apple Skrevet 2. juni 2006 Forfatter #121 Del Skrevet 2. juni 2006 Sliten! Eg kom heim i halv fem-tida, og då reiste me rett ut på handletur; først fliser og tilbehør på Maxbo, og så ein del andre ting til kjøkkenet, m.a. belysning, på IKEA. Vel heime igjen så har me børsta og prima kjøkkenveggane slik at dei er klare til fliselegging, og så har me flytta ferdig samanskrudde kjøkkenskåp frå stova og ut på kjøkkenet. Dessutan har me flytta vaskemaskina ut på badet, og flytta alle restar av gammal kjøkkeninnredning ned i kjellaren. Nå skal eg sova! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 2. juni 2006 #122 Del Skrevet 2. juni 2006 Velkommen hjem igjen. Høres ut som om du har hatt en fin tur! Skjønner deg godt som ikke har lyst til å dra hjem, ville nok likt å være der nede i sol og varme jeg også Forresten, gratulerer med innlevert førsteutkast! Jeg driver for tiden å leser (hører lydbok i bilen) "den digitale festningen". Hørte noen si at dersom du visste noe som helst om data burde du holde deg unna, men så langt har den vært spennende (nesten sånn at det var greit å stå i kø og ha omkjøring i går). Man må ta det for det det er, og det er ikke noen voldsomme feil foreløpig. Skjønt jeg stusser litt på om ideen bak "den digitale festningen" stemmer. Hvordan klarer liksom datamaskinene å dekryptere det selv med nøkkel når kodeknekkeren ikke klarer å finne nøkkelen fordi den angivelig forandres? Og hvordan kan en krypteringsprogram som er kryptert med seg selv brukes på en hvilken som helst datamaskin? Må det ikke dekrypteres på en eller annen måte først? Kryptering er ikke mitt fagfelt, så det er godt mulig at det er helt naturlig. Anyway, Jeg tar boka for å være det den er: skjønnlitteratur. Den kunne nok fort blitt ganske kjedelig dersom forfatteren ikke diktet litt fritt. Ha en strålende helg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 2. juni 2006 Forfatter #123 Del Skrevet 2. juni 2006 Takk for det, abelille! Det er forsåvidt greitt å vera heime, men her er det så mykje som må gjerast. I Italia så var det liksom bare oppgåva som stod på, så sjølv om oppgåva kunne stressa meg, så var alt anna så avslappa. Her er det oppussing og ting å gjera heile tida. Eg har ikkje lese "den digitale festningen", så eg veit ikkje heilt om det som står der er naturleg eller ikkje, men eg må sei at eg vart nyfiken nå, og fekk lyst å lesa. Men det må uansett bli etter at oppgåva er levert. I kveld kjem foreldra mine for å vera med og henga opp kjøkkenmøbler. Dei blir verande til sundag kveld. Så då blir me fire stk. i ein leilighet som er ganske rotete og full av kjøkkenting over alt, fordi gamle kjøkkenskåp er rivne ned, men nye er ikkje hengde opp endå; dessutan så har me ikkje varmt vatn, og me kjem til å bli ganske skitne av å arbeida på kjøkkenet. Men det er brakker utanfor der me kan dusja. Eg har ikkje brukt dei endå, men me får satsa på at dei er greie. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 3. juni 2006 #124 Del Skrevet 3. juni 2006 Gode tankar midt i oppussingskavet - tippar det vert utruleg deilig etterpå då! :D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 10. juni 2006 Forfatter #125 Del Skrevet 10. juni 2006 Hei Pip! Det er litt kav med oppussing, ja, men eigentleg ganske kjekt òg. Nå har me akkurat lagt fugemasse på resten av flisene, og mannen driv og legg silikon eit par stader. Det begynner å sjå veldig fint ut på kjøkkenet nå. :-D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 10. juni 2006 Forfatter #126 Del Skrevet 10. juni 2006 Torsdag og fredag var eg på skulen, for siste gong. Me hadde framføring av masteroppgåver. Det var kjekt å sjå kva dei andre hadde fått til, men eg vart elles litt skuffa over opplegget rundt. Eg hugsar at det var "ein stor dag" då klassen min presenterte bachelor-oppgåvene våre, men desse masterpresentasjonane verka liksom ikkje så viktige. I går kveld var det avslutningsfest, og for det vart eit uttalt mål for enkelte i klassen å sjenka meg full, basert på at eg hadde uttalt at eg ikkje likar skikkeleg fulle folk, og at eg ikkje pleier å drikka så veldig mykje sjølv. Eg må sei at dei ikkje lukkast så veldig godt, eg vakna i alle fall ikkje opp i redusert form i dag, og eg har eit klart minne om kva som skjedde i går. Det inkluderer at eg fekk alt eg drakk gratis fordi dei andre skulle sjenka meg. Eg har tenkt å jobba litt meir med oppgåva før eg må levera 1. juli, men eg er usikker på kor mykje det blir. Vegleiar er eigentleg godt nøgd, og då må eg innrømma at motivasjonen min dett litt. Men eg har eit par ting eg ikkje er heilt nøgd med sjølv, inkludert talet på eksperiment som eg har kjørt, så det er mogleg at eg set i gang ein del eksperiment, og bare let dei stå og gå i ein del dagar... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 12. juni 2006 Forfatter #127 Del Skrevet 12. juni 2006 apple er glad i det fine sommarveret! Det vart jo nesten slik at eg kom rett heim til det same veret som eg hadde i Italia. Nå er kjøkkenet omtrent ferdig, og det vart veldig fint! Det som gjenstår er foring mellom veggskap og tak, kjøpa litt fleire hyller og andre småting som me treng for å få rydda alt på plass, og til slutt sjølvsagt å rydda alt på plass i skåpa. I tillegg så har me ein vegg som me har rive ned fliser og tapet frå, som me må gjera noko med, men det tek me på sikt, saman med tak- og golvlister, og ny dørterskel. Nå held eg på å laga middagssalat med lettkokt brokkoli, kokte gryn (uvisst kva type, eg kjøpte dei i Italia, og eg klarte aldri å finna ut heilt kva det var, men det smakar i alle fall godt), grilla paprika, spinat, og dressing av sitron og olivenolje. Det er dessutan mogleg at eg sleng oppi noko feta etterkvart. Håpar det blir godt. Og så agurk, ja; eg visste det var noko eg hadde gløymt... I går laga eg indisk medan mannen fiska lys under veggskåpa. Det var jammen godt å laga skikkeleg mat igjen, etter at kjøkkenet har vore bare delvis brukandes under oppussinga. Men nå står komfyren permanent der han skal stå, og me har til og med ventilator over, så nå er det godt alt! Har elles gitt blod i dag, så nå har eg fire greie vinglas som eg kan slenga i oppvaskmaskinen, og som eg ikkje er redd for på nokon måte. Eit mål for dagen er å prøva å oppdatera CVen min, og eventuelt å tenkja på å setja i gang nye eksperiment for oppgåva mi. Men eg kjem ikkje til å stressa med nokon av tinga. Eg er litt i feriemodus nå etter at eg har framført, og vegleiar seier at han er nøgd med oppgåva som ho er. Men eg håpar å få gjort litt til før eg leverer. Men nå skal eg flå paprika. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 12. juni 2006 Forfatter #128 Del Skrevet 12. juni 2006 Det ser ut til at eg har klart å sletta alle versjonar eg hadde av den CVen eg brukte då eg søkte sommarjobb i fjor. Eg er stort sett flink til å ta vare på litt for lite når eg skal rydda, for eg blir så gal av å driva å lagra ting eg aldri får bruk for. Nå vurderer eg faktisk å skriva ein mail til HR der eg jobba i fjor, og spør om han har CVen liggjande. Men eg føler at det kanskje blir litt for dumt, sjølv om me har ein veldig uformell tone. I morgon skal eg definitivt ta ein sykkeltur i marka, eg er bare litt usikker på kvifor ei mark. Så får eg sjå om det kanskje blir ein tur på IKEA, og forhåpentlegvis klarer eg å klekka ut ein CV, sjølv om det kanskje må bli ein heilt ny ein. Eg laga forresten iste i dag, av solbærte, også skviste eg ein sitron oppi. Den vart god, men ikkje søt nok. Det er forsåvidt ikkje så vanskeleg å gjera noko med, det er bare å ha i meir sukker. Men eg får dårleg samvit når eg står og heller store mengdar sukker oppi noko eg opprinneleg ikkje hadde tenkt på som dessert/utskeiing. Uansett, isteen smaka i alle fall forfriskande i varmen, og blandinga av solbærte og sitron var veldig god, det vart liksom solbærtoddy, bar ikkje så kvalmande søtt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Gjesta Skrevet 12. juni 2006 #129 Del Skrevet 12. juni 2006 Det er lurt å lage en mappe pr. søknad, og legge alle filer du bruker oppi den, selv om du for eksempel kan finne på å bruke samme cv flere ganger. Det er i hvertfall det jeg gjør, og jeg føler meg da superorganisert. Jeg må jo være det på ett område, i det minste. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 13. juni 2006 Forfatter #130 Del Skrevet 13. juni 2006 Det er heile mappa med søknad, CV og anna info for dette selskapet eg har mista. Det har nok skjedd ein gong eg installerte nytt OS og tok backup ved å kopiera heimekatalogen min over på mannen sin maskin i staden for å brenna til CD. Dersom eg har gjort dette meir enn ein gong, så har eg sletta det første eg kopierte over på hans maskin. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 13. juni 2006 #131 Del Skrevet 13. juni 2006 Det er greit å ha en kopi av alt av søknader og cv'er, ja. Ofte dukker det opp jobber som likner på noe du har søkt på før, og da er det greit å se etter hva du skrev sist. Eller når det dukker opp nye jobber på samme sted og du vil søke på nytt. Men akkurat nå sitter du vel og dunker deg i hodet og er irritert, så jeg trenger kanskje ikke fortelle deg på det... Dessuten kan ikke alle være like paranoide som meg som har en kopi på datamaskina og en i en perm. (Har kastet ut det meste i permen nå, men da jeg var i den mest hektiske jobbsøkerfasen var den grei. Kjekt å ha utlysningsteksten dersom man blir kalt inn til intervju) Det gode med å ha slettet CV'n er at du får sett på den med helt nye øyne. Ha en fortsatt strålende dag! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 13. juni 2006 Forfatter #132 Del Skrevet 13. juni 2006 (endret) Eg trynte på sykkel i Østmarka. Eg hadde for stor fart i ein sving, som viste seg å vera lengre enn eg trudde. Så då torte eg ikkje anna enn å bremsa, noko som sjølvsagt førte til at sykkelen forsvann under meg. Dette var første turen min med sykkelsko, og eg fekk ikkje løsna skoa frå pedalane heilt med ein gong. Så eg landa midt på overleppa, eller slik kjendest det i alle fall ut (bilete). Det var VONDT! Eg sykla så i sneglefart til Rustadsaga, der eg fekk vaska bort det verste av blod og grus, før eg sykla heim, framleis i eit ganske lågt tempo. Endret 13. juni 2006 av apple Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 13. juni 2006 Forfatter #133 Del Skrevet 13. juni 2006 Eg ser på fotballkamp mellom Brasil og Kroatia, men kjedar meg. Rart eigentleg; for to år sidan såg eg så godt som alle kampane i EM, men nå synest eg bare at det er kjedeleg. Eg har alltid sagt at det er lite action i fotball; eg likar betre handball, og individuelle idrettar som friidrett, symjing, skiskyting m.fl. Men eg har likt å sjå spanande fotballkampar likevel; det har tydelegvis endra seg nå. Hevelsen i leppa har gått kraftig ned, men alle såra som gror i leppa og under nasen kjem nok til å sprekka mange gonger dei neste dagane. Det går i alle fall betre... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 16. juni 2006 Forfatter #134 Del Skrevet 16. juni 2006 Eg har visst hatt eit par travle dagar. På onsdag var eg ute av huset heile dagen, for røyrleggjaren stengde av vatnen vårt i 12 timar! Eg var først ein tur innom tannlegen for å sjekka at eg ikkje måtte fiksa på tennene som følgje av sykkelepisoden; det ser ut til å gå greitt. Så gjekk eg frå Nydalen til sentrum, var innom Café Sør og hadde ein veldig god sandwich, og så høyrde eg på konsert med korpset mitt. I går var eg på nytt treningssenter for første gong etter innmelding, og så var eg på ein koseleg middag på Grünerløkka etterpå. I dag er eg oppe tidleg, for eg skal på gjesteforelesning på skulen. Forelesaren er medforfattar på den artikkelen eg har brukt mest direkte i arbeidet med masteroppgåva mi; den andre forfattaren av den artikkelen er vegleiaren min. Håpar det blir interessant! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 16. juni 2006 #135 Del Skrevet 16. juni 2006 I går var eg på nytt treningssenter for første gong etter innmelding ← Det hørtes litt ut som om det var en stund siden du meldte deg inn. Er du som meg som er flink til å finne grunner til å ikke trene? (Fint vær er en gyldig grunn, ikke sant?) I dag har jeg treningssekken med, så jeg skal sparke meg avgårde. Det gjør jo egentlig godt. (Også er pulsklokka en god motivator. Tro om jeg klarer enda høyere puls og bedre kalorinivå enn sist). De skrubbsårene så ikke helt gode ut. Håper de gror fort og at du klarer å ikke plukke på ruren. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 16. juni 2006 Forfatter #136 Del Skrevet 16. juni 2006 Nei, eg meldte meg faktisk inn sist veke, og har hatt det veldig travelt etter det, så eg syntest eg var ganske flink denne gongen. Men sånn generelt går nok motivasjonen veldig opp og ned; eg likar eigentleg å trena, men å koma seg ut døra er det verste. Dette nye senteret har ei litt kul elektronisk treningsdagbok, som oppdaterer seg automatisk når eg set den trådlause dingsen min inn i treningsapparata medan eg trener. Denne dingsen har dessutan treningsprogrammet mitt lagra på seg, så det er bare for meg å følgja instruksjonar på skjermen. Dette er ein festleg motiverande faktor akkurat nå, men eg er usikker på kor lenge det varer... Eg melde meg eigentleg ut av det gamle senteret fordi dei hadde for begrensa opningstider. Det nye senteret har døgnope, utanom at det er stengt om nettene i helgene, så nå forsvinn unnskuldninga "Det er stengt"... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 16. juni 2006 #137 Del Skrevet 16. juni 2006 AUUU - den leppa såg ikkje god ut! Og heile episoden forsterka no mine fordommar mot sykkelsko - eg har ein sterk skepsis mot slike, nettopp fordi eg ser for meg slike høve... Grattis med så godt som ferie! Følest det ikkje veldig OK at du med relativt god samvittighet kan levere det produktet du no har? Men skjønar deg jo viss du kjenner på at det er meir som kunne/burde vore gjort - men så er det vel ofte slik at me vert aldri 100 % nøgde med eige arbeid... Veit forresten ikkje om det vert mannebygd-tur på oss i sommar... Me hadde planlagt det nokså i starten av ferien (vil ikkje sitje der oppe når det er farleg nær termin...), men då har svigers bestemt seg for å reise vekk i 4 veker, så det spørst... Skal de dit, forresten? Er du ute og kosar deg i sola, eller? Eg sit og jobbar, men er trøtt, sliten og relativt umotivert. Ein del ting MÅ jo gjerast før helga, medan nokre få kan utsetjast bittelitt...kan godt hende eg utset nokre småting, ja... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 17. juni 2006 #138 Del Skrevet 17. juni 2006 Det treningssenteret høres fantastisk ut da. Eletronisk treningsdagbok og døgnåpent. Selv er jeg ikke så glad i styrkesalen, jeg foretrekker sal-timene. Men dersom det hadde eletroniske duppe-dingser som registrerte masse for meg hadde det vært en god motivasjonsfaktor. Selv har jeg omtrent en million "gode" unnskyldninger for å ikke trene. (Hvor lenge kan man egentlig bruke "godt vær" som unnskyldning for å ikke trene?) Men jeg savner litt muligheten til morgensvømming. (OK, så kan jeg vel strengt tatt kjøre en omvei for å få svømt på morgenen, men de åpner litt for sent, og dessuten er det vanskelig å komme seg opp tidlig nok. God på unnskyldninger? Ja!) Ha en fortsatt strålende helg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 18. juni 2006 Forfatter #139 Del Skrevet 18. juni 2006 Veit forresten ikkje om det vert mannebygd-tur på oss i sommar... Me hadde planlagt det nokså i starten av ferien (vil ikkje sitje der oppe når det er farleg nær termin...), men då har svigers bestemt seg for å reise vekk i 4 veker, så det spørst... Skal de dit, forresten? ← Me skal opp i 60-års-selskap til svigerfar 1. juli. Reknar med at me reiser opp fredag (30. juni) ettermiddag, og heim igjen nokre dagar etter helga, truleg onsdag 5. juli. Det hadde jo vore veldig kjekt om de òg var der då, særleg etter helga, men det er vel kanskje ikkje noko poeng i det dersom svigers ikkje er der uansett? Det går veldig bra med leppa mi nå, men eg forstår jo skepsisen mot sykkelsko. Eg kjem likevel til å halda fram med å bruka dei, for bortsett frå den eine episoden så var eg svært nøgd; det fungerte spesielt godt i oppoverbakkane. Og eg bør jo uansett ikkje mista kontrollen i svingane, så eg reknar ikkje med at det blir eit stort problem; dessutan så reknar eg med at eg får opparbeida ein slags refleks på å løsna skoa frå sykkelen når balansen sviktar litt etter kvart. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 18. juni 2006 Forfatter #140 Del Skrevet 18. juni 2006 I ettermiddag/kveld har eg truffe ei venninne som er innom Oslo mellom eit par ferieturar. Det var veldig kjekt. Ho kom først heim til meg, og så gjekk me ut og åt med ein del andre vennar av henne (som eg òg har blitt ganske godt kjent med etter kvart) utpå kvelden. I går var me på IKEA for å kjøpa litt småting til kjøkkenet, inkludert fleire hylleplater til veggskåpa. Men det var utsolgt for nesten alle hyllene me treng! Utruleg irriterande! Me hadde lånt bil av tanta mi for å få med oss ting. Men heldigvis fekk me kjøpt alt det andre me hadde tenkt på, så då skal det heller gå greitt å få med seg desse hyllene på bussen ein annan gong. Det er heller ikkje vanskeleg å få låna bilen ein gong til, men det blir litt meir organisering enn å bare hoppa på bussen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå