Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Fremhevede innlegg

Skrevet

Huff, ikke noe stas å være dårlig uten helt å vite hva som er galt. Håper du blir bedre snart!!!

Må si alle dere flittige studenter her på KG får meg til å drømme litt tilbake til studietida.

:klem:

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Veslo: Hehe, nei eg er deltidsstudent eg. Jobbar 90% i barnehagen i tillegg til studia. Hadde vore kjekt å studert på fulltid igjen. Men det har me nok ikkje råd til. Skal begynne å betale avdrag på huset i oktober. 20000 kroner i månaden til lånet.

pusla: Nei, det er rart det der... Er mykje betre i dag då, og håpar at eg blir enno betre i morgon, sidan eg skal på jobb att... ;)

Men no ropar senga! :sove:

Skrevet

Tjuetusen i måneden? Oi, det er jo sånn ca to månedslønner, det. Det var jammenmeg mye!

Skrevet

lunacia og Saeria: Ja, det er veldig masse pengar. Så derfor må eg ha jobb. Me har litt inntekter på huset då, sidan me leiger ut, men det skal holde hardt likevel.

I går hadde me det veldig koseleg. Fyrst i bursdag til stemormor, så på møte hos ped.leder og så tilbake i bursdagen. Alt dette gjorde sjølvsagt til at eg ikkje klarte å lesa alt eg skulle i går, noko eg måtte ta igjen i dag.... :roll:

I dag har eg vore på jobb att. Kjende at eg var skikkeleg sliten midt på dagen, og begynte å telje minuttar til eg kunne setje meg i bilen og vera på veg heimatt.

Måtte innom Biltema og Kiwi på veg heim, og handle litt forskjellig småting og -tang. Litt til avløpsjobbinga og litt mat ++.

Då eg kom heim tok eg meg ein velfortent 20minuttar på sofaen, før mannen diska opp med deilig fiskesuppe. :sikle:

Etterpå var det lesing som stod på planen. Såg fyrst litt på fjernsyn medan eg las, noko som funka ekstremt dårleg. ;) Så no har eg lesepause nr 3 for dagen, har berre 7 sider att før eg kan leggja meg... :gape: Og då har eg lese 45 sider med tung spes.ped.-litteratur på få timar. *stolt*

Men no må eg få det unnagjort. Er trøytt!

Snakkas

Skrevet

Takk Saeria! :)

Drog heim til mampap i går midt på dagen etter at stillaset drog sin veg.

Vel framme gjekk eg tur i fjellet med mamma og systra mi.

I dag drog me opp trebåten sidan det var meldt så masse vind framover. Etterpå bar det ut i skogen på leit etter kantarell. Og jammen fann me ikkje veldig masse, eg og bror min.

Etter både middag og "traktering" drog me heimatt, til eit kaldt hus. Jordfeilbrytaren var aktivert, så all straumen i leiligheten var vekk.

Men no må eg visst ta meg saman og lesa litt, har blitt litt for lite lesing i helga, så no ligg eg litt etter skjemaet mitt...

Skrevet

Vart ikkje noko lesing på meg.. Oppdaterte guild-forumet i staden...

Grr.. Litt sint på meg sjølv for manglande sjølvdisiplin..

Må ta det att i morgon, og då vert det berre meir å lese... :(

Natta!

Skrevet

Saaaaaaaaaaknar deg snuppa!!! Ikkje press deg sjølv for hard når det gjeld lesing og anna ymse då kjære.... Glad i deg.. *klemme*

Skrevet

Ville berre innom for å ønske deg ein god og glad dag kjære!!! *klemme*

Skrevet

Hei og takk for klemmar veslo :)

I dag var planen at eg skulle gå på trening, men eg er sliten og har vondt i hovudet og treningspartnaren min (mannen min) er sjuk, så eg tek det i morgon i staden, ;)

Lese litt no, har sove ei stund.

Skrevet

Takk for besøk, vennen! :)

I dag var det ein tung dag på jobben, er blitt kjempeforkjøla og alt det som det medfører. Tett i nasa, biholene, sliten og veldig vondt i hovudet.

Argh!

Har sove litt no, og ommøblert på datarommet, og begge dei tinga hjelpte på. Håpar berre at eg er opplagd til å gå på jobb i morgon.

Har igrunn ikkje noko lyst til å jobba der meir, men det er ikkje pga verken mine kolleger eller mine søte små å gjera. Eller kanskje litt kollegene; ein er liksom ingeting verdt når ein er assistent. Eg jobbar no ein dag i veka som vikar for ped.leiaren, men med assistent-, både -løn og -arbeidstid. Det irriterar, men det som irriterar meir er at alle har ein slik "sjå-ned-på-Linn3c"-innstilling. Eg veit ikkje om det er tilfelle, eller om det berre er eg som trur det. Men spesielt sjefen min verkar som at eg ikkje er verdt meir enn jorda under skoa. I dag då eg spurde om eg skulle ha kortare arbeidsdagar dei dagane eg er vikar for ped.leiar, var det ein "skjult" himling med auga og ei dum forklaring som om eg var eit lite barn. Eg hadde då skjønt det om eg hadde blitt fortalt det som vaksen til vaksen-prat. Grr.. Er irritert i dag. Veit ikkje om det har med at eg er sjuk å gjera eller kva. Men eg har ikkje lyst å jobba der mykje lengre no. Trur eg kjem til å bli langtidssjukemeld om ikkje eg får meg ein annan jobb snart....

Digresjon.

Men no må eg avgarde å snyte meg... :ler2:

Skrevet

Usj, får vondt i hovudet av all denne tenkinga..

Skrevet

Oi! Tusen takk for klemmar! :)

Eg er så i stuss om kva som skjer framover... Skal eg slutte i jobben? Skal eg gå ut kontraktstida? Skal eg våge å gå utan jobb? Har eg is i magen til det? Skal eg satse på at det dukkar opp noko om eg ringjer rundt og set meg opp på ringjevikar-lister?

:klø:

Skrevet

Jippi, då har eg laga meg signatur! :)

Skrevet

Då var eg komen meg i seng. Ventar på mannen min som sa at det sikkert kom til å gå ei stund før han kom, for han var ikkje trøytt. :( Og eg som treng han så inderleg akkurat no...

Ligg her og syns synd på meg sjølv sidan eg har så vondt i hovudet. Og fordi eg er så forvirra i dag.

Men eg vil ikkje at han skal vera bekymra for meg, for eg er jo "stor jente"... Men likevel... Har berre lyst å grine i armane til mannen min no... Ikkje nødvendigvis fordi eg er så trist, berre fordi det kjennest ut til å veradet riktige å gjera akkurat no... :tristbla:

Gjest
Dette emnet er låst for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...