Gå til innhold

Ciphertext


apple

Anbefalte innlegg

Møkkadag. :twisted:

Har ikkje ein gong opna dokumentet med oppgåva... Sov mesteparten av ettermiddagen, og gjekk så på korpsøving, som ikkje var noko særleg. Nå vil eg bare melda meg ut av verda. :sur:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Eg trur dagen i dag blir litt betre enn i går i alle fall. Føler meg litt friskare, og har alt vore ute og henta baderomsmøbler, pluss at me kjøpte store mengdar appelsinjuice, som eg innbillar meg at eg skal bli frisk av å drikka.

Eg fann ut at seminaret på skulen som skulle vera på torsdag og fredag nå er korta ned til bare ein dag, og det fekk meg i godt humør. :) Eg er ikkje noko særleg glad i skulen min... :frustrert: Og dessutan treng eg tida til å skriva...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke: Hei du! ER du her, altså? Eg er tilbake i dag, etter månadsvis med fråver... Ikkje at eg har sakna forumet altså, langt ifrå. Men mannen er på HV-greier, og eg måtte ha ein pause frå jobb, men har meir å gjere her, så eg kan ikkje gå heim...så då enda eg opp her inne! :sjenert:

Korleis går det? Veldig lenge sidan, merkar eg - har det skjedd store ting i skul-/bustad-/jobbsamanheng eller slike ting? (Kjenner på oppdateringsbehov... :ler: )

Sjåast! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pip! :klem: Eg trudde du var borte frå KG for godt. Eg hadde ein ganske lang pause eg og, men ikkje så lang som din... Velkommen tilbake! Her skjer det ikkje så mykje nytt; eg er ferdig på skulen til sommaren (det er framleis skræmande), og mannen trivst i jobben. Me satsar på at eg kan få ein grei jobb (sjølv om det er skræmande), og at me då har råd til å flytta litt meir sentralt, eller i alle fall vekk frå motorveikrysset me bur i nå... Men framleis i Oslo, altså, i alle fall nokre år til. Det er kjekke jobbar her (kjekke, men litt "farlege").

Og gratulera med veksande mage. Tenkjer svigermor er nøgd og? ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen - eg har beslutta at den o-store jobbepausen min varer til 19:00, ca. Då har eg litt eg må få gjort, og så kjem mannen truleg 20:00 (i alle fall ikkje før), så då sit eg på med han heim. Finfint.

Så de vert i Oslo - kjem ikkje til desse trakter (dette fylket, tenkjer eg då først og fremst på) med det første altså? Men me lever i vona... ;)

Jada, svigermor er nok fornøgt. Ho masar ikkje så mykje faktisk - heldigvis. Eg hadde nesten sett for meg at ho er typen som kunne finne på å spørje om eg hadde fin avføring og sånt... :roll::ler: Men eg er nok velsigna med det at ho allereie HAR to barnebarn - ho slappar gjerne litt meir av.

Ellers så trur ho nok heilt sikkert at dette er eit prøverøyrsbarn eller noko slikt - det tok jo TRE heile år etter at me gifta oss...

Uff - så stygt. Men eg veit du skjønar det, så då er det greit å få det ut...

Og så må eg berre sei at dei jobbane som passar til utdanninga di trur eg at eg òg ville blitt vettskremt av. Men den EG er utdanna til, storkosar eg meg i - så eigentleg trur eg du kjem til å gjere det same! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jammen er det godt å ha deg tilbake, Pip; eg har faktisk tenkt mange gonger at eg kanskje skulle teke opp kontakten med deg via mail eller noko; det var så godt å ha nokon som forstod akkurat korleis svigermor er... Ganske festleg at me ikkje har same svigermor, men at dei er så like likevel. Forresten så har ho ikkje gjort noko sprøtt/irriterande på ganske lenge, men det kjem nok tilbake.

Me har nok tenkt oss til fylket de bur i ein gong, men det blir nok ikkje med det første, og dessutan blir det nok, i alle fall dersom eg får bestemma heilt og fullt, mykje nærmare sjøen. Fjord er ikkje bra nok for meg... Men, altså, det kan ta maaaange år, og sjå ikkje bort ifrå at det blir endå eit utanlandsopphald før det. Me har ingen konkrete planar, men eg har ein trang til å koma meg ut av landet minst ein gong til. Slikt fortel ein sjølvsagt ikkje til svigermor før ein har konkrete planar, men det forstår du vel.

Håpar det går bra med graviditeten! Det er jo spanande, sjølv om det ikkje er interessefelt nr. 1 for meg. Bra at du kosar deg i jobben.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:ler: Sant det - svigermor er ikkje alltid så lett å beskrive for andre... Ho er jo eigentleg koseleg og alt, men så er det noko der... Hehe. Jammen godt gjort at mennene våre er så sosiale som dei er! ;)

Kunne godt vore nærare sjøen eg òg altså, det er ikkje det- men synst fjorden er ein ganske god nr. 2. Særleg når ein ikkje er innestengd mellom høge fjell på alle kanter, slik som heime hos mannen - der kan eg få litt klaustrofobi nesten...

Eg hugsar no (trur i alle fall eg hugsar det, ellers har eg drøymt det) at mannen din hadde tilbod om å kome tilbake til utlandet (høyrdest jammen bra ut! Altså der de var) og jobbe - stemmer det? Er det dit de vil, eller tenkjer de andre kanter av verda? Spanande i alle fall!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, han har aldri hatt noko jobbtilbod, men han har ein professor som er veldig interessert i å vera vegleiar på ei eventuell masteroppgåve, på same prosjektet som han hadde sommarjobb og bacheloroppgåve. Elles så har eg ein draum om PhD i Calgary (er skeptisk til byen (sjølv om eg ikkje har vore der), men universitetet har eit veldig godt miljø innan mitt fagfelt), og så har eg veldig lyst til å jobba for eit firma som har hovudkontor i Ottawa. Det er forresten mange selskap innan data som har hovudkontor i Ottawa, så det hadde sikkert ikkje vore så dumt. Men, ja, Canada freistar ein del. Det gjer forresten New Zealand og (har alltid hatt lyst å reisa dit), men det er liksom ikkje så trygt og kjent, så det kan verta "vanskelegare" på den måten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ååååja - eg følte liksom på meg at eg tok litt feil. Men hadde heldigvis bittelitt rett òg då...? :sjenert: Høyrest spanande ut! New Zealand høyrest òg spanande ut - men då får vel svigermor heilt hetta - det er jo tvers rundt kloden!! ;)

Må elles få sagt at eg tenkjer på dykk kvar gong eg ser 'Europa på boks'-spelet vårt! (Og det er kvar gong eg er innom 'speleskåpet', og det er ikkje så reint sjeldan skal eg seie deg! Heldigvis blitt godt kjende med eit jamnaldrande par her i bygda som elskar å spele spel! Juhuuu!)

Er forresten litt glad for at ikkje mannen din syntest me utstrålte fruktbarhet og foreldrevibbar, for det trur eg ikkje me gjorde... :ler: Men skjønar tankegongen ja!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hihi. Europa på Boks var jo litt teit, med steling av spørsmålskort og slikt då. Me fekk Airport til jul, og vart eigentleg ganske skuffa, det tek år og dag å bli ferdig, for spørsmåla er ganske vanskelege, og så er det veldig vanskeleg å koma seg til neste verdsdel (ein må svara på spørsmål frå alle verdsdelane). Det er same forfattaren som Europa på Boks.

Så bra at de har blitt kjende med jamnaldrande då! Eg var faktisk litt bekymra for kor mange likesinna ein kunne finna i ei slik bygd. Eg veit eigentleg ikkje kor stort det er, bare at det ikkje er veldig stort. Men eg var faktisk russ i lag med ei som er frå den bygda, og ho er jo grei og sympatisk. Men eg anar jo ikkje om ho har flytta tilbake.

Og me nemner sjølvsagt ikkje New Zealand til svigermor... Det er jo dessutan ganske lite truleg at det blir nokon ting av. Skal me først utanlands, så er det kanskje naturleg å trekka nærmare alle vennane me har i Canada (som sjølvsagt klarte å spre seg fint utover heile det store landet :sur:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har hatt møte med vegleiar i dag, og eg sit, som vanleg, att med blanda kjensler. Han endrar liksom forventinsnivået opp og ned for kvar gong, og legg vekt på veldig ulike ting som dei viktigaste kvar gong, og eg veit liksom aldri kva eg skal forventa.

Eg skal begynna å testa data ved hjelp av programvare som me har skrive litt kvar av, og eg håpte at me kunne testa litt då eg var hjå han i dag. Men han bare viste meg korleis hans program fungerte (dvs. han prøvde å hugsa det, han hadde visst ikkje rørt det på eit par år :overrasket:), og sa at eg måtte bruka Windows og Visual Studio og testa i veg på eigenhand. Dette er litt vanskeleg, for eg har to Apple-maskinar, med PPC-prosessorar, som ikkje kan køyra Windows. Men me har nok av maskinar i huset til at eg kan finna ein Intel-kompatibel prosessor og installera Windows (det går elles bare i Linux hjå oss). Men eg forstår liksom ikkje heilt kvifor eg ikkje bare kan ta kjeldekoden hans og kompilera i Linux og køyra testane der. Det såg ikkje ut til å vera ei veldig komplisert samling av program som kallar kvarandre i hytt og vér, så det skal ikkje vera så altfor vanskeleg å laga ei makefile, og fiksa alt i Linux. Men, eg veit ikkje endå.

I tillegg så verka det som om han nå har bestemt at eg skal programmera den siste vesle biten med kode som manglar, sjølv om han skreiv i ein mail til meg tidlegare i år at han kunne gjera det. Eg orkar ikkje å ta det opp med han, for eg likar eigentleg å ha best mogleg oversikt sjølv, men eg veit ikkje kor god tid eg har...

Jaja. Det går seg nok til. Blir bare litt frustrert over han kvar gong me har hatt møte. Han er forsåvidt veldig hjelpsom, men for meg verkar det som om han virrar veldig mellom ulike idear og standpunkt og mål. Eventuelt så kommuniserer me litt forbi kvarandre. Han er veldig grei, altså, me forstår kvarandre bare ikkje heilt. Men men, eg skal nok klara å få til ei oppgåve som blir godkjent, og det får vera det viktigaste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rise and shine! Vel, ikkje så tidleg akkurat, men det er viktig med nok søvn. Og nå er eg veldig svolten, for eg var eigentleg litt svolten då eg la meg.

Plan for dagen:

- skriva masse

- kjøpa strømper (skal i bryllaup på laurdag)

- laga ferdig kort til bryllaupet

- bli frisk (eg er ikkje slapp lenger, men litt tett i hovudet, og så klør det i nase og svelg)

Tenkte at eg kanskje kunne ta med ibooken og gå på kafé og skriva litt. Eg må jo ut for å kjøpa strømper uansett. Men nå er det frukost!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har eigentleg bare vorte verre utover dagen, og har ikkje orka å skriva noko. Har gjort litt med kortet, men det er heller ikkje ferdig. Men eg har fått med meg dette:

VM-BRONSE TIL ALEXANDER DALE OEN! :hoppe::klappe:

(For dei som ikkje veit kva eg snakkar om: Alexander Dale Oen tok bronse i kortbane-VM i symjing i Shanghai. Dette er den første VM-medaljen til Noreg i symjing sidan 1978, og den første norske VM-medaljen i symjing til ein mann nokon gong!)

Dessutan fekk eg akkurat telefon med spørsmål om eg kunne jobba måndag, tysdag og onsdag. Det takka eg sjølvsagt ja til. Det er snakk om å sitja i resepsjonen i eit selskap der alle dei faste ansette har fri heile påska, så det er gode moglegheitar for å få gjort ein del på masteroppgåva.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei du! Innom som snarast - må heim å lage middag som skal bli ferdig og etast i rimeleg tid, og så må me pakke, og så skal me i bibelgruppe i kveld. (Og der er me 5 par, inkl. oss - 3 i 20-åra og 2 tidleg i 30-åra - så det er ikkje så heilt ille! :) )

Når det gjeld Europa på boks, så trur eg me har teke oss den fridomen å endre litt på den der stele-regelen - hugsar ikkje heilt, men det har i alle fall vorte slik at det ikkje går an å ha eit sånt 'danskekort' som alle kan svara på, som fyk rundt... :ler:

Men du - de skal ikkje til mannebygda (det kan umogeleg ha vore det me kalla det? Høyrest jo heilt sjukt ut...) i ferien? Me reiser nok dit på måndag eller tysdag, så viss de dukkar opp, hadde det vore kjekt å sjåast! :)

Ha det godt så lenge i alle fall - tippar eg kikkar innom frå mampap sin PC for å ynskje god påske, kanskje...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skreiv det i dagboka di, men mannen skal til bygda. Dei reiser nok vidare til andre slektningar lenger inne i gokk mot helga, men han har sikkert ikkje noko imot ein spelekveld eller noko før det. Eg skal vera heime og skriva oppgåve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fekk ikkje gjort noko særleg i går, for punktet "bli frisk" gjekk heller dårleg. Eg vart faktisk verre, og kom meg aldri ut for å kjøpa strømper ein gong. Men det er greitt, for eg droppa å reisa på skulen i dag, tenkte at det bare ville gjera det verre å stå opp kvart over fem og så sova dårleg på bussen i eit par timar, så eg skal ut på strømpehandel i dag i staden. Eg føler meg dessutan mykje betre i dag, og kortet til bryllaupet er nå ferdig. Så får me sjå korleis det går med srkiviga etter kvart. Hovudet følest ikkje så tett og sylta i dag, så det er mogleg at hjernen har begynt å fungera igjen. Det blir i det minste eit forsøk på skriving snart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Bryllaupet på laurdag vart litt langdrygt, men eg er eigentleg alltid klar for eit bryllaup, om så bare for maten sin del. ;) I tillegg så synest eg alltid det er litt interessant å læra litt om familiane til dei som gifter seg. Det kan forsåvidt for bli kjedeleg, men eg føler liksom alltid at eg kjenner brureparet betre etter å ha vore i eit bryllaup.

Då me køyrde heim frå bryllaupet natt til sundag, så hadde det faktisk begynt å snø! :overrasket: Halvannan time frå Oslo. Me køyrde i snøføyke, og det kom ganske fort, så det vart gammal bil med sommardekk på snødekte vegar. Men det gjekk jo fint.

Eg trudde eg hadde vorte frisk, men så vart eg veldig hås. Eg et halspastillar heile dagen, og føler at eg bør drikka noko varmt konstant, men det blir litt stress. Kaldt vatn gjer ingenting for den turre halsen. :sur: Og jobben min (desse tre dagane i påskeveka) er å svara på telefonar... :forvirret:

Jobb er veldig avslappande. Det går stort sett ut på å fortelja dei som ringer at alle dei ansette har påskeferie heile veka, og dessutan så tek eg posten og fordeler i posthyllene. Elles så skriv eg litt på oppgåva eller les transcripts frå fjersnsynsseriar der eg har sett ein del episodar, men ikkje alle. Det er herleg og avslappande å vera nesten åleine på kontoret.

Mannen har reist på påskeferie. Bror min er innom i dag, på veg frå fjelltur og heim til mor og far. Etter det er det bare meg heile ferien. Det skal bli oppgåveskriving, kafébesøk, og, forhåpentlegvis, tusling i byen, og kanskje ein sykkeltur eller ein skitur i marka (dersom eg finn ut at eg trur det er føre til det). Men eg torer ikkje å ta for hardt i når det gjeld fysisk aktivitet, for eg vil at halsen skal bli frisk. :sur:

Elles så har eg fiska påskepynt. :) Gule stearinlys/telys, gule og lilla tulipanar, og tova kyllingar som mor har laga.

GOD PÅSKE!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg endeleg fått gjort litt skulearbeid! Ei god blanding av at eg ikkje har vore frisk og at eg ikkje har hatt motivasjon i det heile har ført til at alt eg hadde gjort på oppgåva til nå i påskeferien var å sjå på det eg hadde skrive, kanskje endra ein setning her og der, og å tenkja at eg burde gjera noko meir. Men i dag har eg altså skrive ca. ei halv side, og nå er det på tide å lesa og tenkja litt meir før det blir skriving igjen. Men eg har betre motivasjon nå, og eg føler meg endeleg i betre form òg. Så nå er planen å gå ut ein tur i det fine veret. Eg tek med meg ein artikkel, så får eg sjå om eg finn ein lun plass der eg kan lesa litt, eller om det får venta til eg kjem heim. Nå skal eg i alle fall ut! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå er eg passe kvalm etter ein liten pose smågodt. :rodme: Men det går nok over. Det er jo påske... Men nå kjenner eg at eg eigentleg har lyst å eta sunt igjen. Får sjå om eg føler det same i morgon...

Eg er midt i ei stor omstrukturering av oppgåva mi. Kapittel endrar namn, blir innlemma i kvarandre, og blir separert ut til sjølvstendige kapittel. Og innhald høpp frå kapittel til kapittel. Det gjeld å halda tunga rett i munnen, og passa på at eg brukar dei same modellane, med dei same variabelnamna, heile tida, og at ting blir introdusert og forklart i rett rekkefølgje. :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...