Gå til innhold

Ciphertext


apple

Anbefalte innlegg

Eg har vel eigentleg ikkje noko problem med å finna tilbehør til jordbær, altså, så det går nok greitt. :)

I dag har me vore i Vatikanet. Me var inne i Peterskyrkja, og så var me og såg på grava til pave Johannes Paul II. Greitt nok det, men det er jo så myjke folk over alt. Tenker at me reiser hit i november eller februar eller noko slikt ein gong, og gjer unna dei mest populære turistattraksjonane i Roma då...

Var dessutan innom Lush og bytta ein sjampo som eg faktisk fekk feil sist gong eg var der. Det var rett og lett eit anna innhald i pakken en det som stod på. :overrasket:

Kjørte litt simuleringar i natt og medan me var i Roma i dag, og eg har nå litt peiling på kva slags resultat eg får, så nå skal eg nok snart starta dei eksperimenta som kjem til å bli rapporterte i oppgåva. Mogleg at eg tek ein testomgang til først, men det får me sjå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Nå er eg sliten i hovudet, etter å ha brukt store delar av dagen til å endra skildringa av metoden min, inkludert haugevis av figurar, til å reflektera versjon 2 av metoden. Versjon 1 vart litt for ineffektiv...

Nå ventar eg spent på resultata; køyrer ei stor simulering akkurat nå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:flagg:

Saknar ikkje norsk feiring i det heile, men har ikkje noko imot det når eg er i Noreg heller. Men eg har nok eit veldig spesielt forhald til 17. mai-feiring, ettersom eg har spelt i korps kvart år frå og med 3. klasse på barneskulen (minus dei åra eg har vore i utlandet).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Held på å produsera meir resultat.

Resultata mine generelt blir nok ikkje heilt som eg/vegleiar hadde håpa på, men alle resultat er jo gode resultat for oppgåva, så sant dei ikkje var totalt openlyse på førehand, og det kan ein i alle fall ikkje seia om mitt prosjekt. Det einaste dumme med litt "nedslåande" resultat er at det nok er vanskelegare å få presentert resultata av oppgåva mi på ein konferanse enn dersom eg hadde hatt positive resultat. Nå er det ikkje veldig viktig å få presentera på konferanse, men eg har veldig lyst. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har bada i sjøen, og bølgene var perfekte! :sjarmor:

Held nå på å skriva resultat-delen av oppgåva, men alt går litt treigt på dataen, for eg held framleis på å kjøra nokre simuleringar. Men etter denne omgangen (truleg ferdig i morgon ein gong), så får eventuelle fleire simuleringar venta til etter at førsteutkastet er heilt ferdig. Eg er ganske sikker på at fleire eksperiment ikkje vil endra noko særleg på resultata, bare "fylla dei ut" litt.

Nå kom akkurat onkel + sambuar heim, etter ei veke i Noreg. Onkel hadde kjøpt norsk spade, for han likar ikkje dei italienske. :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Då er eg ferdig med førsteutkastet til eksperiment-kapitlet. Spesielt den delen der eg rapporterer resultat synest eg er ganske dårleg, så eg må nok jobba meg godt gjennom den delen ein del gonger til, men nå har eg i alle fall noko der. Tenkte at eg skulle begynna på diskusjon av resultata i morgon, håpar det ikkje tek for lang tid, for nå må vegleiar snart ha førsteutkastet av heile oppgåva. Har faktisk bare tre dagar på meg til det. :overrasket:

Eg har bada i dag igjen; eg fortalte sambuaren til onkelen min at eg likar å gå ein tur på stranda kvar dag, og ho ville gjerne vera med i dag. Ho hadde med handklede og bikini, så då tok eg med badedrakt og handklede (bikini trur eg ikkje eg har for tida). Ho kjende på vatnet, men meinte det var litt kaldt, så då solte ho seg medan eg bada. Perfekt for meg. :) Det var ikkje like kjekt i dag som i går, for bølgene hadde vorte mykje mindre, men absolutt godt likevel. :briller2:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til med å ferdigstille førsteutkast! :)

Høres perfekt ut å kombinere intensiv hovedoppgaveskriving med bading og strandturer ved Middelhavet...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

piaf: Takk for det! Og, ja, det er eigentleg ganske perfekt å vera her nede og skriva. :)

