Pip Skrevet 17. september 2004 #201 Del Skrevet 17. september 2004 Åh, du er så travel! Litt av eit tempo ja. Men fekk du snakka med dyrebeskyttelsen? Er spent på Lusse-utviklinga eg veit du... Er det ikkje spanande å lese spes.-ped.? Kunne godt tenkt meg det, eg. Kanskje seinare ein gong - eg har jo lyst til å ta alle mogelege fag, så trur kanskje eg får kome meg ut i jobb før eg har gjort alt eg kunne tenkje meg... Ha ein fin fredag du, og god helg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 17. september 2004 Forfatter #202 Del Skrevet 17. september 2004 Hei igjen! Joda, eg ringe til Dyrebeskyttelsen i går, men dåp tok dei ikkje telefonen. - Så eg ringde oppatt no nett. Dei hadde ikkje høyrt noko, men eg la att informasjon om pusen min, korleis han ser ut og slikt itillegg til øyremerket. Så skulle dei ta kontkat viss dei høyrte noko. Eg trur eg tar det positivt at dei ikkje hadde høyrt noko, for då trur eg sjansen er større for at Lusse er i live, og berre traskar rundt i nabolaget utan å finna heim. Eg har også annonsert i ulike kattenettsider, og lokale aviser og liknande. Skal til å laga oppslag å hengja på den lokale butikken, så no bør me vel finna han att! :D Ha ei fin helg du også Pip, og takk for at du bryr deg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 18. september 2004 Forfatter #203 Del Skrevet 18. september 2004 God laurdagskveld! - Ja, då var pizzaen i ovnen, og kjøkkenet skin! Eg har faktisk vore på jobb i dag også, endå det er fri-helga mi. Eg ringde sjefen angåande feil på oppgjeret i gårkveld klokka tolv, og då bortimot trygla han meg om å koma på jobb både i dag og i morgon. Etter jobb, som var særs turbulent i dag, (jammen bra at eg var der!) gjekk eg og min kjære på kino. Me såg Shrek2. Kjempeartig film! - Den må de få med dykk. Eg har allereie planar om å sjå han på norsk også. Vel, så var det kos med DaMitT, med pizza, chips og Sims! :D Ha ein fin kveld! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 18. september 2004 #204 Del Skrevet 18. september 2004 Å - høyrdest deilig ut med pizza! Trur me må lage ein i morgon her! Er litt bitter fordi eg fann ut at eg måtte halde meg heime i dag og i morgon, men sånn eigentleg har eg det fint. Er berre så kjedeleg når ein har planar som ein ikkje får gjennomført... Håpar de har kost dykk masse i kveld! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusla Skrevet 19. september 2004 #205 Del Skrevet 19. september 2004 Heihei, flott pus! Håper han kommer til rette snart. Jeg så også Shrek2 i går, den var veldig artig, ja. Utrolig kreativt, synes jeg. Skjønner ikke åssen de komer på alt, jeg. Ha en fin ukestart! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 20. september 2004 Forfatter #206 Del Skrevet 20. september 2004 Takk for komplement for den nydelege katten min, pusla! - Filmen var heilt "konge" den! Så mange morosame detaljar! Det må jo vera ein kjempekjekk jobb å ha. Sidan sist: I går vart det herleg middag på meg då eg kom heim! - Nakkekotelettar med poteter, grønsaker og surkål! Livretten min! :D Og så fekk eg prøva SiMs2 i går! - Endeleg kom det! Det var berre heilt supergøy! Og eg gledar meg til å spela meir! I dag: Idag skal eg: Lesa litt. Forsøka å halda meg vekke frå å spela SiMs2. Rydda kjøkenet (måndag er overtakingsdag) Ringa jobben. Ringa Dyrebeskyttelsen Norge. På skulen. Og sikkert masse meir som eg har gløymt i farten... Ha ein god måndag! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 20. september 2004 #207 Del Skrevet 20. september 2004 PS: Overtakingsdag? Kva er det eg ikkje har fått med meg...? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 20. september 2004 Forfatter #208 Del Skrevet 20. september 2004 Puh! - Ferdig med vasking og rydding av kjøkenet til overtakinga no. (Overtaking er her i huset eit nytt fenomen; berre 4 veker gamalt, så me veit ikkje om det kjem til å virka) Me er tre stykk som bur saman; eg, sambuaren min og bror min. For å klara å gjera slik at det ikkje berre er ein person som står for all ryddinga, har me delt huset inn i soner, mykje likt det FlyLady praktiserar. Kvar måndag er overtakingsdag. Då skal rommet/-a vera heilt ryddig og nyvaska, i henhald til den som overtar rommet syns er greitt nok. Dette har til no vist seg å fungera ganske bra. Har faktisk fått gjort alt eg hadde tenkt å få gjort i dag. - Var forresten kjempekeisamt å vera på forelesning i dag. Forelesaren me hadde er vel ein av dei mest udyktige forelesarane eg har vore borti, og ho kan berre ikkje stå framfor ei forsamling utan at halvparten går etter 1. time. Då forelesninga var slutt etter fjerde time, kunne eg telja på ei hand dei få som sat att i lokalet. Syns litt synd i henne, eg... Men no må eg restarta maskina... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 20. september 2004 #209 Del Skrevet 20. september 2004 Ååååja - smart system! Når eg såg 'overtaking' kobla eg liksom til hussal og -kjøp, men fekk jo ikkje det heilt til å stemme... :klø: Var det spes.ped. du var på forelesning i då eller? Alltid nitrist med forelesarar som ikkje KAN forelese... Ha ein super kveld! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 21. september 2004 Forfatter #210 Del Skrevet 21. september 2004 Hehe! Nei, der tok du nok feil, Pip! :D - Ingen som skal verken kjøpa eller selja noko her! (og ja, det var på spes. ped. denne forelesaren absolutt ikkje burde vore) Eg klarar verkeleg ikkje å bestemma meg for avatar! Nett i dag, tykte eg at denne med "dino og damene" var den tøffaste. Men no må eg vel gjerne finna på noko konstruktivt... - som å sortere Pondus-blada våre etter dato og setje dei i perm... Må vel kanskje gå gjennom notata mine frå dei siste forelesningane eg har vore på, og setje dei i perm i staden; jamvel om det fyrste høyrdest kjekkare ut... Ha ein feiande flott (og regnvåt, om du er i Bergen) tysdag. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 21. september 2004 Forfatter #211 Del Skrevet 21. september 2004 Ja... Då fekk eg dødsbodskapen. - Ho som var mellommann då me overtok Lusse ringde nett og fortalde om ei annonsa ho hadde sett i BT for rundt to veker sidan. Der hadde det stått at ein flott langhåra grå hankatt hadde vore funnen ved eit solarium like ved her me bur. Så då kan eg vel gje opp håpet om å få Lussien min heimatt.... :cry: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 21. september 2004 Forfatter #212 Del Skrevet 21. september 2004 No har eg vore nede til solariumet. Eg tenkte å høyra med dei om dei hadde sjekka om katten hadde tatovert øyremerke. Då eg var nesten nede ved solariumet der katten skulle vera funnen, såg eg noko grått som låg i vegkanten. Katten låg der enno! Det såg ut som min katt, men han var heilt våt, så det var vanskeleg å veta. Øyret med tatovering låg opp, men tatoveringa var så svak at eg klarte ikkje å tyda ho. Eg tok eit bilete med telefonen min, får å ha noko å gå etter, og med tårer i augo, og kvalmen i halsen måtte eg berre komma meg vekk derifrå. For eit grusomt syn! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest gjest1 Skrevet 21. september 2004 #213 Del Skrevet 21. september 2004 :cry: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 21. september 2004 Forfatter #214 Del Skrevet 21. september 2004 Takk for sympatien veslo. - Eg har det sååå fælt akkurat no! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 21. september 2004 #215 Del Skrevet 21. september 2004 :trøste: - Åååå - så tragisk! Eg har tårer i augo eg no... :cry: Masse varme tankar til deg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 21. september 2004 Forfatter #216 Del Skrevet 21. september 2004 Uff, så glad eg er for at denne dagen er slutt no! - Er nett komen heim frå bursdagsbesøk til bestemor til sambisen, og det var ikkje heilt enkelt å berre vera glad og pratesalig i dag, nei. Men for å fortelja litt meir om kva som skjedde med Lusse til slutt; då DaMitT kom heim, tok me bilen ned til der katten låg. Saman sjekka me tattisen i øyret, og fann ut at det _var_ vår katt. Det einaste å gjera var då å få fjerna han frå vegkanten. Så me tok han med to plastposar oppi ein tredje og gravla han. Trist, men godt å vita kva som har skjedd... Etterpå var det berre å ta seg saman og koma seg avgarde i bursdagsbesøk... No trur eg at eg må trøsteeta litt... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 22. september 2004 Forfatter #217 Del Skrevet 22. september 2004 Det var neimen ikkje lett å få sova i går altså! - Men i dag tru eg ting skal gå betre. Eg taklar tapet som ein heilt vanleg sørgeprosess, det trur eg er det beste. - Sambuaren min har distansert seg litt frå å vera glad i dyr, etter at han mista dei to som stod han nærast. Medan eg klarar ikkje å late vera å bli gla' i desse nydelege små kreatura som dansar rundt beina dine når dei skal få mat. Det morosamste med Lussi var at når me stod med kjøkenbenken og skulle laga oss mat, så ville sjølvsagt han også ha. Så då gjekk han og koste leggane våre. Fyrst ein gong, så ein gong til, og viss han ikkje fekk oppmerksemd før gang nummer tre, så beit han oss i leggen! Det og veldig mange andre ting saknar eg no som han er vekke. Det var igrunn litt irriterande, men sjølv dèt saknar eg no. Når me skulle leggja oss, så likte eg så godt i ha pusen med i senga, og kjenna den mjuke pelsen inntil dei nakne føttene, så avogtil fekk han komaopp i senga til oss. Eg pleidde å leggja han oppå dyna oppå magen min, og kosa han. Når katten var lei, gjekk han i fotenden av senga og la seg. Viss eg prøvde å kosa meir på han då, gjekk han rett ned i skitnekleda våre og la seg godt til rette der. Dette fungerar; fokusering på gode minne! Han hadde ein stad på ryggen, der hundar brukar å like å bli klødd. Sidan me har hund også, så tenkte me at det var nok godt for katten å bli klødd der også. Men det me oppdaga då, var at katten var sinnsvakt kilen (eller kitlig) akkurat der. Kjemperart! Nei, Linn3c, kom deg opp og igang. Ha ein fin dag, alle mine søte! Og ta godt vare på dykkar næraste... Me veit aldri kor lenge me har dei! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 22. september 2004 #218 Del Skrevet 22. september 2004 Hei kjære! Godt at du let deg sjølv sørge! Det er jo faktisk ein medlem av familien som er borte - då er det jammen lov til det! Og så er det fint at du tek vare på dei gode minna om Lusse Og du - kan du fortelje meg kven Grete er? Eg skulle hente nokre skjema hos ho, men anar ikkje kven det er... Go natt! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 22. september 2004 Forfatter #219 Del Skrevet 22. september 2004 Hei! Takk for godord Pip. - Grete er ho som har kontor til venstre for akvariumet. Ho har kvitt hår, litt grått i nakken. Idag har me fyrst vore på besøk til tanta og onkelen til sambisen, for tanta skal ta med seg ungane og flytta til austlandet. Onkelen kjem etter så snart han har fått seg jobb. Etter at me tok farvel med dei drog me opp i Bergenshallen, for å hjelpa til før Flyers-kampen i morgon. Så rakk me akkurat andre omgang i cup-semifinalen sdå me kom heimatt, og jammen klarte ikkje Brann det utrulege! :D - Me er i cup-finalen, folkens! Heia Brann, heia Brann! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 22. september 2004 #220 Del Skrevet 22. september 2004 Takk for hjelp... Til venstre for akvariet - altså bortanfor resepsjonen, på ein måte? Håpar det står namn på døra! 'Byen e' Bærgen og lage' e' BRANN!' :D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg