Gå til innhold

Ciphertext


apple

Anbefalte innlegg

Då har eg vore i byen og sett på sykkelvesker; reknar med å kjøpa i løpet av veka. På veg heim plukka eg med meg ein kasse jordbær til 100 kr! Tru om det går an å lå lei av jordbær? Har uansett tenkt å frysa mesteparten av dei, må bare tenkja litt på om alle skal frysast usukra, eller om eg skal røra inn litt sukker i ein del av dei. Forresten så testa eg ut jorbær med litt brunt sukker og balsamicoeddik i helga, og det er jo kjempegodt! Og vaniljekesam er jo godt tilbehør uansett. :sikle:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

:vinke: Innom som snarast – eg trur kanskje det går an å gå lei av jordbær, men vil tru det krev ganske mange kilo for mange av oss! :) Eg går rundt og er bitter for at me ikkje er heime hos mampap for tida, dei plukkar ei skål kvar dag dei, som dei kosar seg med… Jaja, det er ikkje noko å gjere med det – men eg burde eigentleg ete meg lei av det no eg, sidan ein ikkje skal ete jordbær når ein ammar… :ler:
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje jordbær når ein ammar? Nei, trur nok ikkje eg skal ha barn med det første... ;) Men dersom småen kjem på termin så er vel jordbærsesongen så godt som over på den tida?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En kasse jordbær til 100 kr, da begynner vi å snakke. Og nei, det går ikke an å spise seg lei på jordbær. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur heller ikkje at eg blir lei av jordbær, men merkar faktisk at eg ikkje er såååå utruleg glad for at me har ferske jordbær nå, i forhald til for ei veke sidan... Men lei trur eg altså ikkje at eg blir. Me fraus ned mesteparten av bæra, og nå er det ikkje plass til meir i frysen. Dumt, for eg brukar ein del frosne jordbær til m.a. smoothies heile året.

I går var eg endeleg på trening igjen, og det føltest veldig bra. Eg vurderer å sykla ein tur i dag, eventuelt gå på spinning i kveld, men eg er faktisk litt svimmel/kvalm i dag, så eg veit ikkje om det blir noko. Men det er jo uansett ikkje krise, for eg fekk ei god økt i går.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Svimmel og kvalm, du holder vel ikke på å bli syk? :troest: (Vet nå litt, kan ikke det være tegn på andre ting også det...? Hmmm... noe du har lyst til å fortelle oss? ;)) Kjempeflink du var som kom deg på trening!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, abelille, eg er ikkje gravid. Ikkje har eg lyst å bli gravid heller, så du kan bare gløyma den tanken. :erter: Eg hadde nok bare ete litt lite i går, og ein del av det eg åt var ganske kvalmande når eg tenkjer meg om; eg laga sjokolade-solbær/bringebær-konfekt på føremiddagen i går, og smakte nok litt på det undervegs. Kombinert med at eg ikkje åt så mykje anna over litt for lang tid, så gjorde dette meg truleg svimmel og kvalm. Då eg endeleg tok til fornuft og åt noko salt, så vart alt mykje betre, og eg følte meg klar for å innta normal mat igjen.

I dag skal eg prøva å få lagt ut CVen min på nettet. Det er forsåvidt ikkje noko vanskeleg i seg sjølv, men eg må tenkja litt på kva meir det skal stå på den sida der CVen skal liggja, og det kan fort ta heile dagen, for eg kan ikkje fordra å skriva slike eg-er-interessert-i-sånn-og-sånn-arbeid-ting.

Endret av apple
Lenke til kommentar
Del på andre sider

OMG! Far går forbi Lush til og frå jobb kvar dag dei vekene han arbeider i London, som er anna kvar veke. :hoppe: Nå må eg verkeleg prøva å beherska meg når eg seier kva han skal kjøpa, for eg har ikkje pengar. :frustrert: Forhåpentlegvis får eg lønn for den halvanna dagen eg jobba i juni om eit par dagar, men det skulle ikkje vera meir enn litt over tusenlappen, så det beløpet bør helst bare stå på kontoen og brukast til meir fornuftige ting. Men sjampo er jo forsåvidt fornuftig, for eg vil jo helst ha reint hår. :ler: Men alt det andre eg bare har lyst på får eg vel heller droppa. *Laga handleliste til far*, *prøva å beherska meg*.

Endret av apple
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare forspist deg på godteri, jaja. Men da holdt du heller ikke på å bli syk, og det er jo bra! :klem: Og du er flink til å trene *superimponert* Selv har jeg trukket i helge-habitten (joggebukse) og sitter inne og venter på at sola skal komme helt til balkongen. For i dag er det strålende vær, så det er litt ille å sitte inne når det er så fint.

Ha en fortsatt strålende helg!

Endret av abelille
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Me var på sykkeltur i går. Tok T-banen til Frognerseteren, og sykla derifrå til Kikut, via Ullevålseter og Bjørnholt. Så sykla me same vegen tilbake, men ned til Maridalen i staden for over til Ullevålseter og Frognerseteren. Frå Maridalen fulgte me ring 3 austover og heim. Det vart til saman 46,85 km, og då me kom heim heiv me oss på senga og var daude ei stund. Fekk etter kvart dusja, men me slokna ganske fort etter det igjen.

I dag vakna eg klokka kvart på sju, og fekk ikkje sova meir! Eg hadde rett og slett behov for å strekka på lårmusklaturen, pluss at hovudet hadde fått nok av liggjestillinga mi, så eg stod opp litt over sju. Dette er uhøyrt til meg å vera; eg søv alltid til klokka er minst 10 når eg ikkje har noko spesielt eg skal.