Nå har eg sjølvsagt ombestemt meg, og held på å skriva om eksperiment-kapitlet slik at det blir betre, i staden for å skriva diskusjonen, slik som eg hadde planlagt. Det viste seg nemleg at det vart vanskeleg å diskutera dårleg presenterte resultat. Og resultata viste seg å vera dårleg presenterte rett og slett fordi eksperimenta ikkje var grundig forklarte og forsvarte. Men nå blir sjølvsagt alt mykje betre. :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er bra at det "går likar no" (som jeg ville sagt). Det går nok bra med innlevering av oppgave.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har eg endra litt på algoritmen min, for å sjå om det gjev betre resultat. Det er fullstendig galskap, for eg skal ha ferdig førsteutkastet for oppgåva på torsdag, og då har eg eigentleg ikkje så god tid til å generera nye resultat (med den nye, forbetra algoritmen), for så å rapportera desse og diskutera dei, og konkludera det heile. Men eg klarer ikkje å la vera, for eg vil vita om dette er ein betre måte å gjera det på eller ikkje. :sur::overrasket:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Galskap, galskap. Den nye algoritmen viste seg å gje betre resultat, så nå held eg på å byta ut dei gamle resultata med dei nye i oppgåva. Dei nye resultata er basert på færre eksperiment enn dei gamle, for eg hadde ikkje tid til like mange, men eg satsar på å kjøra fleire eksperiment tidleg i juni, etter at førsteutkastet er levert.

Elles så må eg skriva om kapitlet som skildrar metoden min, igjen! Håpar det blir mindre endring på figurar denne gongen, for det tok ganske mykje tid sist.

Og så må eg få skrive diskusjon, konklusjon og "future work", helst i dag. Men eg rekner med at eg kan bruka morgondagen òg, for vegleiar er nok ikkje på jobb då uansett.

HJEEEELP!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Førsteutkast er sendt til vegleiar! :hoppe:

I morgon håpar eg å gjera veldig lite. Kanskje til og med ligga på stranda ei stund? Nå skal eg i alle fall sova med godt samvit. :sove:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer! :dagens-rose:

Så flott at endringen du gjorde i siste liten fungerte så bra - men det hørtes ganske nervepirrende ut. Håper du sover søtt og godt framdeles! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, piaf!

Eg sov til 11:30, då vakna eg av at mor ringte, men det passa eigentleg greitt å stå opp då. Etter det har eg vore på stranda og solt meg. Det vart ganske kjedeleg, sjølv om eg hadde musikk med, så eg satsar ikkje på å gjera det fleire gonger. Men det var liksom så befriande å kunna gjera ingen ting!

Nå hadde eg tenkt å laga pizza, men eg fekk akkurat beskjed frå onkel om at eg ikkje måtte eta for mykje akkurat nå, for eg blir sikkert med ut på pizza seinare i kveld. Så då tenker eg at eg tek litt salat nå, og kanskje litt jordbær, så får eg heller laga pizza etter helga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Mail frå vegleiar sa at han var "very satisfied with your work". :smilorange:

Eg treng bare å gjera eit par små endringar, så kan eg levera det eg har som "offisielt førsteutkast". Eg synest det er litt rart, men me må faktisk levera det til skulen. Eg håpar sjølvsagt å bruka juni til å forbetra det eg har ganske mykje, men det er jo uansett kjekt å vita at eg ligg bra an til nå.

I kveld har eg installert Kubuntu Linux på den nye Mac Minien til onkelen min, så nå sit eg her med to Mac Miniar som kjører Linux. :sjarmor: Nå skal eg bare installera eit par ting til som han ville ha, så blir det kanskje litt Linux-opplæring i morgon. Det er mogleg at eg bør gje han ei lita innføring i Mac OS X òg, for sjølv om eg ikkje brukar det så mykje så veit eg nok ein del meir om det systemet enn han gjer. Han arbeider stort sett bare i Windows, men vil vera fleksibel slik at han kan ha kundar som brukar Linux eller OS X.

Endret av apple
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har me vore ute og bada i ei varm kjelde, som haldt ca. 50° C. Det vart vel eigentleg litt for varmt for meg, spesielt sidan det var litt over tjue grader i lufta, og steikande sol. Men nå likar ikkje eg badstu heller då. Det var svovel i desse kjeldene, og det varme svovel-vatnet skal visst vera bra for eit eller anna.

Etter badinga var me innom ei arkeologisk utgraving - det er nok av dei her i området. :ler: Dette var eit gammalt romersk bad, der dei visst mellom anna hadde nytta seg av slikt varmt kjeldevatn.

Eg har fiksa dei tinga vegleiar ba meg fiksa før eg skal levera førsteutkastet. Nå trur eg kanskje at eg skal begynna å tenka på presentasjonen eg skal halda neste veke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg gått ein lang tur langs stranda, med innlagt bading. Eg målte temperaturen i sjøen, og han var på 19,5° C. Etter badet så la eg meg på stranda ca. ein halvtime eller noko slikt. Akkurat lenge nok til å nyta det, men likevel ikkje begynna å kjeda seg. :briller:

Nå har eg laga pizza, med god og tjukk botn. Skal eg ha tynn botn er det bare å gå på nærmaste pizzeria. Ein ting eg likar veldig godt med Italia er at det er veldig lett å laga skikkeleg tomatsaus av ferske tomater, i alle fall dersom ein vel ein type tomater som ser saftige og skikkeleg raude ut. Dei har eit enormt utval av tomater i butikkane, skulle trudd dei ikkje åt anna her. Det er kanskje sant òg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore på stranda for siste gong. :( I morgon reiser eg heim, og det blir jo kjekt det, men eg kunne godt ønska meg 20° og sol heime òg, og helst ei sandstrand og skikkeleg sjø, ikkje bare fjord.

Eit par rare ting eg har lagt merke til denne månaden:

- Det ligg småbåtar ved stranda her, dei ligg stort sett på inngjerda område heilt nede ved sjøen. Dei ligg på land heile året, og når dei skal brukast så blir dei heiste opp av området, og ut, og sette ned på sjøen att av ein heisekran! :overrasket: Eg har aldri sett dette i aksjon, trur ikkje det er heilt sesong endå, men dei heisekranane står der som svære monument, og ser unekteleg ganske rare ut.

- Langs stranda står det ofte fiskarar. Dei har ganske lange, og kraftige fiskestenger, som dei set i stativ som dei har stukke godt nedi sanden. Dvs. først kastar dei laaaangt ut, og så set dei stanga i stativet. Dei brukar ein rar kombinasjon av lodd og noko flytegreier som gjer at kroken blir liggjande langt ute, snøret ser nesten ut som om det går parrallelt med sjøen utover. Så har kvar mann (eg har bare sett menn) minst to stenger, og så sit dei heile kvelden og ser på stengene. Etter at det har blitt mørkt så har dei ei lita lyskjelde på stanga eller snøret, slik at dei kan sjå når dei får napp. Får dei napp, så reiser dei seg og går og prøver å dra fisken i land. Eg har bare sett ein gong at nokon fekk fisk, og den fisken var veldig liten. Desse fiskarane ser forresten veldig rart på meg når eg joggar forbi med sandalane i handa etter at det har vorte mørkt. :ler:

Nå har eg ete is med onkel og sambuaren hans. Eg har ei hårklemme med ei matematisk likning som motiv. Denne likninga er 3y + sqrt(x) = 7. (sqrt(x) betyr kvadratrota av x). Sambuaren hans lurte på om det var noko spesielt med den likninga, og det er det forsåvidt ikkje, men det vart ein diskusjon om korleis grafen til denne ville sjå ut, så eg løyste for y, og fekk plotteprogrammet mitt (gnuplot) til å teikna. Eg fekk nedste halvdel av ein liggjande parabel, og onkelen min meinte at det var feil, for den øvste halvdelen skulle òg vera med, for det var jo bare å kvadrera på begge sider, så fekk ein ei annangradslikning. Men eg fekk til slutt forklart for han at når ein kvadrerer så får ein dobbelt så mange løysingar, så då vart alle nøgde til slutt.

Nå skal eg prøva å jobba litt med presentasjonen eg skal halda neste veke, og så skal eg pakka. Eg gler meg til å koma heim til mannen, og til å få avslutta masteroppgåva, men eg har så lite lyst å reisa frå det fine veret og det avslappande livet eg faktisk har hatt her, trass i oppgåveskriving.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...