Gå til innhold

Ciphertext


apple

Anbefalte innlegg

I går fekk eg starta ein god dose eksperiment som eg håpar å få inkludert i masteroppgåva. Dei står og surrar og går på ein maskin som me nok skal bruka som filserver etter kvart. Håpar det ikkje tek for mange dagar, og ikkje minst så håpar eg at resultata ikkje blir veldig ulike dei eg har frå før, men det tviler eg veldig sterkt på at dei blir.

Elles så bør eg vel snart begynna på lista over ting eg skulle fiksa i oppgåva før eg leverer, og dessutan må eg ikkje gløyma å skriva Abstract, faktisk både på norsk og engelsk. Og så må eg vel ha med Acknowledgements. Me får sjå kva som skjer. Eg føler meg såpass i rute at eg er litt redd for at det blir travelt mot slutten. :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Såååå trøytt. Plan for dagen er å få trent på det nye, fancy senteret. Så skal eg truleg på eit korpsmøte i kveld. Og dersom eg er veldig flink så får eg rydda litt på kjøkken. I morgon og onsdag skal eg jobba i resepsjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Me var faktisk to stk som jobba i resepsjonen ei stund i dag. Greitt nok det, men det er lite å gjera, så i morgon skal eg bare jobba siste halvdel av dagen. Nå er eg ganske sliten, så eg får sjå om eg får gjort noko meir i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Svigerfar kjem hit i morgon ettermiddag, og her ser det framleis ganske bomba ut etter oppussinga. Me får vel prøva å rydda og vaska litt i dag... Elles så driv eg og lagar CV; inspirasjonen er ikkje så veldig på topp, så eg kopierer stort sett frå den gamle (som eg fekk ein kopi av frå han som mottok søknaden min i fjor). Jobbsøking er noko herk, og det er difor eg ikkje har starta endå. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har me rydda meir ting ut på kjøkken, så stova ser nesten normal ut igjen.

CVen er ikkje ferdig, så eg får prøva å gjera ein meir grundig innstats ein av dei nærmaste dagane.

Eksperimenta til oppgåva nærmar seg slutten, og mannen er nesten ferdig med eit skript som skal analysera resultata, dvs. skriptet organiserer resultata i filer som eg kan laga grafar og tabellar av. Det er jo på tide, for oppgåva skal leverast fredag om ei veke. Må visst skriva abstract snart...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mye spennende programmeringsjobber i Oslo for tiden, så du får vel nok å søke på. Får du noen til å gi deg tilbakemeldinger på CV'n din? Noe karrieresenter eller noe slikt? Det er viktig å jobbe med å få en god CV (en god søknad også selvsagt, men det er jo bare et følgeskriv), men jeg kjenner til den følelsen av å være lei av å pusse på den. (Vet ikke hvor mange ganger jeg har gjort det, og jeg i tillegg av og til har hatt bruk for en versjon på nynorsk og engelsk i tillegg...) Nå som så mange har gått over på websøknad er det også masse som må fylles ut mange steder, det meste fra CV'n faktisk. Sikkert kjekt for bedriften, men ikke så kjekt for oss jobbsøkere (men med "Min Side" blir det kanskje slutt på det?)

Lykke til med siste innspurt med oppgaven!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg ser i utgangspunktet ikkje etter programmeringsjobbar, så marknaden for meg er nok litt annleis enn for typiske programmerarar, men det skulle vera mogleg for meg òg å finna noko interessant.

Eg kjem ikkje til å få nokon "profesjonelle" til å sjå på CVen min denne gongen, men det gjorde eg sist eg hadde tenkt å søka jobbar. Då gjekk eg faktisk på eit intensinvt jobbsøkekurs over to heile dagar, og der lærte eg ganske mykje nyttig. Så først brukte eg det eg hadde lært på kurset då eg laga CVen, og så gjekk eg på karrieresenteret der kurset hadde vore, og fekk ein av dei tilsette der til å gå over CVen min, og koma med konkrete forslag til forbetringar. Eg innbiller meg at eg lærte såpass mykje av denne prosessen at eg ikkje treng noko særleg meir hjelp nå, sjølv om eg nå har ein grad til, og difor eit litt anna fokus på CVen min.

Eg ser fram til 'Min side', men må innrømma at eg er veldig redd for at det enten blir dårleg designa/implemenetert, eller at det tek mange år til det kan takast i bruk, eller begge delar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kryptering og sikkerhet er også ganske in for tiden, så det burde ikke være noe problem. Også har du kanskje noen kontakter i riktig bransje? Høres ut som om du egentlig er ganske klar, bare litt småflikking igjen på CV'n da.

Vel, min side er allerede utsatt to ganger, og nå tør de ikke si noe om når den skal åpne. I Danmark var vel planen 2010, så jeg tror ikke vi skal holde pusten mens vi venter... Det er mange dårlige offentlige portaler, tror ikke vi skal håpe på noe bedre i denne omgang. Ideen er god, men om det egentlig er gjennomførbart? Tja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, eg trur det skal vera ganske god marknad for meg òg, men det er jo vanskeleg å sei før eg har begynt å søka jobbar for alvor, ikkje bare leita opp firma som kan vera interessante.

I går vart endeleg eksperimenta mine ferdige, og skriptet eg skal bruka til analysering er snart ferdig. Det ser heldigvis ut til at resultata blir veldig like dei eg alt har.

I dag har me ete frityrsteikt svinekjøt i sursøt saus til middag. Det er veldig godt, men kvar gong me lagar det så tenker me at dette er veldig stress/mykje arbeid å laga, så det blir nok ei stund til nesten gong.

Mannen hadde bursdag i går, så eg laga brownies som me åt medan me såg fotballkamp. Det er framleis ein del brownies igjen, og nå held eg på å laga gelato med sitrongrassmak. Eg har smaka på røra, som står og kjøler seg ned i kjøleskåpet akkurat nå, og den var veldig god! Så eg håpar på eit godt måltid litt seinare, med brownies, sitrongrasgelato og kanskje jordbær? Me har i alle fall litt jordbær ståande.

Me vurderte å gå ein tur i dag, men så skya det til og begynte å regna, så me slo det litt frå oss. Akkurat nå skin sola, så nå er eg litt usikker. Me får sjå det litt an. Det blir nok ein tur rundt Sognsvann, eller kanskje frå Kjelsås og nedover Akerselva eit stykke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart tur frå Kjelsås til Nydalen, langs Akerselva. Nydeleg ver, og ikkje så folksomt, for me tok det mellom fotballkampane, og då vart det ganske seint på kvelden.

Isen vart veldig god, men kanskje litt for fyldig. Skal prøva å ikkje eta han i lag med søte brownies og store mengder te neste gong, så eg får eit meir objektivt inntrykk, men nå sit eg med kjensla av at det hadde vorte betre dersom eg sløyfa kremfløyten, og eventuelt tok litt meir mjølk i staden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg synes det hørtes fantastisk godt ut. Sjokoladesmak, syrlig is og søte jordbær, mmmmmmmmmmm...

Når var det du sa du skulle levere oppgaven igjen? Det nærmer seg vel med stormskritt nå? Det går sikkert greit, det høres i alle fall ut som om du har kontroll. :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal levera oppgåva innan midnatt natt til 1. juli, så det er ikkje akkurat så lenge til... Nå har eg skrive ferdig alt, både abstract og den norske versjonen, samandrag, og acknowledgements, og inkludert dei siste resultata. Bør nok ta ein siste sjekk i morgon (det vil sei i dag, etter at eg har sove litt...) for å vera sikker på at det ser greitt ut, kanskje utvida acknowledgements litt? Men eg er vel eigentleg ganske klar til å levera.

Reiser til svigers fredag ettermiddag, så er det 60-års-selskap for svigerfar på laurdag. Me kjem tilbake på onsdag, då reiser me med turistbåt og tog, i staden for buss, som me alltid har brukt før. Båt + tog blir ei heilt anna rute enn me pleier å ta, så det kan bli spanande... Dessutan har eg mykje meir sansen for å reisa med tog enn med buss.

Men nå skal eg altså sova litt, før det blir siste sjekk på oppgåva, og pakking i morgon (som er i dag). :Gjesp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke: Tippar du har levert oppgåva no - deilig, eller? :D

Fin tur med både stort og lite tog? Åja, nei, det var kanskje tilbake de skulle ta toget? Grattis til svigerfar din, i alle fall! :)

(Mine svigers er på ferie på svigerfar sin heimstad (som dei er kvar einaste sommar), skal vere der i 3 veker til, trur eg det er, og me får stadig sms-ar om kven andre som er der no og sånn... :ler: Dei kosar seg, så det er fint det.

Enig med deg i at jobbsøking er veldig veldig kjedeleg. Eg syntest det kjedelegaste var - sidan eg søkte til ein del ulike kommunar - at alle hadde sine eigne nettskjema for utfylling, i staden for å berre kunne sende eigen CV. Vart jo både dobbelt - og trippelarbeid av det, føltest det som. Menmen - fekk jobb i alle fall, så skal ikkje klage... :)

Ferie no? Mannen òg? De må i alle fall kose dykk i finvèret!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ja, eg leverte oppgåva på fredag, ganske tidleg. Så pakka eg, og så reiste me til mannebygda utpå ettermiddagen. Me tok bus opp, men skal ta båt pluss lite og stort tog heim igjen.

Her er det nydeleg ver, og då må eg sei at naturen ikkje akkurat blir styggare... I dag skal me truleg gå ein liten tur på ein natursti. Eg har ganske lyst å slepa meg opp på ein fjelltopp eller noko, men har eigentleg ikkje med meg verken klede eller sko som er gunstige for det; me skulle liksom i 60-årsdag, ikkje på fjelltur. Men me får sjå. Vurderer å reisa på bremuseet i Fjærland i morgon, men me får sjå kva det blir til. Eg har i alle fall lyst å få med meg det museet ein gong, for den typen geologi synest eg er ganske interessant.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men menneske, du har ferie og er på et sted med skjønn natur. Hva gjør du her på KG da???

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Me kom heim igjen i går, etter ein fin tur med båt på fjorden, og tog over Hardangervidda. Det slo meg igjen kor glad eg er i høgfjellet, og eg fekk veldig lyst å gå tur i slikt landskap. Men akkurat nå har eg ikkje veldig mykje pengar som eg kan bruka på å reisa til fjels, så det får heller venta litt.

Men menneske, du har ferie og er på et sted med skjønn natur. Hva gjør du her på KG da???

Eg var innom for å sjekka mailen, og tok visst turen innom KG òg. Dessutan så kan det at eg ikkje var ute delvis forklarast med korleis hushaldninga fungerer hos svigers. Mannen er ikkje så glad i å gå tur, så eg må masa i ein time for å få han med meg ut, og då er jo store delar av den tilmålte tur-tida mi brukt opp. Og generelt så er det slik at mat blir servert ganske hyppig utover ettermiddagen (middag, kaffi, kveldsmat), så dersom eg skal gå ut åleine så må eg uansett innom sjefen i huset (svigermor) for å høyra når det er mat, slik at eg veit når eg skal vera tilbake. Men når eg seier at eg skal ut på tur, så møter eg inga forståing for at eg vil gå åleine, og eg får tilbod om at ho kan vera med, eller me alle kan gå ein tur i lag. Problemet er bare at det ikkje er den typen tur eg er ute etter. Eg er ikkje i veldig god form akkurat, men eg har nok ein del betre kondis og bevegelegheit enn svigermor, så når ho er med så blir det rusletur, og eg har lyst på fjelltur.

Det vart ein tur på oss, alle fire, men svigermor gjekk bare halve turen, for ho hadde visst ikkje tenkt å gå så langt som eg og mannen trudde me skulle. Så ho gjekk tilbake og laga klar kaffien til me kom tilbake. Det var ein fin tur, og me steig ca. 100 meter, gjekk mest bortover langs fjorden, ikkje rett opp. Det var bra, for eg hadde jo ikkje skikkelege turklede med meg, men eg sakna den utsikten eg veit eg kan få der oppe. (Eg har snike meg ut på tur åleine før.)

Det skal seiast at eg brukte ein del tid på å bare sitja ute og nyta vèret, så eg sat ikkje inne på internett heile tida.

Gratulerer med innlevert masteroppgave! :)

Takk :)

I dag har me hatt pannekaker til middag, med ferskt jordbærsyltetøy, laga av svigermor for eit par dagar sidan. Me har ferske jordbær og Prosecco frå Italia ståande i kjøleskåpet, men eg er ganske mett, så det er mogleg at me ikkje tek det før i morgon.

Nå held eg på å lasta ned kubuntu for PPC, for eg har tenkt å skifta operativsystem frå Gentoo Linux til Kubuntu (Linux det òg) på Mac Minien. Eg likar å installera nytt OS, i alle fall når det går litt kjappare enn det gjer med Gentoo, så eg gler meg. :) Først må eg bare sjekka heilt sikkert at eg får teke ein backup av heimekatalogen min.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fjelltur er deilig, ja. Dersom du har utstyret er vel fjelltur også en av de billigste feriene du kan ha? Koster selvsagt litt å komme seg opp dit, men har man telt, så koster jo maten det samme om man er hjemme eller på tur. (kanskje til og med mindre, for man orker ikke være allverdens mat :))

Gratulerer med innlevert oppgave. Håper du nyter ferien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, dersom ein har utstyr, så er nok telt-fjelltur ein billeg ferie. Eg er oppvaksen med å gå turar frå hytte til hytte, og då er det ikkje så veldig billeg lenger... Men eg har telt, og har eigentleg ganske lyst å bruka det i marka, så eg kan jo gjera det først, og heller ta ein høgfjellstur når eg får meir pengar, for der er eg meir innstilt på hytter; telt er tungt...

Nå er kubuntu installert, og så har eg knota litt for å få på plass mplayer, men det gjekk til slutt. Eg tok vare på .opera-katalogen min frå det systemet eg hadde før, og la denne mappa fint i heimekatalogen min før eg starta opera, og vips så dukka både mailen min og bokmerka mine opp i det eg starta programmet. :) Dessverre så fulgte det med eit lite problem eg har hatt med mailklienten i det siste, nemleg at han ikkje klarer å "hugsa" at eg har sletta mailar, eller merka dei som spam, dersom eg har lukka opera i mellomtida. Men eg leita litt, og fjerna ei fil frå .opera-katalogen, og då eg starta opera igjen, så utførte det mail-indexing på nytt, og vips så var eg kvitt det problemet òg. Føler meg flink. :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I helga har eg lese korrektur på den siste artikkelen som tanta mi skal ha med i doktorgraden sin. Ho har alt fått han i retur frå den første konferansen ho prøvde å koma med på, så eg håpar verkeleg at det går betre denne gongen; ho fortener så absolutt å bli ferdig med den graden nå. I dag var ho innom slik at eg kunne "teikna og fortelja" kva ho kunne retta på.

Eg fekk henne òg til å peika på kartet mitt over nordmarka, for å visa meg stader det kan vera greitt å slå opp telt. Eg er usikker på om det blir telt- eller hyttetur først, for som ungdomsmedlem i DNT så overnattar eg gratis på hyttene etter som eg har forstått. Men før det blir tur skal eg kjøpa sykkelvesker, som eg fekk i fødseldagsgåve i januar, for eg vil sykla i marka, i alle fall det første stykket, slik at eg ikkje må vera på tur i dagevis for å koma meg litt vekk frå sivilisasjonen...

I kveld har me sett fotballkamp, og eg må sei at det var trist med Zidane; han har liksom ikkje vore kjent for å oppføra seg stygt på banen, men så koker det over for han på heilt feil tidspunkt. :cry:

Under kampen bestemte eg meg for å laga jordbærdaiquiri av restane av jordbæra frå i går. Det vart ein ganske mild variant, for eg var veldig raus, både med jordbær og is. Men det gjer ingenting, for det smakte kjempegodt!! Ferske jordbær er definitivt den rette ingrediensen til ein slik drink!

Eg har dessutan klart å jobba meg fram til ein ganske grei CV i dag; nå skal eg bare koma på litt meir fornuftig å sei om masterutdanninga mi, så er førsteutkastet i boks.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...