Nå som eg har vore oppe ei stund kjenner eg faktisk at eg ikkje har så vondt i kroppen som eg hadde venta. Dei fleste musklane er jo framleis veldig slitne, og fungerer bare sånn halvvegs, så det blir ikkje akkurat noko styrketrening i dag, men eg har ikkje vondt overalt, er bare sliten. Uventa, men veldig positivt.

Me kom fram til at me nok tek ein litt kortare tur neste gong; 2-3 mil passar nok betre for oss. Eventuelt burde me hatt ein laaaang pause på Kikut, ikkje bare den tida me brukte på å eta. Men akkurat nå har eg ikkje behov for å planleggja ein lang sykkeltur med det første, eg bør nok helst venta til kroppen har gløymt denne... ;)

Fekk testa nye sykkelvesker òg på turen, og det ser bra ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke: Så flink du er til å trena! Kjekt! Gler meg til eg kan ta meg skikkeleg ut igjen – og ikkje minst til lungene får utfalde seg fritt… :ler: Ei skikkeleg hard sykkeløkt høyrest deilig ut!

Nei, ikkje jordbær når ein ammar – det kan lett føre til allergi (det og sitrusfrukter). Men eg synest jo me har tima det bra slik – jordbærsesongen er veldig på hell når det vert aktuelt, så eg skal ikkje klage for mykje!

Er altså tilbake frå den lange bryllaupsturen – alt gjekk fint, kjekt var det og magen er framleis på plass, så då må ein vere nøgd. Men det ser ut til at det kan bli litt for varmt her hjå oss i dag – gler meg til å reise tilbake til mampap, der er det i alle fall litt luftigare, + eiga bryggje… :)

Kos deg i sommarveret! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg blir helt tullerusk inne på forumet nå. Noen har tatt brukernavnet "Apple-". Når jeg ser navnet så forventer jeg liksom at det er det, men det er det jo ikke!

Den sykkelturen hørtes ganske så imponerende ut. *sliten ved tanken*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jobbsøking/-leiting er :frustrert:!

I dag har eg prøvd å ringa eit firma som har lagt ut ei veldig generell stillingsannonse på nettsidene sine. Dei har sjølvsagt klart å ikkje skriva nokon kontaktperson, og dei eg kjem til når eg ringer til sentralbordet (har snakka med tre ulike personar der) anar ikkje kven dei skal setja meg over til. Han eine eg snakka med klarte ikkje ein gong å koma på at han kanskje kunne setja meg over til personal- eller infoavdelinga når han ikkje visste... Men når han fekk somla seg til å gjera det så fekk eg enten ein telefonsvarar, eller så braut linja. Må sei at eg får mindre og mindre lyst å jobba der, men vil ikkje gje opp heilt endå, for det ser ut som om det kan vera fagleg interessant.

Bør vel snart begynna på søknaden til eit firma der eg faktisk har fått kontakt med den rette personen. Har bare ikkje lyst, for eg likar ikkje å skriva søknader. Men dersom eg ikkje kjem i gang så kjem bare denne dusteprosessen til å ta endå meir tid. :sur:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke: til Pip og abelille!

Altså, den sykkelturen er eigentleg litt for imponerande for meg. Som sagt så bør eg vel halda meg til litt kortare turar, eller type dagsturar med fleire-timars-pausar. Men nå har eg snart lyst ut og sykla igjen; ein kortare tur vel og merka.

:fy_fy: til den som har teke nesten mitt brukarnamn. Eg var her først. Så det så. Eventuelt får me bare gleda oss over mangfoldet, og læra oss å finlesa brukarnamn før me trur at me veit kven som har skrive innlegg... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Gjest Gjesta

Der var du jo! :) Er du tilbake i Norge nå? Vi har akkurat overtatt rekkehuset vi kjøpte, så fram til vi har vasket oss ut fra denne leiligheten, blir det litt kaos. Men spennende, dét er det definitivt. Jeg glemmer NESTEN å vente på ny-MACen som jeg har bestilt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jadå, har vore i Noreg i ein og ein halv månad nå. Og levert oppgåva.

Og faktisk så har me akkurat pussa opp bad og kjøkken, så eg føler eg veit sånn halvvegs kva du går gjennom Elphaba, sjølv om me ikkje flytta i same slengen. Har veldig lyst på ny mac eg òg, men det har eg jo nesten alltid, og akkurat nå treng eg vel ikkje ein. Ikkje har eg pengar heller, ettersom eg er arbeidsledig og akkurat har pussa opp bad og kjøkken... Men dersom eg bare får somla meg til å søka på nokre jobbar så blir det forhåpentlegvis slutt på lediggangen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har eg sett Grey's Anatomy. Synest det er ein OK serie så langt; ikkje fantastisk bra, men langt ifrå dårleg. Kjenner meg litt igjen i det intense forhaldet turnuslegane har til faget sitt, men eg slit verkeleg med å forstå at dei kan ha eit slikt forhald til akkurat det fageg. :ler: Men konkurranseinnstinktet i samband med faglege ting er noko eg ikkje trur at eg har, og dessutan så skal det ikkje så mykje til før eg går lei, uansett kor interessant og fagleg det er det eg held på med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gjesta

For slike som deg finnes det jo haugevis med jobber, så det ordner seg nok før du rekker å bli lei. :) Jeg fikk jo et stipend fra universitetet som gir meg lønn i tre måneder, antagelig fra månedsskiftet. Så reiser jeg til den jobben i nabolandet. Så ting fikser seg, om kanskje ikke på den måten jeg først hadde tenkt.

Forresten kjøpte jeg MACBook, litt større harddisk og 1GB prosessor. Tror det blir bra når jeg nå skal jobbpendle litt. Må bare få overført alle tingene jeg har på den gamle maskinen til den nye. :)

Endret av Elphaba
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...