Gå til innhold

Ciphertext


apple

Anbefalte innlegg

Du er sikker på de datoene?

Nei, det vart jo feil. Det skulle vera 1. januar; har retta det opp nå.

Ja, det er den jobben me snakka om, og eg er ganske sikker på at det er det eg vil. Eg er bare bittelitt redd for at eit eller anna uforutsett skal skje, slik at eg plutseleg ikkje får det tilbodet likevel. For alt eg har nå er jo eit munnleg løfte om eit skriftleg tilbod.

Eg håper å finna meg ein kontor- eller resepsjonsjobb fram til jul, slik at eg får litt inntekt, og litt struktur på dagane. Eg skulle jo sjølvsagt ønska at eg kunne begynna i forskarjobben nå med ein gong, men eg vil heller venta eit par månader på den rette jobben enn å ta ein annan fagleg jobb nå, og angra veldig i januar...

Det er rart med håret, fordi eg føler at eg endeleg er meg sjølv igjen, etter eit par år med langt hår. Så eg treng eigentleg ikkje tid til å venna meg til det å ha kort hår, må bare bruka litt tid på å venna meg til ein annan frisyre enn den eg hadde i tankane då eg gjekk til frisøren. Og så er eg framleis irritert på inkompetansen hos frisørar generelt når det gjeld krøller. I store byar i USA, og sikkert i ein del andre land óg, finst det frisørsalongar som spesialiserer seg på krøllete hår. Eg skal jammen vera sikker på at eg får klipt meg i ein slik salong dersom eg nokon gong er i ein by som har det.

Endret av apple
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Da er det på tide å gratulere med jobb da! :klem::hoppe: Bra jobba. Du finner nok et eller annet å gjøre mens du venter. Du kunne ikke tatt den konsulentjobben sånn midlertidig da? Nah, det blir litt lite motiverende når du vet at du ikke blir værende der. Skjønner deg godt, jeg. Og ønsker deg lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hovudgrunnen til at eg ikkje vil ta konsulentjobben midlertidig er at eg rett og slett ikkje trur at eg vil rekka å gjera noko særleg nytte for meg før eg sluttar, det ville liksom bare blitt tid til opplæring. Og det er ikkje noko særleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg gjennomført økt 1 og 2 i joggeprogrammet, og sjølv om dei ikkje var veldig harde, så trur eg det er bra for meg å ta heile programmet frå starten. I dag har eg jogga fleire intervall på eitt minutt, med to minutt gåing mellom kvar gong. Og faktisk så er eitt minutt jogging om gongen nok for meg akkurat nå. Likevel kunne eg ha klart ein del fleire intervall; i dag var det bare 4x1 minutt med jogging. Men øktene blir jo hardare etter kvart, og eg trur det er viktig å byggja meg opp frå botnen av når det gjeld jogging, som eg til og med hadde eit veldig dårleg forhald til då eg dreiv aktivt med symjing (og hadde god kondis).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klappe: Bra jobba! (Eller egentlig bra jogga!) Nå er du i gang, det er vel i grunnen det største problemet. Kondisen kommer ganske kjapt når man kommer i gang. Jeg jogget en sesong selv, brukte ca 1/2 time hver dag, og på starten kom jeg ikke langt, men i løpet av ganske kort tid kom jeg stadig lenger og fikk lenger og lenger strekk med jogging. Jeg som ikke trodde jeg likte jogging syntes plutselig det var herlig å være ute og røre seg og ha musikk på øret. Faktisk ble vel den 1/2 timen for kort for meg på slutten. (Men så kom snøen og jeg har aldri kommet i gang med jogging igjen etterpå...)
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har snøen kome, men eg håpar at eg klarer å fortsetja med jogginga likevel, i alle fall ei stund til. Det er relativt lite snø som ligg her nå, og det er såpass tidleg at det er godt mogleg at han forsvinn for ei stund igjen.

På måndag laga eg denne eplekaka (oppskrift heilt på botnen av sida), og den var bare så fantastisk god! Det seier seg sjølv at ei eplekake med 1,5-2 kg eple smakar betre enn ei eplekake med 2-3 eple, som er standarden for dei fleste oppskrifter eg har prøvd før. Og eg hadde tilfeldigvis ca. 2 kg eple liggande, etter at eg hadde vore på Ås og plukka frå UMB sitt forskingsfelt. Den oppskrifta skal hugsast til neste år, i tilfelle det blir epleslang på Ås då óg. Eg åt farleg myjke av den kaka i går, og farleg lite anna... :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:wow: den kaka så god ut! Godt mannen og jeg har forbud mot søtsaker i ukene ;)

Snøen har vel ikke kommet for å bli enda vel? Og når det kommer snø, så legger det seg skikkelig og blir ikke til is eller slaps? *ble plutselig litt skeptisk til været i Oslo*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

abelille: Det går veldig opp og ned med snø i Oslo, både kor mykje snø som kjem, og om det blir til is, slaps, eller blir verande kald snø lenge. Sist vinter hadde me veldig mykje snø veldig lenge. Då var det sjeldan is eller slaps, men heller hardpakka snø overalt. Den snøen som kom nå har vorte til eit tynt lag med is ein del stader, men det er liksom ikkje sånn superglatt is, det er bare veldig hard (og blank) snø, om du forstår. Eg vil sei at snøen i Oslo ikkje plagar meg noko særleg, men eg kjører ikkje bil, og eg trur det har ganske mykje med saken å gjera. Eg vil oppfordra på det sterkaste til at de ikkje gjer dykk avhengige av å bruka bil til/frå jobb her, for det gjer alle andre (det er alltid kø), og biltrafikken blir stort sett hardare ramma av snø/is enn kollektivtrafikken.

Nå har eg akkurat vore ute og sett at joggeløypa mi er snø-, og viktigare, isfri. Så det blir nok ei joggeøkt (veke 2, dag 2) om ikkje så lenge. :)

Har elles bestilt hotell i Tromsø i dag. Det var nok på tide, for førstevalet mitt (Rica Ishavshotell) var heilt fullt. Men det gjer ikkje så mykje, for eg skal stort sett vera på seminar på universitetet, ikkje sitja og stura på hotellet. Eg reiser opp sundag morgon, og tenkte å prøva å sjå litt av byen/naturen på sundagen. Så er det seminar måndag og tysdag. Eg gler meg. Får faktisk reise- og opphaldskostnader dekka av skulen, som eg ikkje lenger er student ved, fordi eg skal presentera forskinga eg gjorde til masteroppgåva eg skreiv der. Nøgd. :sjarmor:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går hadde me ein middag som vart betre enn eg innbilte meg på førehand. :ler:

Eg kutta opp poteter, gulrøter, lauk og paprika, og blanda med litt olje, sitronsaft, pressa kvitlauk, salt, pepper og timian. Dette hadde eg i ei eldfast form, og steikte i ognen til det var mørt. I tillegg hadde me salat som bestod av hjertesalat, fetaost, valnøter, agurk og ein (veldig) liten sjalottlauk; dressing var olivenolje og balsamicoeddik.

Dette har me forsåvidt hatt før, men alltid som "tilbehør" til grilla kyllingbryst eller krydra kjøtboller eller noko slikt. Eg hadde jo ei aning om at det kom til å smaka ok for seg sjølv, men vart veldig positivt overraska over kor godt det var! Det må eg hugsa til ein annan gong. :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Å være avhengig av bil er helt uaktuelt, ja. Har sett på tv trafikken i Oslo. Ser jo ut til at køen står helt bom fast. Jeg klager jo når det tar 1,5 time å komme meg hjem (mot normalt 1 time), og da kjører jeg mot trafikken. Kan nok ikke forvente gangavstand til jobb kanskje, men gangavstand til en togstasjon skal vi i alle fall ha.

Siden du skal på seminar antar jeg at du ikke trenger "kulturtips" til Tromsø?

Den middagen hørtes ikke så verst ut. Jeg ble i alle fall sulten (til tross for at jeg nettopp har spist to skiver fordi jeg var sulten...)!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg bur rett ved eit motorvegkryss, og her står trafikken ganske stilt på begge vegane i rush-tida. Men tog og t-bane er jo ikkje avhengig av vegtrafikken. :)

Eg tek gjerne imot tips til kva eg kan gjera ein sundag i Tromsø, for eg reiser sundag morgon, og seminaret er måndag og tysdag. Men eg har heller lite pengar, så eg tenkte at eg stort sett skulle sjå meg rundt, kanskje ta litt bilete dersom eg bestemmer meg for å dra på kameraet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har eg klart å fiksa meg jobb fram til jul, truleg frå 13. november. Det blir der eg hadde sommarjobb i fjor sommar, same selskapet som eg har jobba litt i resepsjonen for etter det. Men nå er det snakk om fagleg arbeid igjen, og det er jo alltid positivt. :) Eg trivdest veldig godt der sist, så eg gler meg til å koma tilbake.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En søndag i Tromsø på lite budsjett, hmmm... Jeg har da vært student der, så det burde være et enkelt oppdrag.

For meg er det ikke Tromsø uten kaffedrikk på Markens grøde. De har en helt fantastisk greie med noe hasselnøttsirup og sjokolade og alt mulig annet godt. (Hadde klippekort, så det føltes ikke så ille). Av annen mat er blårock-burgeren legendarisk (selv har jeg smakt bedre, men den hører visst med). Vær forresten obs på at det ikke er uvanlig med salat oppå pizzaen i Tromsø. Alle steder jeg forteller om det vil de helst legge meg inn på psykiatrisk. (Og jeg bodde rett ved siden av det sykehuset der oppe, ja...) På søndager ligger hurtigruta til kai ganske lenge, da er det mulig å gå ombord på omvisning eller sitte å kose seg i salongen (var en flamme som likte å gjøre det, ganske avslappende i grunnen, men kanskje ikke det man vil gjøre dersom man vi "se" Tromsø.) Ellers... Polaria er jo ganske populært, men det koster så vidt jeg husker litt da. Og det er ganske gøy å se desperate menn som står og venter på at mack-kjelleren skal åpne kl 9 om morgenen (jada, jeg vet at man ikke skal kose seg med andres ulykke, men...) Nå er nok kabelbanen stengt, men ishavskatedralen er sikkert mulig å få med seg (to år i Tromsø, og jeg klarte det ikke...) Også ligger jo både domkirka og våre frues kirke i storgata da, så de kan du nesten ikke unngå å få med deg. Vil du ha en "ekkel" opplevelse anbefales en tur forbi sildoljefabrikken, det lukter... (er et stykke å gå da). Tromsø har forresten også et nonnekloster (mener det var snakk om at det var det eneste i Norge, men er ikke sikker). Er ikke åpent for publikum, men det er selvsagt mulig å gå forbi. Det ligger i så fall i Åsgårdveien. Universitetsområdet er nok ikke særlig livlig på en søndag, men det kan være at studenthuset er det (det åpnet helt i slutten mens jeg bodde der, så jeg kjenner ikke så mye til det). Ellers anbefales gode sko, husk det er et "fjell" (føltes i alle fall sånn på vei hjem etter skole/byen) midt på øya!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Tromsø var heilt topp, både byen og konferansen. :)

Og nå blir eg headhunta, som eit ganske direkte resultat av at eg traff eit par personar på konferansen. For ei veke sidan skjedde det fint lite, nå har eg plutseleg arbeidsgjevarar som slåss om meg. :overrasket: (Eg hadde jo eit tilbod for ei veke sidan, men det var ikkje spesielt mykje "action" likevel...)

Endret av apple
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har eg bestemt meg for jobb, og me blir nok ikkje naboar, abelille. Den jobben eg sa ja til ligg óg godt utanfor byen, men på vestsida. Og eg får nok ikkje prøvd meg på lønnsforhandling, for dette er óg ein statleg jobb, i ein anna institusjon som er organisert på same nivå, og under same departement, som den forskarjobben eg nesten tok. Men lønna eg får her er faktisk litt over 50000 betre i året enn forskarjobben, og det er jo ikkje så dumt! Samtidit så er dette den jobben eg til slutt fann ut at eg har mest lyst på fagleg sett. Det er ikkje forsking, men det er ikkje langt ifrå; det er veldig teoretisk, og direkte relatert til det fagområdet eg er absolutt mest interessert i. :)

Eg begynner i denne jobben rett over nyttår (tilsetjing frå 1/1). Frå og med veka som var, og i ein månad (fram til litt før jul), så arbeider eg der hadde sommarjobb i fjor sommar. Det er fagleg relatert arbeid, men ikkje akkurat yndlingsområdet mitt innan mitt fagfelt. Men det er betre enn å sitja i resepsjonen, som eg óg har gjort ein del i det selskapet. Arbeidsoppgåvene i resepsjonen er forresten heilt ok, men det faktum at ein ikkje kan forlata resepsjonsområdet utan å få tak i nokon andre som kan sitja der kan følast ganske klaustrofobisk til tider.

Endret av apple
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Grattis med ny jobb! Flott at du fikk en jobb du ville ha. Det har du fortjent etter all jobbsøkingen! Og til og med har jobb frem til du begynner der, det er jo greit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Gratulerer med ny jobb! :klem:

Deilig å vite kva du skal, tenkjer eg - hugsar i alle fall det sjølv etter den hektiske jobbsøkingsperioden, at det var deilig når ein hadde bestemt seg og visste kva ein skulle...

Håpar det går fint elles! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

:klem: til Pip og abelille!

Eg trur eg treng ein pause frå KG ei stund, har nok anna å driva med for tida, og har aldri lyst å skriva noko her. Så eg kjem nok ikkje til å skriva noko på ei stund, så får me heller sjå om eg kjem tilbake utpå nyåret ein gong.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...