Gå til innhold

Ciphertext


apple

Anbefalte innlegg

Det tok tid å koma i gang med skrivinga i går. Eg brukte uendeleg lang tid på å organisera referansane mine i filer basert på kategori, og eg delte opp dokumentet på ein litt annan måte enn eg hadde gjort frå før. Så såg eg fjernsyn store delar av ettermiddagen. :sjenert: Men til slutt så kom eg i gang med skrivinga. Då hadde det sjølvsagt vorte såpass seint at eg bare fekk produsert omlag ei og ei halv side, men det var i alle fall betre enn ingenting.

I dag har me bestilt baderomsmøblar, og eg har vore på XXL og funne ut at eg må venta til fredag før dei får inn den treningsbuksa eg vil ha i den fargen og den storleiken eg likte best. Skriving skal eg starta med nå. Eg har i alle fall litt meir lyst enn i går, så kanskje det kan gå seg til... :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Eg fekk skrive litt i går, men det burde ha vorte så mykje meir... Har heller ikkje trent på ei stund, men føler liksom ikkje at eg kan ta meg tid før eg har skrive så og så mykje, og så skjer det jo aldri. :sur: I dag skal eg på årsmøte i korpset, så eg tviler på at det blir trening i dag. Men i morgon har eg ingenting på plakaten (utanom skriving :roll: ), så då kan eg heller ta meg tid til det. Eg får heller prøva å sykla litt på den eldgamle ergometersykkelen som står her dersom det blir for gale. Kanskje medan eg ser fjernsyn, dersom eg føler for ein pause seianre i dag? :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart dårleg med trening i går, ja. Men i dag er planen å koma meg på XXL, for så å gå så direkte som mogleg vidare til treningssenteret for å trena styrke. Deretter går eg heim, som gjev meg ca. ein halv time med kondisjonstrening.

I kveld skal me sjå The Producers! :) Me har ei ganske lang liste med filmar me vil sjå (på kino), så det er bare å henga i...

Eg har faktisk fått skrive (og tenkt) litt i dag. Det skal fortsejta ei stund til før det blir trening. (Håpar eg; det går i alle fall betre no.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har skrive litt meir, og bestemt meg for å ikkje trena styrke likevel. Eg vil heller bare gå tur, for det er så fint ver! :briller: Dessutan så ringde eg XXL, og dei har ikkje pakka ut dei nye varene endå, så det er ikkje noko bukse å henta der i dag uansett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det, Elphaba. :)

I dag har eg trent styrke. :klappe: Og utålmodige meg stakk innom ein annan XXL-butikk i byen enn den eg har vore på tidlegare i veka, for å kjøpa ny treningsbukse før trening. :sjarmor:(Det er eigentleg det eg mislikar med Oslo; at det finst bare nokre få XXL-butikkar i heile landet, men to av dei er i Oslo, og ikkje langt ifrå kvarandre heller! Eg er eigentleg ikkje noko glad i slike store varehus, men eg vil likevel ha litt utval, og denne buksa har eg ikkje sett i andre butikkar. Vanskeleg å unngå dobbeltmoralen her...)

I går tok eg mot til meg og sendte mail til ein ganske merritert (heiter det det innan forsking?) forskar/professor i Canada og spurte om han kunne senda meg ein artikkel han skreiv for mange år sidan. Eg syntest dette var litt skummelt, for han anar jo ikkje kven eg er, og eg driv eigentleg med noko heilt anna enn han; det er bare tilfeldigvis sånn at den algoritmen han laga for å bruka på sine problem skal eg nå bruka som ein del av løysinga på eit veldig annleis problem. Men, som sagt, eg var flink og skreiv mail til han og spurte etter artikkelen. I dag fekk eg svar, på NORSK! :overrasket: Fyren er frå India, og bur i Canada, så det er jo bare heilt naturleg at han kan norsk... Men det var jo litt koseleg, då. Og han skulle sjølvsagt senda meg artikkelen.

Nå blir det forhåpentlegvis snart taco her. Meg svolten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Og i dag har eg gjort: Heller lite :fy_fy: Slikt har ein jo ikkje tid til. Må slutta å vera slapp. Må skriva ekstremt mykje i morgon. God plan, i alle fall dersom han er gjennomførbar. Nå blir det litt vafler. :sjarmor: (God plan! :tommel:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest camillo

apple, hva jobber du med? Hvis du vil si det her? Mulig du har skrevet det før, men jeg har ihvertfall ikke fått det med meg... :nysgjerrig:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Held på med masteroppgåve innan eit slags krysningspunkt mellom matte og data. Akkurat nå er det litt meir data og litt mindre matte enn eg eigentleg trur at eg vil ha, men det er framleis interessant. Har ikkje så lyst å sei nøyaktig kva område innan data det er, men det er IKKJE drifting, og eg er ikkje ein kløppar på programmering, sjølv om eg kan litt dersom eg må. Generelt så blir eg forvirra (og mistar litt motivasjon :overrasket:) når ting blir for praktiske.

Endret av apple
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Okay. Godt det er noen som kan både matte og data, i motsetning til visse andre.  :Hehe:

Ja, det er jo forsåvidt kjekt å kunna sånn utanom studie og jobb og. Men noko av det som er mest irriterande med å ha data som fagfelt er alt det folk innbillar seg at ein kan. Eg veit korleis ein datamaskin er bygd opp, og ein del om korleis han fungerer reint teknisk; eg kan truas til å skriva eit par små program som kan kjøra på maksina og utføra små oppgåver. Men eg er IKKJE ekspert på å fiksa folk sine datamaskinar, bli kvitt virus eller få til spesielle detaljar i Word. Eg veit IKKJE kor ein finn innstillingar for alt mogleg i alle moglege program. Eg har heller IKKJE lært på skulen korleis ein skal setja opp og drifta eit nettverk. Drifting er eit eige fagområde, og det med innstillingar og slikt har rett og slett med å vera ekspert på å bruka spesifikke program å gjera. Akademikarar innan data veit liksom korleis dei skal skriva sine eigne program, men er vanlegvis ikkje så flinke å bruka andre sine.

Når det er sagt, så er eg faktisk ein ganske flink brukar av dei programma eg brukar mest. Problemet for alle som trur eg er ein dataguru som kan hjelpa dei med deira windows-problem er bare det at sist eg brukte windows på eigen maskin var i år 2000; etter det har eg bare brukt Linux i ulike variantar. Det betyr og at eg har lite peiling på korleis ein handterer virus, for det er rett og slett ikkje eit problem for Linux-brukarar endå, i alle fall ikkje private brukarar. Men eg trivst eigentleg ganske godt med å fortelja folk at eg ikkje kan hjelpa dei, eg, for det blir mindre dritarbeid på meg. :sjarmor: Mannen min er forresten dataingeniør, og han har ei T-skjorte der det står "No, I will not fix your computer".

Det var dagens lille rant (bra norsk ord for rant?). Blir ikkje sint på folk som trur eg kan alt mogleg, altså, det var bare litt godt å få det ut at det er skilnad på datakunnskap og datakunnskap. Det er stort sett lettare å hjelpa folk som har matteproblem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei apple, naa tror at forstaar hvorfor du har nicket ditt...kommer det av datamaskinmerket Apple?

Skjoenner godt du blir litt frustrert over aa bli belemret med andres dataproblemer, men du faar ta det som et kompliment! ;)

Haaper oppgaveskrivning og treningen gaar bra fremover!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest camillo
Ja, det er jo forsåvidt kjekt å kunna sånn utanom studie og jobb og. Men noko av det som er mest irriterande med å ha data som fagfelt er alt det folk innbillar seg at ein kan. Eg veit korleis ein datamaskin er bygd opp, og ein del om korleis han fungerer reint teknisk; eg kan truas til å skriva eit par små program som kan kjøra på maksina og utføra små oppgåver. Men eg er IKKJE ekspert på å fiksa folk sine datamaskinar, bli kvitt virus eller få til spesielle detaljar i Word. Eg veit IKKJE kor ein finn innstillingar for alt mogleg i alle moglege program. Eg har heller IKKJE lært på skulen korleis ein skal setja opp og drifta eit nettverk. Drifting er eit eige fagområde, og det med innstillingar og slikt har rett og slett med å vera ekspert på å bruka spesifikke program å gjera. Akademikarar innan data veit liksom korleis dei skal skriva sine eigne program, men er vanlegvis ikkje så flinke å bruka andre sine.

Tror dette er et vanlig 'problem' for de fleste fagområder. Folk tror du kan besvare absolutt alle spørsmål, og ikke minst at det finnes en fasit. For så å bli skuffa når du svarer at det vet du faktisk ikke så mye om, eller ikke vil uttale deg bastant. :forvirret:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Tror dette er et vanlig 'problem' for de fleste fagområder. Folk tror du kan besvare absolutt alle spørsmål, og ikke minst at det finnes en fasit. For så å bli skuffa når du svarer at det vet du faktisk ikke så mye om, eller ikke vil uttale deg bastant.  :forvirret:

Ja, det er veldig sant. Eg blir spesielt oppgitt når journalistar stiller spørsmål til ekspertar, spesielt når det gjeld forskarar eller akademikarar, og forventar eit klart ja/nei-svar. Altfor mange TV-journalistar prøver å framstilla verda som svart/kvit, når det meste best kan skildrast med gråtonar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei apple, naa tror at forstaar hvorfor du har nicket ditt...kommer det av datamaskinmerket Apple?

Vel, i utgangspunktet så hadde nicket mitt ingenting med Apple-maskinar å gjera. Men nå har eg ein iBook og ein Mac Mini, så den linken har jo på ein måte oppstått etter kvart. Men eg velde eigentleg apple fordi det var kallenamnet på den linja eg gjekk på innan ingeniørstudiet då eg tok bachelorgraden min. Den avataren eg brukar nå er faktisk "crestet" (våpen på norsk kanskje?) til ingeniørklassen min. Men eg synest han er litt "voldsom" som avatar, så det spørs kor lenge eg kjem til å bruka han; syntest likevel at han passar fint saman med nicket, i alle fall for meg som veit om samanhengen.

Og det går heilt greitt at andre spør meg om hjelp med dataproblem; det er jo bare å sei at eg ikkje veit.

Oppgåveskriving går treigt, men eg har i alle fall fått gjort litt meir til nå i dag enn det som har vore trenden dei siste dagane. Trening blir det mindre av; føler det tek så veldig mykje tid, for det er så vanskeleg å koma inn i skrivinga igjen etter å ha brukt eit par timar på trening. Men litt trening skal eg i alle fall få til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest camillo
Ja, det er veldig sant. Eg blir spesielt oppgitt når journalistar stiller spørsmål til ekspertar, spesielt når det gjeld forskarar eller akademikarar, og forventar eit klart ja/nei-svar. Altfor mange TV-journalistar prøver å framstilla verda som svart/kvit, når det meste best kan skildrast med gråtonar.

ENIG. Det er ikke plass til kunnskap i media i dag, generelt sett selvfølgelig - bare liksom-vinning av debatter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Nå er eg i Trondheim! :) Eg besøker ei venninne, og så skal eg delta i NM for janitsjarkorps til helga. Sit akkurat nå på ein lesesal på NTNU og skriv på oppgåva mi. Dessverre så oppdaga eg at det var veldig lett å koma seg på nett på lesesalplassen, så det er lett å distrahera seg sjølv... Men eg fekk faktisk skrive litt på toget på veg opp hit, og litt i dag tidleg, før me gjekk til skulen.

Sjølvsagt så klarte eg og å få problem med iBooken (som eg har med meg hit) i går; han nekta faktisk å starta opp! Men eg fekk lasta ned ein rescue-CD hos venninna mi, og så hadde eg ein lang telefonsamtale med mannen der han forklarte meg korleis eg skulle fiksa det som hadde slått seg litt vrangt. Så nå er alt fryd og gammen igjen. Og eg bør pella meg ut av KG og inn i masteroppgåva mi...

Endret av apple
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fekk i alle fall skrive ein del i går, men så stoppa det litt opp fordi eg måtte skriva om ein artikkel eg ikkje heilt forstår. :frustrert: Men nå er planen å hoppa galant over denne, og ta noko eg forstår først, så kan eg heller gå tilbake til den vanskelege etterpå. Problemet er at det er fleire vanskelege artiklar. :sur: Men med litt overmodig optimisme så har eg ikkje panikk endå...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tilbake, veldig trøytt, og litt småforkjøla. Håpar kløinga i halsen går over av seg sjølv...

NM gjekk fint, me var i alle fall nøgde med vår framføring. Eg kunne ha gjort det betre personleg, men eg trur ikkje det ville ha gjort noko frå eller til.

Eg fekk skrive litt meir på oppgåva og; det gjekk heilt fint å hoppa til ein artikkel eg har meir kontroll på. Men nå er eg snart ferdig med den, og då veit eg ikkje heilt kva eg skal skriva om, for då er det bare dei artiklane eg er meir usikker på som gjenstår. Men det går i det minste framover. :)

Målet i dag er å vakna; må kanskje gå ein liten tur for å få til det. Har veldig lyst å trena styrke, men trur det kan bli veldig deprimerande, og eigentleg ganske lite smart, ettersom eg føler meg litt slapp. Og etter at eg har vakna så hadde det vore greitt å få skrive ekstremt mykje på oppgåva... :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tett i hovudet. Har ikkje lyst å gå ut, men eg trur det er lurt med ein liten tur, for å få luft.

Har ikkje lyst å tenka, så i staden for å skriva så lagar eg kort til eit bryllaup me skal i på laurdag. Eg veit ikkje heilt om eg likar det, men det er i alle fall litt annleis og spennande. Eg er litt lei av kvite kort med raude hjarte på, som eg har laga så mange gonger før. Dette blir grønt og oransje :sjarmor:

Nå trur eg eg skal finna meg noko varmt å drikka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...