Gå til innhold

Silvusvås


silvius

Anbefalte innlegg

Masse gode lykke til vibbar er på veg sørover! :D

_____________________________

-------------------------------

________________________

----------------------------

--------------------------------------------------

_______________________

_________________________________

------------------------

Kos deg med resten av skrivinga i natta! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Da var omsider eksamen levert! Godt å få den unna! Satt oppe til 4 i natt for å få den ferdig!!! :o Så nå er det berre ein igjen før det er sommerferie! :P

Iallefall, oppdatering ja.. Kortid skreiv eg sist skal tru.. :klø: Før eg var heima iallefall... Då e da tilbake til planlegging av utdrikningslaget trur eg. :P

Eg er egentlig glad for at det er over! Særlig siden eg måtte forandre på opplegget berre 5 dagar før det heile skulle skje!!! :sur: Fantastisk nyhet du kom med Linn3c, men den passa litt dårlig akkurat der og da. Så go-carten vi skulle på vart plutselig "dobbelt-booka" :ler: Så då vart det bowling istaden :wink:

Det var kjempekjekt! Her er gjengen som var med på laget :P

Etter bowlingen vart det ein deilig middag, før det var tid for overlevering og gjennomgang av et album som eg har satt sammen av helsingar som alle deltakarane og nåken andre hadde skrevet. Etter den sentimentale delen med albumet var det tid for kveldens underholdning; dildoparty!! Det løsna virkelig på stemningen!! :hoho:

Linn3c's versjon av utdrikningslaget kan du lese her.

Etter utdrikningslaget hadde eg berre ein forelesning i veka etter, og det var den siste forelesningen, så den skulka eg... :-? Men då kunne eg vera heima fram til bryllupet :-)

I løpet av tida eg var heima fekk eg meg sommarjobb!!! :P I ein bolig for psykisk utviklingshemma! Gleder meg til å begynne. Eg skal kanskje på ein sommarleir for barn og. Håper eg får reisa! Det kjem nok til å bli fryktelig slitsomt, men veldig lærerikt og!!

Det vart ikkje så masse eksamenslesing når eg var heima... :-? Veit ikkje heilt ka eg gjorde med tida egentlig. Var på besøk hos eine søstera mi, den yngste dattera hennas hadde bursdag tirsdag 10. mai, så eg hjalp ho litt i barnebesøket. Så var det tilbake dit helga etter for å vera med i familiebesøket (14. mai), og deretter ut igjen på 17. mai!! :P Det vart veldig masse fram og tilbake der. Broderen og forloveden hans var også heima i pinse-helga. Kjekt å sjå dei att. Dei skal gifta seg 6. august i år! :P

Ellers så likar eg å tru at eg hjalp Linn3c litt med forberedelsane, veit ikkje heilt kor sant det er, men eg kan jo leva i håpet :P:P

Så var det bryllup ja. Tale og greier... Det er nåke av det eg har grudd meg mest til med heile bryllupet!! Er det nåke eg ikkje liker så er det å snakke foran masse folk, og no var det snakk om 70 gjestar!! Men eg har truffe mange av gjestane før, så det hjalp kanskje litt på. Dei veit nok korleis eg er som person. :wink:

Talen gjekk overraskande bra! Gjestane lo der dei skulle og alt! :-) Eg leste kanskje litt for masse rett frå papiret, men ellers hadde eg nok sikkert klart å glømma halvparten av det eg skulle sei..

Det var litt kjekt at Linn3c åpna pakken dei fekk av meg til bryllupet sjølv, for det var litt kjekt å sjå reaksjonen hennar!!! :P Det varma at ho vart så glad for an! Trur iallefall ho vart glad, ellers så er ho veldig flink til å spela! :klem:

Dagen etter bryllupet var det opp tidlig for å kjøra tilbake til Kr.sand.

Og dagen etter det var det tid for den berykta eksamenen.. Trur kanskje det gjekk bra. Iallefall med tanke på kor lite eg har lest på forhånd. No gjenstår det berre å sjå om sensorane godtek besvarelsen. Ekje heilt sikker på at eg klarte å svara på det de spurte om, men eg gjorde no eit forsøk iallefall! :tunge1:

Så no er det ein eksamen igjen før sommarferien. Har lurt litt på om eg skal skriva den heima og senda den i posten.. Men i først omgang er det pakking og flytting, så kan eg heller bestemma meg for ka eg skal gjera. :P

No trur eg at eg skal setta meg ned og sjå litt på tv. Er lenge siden eg har kunna berre sløva forran tv-en. Eller kanskje eg skal spela litt Sims... (Ekje komt lenger i utviklanga nei... :wink: )

Eg skal prøva å stikka innom om ikkje så lenge :wink:

Mange klemmar til alle sammen som gidder å stikke innom her

:klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem::klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hoppe: Der kom oppdateringa ja! :hoppe:

Masse glad i deg. Glede meg til du komme heim for sommaren! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Liten pause i pakking og eksamensskriving for å sei at eg blir mindre tilgjengelig dei neste to månedene :wink:

I dag flytter eg i ny leillighet sammen med Karianne :)

Det blir bra!

På fredag har eg min siste avtale her sør, så da reiser eg heim så fort som mulig! Eg har et sterkt ønske om å få anledning til å besøke ei tante som er veldig sjuk. Har visst masse kreft... :-( Ho har nok ikkje så lenge igjen nå desverre :cry: Eg fekk vite det for nåken veker siden, men det gjekk liksom ikkje opp for meg kor sjuk ho egentlig er før i går, når eg snakka med eine søstera mi som har vært og besøkt henne. Huff, nå kjem tårene også, det begynner visst å synke inn :cry: Håper ho holder ut til eg kjem heim!!

Har egentlig ikkje så veldig godt forhold til henne. Vi er liksom ikkje så nære i familien min når det kjem til tanter og søskenbarn. Men hun er jo tross alt tanto mi!! Søstera til pappa.. 56 år er for ungt syns eg! Tenker på barna hennes. De mista pappaen sin til kreften for rundt 15 år siden! Nå skal de miste mammaen sin og!! :-(

Nei, no vart eg så trist! Trur eg må gå tilbake til pakkinga så eg ikkje ødelegger heile dagen for meg sjøl... Men det var godt å få det ut her! Godt å sleppa tårene!

Skal prøve å komme på nåke hyggelig å skriva om i morgen når eg skal vaske ned hybelen. Det blir siste dag med internett her nede, med mindre eg går bort på skulen..

Tudelu venner! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei snuppetupp! :D

:klemmemassepå:

Gler meg kjempemasse te du kjeme heim! :)

Håpa du rekk å treffa tanta di...

Og du?

- I neste veka ska me visst ha sånn Bergenstreff.... Blir du med eller, snuppis?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

- I neste veka ska me visst ha sånn Bergenstreff.... Blir du med eller, snuppis?

Gjerne hvis eg er heima til dess!!! :-)

Og tusen takk for tankar Linn3c og ~Capricorn~

:klem: tilbake

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blir så irritert!!! :frustrert::frustrert::frustrert: Eg skulle ha inspeksjon på hybelen min i dag. Hadde avtale med husøkonomen ca.kl 10.45, men når eg kom til hybelen kl 10.48 fant eg ein lapp på døra mi der det sto; "hadde avtale kl 10.30. Ingen hjemme da!! Du må avtale ny tid for sjekk" !!!!!!

Aaaaaaaarrrrgg!!!!! :sinnatagg::frustrert::frustrert:

Koffor må eg lide for at ho tok feil av tida!?!?!? Sinna eg no! :veldigsur: Trur eg må venta litt før eg ringe ho hvis eg skal klara å få sagt det eg vil :fy:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Teite husøkonom!! :evil:

Ja! :frustrert: Har snakka med henne no. Selvfølgelig betyr jo 10.45 at ho kjem en gang mellom 10.30 og 11.00. Eg måtte jo forstå at de hadde mange hyblar å sjå på!!

Klart de har det, men når ho har sagt 10.45 så betyr det 10.45 for meg. Hadde ho pressisert at ho kanskje kom litt før eller litt seinare hadde det vært greit! Har fått ny avtale en gang mellom 13.00 og 13.30, så eg får vel gå til hybelen no med ein gang trur eg (ca 2 min å gå herfra... :wink: )

Rekk du heim att til treff på onsdag, forresten?

Eg skal ut og "ete" med klassen min på mandag, her i Kr.sand, så tenkte eg at eg sku ta nattoget heim natt til onsdag. Så eg er gjerne med!!! Er blakk for tida så eg blir berre med for det sosiale, har ikkje råd til å kjøpa nåke mat :-? Hverken på mandag eller onsdag. Men for det sosiale er eg gjerne med!!! Det er godt at eg skal heim til mamma, så eg ikkje svelt ihjel før neste porsjon med penger kjem :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Siste utblåsning angående vask av hybelen nå :wink:

Har endelig fått gjennomført inspeksjonen. Fant ut det var greit å være til stede ca 15 min før tidspunktet vi avtalte... :) Det endte jo med at eg måtte sitte å vente i nesten en halvtime.. :riste:

Heldigvis var det ikkje husøkonomen sjøl som kom på inspeksjonen, det var to gutter istadenfor :sjarmor:

Vaskingen vart godtatt og eg fekk kvitta meg med nøkkelen. No skal eg ikkje innom det bygget fleire ganger!!

Eg er glad denne inspeksjonen ikkje gjekk sånn som den eg hadde på eit anna bygg før jul!! Det endte med at eg måtte skrubbe dusjen ein gang til!!!! :sur: Så denne gangen var eg føre var og vaska ekstra godt :wink:

No må eg bestilla meg togbillett sånn at eg kjem meg heim i neste veka :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

NO ER DET SOMMARFERIE!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! ihvertfall fram til eg skal begynna å jobba :danse::tunge1:

Har akkurat printa ut eksamensoppgavo! No skal eg bort på skulen å levera. Så er det rett heim og pakka. Litt over 6 timar til eg forlet Kr.sand for sommaren!! Gleder meg masse til å vera heima i sommar!

Solskinnsklemmer til alle sammen! :klem:

God Sommer! :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Annonse

[1] Category widget

Da var ”endelig” budskapet komt… Tanto mi døde på fredag.. :cry: No slepp ho lida meir. Heldigvis fekk eg besøkt ho helga før! Huff, veit egentlig ikkje kor heldig eg var. Klart det var kjekt å få besøkt henne ein siste gong, men ho var så sjuk og skral og det er ikkje akkurat sånn eg har lyst til å huske henne! :-( Når vi skulle gå fra henne igjen var det vanskelig å holde tårene tilbake, men eg ville liksom ikkje ødelegga dagen heilt for henne så eg gjorde mitt beste. Eg ga henne ein klem og prøvde å sei kor godt det var å sjå henne når vi skulle gå, og ho klemte meg lenge og hardt, og kviskra i øra mitt; ”Det var kjekt at du ville komma på besøk. Håpar livet går deg vel”… Då var det ikkje lett å holda på tårene. Men eg trur nok det blir det eg huskar om henne. Dei siste orda ho sa til meg.

Begravelsen er i morgen. :-( Å gå i begravelser er nåke av det værste eg veit om! Eg har vært i et par begravelser der eg ikkje har kjent vedkommande så veldig godt, men stemningen rundt heile seremonien og alle dei triste ansikta gjer sitt til at eg ikkje klarar å holde maska… Eine begravelsen eg var i var til mor til ei venninne, eg hadde ikkje møtt ho eingong, men minner fra begravelsen til morfar dukka opp og då var det gjort! Så eg kan ikkje sei at eg ser fram til morgendagen nei! :cry:

Men det er ikkje berre triste ting som har skjedd i det siste! :-) Eg har starta i sommarjobben min! :hoppe: Har til no berre vert på opplæring, men dei dagane har virkelig gitt meirsmak! :Nikke: Ser ut for at eg skal jobba berre i juli, men det blir fulle veker! Har ikkje fått turnuslistene ennå.. Eg gler meg eg!

Hehe, for snart to veker sidan satt eg og venta på telefon fra dei eg skal jobba hos for å få vite kortid eg skulle begynna å jobba. Så når telefonen ringte litt over halv 10 og vekte meg så klarte eg ikkje å få dei små grå heilt til å koble sammen. Ho som ringte sa at ho satt med turnuslistene og lurte på om eg kunne jobba i heile sommar. Joda, det kan eg jo så eg svarte ja eg. Så sa ho at ho skulle sende meg eit skriv og sa hadet og la på. Når eg etter nåken timar klarte å summa meg og fekk tenkt over ka det var som var blitt sagt i telefonen kom eg på at ho hadde jo sagt at ho ringte frå Sundheimen. Men det er jo sjukeheimen her i kommunen!!! :roll: Oops… plutselig satt eg med to sommarjobbar!! Når eg ringte opp igjen til sjukeheimen var jo selvfølgelig ho eg hadde snakka med gått heim, og eg fekk beskjed om å ringe opp igjen mandagen (dette var fredagen)… Men det ordna seg til slutt då, og eg sitt no med den jobben eg aller helst ville ha! :hoho:

På opplæringa fekk eg såvidt helst litt på alle brukarane på heimen. Alle seks brukarane er fantastiske personlighetar på kvar sin måte! Det var så kjekt å vera ilag med dei! Gleder meg til å bruke sommaren min der! Sjøl om eg skal jobbe masse natt (veldig godt betalt!!! :sjarmor: ) så skal eg jo jobba litt ettermiddagar og, så då kan eg bli bedre kjent med dei. Gå turar, spele spel eller berre snakka med dei.

Eg var veldig overraska over eine brukaren som budde der. :Nikke: Førsteinntrykket mitt av henne var at det berre var ein kropp, ho hadde ikkje språk, og pga fordommer som folk flest har om utvikllingshemma personer (inkludert meg :oops: ), virka det ikkje på meg som at ho forstår så veldig masse eller har hjernekapasitet til å klara nåke særlig. Men så var eg med ei som skulle inn og spele spel sammen med henne. Lotto, der du har eit brett med bilder og skal finne igjen dei samme bildene på midre brikkar. Spelet vart ikkje spelt sånn eg er vant til å spele det, men brukaren plasserte sjølv alle brikkane på brettet. Men samtidig som ho gjorde det sa ho ka kvar enkelt ting på brikkane var, med litt hjelp frå personalet!! Eg vart så imponert over henne då! Eg hadde jo totalt feilt inntrykk av henne! Då gjekk det virkelig opp for meg kor lærerik denne sommaren kjem til å bli!!!! :ler:

No sitte eg hos eine søstera mi. Gidde ikkje sitte på maskina til mamma å skriva innlegg her. For det første er maskina vanvittig treig, men internett er jo like fucked up! Så det blir nok ikkje så ofte eg er innom og oppdaterer her i sommar trur eg ;)

Men siden eg likevel ikkje har nåke bedre å finne på så kan eg jo sitte på KG litt :P Søstera mi sover, ho skal på jobb i natt. Ungane er ute å leikar, og svogeren min ligg på sofaen og søv… Kjekt når tante kjem påbesøk!! :wink:

Huff, søstera mi skal jobbe i natt ja, er ferdig klokka 7, så det blir berre rett heimom og hente meg før vi drar i begravelsen, det tar jo nesten to timar å kjøre dit!! Ho får ikkje tid til å sove eingang! Så då ville ho at eg skulle komme ut til dei i dag sånn at ho har selskap i bilen, i håp om at ho ikkje sovnar då… :Gjesp: siden eg likevel skal være barnevakt her i morgen kveld.

Ellers ja, har det skjedd nåke nytt skal tru… Eg har fått resultatet på dei tre eksamenane eg har hatt i år. C, C og D! :P Eg er fornøyd eg! :hoppe: Første året siden videregåande at eg har stått på alle eksamenar!!! Og på dei tre eksamenane vi hadde var det muligens ein i klassen som strauk på den eine!! Ein dyktig klasse eg har komt i med andre ord :wink:

Men no må eg stikka.. Tudelu! :vinke::klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest gjest1

Oj, her hadde det skjedd mykje!!! :) Først: :trøste:

Og så: gratulerer med gode resultat på alle eksamenane!!! Så flink du er vennen!!!! Så flott at du har fått god-jobben også!! :)

God sommar!! Stoooooor klem!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei vennen! :)

Oi, så masse som har skjedd med deg sidan sist! :o

Støttar veslo sin :trøst: og slenger på denne :klem:

Så kjekt at det ser ut til å ordna seg med jobbing og slikt! Det verkar jo som ein kjekk plass du har funne deg! :)

Du må jo sei ifrå om du vil finna på noko ein dag, det ser ut for at du har mest å gjera framover, så me må planlegga etter dine arbeidstider og anna.

Glad i deg snuppa! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...