Linn3c Skrevet 16. juli 2006 Forfatter #2701 Del Skrevet 16. juli 2006 Då var me tilbake frå svigers. No skal me grille! Eller.. mannen skal grille og eg skal pakke, antar eg.. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 16. juli 2006 Forfatter #2702 Del Skrevet 16. juli 2006 Grillings og eting unnagjort! Mmmmm! Herleg mat! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 16. juli 2006 Forfatter #2703 Del Skrevet 16. juli 2006 til Silvius! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
liv Skrevet 16. juli 2006 #2704 Del Skrevet 16. juli 2006 Husket du halsbranntabletter? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
silvius Skrevet 16. juli 2006 #2705 Del Skrevet 16. juli 2006 tilbake! Måtte berre oppdatere meg litt på ka som skjer på din front for tida. Er på jobb, så eg fekk ikkje tid til å legge igjen spor i stad, men no er alle lagt og nattevakten kjem om 10 min. Spennande med all denne flyttinga! Men eg må sei eg vart litt sentimental når eg las at du pakka ned alle bildene, då vart det liksom så virkelig!!!! :cry: Men de kjem til å få det så vanvittig fint i nye huset!! Eg gler meg til å komme på besøk! Første helga i september? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 16. juli 2006 Forfatter #2706 Del Skrevet 16. juli 2006 Husket du halsbranntabletter? ← Nei, trur du det då!? tilbake! Måtte berre oppdatere meg litt på ka som skjer på din front for tida. Er på jobb, så eg fekk ikkje tid til å legge igjen spor i stad, men no er alle lagt og nattevakten kjem om 10 min. Spennande med all denne flyttinga! Men eg må sei eg vart litt sentimental når eg las at du pakka ned alle bildene, då vart det liksom så virkelig!!!! :cry: Men de kjem til å få det så vanvittig fint i nye huset!! Eg gler meg til å komme på besøk! Første helga i september? ← Hihi, skjønte nesten det Ja det går unna med pakkinga no. Har stort sett pakka ned det meste i stova. Har berre det inni pynteskapa igjen. Og møblar sjølvsagt. Har begynt såvidt på kjøkkenet i dag, og badet e såvidt påbegynt. Broren flytta jo ut i går, så gamlerommet ditt er nesten tomt no. Og vårt gamle soverom er fyllt av alle dei kassane som allereie er pakka. Mannen har rydda i kablane sine heile dagen, så datarommet begynnar å bli tømt det også. Så det minkar. Sakte, men sikkert. Me er klare for besøk veit du. Berre kom! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest gjest1 Skrevet 16. juli 2006 #2707 Del Skrevet 16. juli 2006 Så spennande med flytting!!!! Herleg for småtten med nytt rede! De er flinke og snille foreldre dokke! Sit her og er litt små-sentimental og oppblåst og kjenner at eg er veldig, veldig glad i deg!!!!!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 16. juli 2006 Forfatter #2708 Del Skrevet 16. juli 2006 Veldig, veldig glad i deg også veslo mi! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 16. juli 2006 Forfatter #2709 Del Skrevet 16. juli 2006 Usj, veit at eg burde ha pakka litt meir, men veit ikkje om eg gidd.. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 17. juli 2006 Forfatter #2710 Del Skrevet 17. juli 2006 God morgon! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 17. juli 2006 Forfatter #2711 Del Skrevet 17. juli 2006 Svimmel i dag.. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
liv Skrevet 17. juli 2006 #2712 Del Skrevet 17. juli 2006 ikke bra. drikk noe søtt og se om det hjelper! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 17. juli 2006 Forfatter #2713 Del Skrevet 17. juli 2006 Har pakka to kassar i dag, og må legga meg nedpå litt no.. Er sliten og svimmel, orkar ikkje noko.. Har Solo i kjøleskapet, skal ta meg ei slurk før eg legg meg litt. Snakkast seinare! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Gjesta Skrevet 17. juli 2006 #2714 Del Skrevet 17. juli 2006 Æsj...svimmelhet er IKKE no' særlig...ta det med ro - om det er varmt hos deg så har man lettere for å bli svimmel. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 17. juli 2006 #2715 Del Skrevet 17. juli 2006 Ta det med ro, husk å ta ansvar for deg selv og for småtten. Pakking er viktig, men dere er viktigere! Og du er så FLINK med pakkinga, myyyyye flinkere enn meg! (men jeg har jo litt lenger tid på meg også da) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 17. juli 2006 Forfatter #2716 Del Skrevet 17. juli 2006 Ja, kjedelig å vera svimmel. Har sove no, i ca to timar. SÅ då har det kome seg litt då. Vakna av at bror min parkerte nedafor huset. Han har så spesiell lyd i bilen at eg kjenner han igjen. Og det var jo koseleg at han kom innom, sjølv om eg trur det berre var for å slukka data- og internett-trongen sin. på Kverula og Malama! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest gjest1 Skrevet 17. juli 2006 #2717 Del Skrevet 17. juli 2006 Ikkje bra at du er svimmel vennen... Eg har hatt nokre svimle-byger eg også allereie, men dei er helst forbigåande. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 17. juli 2006 #2718 Del Skrevet 17. juli 2006 Heia litt fra deg jeg. Og, det gikk jo bra! HEIA BRANN. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 17. juli 2006 Forfatter #2719 Del Skrevet 17. juli 2006 Ja, hurra for Brann! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 18. juli 2006 Forfatter #2720 Del Skrevet 18. juli 2006 Mårnings! Då var ein pakkedag gått over i ein annan, og det føles som vanleg som at me ikkje er det spor nærmare enden på galskapen. Men eg veit at me er nærmare. For då me la oss i går kveld analyserte eg kva som er pakka og kva som står att. Me har til no pakka 13 kassar frå stova. Alt frå nips til middagsservise til meir nips. Har absolutt inga tru på at me treng alt dette, men me har vald å leggja oss på ei linje der me tek med oss alt nipset og hiv etter at me har sett kva som passar kor. Litt imot det FlyLady meinar, men i tråd me det ME vil. Me har til no pakka 2 kassar frå kjøkkenet. Fleire skal pakkast i dag. Men som eg har poengtert tidlegare, så er det vanskeleg å pakka ned ting ein brukar dagleg. Så eg kjem til å pakka ned slik at me har det me brukar, og det går inn i ei oppvaskemaskin for dagen. Me har pakka 2 småkassar frå badet, der er det mogleg å pakka ein liten kasse til før berre det nødvendigaste står att. Soverommet er tømt for anna enn det me tek med oss på ferie. Datarommet er det store prosjektet framover, trur eg. Her er det berre rot og ting så langt auget kan sjå. Men det er nok mest fordi det er så mange ferdigpakka kassar her. Har ikkje heilt oversikt over kor mange kassar det er som er pakka frå datarommet. Det er både bøker, dei pakka me før visninga, så dei er ikkje merka og noterte i flyttepermen. I tillegg er mange av dei plasserte på pikerommet mitt hos mampap, så det er litt uoversiktleg akkurat det... Synd, men slik er det. I tillegg har mannen eit stort "sortere kablar"-prosjekt gåande, der dei kassane som ikkje er lukka, ikkje merka heller. Men han har sikkert fem kassar berre med kablar. Har laga eit sinnerikt system på dei forskjellige nettverkskablane sine, med forskjellige fargar på stripsa han har tatt på dei forskjellige kablane. Flinke mannen! Så det er vel ikkje lenge før dette rommet også er ferdig vil eg tru. Oppe er me stort sett ferdige. Det gamle soverommet vårt fungerar heilt fint som lager fram mot flyttinga. Og bror min sitt rom er tømt for nesten alle hans ting. Berre den stasjonære maskina og kontorstolen som står att. Han har ikkje fått heilt greie på internett-tilkoplinga i leiligheten, så han har berre den bærbare med seg førebels. I tillegg står det allereie ein kontorstol i leiligheten, og han treng verkeleg ikkje to.. Det har han ikkje plass til. Så alt i alt, har me rimeleg bra kontroll. I dag er det bollebaking som står på programmet - må bruka opp tinga i tørrvareskapet før flytting. Og så skal eg pakka litt frå kjøkkenet. Elles er planen å stikka innom biblioteket, har hatt nokre bøker aaaalt for lenge, men kvar gong eg skal levera dei, så har dei endra på opningstida i forhold til det eg hugsar å ha lese. Og så må eg innom apoteket å kjøpe sånn Gaviscon - halsbranntablettar. Halsbrannen er faktisk ikkje så intenst at eg treng å kjøpe dei nett no, men dei er nok god å ha når han treng seg på. For det er jo om kvelden han kjem, og då er apoteket som kjend stengd. Og så skal eg henta mannen i dag - eg har bilen slik at eg får gjort alle desse ærenda - og då skal me inn på PO.P og klaga på toppen eg kjøpte på nattåpent. Han har gått opp i ein saum, og det syns verken eg eller mannen at han skal gjera etter ein halv dags bruk. Hmmm.. Må innom ein stad og kjøpa vitamintilskot også. Og så må eg jo føye til at verda går i bølger i dag også, er svimmel. Så i dag drikk eg masse - MASSE. Håpar det hjelper! Viss ikkje får eg ta kontakt med legen som har ferie, så då blir det vel ein annan lege enn min, eller jordmor.. Men ho har så mange gravide at det veit eg ikkje om går.. Men eg kan då ta ein telefon dit. No får eg stikke innom litt dagbøker, før eg set meg til å les dei fire avisene eg har kjøpt for å pakke i. See yah! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg