfirmasjon til søskenbarnet mitt; ein konfirmasjon eg har meldt avbod til fordi eg er i Italia . Men tanta mi er klar over heile situasjonen, så det er ingen sure miner av den grunn. Faktisk så hadde det vorte veldig trongt dersom ingen hadde meldt avbod, så det passa jo eigentleg bra. Vertane mine blir borte ei veke, så dei får med seg 17. mai og greier. Det trur eg ikkje sambuaren til onkelen min har opplevd før. Synd at det er meldt stygt ver, det blir jo ikkje heilt det same då. Eg sit igjen og er litt forvirra etter å ha fått intstruksjonar på italiensk om korleis eg skal vatna blomar. Eller, eg forstod ein del, for ho får sagt ein del på engelsk når ho bare konsentrerer seg og prøver, men det kjem ein del italienske setningar innimellom. Og onkelen min har bestemt seg for at ho aldri kjem til å læra seg engelsk betre dersom han skal oversetja for henne heile tida, så han nekta. Han kan vera ganske sta til tider... Men det går sikkert bra.
Gjest Gjesta Skrevet 13. mai 2006 #94 Skrevet 13. mai 2006 Forresten vil jeg bare si at hvis du vurderer å ta doktorgrad, ville jeg garantert gjort det om igjen, til tross for alt stress og masse frustrasjoner underveis. Samtidig får du jobbe med det du vil, du har stor frihet mtp. tidsplaner, du får reise på konferanser og presentere (eller ikke) arbeidet ditt og få tilbakemeldinger..... Det eneste dumme er at det er litt få tilgjengelie jobber etterpå, men det gjelder sannsynligvis ikke ditt fagfelt.
apple Skrevet 13. mai 2006 Forfatter #95 Skrevet 13. mai 2006 Gløymte å sei at me fekk nydeleg mat av sambuar til onkel i dag. Det var pasta fylt med ricotta og spinat, med veldig god tomatsaus. Og så fekk me jordbær marinert i sitron og sukker til dessert. I går fann me dessutan ut at jordbær med litt sukker er veldig godt i lag med kraftig brownie og yoghurtis.
Gjest Gjesta Skrevet 13. mai 2006 #96 Skrevet 13. mai 2006 Jordbær er også veldig godt med bittelitt balsamico-eddik og pepper, sammen med vaniljekesam.
apple Skrevet 13. mai 2006 Forfatter #97 Skrevet 13. mai 2006 Jordbær er også veldig godt med bittelitt balsamico-eddik og pepper, sammen med vaniljekesam. ← Det har eg lyst å prøva, men veit liksom ikkje heilt om eg torer, for det høyrest litt feil ut. Det vanskelegaste blir nok likevel å få tak i kesam her; trur ikkje dei har det, og anar i alle fall ikkje kva det heiter på italiensk. Dersom nokon veit så tek eg imot råd med stor takk. *saknar kesam* Men eg rekner med å koma heim til jordbærsesong i Noreg, så eg kan jo prøva det då.
Gjest Gjesta Skrevet 13. mai 2006 #98 Skrevet 13. mai 2006 Ah, du er jo i Italia. På tysk heter i hvertfall kesam Quark, men det hjelper sannsynligvis lite. Men litt mascarpone iblandet vanilje er heller ikke så ille. Og et glass musserende vin til.
apple Skrevet 14. mai 2006 Forfatter #99 Skrevet 14. mai 2006 Fagleg går det sakte men sikkert framover, men eg er framleis bekymra for at sakte er noko eg ikkje har tid til. Har kome fram til at eg må endra litt på programma/algoritmane før eg kan kjøra seriøse eksperiment. Håpar bare eg ikkje må endra for mykje i kapittel 3, som eigentleg var ferdig, der eg forklarer metoden min. Quark var jo eit veldig kult namn på kesam, då, får assosiasjonar til delar av fysikk/kjemi som me aldri heilt kom til på vgs, men som me likevel likte å snakka om som om me visste litt om det... Det er dessutan ein minisjanse for at det kan hjelpa å vita det tyske namnet, for dei snakkar jo ein slags tysk i Syd-Tyrol, som jo ligg i Italia, og det er ein del av Italia der det verkar som om dei produserer ein del meieriprodukt. Og då er det i alle fall mogleg at det kan stå noko tysk på pakken, kanskje ikkje med store bokstavar, men eg kan jo vurdera å leita i alle fall.
abelille Skrevet 14. mai 2006 #100 Skrevet 14. mai 2006 Jordbær er godt helt generelt. Om du ikke får fatt i kesam, kan jeg anbefale vaniljeyoghurt. Ellers er jo vaniljeis en klassiker. For ikke snakke om jordbær og sjokoladefondue! Lucky me, jeg har jordbær i kjøleskapet. Det var jammen bra, for alt dette snakket om jordbær gav meg vanvittig lyst på det! Lykke til med koden!
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå